Om Syn og Segn

 

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Syn og Segn kviler sterkt i motkulturane og dei alternative rørslene i Noreg. Det du finn i Syn og Segn, finn du sjeldan i andre allmennkulturelle tidskrift, vekeblad eller dei meiningsberande avisene.

Syn og Segn har ei variert blanding av kjende tema og kuriøse tekstar, og gjev lesarane pusterom og tid til å fordjupe seg i forskjellige artiklar. Som nynorsk tidsskrift representerer Syn og Segn både ein nisje, ein folkekultur og ein motkultur.

Syn og Segn er ein premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men også for kritisk kulturinteresserte i alle samfunnslag. Tidsskriftet har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn og er eit naudsynt korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium.

I 2010 vart Syn og Segn kåra til Årets tidsskrift i Noreg og også til Årets nordiske tidsskrift. Syn og Segn var også i 2015 nominert til Årets Tidsskrift. I 2016 mottok bladet igjen pris, denne gongen for god design, under den årlege prisutdelinga for norske tidsskrift.

Syn og Segn er medlem i Norsk tidsskriftforening, sjå tidsskriftforeningen.no og i det internasjonale tidsskriftsfellesskapet Eurozine, sjå eurozine.com. Det er Litteraturselskapet Det norske Samlaget som gjev ut Syn og Segn.

Redaktør frå 1. desember 2013 er Knut Aastad Bråten, som til dagleg er å finne i eit kontorfellesskap på Valdres Folkemuseum på Fagernes. 

 

Utgjevingsplan 2017:

Utgåve 3: måndag 31. juli, til Posten Noreg: 18. september
Utgåve 4: måndag 2. okt, til Posten Noreg: 20. november

INFORMASJON

Syn og Segn
Tyinvegen 27
2900 Fagernes 

Redaksjon
Knut Aastad Bråten
redaktør
907 68 797
knut@synogsegn.no
post@synogsegn.no

Redaksjonsråd
Bård Vegar Solhjell
Dag Øistein Endsjø
Eva Løveid Mølster
Kathrine Sele
Marit Heier Lajord
Sigrun Høgetveit Berg
Sveinung Rotevatn
Ylve Gudheim

Skifta adresse?
Send ny oppdatert adresse til
knut@synogsegn.no
post@synogsegn.no

Eigar
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 Oslo 

Organisasjonsnummer: 935305314
Kontonummer: 8101.07.00159

Bladpengar
Ordinære abonnentar: 425 kr
Studentar: 350 kr
Bedrifter og institusjonar: 525 

Språkvask
Aud Søyland

Grafisk design
Blæst design
v/Aud Gloppen og Björk Bjarkadottir

Design web
Kreativ Strek

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram