Frå Utgåve 2-18
Skrive av Jacub M. Godzimirski

Polen mellom fortid, notid og framtid

2015 markerer eit viktig skilje i Polens nyare historie. For fyrste gong etter den store politiske omveltinga i 1989 fekk landet ei rein fleirtalsregjering og ein president frå same politiske parti.

 

Jakub M. Godzimirski (f. 1957) er polsk/norsk sosialantropolog. Han jobbar som seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt, NUPI (sidan 1995), der han forskar på tryggleikspolitikk, forsvarspolitikk og utanrikspolitikk i Aust- og Sentral-Europa.

 

Den politiske utviklinga i Polen kan òg få konsekvensar for Noreg. Polen og Noreg er nære allierte i NATO og med til dels overlappande interesser, ikkje minst i forholdet til Russland, som kastar lange strategiske skuggar i nærområda sine. Polen ynskjer å importere meir energi frå Noreg for å gjere seg mindre avhengig av Russland, som dei har svært dårlege historiske erfaringar med. I tillegg bur ikring 100 000 polske statsborgarar meir og mindre permanent i Noreg. Desse er sidan 2007 den største etniske minoriteten i Noreg. Vidare er Polen også den største importøren av norsk sjømat, eit stadig viktigare land på det norske turistkartet og jamvel det landet der svært mange norske medisinstudentar får utdanninga si, noko som kjem til å setje preg på det norske helsevesenet i åra som kjem. Alt dette gjer at Noreg bør interessere seg for det som skjer i Polen.

Så, korleis skal ein forstå Polen i dag? Kva er med på å påverke utviklinga i landet, og relasjonane landet har til omverda?

For å gi eit tilfredsstillande svar på spørsmålet er vi nøydde til å gå til historia og prøve å finne svar på korleis den har vore med på å forme landet.

 

HISTORIE OG GEOPOLITIKK

I 1966 feira Polen tusen år som stat. I år feirar polakkane 100 år som uavhengig stat. Båe markeringane oppsummerer den kompliserte og dramatiske historia til landet.

Polen vart etablert som stat i 966 samtidig med at landet vart kristna vestfrå. Sidan den tid har landet vore ein viktig maktfaktor i denne delen av Europa.

Som dei fleste land har Polen opplevd periodar med både vekst og tilbakegang. Polens historie har vore prega av fleire konfliktar og krigar med nabolanda. I 1386 gjekk Polen i personalunion med storhertugdømmet Litauen, som hadde kontroll over store delar av det som i dag er Kviterussland og Ukraina. Men Polen vart pressa av Den tyske orden, som hadde etablert ein eigen stat i Preussen. I 1410 sigra polakkane og litauarane over Den tyske orden i slaget ved Tannenberg. Meir enn hundre år seinare, i 1525, vart den prøyssiske prinsen Albrecht tvinga til å avlegge eid for den polsk-litauiske kongen Sigismund I den gamle. Mindre enn femti år seinare, i 1572, døydde den siste kongen frå det jagellonske dynastiet, og Polen gjekk inn i ein ny epoke. Kongane vart valde av den polske adelskapen, som gjorde sitt for å avgrense kongemakta – til fordel for seg sjølve og eigne privilegium.

På 1600-talet går Polen gjennom fleire dramatiske hendingar, og landet utkjempar krigar med både Russland, Sverige, Preussen og Tyrkia, i tillegg til eit blodig opprør i Ukraina. I 1610 vinn polakkane ein knusande siger over russarane, dei okkuperer Moskva, men blir jaga frå alt i 1612. I 1655 invaderer Sverige og Karl X Gustav Polen, og landet blir bokstaveleg tala lagt i ruinar.

Dei mange konfliktane er med på å svekke landet og undergrave den posisjonen polakkane hadde som regional og europeisk stormakt. I 1683 greier rett nok den polske kongen Jan III Sobieski å stå imot tyrkarane og det ottomanske riket utanfor bymurane i Wien. Men 34 år seinare, i 1717, må den såkalla «tause Sejmen»[1] bøye av for russarane. Den store nordiske krigen blir stort sett utkjempa i Polen, fører til store øydeleggingar og er med på å svekke landet endå meir. I 1772 kjem den fyrste delinga av landet då Russland, Preussen og Austerrike kvar tek store bitar. I 1791 får landet ei grunnlov – den andre i verda – men til inga nytte. I 1793 blir Polen igjen delt mellom naboane, og i 1795 forsvinn Polen frå det europeiske kartet.

I 1918 blir Polen attreist, men det nye tilværet er ikkje enkelt. Grensene i vest og i aust må trekkast på nytt, og område som tidlegare har vore underlagde andre statar, blir no sauma saman til ein ny stat. Landet får også ei blanda befolkning: Polakkane utgjer ikring 65 prosent. Resten består av ukrainarar, kviterussarar, tyskarar og ikring 10 prosent jødar.

Den politiske scenen blir i desse åra dominert av to leirar – dei som støttar marskalken Józef Piłsudski og ideane hans om eit ope Polen der folkegruppene kan leve side om side i ein slags kvasiføderasjon, og på den andre sida dei som støttar ei nasjonalistisk rørsle med mål om å bygge eit Polen berre for polakkar.

I 1920 klarar polakkane å stoppe bolsjevikane i utkanten av Warszawa. I 1922 mistar den fyrste polske presidenten livet i eit attentat utført av polske nasjonalistar. Og i 1926 gjennomfører Piłsudski statskupp og satsar på, som det heitte, «sanering»[2] av landet.

Men den gjenvunne uavhengigheita varar ikkje meir enn ein generasjon. I 1939 blir landet igjen angripe av naboar – Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Etter nesten seks år med terror og øydeleggingar, som tek livet av 6 millionar polakkar, av dei 3 millionar polske jødar – blir landet geografisk og bokstaveleg tala flytt vestover. Politisk blir landet drege austover og tvangsinnlemma i kommunismen. Kommunistpartiet, som på det meste har 3 millionar medlemmer, forsøker å bygge eit kommunistisk paradis, men som alle veit, kollapsar det heile etter valet i 1989.

Valet i 1989 vart gjennomført som følge av eit politisk kompromiss mellom delar av den antikommunistiske opposisjonen leia av Lech Wałęsa og kommunistiske makthavarar som såg at landet trong økonomiske og politiske reformer.

Mykje låg til rette for at Polen skulle kome tilbake som ein ny og uavhengig stat då kommunismen kollapsa og dei kunne sjå framover mot betre tider utan å frykte reaksjonar frå sovjetiske styresmakter. Då Warszawa-pakta var historie 1. juli 1991, kunne Polen igjen stake ut ein ny, utanrikspolitisk kurs. Landet stod no i ein skvis mellom fleire moglege retningar: framleis tett samarbeid med Russland, nøytralitet, regional allianse som motvekt mot Russland og Tyskland, eit paneuropeisk tryggleikssamarbeid (OSSE), eller medlemskap i NATO og EU. Den polske makteliten – og eit overveldande fleirtal av polakkane – meinte den siste løysinga var den beste, og i 1999 slutta Polen seg til NATO. I 2004 vart landet medlem i EU.

 

POLSK POLITIKK ETTER 1989

Polens plassering mellom europeiske maktsenter har spelt ei avgjerande rolle i historia til landet, og set enno sterkt preg på dagens politikk. Naboskap til det tyske og russiske imperiet har vore med på å forme den polske skjebnen og tryggleiken. Det som gjer situasjonen endå meir kompleks, er Polen som historisk regional stormakt, eit land som har kjempa med naboane om innverknad i nærområda, men som tapte, og som så å seie forsvann frå kartet. Ein slik skjebne gjer at Polen blir sett på – og ser seg sjølv – som både offer og utfordrar, noko som er med og pregar den politiske debatten i landet og ikkje minst forholda til nabolanda.

Dagens Polen er sterkt forankra i eldre og nyare historie. Inntil ganske nyleg vart det humoristisk sagt at Polen blir styrt av to kister og dertil gamle skjelett: Den eine tilhøyrer den alt nemnde Piłsudski, marskalken og tilhengaren av ein sentraleuropeisk føderasjon og eit polsk-litauisk samvelde. Den andre høyrer til Roman Dmowski, leiaren for nasjonaldemokratane og sjefideologen for dei polske nasjonalistane.

Fram til 2005 gjekk hovudskiljelinja i polsk politikk mellom den gamle opposisjonen – hovudsakleg frå Solidaritets-rørsla – og dei med politiske røter i det kommunistiske systemet, kjende som postkommunistane. Det var fyrst og fremst dei historiske forholda som definerte det politiske tilhøyret. Men ingen av retningane har vore ideologisk homogene. I Solidaritets-rørsla, som på det meste hadde 10 millionar medlemmer, fanst fleire ulike ideologiske straumdrag. Her fann ein både liberalarar, sosialdemokratar, konservative kristne og nasjonalistar; blant post-kommunistane var det nokre fåe nasjonalistar, ingen konservative kristne, nesten ingen truande kommunistar, men fleire sosialdemokratar, endå fleire tilhengarar av liberale tilnærmingar og ein del opportunistar.

Polske veljarar har lenge hatt utfordringar med å ta val – noko som var tydeleg i åra etter 1989. Solidaritet vann ein knusande siger i 1989, året etter vart Wałęsa vald som Polens president. Men tre år seinare, i 1993, vann postkommunistane parlamentsvalet. I 1995 vart folkehelten Wałęsa slått ut av den unge apparatsjik[3] frå det gamle systemet, Aleksander Kwaśniewski. I 1997 kom den gamle opposisjonen tilbake til makta, men i 2000 blei postkommunisten Kwaśniewski attvald som president. Også i 2001 gjekk postkommunistane sigrande frå parlamentsvalet og fekk meir enn 41 prosent av stemmene[4] – meir enn noko anna parti sidan 1989, men for lite til å danne regjering åleine. For å illustrere kor lite lojale polske veljarar kan vere, må det nemnast at venstresida, etter valet i 2015, manglar representasjon i parlamentet.

I 2005 skulle polakkane velje både ny president og nytt parlament. Postkommunistane blei svekte av ein stor korrupsjonsskandale. Tilbake stod to parti og to presidentkandidatar, båe med røter i den gamle opposisjonen: Lov og rettferd (også kalla PiS), leia av tvillingane Lech og Jarosław Kaczyński, og borgarplattforma PO med Donald Tusk som leiar og presidentkandidat.

Konkurransen mellom dei to politiske blokkene har prega polsk politikk sidan, og har vore med på å skape nye, politiske skilje; PiS blir framstilt – og framstiller seg sjølv – som eit ansvarleg og verdikonservativt parti med eit partiprogram som har sterke sosialdemokratiske innslag, medan PO blir oppfatta som eit meir sentrumsnært parti, tufta på liberale idear i både økonomi og ideologi. PiS og Lech Kaczyński vann parlaments- og presidentvalet i 2005 med små marginar. Men i 2007 og 2011 var det PO som gjekk sigrande ut av valet. POs kandidat Bronisław Komorowski vann presidentvalet i 2010, eit val som vart påskunda av flystyrten i Smolensk 10. april 2010, der president Lech Kaczyński og 95 andre mista livet.

2015 markerer ei viktig endring i polsk politikk. Andrzej Duda, støtta av PiS, vann presidentvalet mot den sitjande presidenten Komorowski, takk vere støtta frå tilhengarane av protestkandidaten Paweł Kukiz, som overraskande nok fekk nesten 21 prosent av stemmene i fyrste valrunde. 25. oktober 2015 vann PiS parlamentsvalet og fekk nok oppslutning til å danne fleirtalsregjering. Det skjedde paradoksalt nok; valdeltakinga var låg, snautt 51 prosent brukte stemmeretten. I røynda fekk PiS støtte frå berre 19 prosent av polakkane.

 

POLSK DAGSORDEN OG KONTAKTEN MED OMVERDA

Etter at PiS kom til makta, har partiet gjort mykje for å setje politikken sin ut i livet. Mellom anna har dei sett i gang eit ambisiøst prosjekt, 500+, ei tiltakspakke som kjem polske barnefamiliar til gode. Men i staden for å legge vekt på dette og andre, liknande tiltak har partiet sett i verk fleire reformer som har ført til mobilisering av kritiske krefter, både i Polen og utanlands.

Korleis skal vi forstå og tolke det som skjer i dagens Polen, og kva for konsekvensar kan denne utviklinga få for forholdet til omverda?

Det viktigaste spørsmålet som PiS har teke stilling til, er kva slags politikk dei skulle møte dei politiske, moralske, økonomiske, historiske og juridiske utfordringane med. PiS har valt ei nærmast revolusjonær linje, for som dei hevda i valkampen: Den førre regjeringa hadde lagt landet i ruinar. Var målet å få Polen på rett kjøl att, var ein nøydd til å ta i bruk sterkare lut. PiS ynskte å avbryte den rådande politiske kursen og kompromisset frå ‘89, vart det hevda, avvikle den tredje republikken, setje i verk djupe reformer med sikte på å danne ein fjerde republikk.

For å kome i mål med reformene, har PiS arbeidd for å skaffe større kontroll med rettsvesenet og med dei statleg eigde media. Med fleirtalet i parlamentet endra PiS lovverket som regulerer domstolane. Seinare vart også fleire dommarar bytte ut med nye, PiS-venlege dommarar.

PiS fekk kontroll med domstolane, og krefter både i Polen og EU meiner lovendringane er i strid med den polske grunnlova, og at ho undergrev maktfordelinga mellom dei lovgivande, utøvande og dømmande institusjonane.

Som ein konsekvens av PiS sitt reformarbeid av rettsvesenet innleia Den europeiske kommisjonen i desember 2017 prosedyre mot Polen, med heimel i artikkel 7 i Lisboa-traktaten. Traktaten blir brukt mot medlemsland som opptrer i sterk strid med verdiane i artikkel 2, noko som kan føre til straffeforfølging og i verste fall suspensjon frå unionen. I mars 2018 gav det europeiske parlamentet samtykke, og Polen måtte forklare seg.

Det gjekk derimot lettare for regjeringspartiet å skaffe seg kontroll over dei statlege media. PiS sette inn ein gåverik propagandist som sjef for det polske motstykket til NRK, og statlege medium er, med veldig få unnatak, gjorde om til eit viktig propagandaapparat for regjeringa.

Styresmaktene har òg straffa nokre av dei privateigde media for det dei meiner er ei uriktig framstilling av den politiske konflikten i landet i desember 2016. Straffa vart seinare oppheva, mellom anna på grunn av press frå utanlandske investorar. PiS har òg drøfta innføring av ei lov som ville avgrense utanlandsk eigarskap i polske medium, men forslaget har vore omstridd og er lagt på is.

PiS har òg arbeidd for å bryte den såkalla Magdalenka-kontrakten, ein kontrakt som var meint å sikre og beskytte privilegia til representantane frå det gamle regimet. Til dømes vart det innført reformer i pensjonssystemet i landet for å avgrense utbetalingane til dei som jobba i det hemmelege politiet i det gamle regimet, i tillegg til ei lov som ville gjere det mogleg å degradere polske offiserar for innsatsen deira i det kommunistiske systemet, og for dei mange overgrepa. Ein har òg brukt det statlege propagandaapparatet i ein kampanje mot mannen som for mange symboliserer den tredje republikken, Lech Wałęsa, men som av PiS blir framstilt som ein forrædar.

 

DEN «RETTE» VERSJONEN AV HISTORIA

For å markere brot med den tredje republikken og den liberale makteliten har PiS sett i verk ein aktiv fordelingspolitikk og statleg støtte til dei svakaste gruppene i samfunnet, alt nemnde 500+ og Bustad til familiar. 500+ kostar den polske staten ikring 23 milliardar ZLP per år (meir enn 55 milliardar norske kroner) og betyr i praksis overføring av 500 ZLP (ikring 1250 norske kroner) per månad til barn nummer to og andre i familiar med minst to barn (og til alle barn i fattige familiar). Programmet Bustad til familiar liknar Husbanken og skal gjere det mogleg for dårlegstilte familiar å skaffe seg bustad med støtte frå staten.

PiS satsar også tungt på ein sterkare statsøkonomi, og dei snakkar om behovet for meir statleg styring. «Repolenisering » betyr polsk kontroll over bankvesenet og delar av industrien som tidlegare vart kjøpt opp av utanlandske interesser, og dessutan ei statleg styrt reindustrialisering av økonomien. Den sitjande regjeringa har også brukt store krefter på å tette skattehola i skattesystemet, som dei meiner har resultert i manglande momsinntekter, anslått til astronomiske 250 milliardar ZLP (ikring 600 milliardar norske kroner) for perioden 2007 til 2015. Skatteinnskjerpinga har vore effektiv, og gir PiS politisk utteljing – noko som viser seg på dei fleste partibarometera.

Partiet satsar òg tungt på såkalla identitetspolitikk, det vil seie ei styrking av arbeidet med den polske kulturen – slik han blir tolka og forstått av dei noverande makthavarane. Polen bruker mykje tid og pengar i statleg fjernsyn til å promotere heltane frå historia, som dei meiner kan stå som viktige rollemodellar, til dømes heltar frå den polske motstandsrørsla som mista livet i kampen mot kommunistane og det kommunistiske systemet. Styresmaktene har òg understreka den kristne arven: Den romersk-katolske kyrkja blir sett på som ein viktig berar av polsk identitet og får mykje plass i den polske offentlegdomen.

PiS brukar medium og andre kommunikasjonskanalar for å promotere – ifølgje PiS – den rette versjonen av den polske historia, på heltedådane gjennom historia og Polens rolle som offer. Samstundes underkommuniserer dei det som kan framstille Polen i eit mindre positivt og flatterande lys, til dømes dei sterke nasjonalistiske tendensane i landet, tendensar som er blitt mykje meir synlege berre i løpet av dei siste to åra.

I januar 2018 vedtok det polske parlamentet ei lov som opnar for å gi fengselsstraff i inntil tre år til han og henne som framstiller Polens historie i eit dårleg lys – til dømes om ein nyttar omgrepet «polske konsentrasjonsleirar». Innføringa av lova og det som følgde i kjølvatnet, illustrerer kor krevjande det er å drive historisk politikk i dag. Lova vart vedteken 23. januar i år – på dagen som blir brukt for å markere offera etter Holocaust – og det fekk mange til å reagere. Israel meiner lova fritek polakkane for kritisk omtale av rolla deira under Holocaust. USA – Polens viktigaste strategiske allierte – følgde raskt etter, og meinte lova ville ha negative konsekvensar for ytringsfridomen i landet. Også Ukraina, som er ein viktig strategisk partnar for Polen, har kritisert lova, som dei meiner rokkar ved delar av den vanskelege polsk-ukrainske historia. Tyskland har stilt seg passivt, naturleg nok, men den tyske presidenten brukte anledninga til å understreke Tysklands ansvar for brotsverk som vart utførte av naziregimet i det okkuperte Polen.

 

REFORMER OG POLENS PLASS I VERDA

Det som skjer i Polen i dag, viser svært tydeleg at heimepolitikk også har direkte og indirekte konsekvensar for forholda til omverda. I slutten av 2017 kunne det sjå ut som om Polen hadde kome på kant med dei fleste av naboane sine. Dette kom i stor grad av at regjeringspartiet hadde brukt utanrikspolitiske spørsmål, til dømes flyktningkrisa i 2015, til å styrke sin eigen posisjonen på heimebane og slik appellere til kjerneveljarane. Dette gjaldt til dømes partiet si svært negative haldning til europeisk migrasjonspolitikk i kjølvatnet av den store flyktningkrisa i 2015, som forsura forholdet mellom Polen og EU ytterlegare. Forholdet til Tyskland blei òg forsura av partiet si avgjerd om igjen å reise spørsmålet om tysk krigserstatning til Polen, som, ifølgje ulike partiekspertar, ikkje vart utbetalt, og som låg ein stad mellom 845 og 6000 milliardar amerikanske dollar. 

Forholdet til Ukraina er vanskeleg på grunn av ulike tolkingar av historia mellom landa. Det same gjeld forholdet til Israel, som ein har brukt mykje tid og krefter på å betre i åra etter 1989.

Polen har jamvel klart å kome på kant med USA, som har vist bekymring for situasjonen i landet. USA har klaga over manglande styring i det polske forsvarsdepartementet – noko som innleia til omfattande innkjøp av våpen mellom anna frå USA. Også forholdet til den andre av dei regionale stormaktene – Russland – er forverra under PiS’ leiing. Partiet meiner Russland er delansvarleg for katastrofen i Smolensk i 2010, og medskyldig i eit attentat mot den polske makteliten.

To spørsmål har bekymra fleire observatørar etter at PiS tok makta i Polen i 2015. Det fyrste var den revolusjonære endringa av det politiske systemet og maktbalansen i landet. Det dreia seg fyrst og fremst om at partiet prøvde å lamme arbeidet til den polske forfatningsdomstolen og endringar i rettsvesenet i landet. Det andre var innføringa av nye medielover, noko som har gjeve partiet nesten full kontroll over statlege medium.

I 2018 ser vi tendensar til at PiS byrjar å slite med opinionen også på heimebane. Etter ein periode med stabil oppslutning om partiet på ikring 40 prosent slit det med fallande oppslutning og støtte. Ein viktig grunn til det er dei store pengepremiane som vart utbetalte til ministrar og andre politiske aktørar i 2016 og 2017, i tillegg til at partiet manglar evne til å skape gode og betre relasjonar med EU – noko som har ført til massiv oppslutning om EU, i dag på heile 85 prosent.

PiS har reagert med å avsetje den folkelege statsministeren Beata Szydło og erstatte henne med ein tidlegare banksjef, Mateusz Morawiecki. Den nye statsministeren valde å innføre forbod mot utbetaling av nye premiar til regjeringsmedlemmer og har satsa både tid og krefter på ei betring av forholdet til EU. Szydło heldt ein svært emosjonell tale i parlamentet der ho forsvarte utbetalingane av pengepremiane til regjeringsmedlemmene, inkludert til henne sjølv. Dei motstridande signala frå partiet fekk den tidlegare statsministeren og partiformannen Jarosław Kaczyński til å reagere. 6. april 2018 «beordra» han dei som mottok pengepremiar, til å overføre premiane til eit godt formål – og gjennomførte i tillegg eit lønningskutt på 20 prosent til parlamentsmedlemmer og andre politikarar.

 

POLENS FRAMTID

Kva har alt dette å seie for Polens framtid?

Polens framtid blir definert av både heimlege og utanrikspolitiske forhold. Ei avgjerd vil bli teken av polske veljarar i 2019. Då skal Polen velje nytt parlament. Spørsmålet er om PiS får fornya tillit. Vil partiet få nok støtte i båe kammer i det polske parlamentet slik at dei kan regjere åleine? Vil PiS – eller ein ny koalisjon – få eit konstitusjonelt fleirtal i det nye parlamentet bak seg slik at dei kan endre den polske grunnlova frå 1997? Eller vil den polske politiske opposisjonen vere i stand til å mobilisere veljarar og ta makta frå PiS?

Dette er viktige politiske spørsmål som kjem til å avgjere framtida til landet. Men det er også mange andre spørsmål som kjem til å bety mykje for Polens framtid på både kort og lang sikt. Korleis skal det gå med polsk økonomi? Korleis skal landet løyse problema til EU? Korleis skal ein stille seg til NATO og USA? Korleis skal utviklinga i Russland – og i Russlands nære omgivnadar – påverke utviklinga i heile regionen? Kva for konsekvensar vil alt dette ha for framtida til Polen?

Polens plassering i hjartet av Europa betyr at det som skjer i landet, vil ha store konsekvensar ikkje berre for Polen, men også for Europas framtid. Det som skjer i Europa, vil påverke Polens skjebne i endå større grad. Det er derfor viktig at Polens makthavarar finn ein måte å samarbeide med Europa på, ein strategi som vil føre til mindre spenningar, ikkje større. Det ser ut til at den nye polske leiinga har skjønt dette, og at ein frå no vil satse på ein meir forsonleg politikk som gjer det mogleg for Polen å vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å reformere det europeiske integrasjonsprosjektet.

 

Omsett frå nynorsk av Knut Aastad Bråten.

 

[1] Det var forbod for parlamentsmedlemmer mot å uttale seg om saka, fyrst og fremst for å hindre at motstandarar av avtalen med Russland skulle motsetje seg samarbeidet. Og difor blir dei kalla «Sejm niemy» – ‘den tause Sejmen’.

[2] Piłsudskis mål var å reinske polsk politikk for partikulære partipolitiske interesser.

[3] Ei nemning på ein lojal partimann som klatra oppover i det kommunistiske partiet for å skaffe seg privilegium. I dag brukt negativt.

[4] Utfallet er avhengig av kor mange parti som klarar å krysse sperregrensa. PiS var heldige i 2015 og fekk god utteljing fordi fleire parti og koalisjonar kom under sperregrensa, noko som resulterte i at partiet som fekk ikring 38 prosent ved valet, fekk meir enn 50 prosent sete i parlamentet.