Frå Utgåve 1-18
Skrive av Marit Heier Lajord

Nordmann. Og jøde.

Den jødiske minoriteten i Noreg er liten og mangfaldig, merkt av Holocaust og antisemittisme. For journalist Dana Wanounou er dette ein viktig del av historia, samstundes som ho også opplever at det har vorte lettare å vera jødisk nordmann.

 

Marit Heier Lajord (f. 1990) studerer juss ved Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd for nettavisa Framtida.no, og i 2013 debuterte ho med barneboka Olava og bestefar på Samlaget.

 

Enno ligg Holocaust som eit djupt sår over historia, og vi vert stadig minte om dei grufulle hendingane under den andre verdskrigen. Kva gjer denne historia med den jødiske kulturen og unge, norske jødar i dag?

– Jødane har vore spreidde over heile verda, og sjølv om vi har ei sams historie, har vi ikkje sams røynsle. Dei jødiske røtene mine er marokkanske, og jødane i Midtausten vart ikkje drepne i konsentrasjonsleirane, slik mange jødar i Europa vart. Samstundes har eg vakse opp med eldre menneske som sat i konsentrasjonsleirane, som kom heim, og med jødar som mista familiane sine der. Sjølv om Holocaust er ei europeisk røynsle, er det på same tid del av den sams jødiske historia.

Nokre av dei same mekanismane som var i spel på 1930-talet, er òg i spel i dag, då jødane vart gjorde kollektivt ansvarlege for alt som var gale. I dag uroar eg meg over delar av det norske samfunnet, over dei som vil gje muslimane ansvar for det som er gale i verda. Har vi ikkje lært av historia, av konsekvensane av å gje éi folkegruppe skulda for alt som er gale ?

 

– Kva positive og negative røynsler har du med å vera jøde?

– Å vera del av ein jødisk minoritet er på mange måtar eit privilegium. Eg får oppleva fleire kulturar frå innsida, noko som gjer at eg ser samfunnet rundt meg meir nyansert. Det er også ei sterk fellesskapskjensle og eit heilt særskilt samhald i det jødiske miljøet i Noreg.

Dei negative røynslene er fordommane mot jødane og det jødiske, som enno finst, og alt det fører med seg, som mobbing og vald. Dei antisemittiske førestillingane er dei same som dei alltid har vore, til dømes at jødane styrer verda og media.

 

– Er du sjølv aktiv del av det jødiske miljøet i Noreg, og kva gjev det deg?

– Eg er medlem av Det Mosaiske Trossamfund i Oslo. Det har eg vore heile livet, og det var der eg gjekk i barnehage og hadde Bat mitzva, som er eit jødisk overgangsritual som markerer overgangen frå barn til vaksen.

For meg gjev det jødiske miljøet tilhøyr. Å vera saman gjer det lettare å halde på det jødiske i eit veldig sekulært norsk samfunn. Den jødiske tradisjonen femnar historia, kulturen, det etniske og det religiøse, der dei ulike elementa har ulik vekt for ulike menneske. Eg opplever at forsamlinga tek vare på tradisjonen saman med deg, og nokre gonger tek dei vare på han for deg.

Eg er sjølv sekulær jøde. Samstundes er religiøse tradisjonar viktige for meg, slik til dømes jula er viktig for andre sekulære nordmenn.

 

– Den jødiske kulturen var liten, men aktiv, deltakande og pulserande før den andre verdskrigen. Korleis kan vi forstå den jødiske kulturen i Noreg i dag?

– Ein kan ikkje forstå det jødiske lausrive frå historia. Mange norske jødar vart drepne under Holocaust, og det gjekk hardt utover det norske jødiske miljøet.

Samstundes føler eg det har vore auka positivt søkjelys på norsk jødedom dei seinare åra, til dømes med etableringa av Jødisk Museum og at nordmenn flest har vorte meir nyfikne på det jødiske og kva det er. Holocaust-senteret si undersøking om antisemittiske haldningar i 2012 stadfesta oppfatningane av at det framleis finst antisemittisme i Noreg, og med denne undersøkinga følte eg at vi vart tekne meir på alvor, og at vi blir lytta til når vi fortel at det eksisterer jødehat også i dag, i vårt eige samfunn. Det er også større merksemd rundt åtak på jødar i Europa og på antisemittisme i jødiske miljø, noko som er med på å nyansere og balansere biletet av kva det vil seia å vera jøde i 2018. I tillegg har det vorte større merksemd om kva det vil seia å vera norsk jøde, i media og til dømes gjennom prosjektet «Jødiske veivisere», som får midlar frå regjeringa.

 

– Med familiebakgrunnen frå Marokko er du i likskap med jødar med røter i Spania og andre land i Midtausten del av ein sefardisk tradisjon. Fleirtalet av jødane i Noreg er askenasiske, med forfedrar frå Aust- og Mellom-Europa. Korleis er det jødiske mangfaldet i Noreg i dag?

– Dei sefardiske eller mizrahiske jødane i Noreg har kome seinare enn dei askenasiske, i hovudsak frå Israel, og dei har kome anten fordi dei har møtt og seinare gifta seg med ein nordmann, eller kanskje fordi dei fekk jobb her. Det Mosaiske Trossamfund har vore ei askenasisk forsamling, oppbygginga av gudstenesta og melodiane ein brukar der, er i den tradisjonen. For oss frå andre tradisjonar er dette heilt greitt, og vi deltek på lik linje med dei askenasiske.

Dei jødiske tradisjonane har alltid vorte blanda med skikkar og tradisjonar i dei landa ein har vore. I min familie har vi til dømes den arabiske tradisjonen henna, ein fest der vi målar hendene, som ein før-fest i forkant av bryllaup og Bat mitzva.

 

– Aha. Og dette er ikkje jødiske skikkar som alle jødar deler?

– Nei, absolutt ikkje! Dei jødiske tradisjonane og høgtidene blir markerte av alle jødar verda over. Men måten dei blir markerte på, varierer etter kvar i verda ein er. Pesach-måltidet i ein ungarsk-jødisk familie er noko ganske anna enn pesach-måltidet hjå ein indisk-jødisk familie. Det som er sams for oss, er dei religiøse rituala: Vi les dei same bønene og et det same usyra brødet. Hugs at jødane har levd spreidd over heile verda i hundrevis av år og er prega av lokalsamfunna sine.

 

– Kva forventningar er knytte til det å vera jøde i det jødiske miljøet i Noreg i dag og i storsamfunnet elles? Kva rom er det for å vera jøde på eigne måtar?

– Eg har ikkje kjent på mange forventningar frå det jødiske miljøet, snarare på ei glede over det ein kan bidra med – anten det er å koma i synagogen kvar laurdag, ha barn i barnehagen eller å ha mange verv i forsamlinga. Det er stor aksept for å praktisere det jødiske ulikt.

Det finst sjølvsagt utfordringar dersom ein er veldig ortodoks, radikal eller er kvinne og ynskjer å verke som rabbinar. Ein får ikkje så mange med seg. På ei side er det veldig stor openheit i det jødiske miljøet, på den andre sida er det jødiske miljøet såpass lite at det er vanskeleg å skapa eit større miljø for den retninga ein vel å gå.

Elles i samfunnet opplever eg at mange ser på det å vera jødisk som noko eksotisk, og difor får eg mange spørsmål: om eg et koscher, om eg støttar Benjamin Netanyahu, og kva hanukka er. Det er i grunnen forståeleg, for mange er eg den fyrste jøden dei har møtt.

 

– Nett det at mange unge aldri har møtt ein jøde, er også noko av grunngjevinga for prosjektet «Jødiske veivisere», som har som mål å spreie kunnskap og fjerne fordommar. Har du sjølv opplevd kunnskapsløyse om jødane i majoritetsbefolkninga?

– Det handlar mykje om at folk blandar jødisk identitet med israelsk politikk. For nokre heng det jødiske tett saman med Israel, og eg kan forstå at det nokre gonger kan vera forvirrande. Men det som gjer meg oppgjeven, er å møte folk som tykkjer samanblandinga er forvirrande, men som samstundes har veldig sterke meiningar om det jødiske og Israel. Eller som meiner at eg, som jøde, hatar palestinarar, eller automatisk støttar det noverande israelske regimet. Det er slitsamt å bli stilt moralsk ansvarleg for politikk eg ikkje har nokon innverknad på.

 

– Utanfor synagogen i Oslo er det vegsperringar og ofte tungt væpna politi, synagogen har også interne tryggingstiltak. Kva gjer dette med den jødiske identiteten?

– Jødane følte seg utsette lenge før vegsperringane vart sette opp. Det er ikkje rart med tanke på Holocaust og forfølgingane som jødane har vore utsette for i Midtausten. Vi har alltid vore og følt oss utsette. Vi lever med ei dagleg påminning om at vi aldri kan føle oss heilt trygge. Ein får eit medvit om at ein er del av ei utsett gruppe heilt frå ein er liten.

 

– Føler du deg utsett med omsyn til omfanget av antisemittisme i Noreg? Korleis har situasjonen utvikla seg dei siste åra?

– Eg føler meg ikkje utsett sjølv, heller at det har vorte ganske mykje betre dei siste åra. Sjølv opplevde eg at det var vanskelegare å vera jødisk under den andre intifadaen på starten av 2000-talet, der det var ekstremt mykje kritikk av Israel, og der eg vart konfrontert dagleg. Eg opplever både at mediedekninga av konflikten har vorte meir nyansert, at folk har fått meir kunnskap, og at dei ubehagelege diskusjonane har vorte færre.

 

– Spørsmåla her speglar kanskje ein tendens i framstillinga av det jødiske i media, at det ofte blir tale om Israel og om antisemittisme. Kan det vera at vi mistar noko av forståinga av den norske jøden og kven han og ho er, når det er slik?

– Det er klårt ein mistar noko når ein kikkar på det jødiske gjennom eit «Israel»-filter. Dersom ein kvittar seg med dette filteret, vil ein sjå at det jødiske miljøet i Noreg er noko heilt særeige: eit lite miljø med ynske om å ta vare på historia og tradisjonane. Det å vera jødisk nordmann er noko anna enn å vera jødisk franskmann, der miljøet er mykje større og det er lettare å halde på ein jødisk identitet. Det at ein ikkje kan la barna sine gå på ein jødisk skule, er til dømes noko som er særskilt for det jødiske i Noreg, og som påverkar utviklinga av den jødiske identiteten og kulturen her.

Ein kan også sjå den gjensidige påverknaden, korleis jødiske nordmenn og det jødiske miljøet har forma Noreg og er forma av Noreg. Eit døme kan vera den norske likestillinga. Sidan vi er ei ortodoks forsamling, sit menn og kvinner segregerte i synagogen, men dette er det diskusjonar om vi skal halde fram med. Og om vi skal halde fram som vi gjer, korleis skal vi då forklare det til resten av det norske storsamfunnet, med krava det set til likestilling?

  

Fakta: Norsk og jøde

Dana Wanounou er ein jødisk nordmann med israelsk far og norsk mor. Til dagleg er ho journalist i Vårt Land.

Etter Grunnlova av 1814 vart jødar nekta tilgjenge til Noreg. Den såkalla Jødeparagrafen vart oppheva i 1851. Dei fyrste jødane kom til Noreg i siste halvdelen av 1800-talet, og det som vart til Det Mosaiske Trossamfund, vart skipa i 1892.

I dag er det om lag 1300 jødar i Noreg. Dei fleste bur i Oslo.

Askenasar er ei nemning på jødar med røter i Aust- og Mellom-Europa, medan sefardar er jødar med røter i Spania og Portugal. Jødar med røter i Midtausten og Nord-Afrika blir også omtala som mizrahim, men er samstundes del av den sefardiske retninga.

Det Mosaiske Trossamfund er ei ortodoks forsamling, medan mange av medlemmane ikkje er ortodokse og heller ikkje religiøse. I større jødiske miljø, til dømes i USA, er det eigne forsamlingar for andre retningar, som reformjødedom og konservativ jødedom.

 Kjelder: HL-senteret, Store norske leksikon og Det Mosaiske Trossamfund

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram