Frå Utgåve 2-17
Skrive av Knut Aastad Bråten

Lokalpolitikk, takk!

Lokalpolitikarane er arbeidshestane i det norske demokratiet, og garantistar for eit levande folkestyre.

 

Eg drøymde aldri om å bli kommunestyremedlem. I mi verd var representanten gjerne ein respektert mann, med nystroken skjorte og vasskjemt hår. Stilen er kommunegrå, men mannen er korkje trist eller taus. På talarstolen er han talekunstnar og talknusar. Eller ho er ei fargerik dame i lilla gevant, lærar, gift med legen, from – også ho utstyrt med sterke talegåver i tillegg til stort engasjement for flyktningar, målsak og el-bilar. 

Livet blir sjeldan slik ein ser det for seg. I dag har også eg hamna i kommunestyret. For Venstre. Talknusar er eg ikkje. Den kommunegråe stilen prøver eg å styre unna. Ofte føler eg meg uerfaren, men sakene engasjerer. Den kommunale kvardagen er ikkje grå, men meiningsfull. Korleis er det å vere med i kommunestyret i ein middels stor kommune i dag?

Det finst ikring 11 000 kommunestyremedlemmer i Noreg. I stille kveldstimar les dei rapportar og utgreiingar, førebur saksinnlegg og deltek på partimøte. Sakene dei fordjupar seg i, er tung kost og har stor innverknad for dei det gjeld: elevane i kulturskulen eller dei eldre på gamleheimen. Oppgåvene famnar breitt, men ressursane er knappe.

Det tek tid å finne seg til rette i det politiske kretsløpet. Her er mykje latter og gode replikkar, men tonen er formell og blir regulert av eit eige reglementshefte. Kommunestyret er ikkje noko kaffislabberas. Representantane er heller ikkje frie for unotar. Ein kollega blir klubba når han kallar ordføraren ei bjølleku, og nedst i hjørnet sit ho som gløymde å skru av lyden på nettbrettet; no durar ein sjampo-reklame utover møtelokalet. Formalitetane tek seg ein etterlengta pause.

Eg må lære meg å tenke på nye måtar. Tidshorisonten er ikkje no, men fleire år fram i tid. Vinnarane frå valet får ikkje fritt bestemme kva dei vil jobbe med. Faktum er at dei fleste oppgåvene kjem til oss, som pålegg – frå staten. Kommunepolitikk er moro, enn så lenge, men er ingen impulsiv arena med stor fleksibilitet. Store planar gjeld for fleire år og er ei rettesnor for administrasjonen, som har stor makt. Har lokalpolitikarane eigentleg noko dei skulle ha sagt?

Eg må lære meg å tenke på nye måtar. Tidshorisonten er ikkje no, men fleire år fram i tid.

«Jeg har alltid vært blant dem som mener politikere er bedre enn sitt rykte, men det betyr ikke at de er ufeilbarlige, at de ikke fortjener kjeft», skreiv Marie Simonsen i Dagbladet i 2014. Politikarane får mykje kritikk. Kanskje er det ikkje så rart. Her er mykje som står på spel. Innbyggjarane kjenner politikken på kroppen, så å seie. Verknadene har konsekvensar for mange – særleg dei konsekvensane med negative forteikn. Og difor er eg redd for å gjera feil val eller ikkje å setja meg godt nok inn i sakene. Kritikken er viktig og naudsynt, den, men det er også oppmuntring og draghjelp. Er kritikken ein av grunnane til at mange held seg borte frå politisk arbeid?

Eg innbiller meg at det var gjævt å vera med i politikken i gamle dagar. Bygdas beste menn tok det kanskje for gjeve at dei skulle vera med. Det var deira arena, dette. Dagens lokalpolitikarar representerer eit stort mangfald; dei er folk flest, frå alle miljø og med ulike livserfaringar. Her er dei med utdanning og dei utan, dei som driv gard, og dei som klakkar på ein PC. Andre att veit kva rusmisbruk er, eller psykiske lidingar. Kunnskapen deira er nyttig og viktig. Men enno er dei fleste kvite i huda. Og for det meste menn. Her er få menneske med nedsett funksjonsevne, eller kvinner frå næringslivet. Eller unge under 30. Tek politikken for mykje tid, er han for treg og tung, eller inviterer vi dei ikkje med?

Lokalpolitikk er grunnmuren i demokratiet, men skjør og avhengig av nokre fåe. Harald Baldersheim skriv i Syn og Segn 1/17 at berre to prosent av veljarane er svært engasjerte i politikk. Den politiske latskapen utfordrar oss til å sjå lokalpolitikk med nye briller. Politikken er tidkrevjande, men òg eit moralsk ansvar for kvar einskild av oss.

Grunnane til at vi er med, varierer. Her sit idealistane og lagspelarane. Og eigenrådige politikarar med spisse olbogar og store markeringsbehov. Kommunestyret er ikkje alltid ei inkluderande forsamling, men ein kamparena med faste vinnarar – og taparar. Kva kan gjerast for å få det tause fleirtalet til å tala? Kvifor er ikkje kommunestyret ein møteplass for kunnskapsdeling og levande debattar? Tilsiget av engasjerte lokalpolitikarar er så som så. Ynskjer vi fleire med, får vi byrja med oss sjølve: legge maktkampane og egoismen til sides, og i staden invitere alle med. Ja, òg lytte til ho som har noko viktig å koma med. Kanskje sit ho ved sida av deg.

Apropos å lytte: På eit kommunestyremøte for litt sidan slo dei tilsette i kommunen seg laus og inviterte like godt politikarane med på gruppearbeid. Forventingane var skyhøge. Utstyrte med tusj og gule lappar – og popkorn – fekk politikarane anledning til å trengje djupare inn i planarbeidet. Gruppearbeidet var enkelt og lysteleg, men eit viktig tiltak i arbeidet med å skapa eigarskap til oppgåvene, og å auke tilliten mellom politikarane og administrasjonen.

Politikarane forvaltar midlane til fellesskapet. Nettopp difor er det avgjerande at politikarane har tilliten dei treng for å skjøtte dei politiske oppgåvene. Har dei det?

For litt sidan bad eg kommunen vurdere habiliteten min i ei sak om lånegarantiar for arbeidsplassen som bror min er leiar for. Eg viste til forvaltningslova og offentleglova, og meinte sjølv eg var inhabil, og at eg burde fritakast frå behandlinga av saka. Det meinte ikkje kommunestyret.

Eg er ingen jussekspert, men opplever at fleire i kommunestyret trur dei er det, og at medvitet omkring habilitet flyt. Kanskje skal vi slutte med skrivebordsjussen og i staden vurdere eigen habilitet strengare når sakene blir lagde på bordet? Det er viktig, særleg i små samfunn, å sleppe å gå inn i grenseområde som kan vera med på å redusere tilliten mellom politikarane og innbyggjarane.

Kommunepolitikk dreier seg om store saker, ofte med gjennomgripande konsekvensar for dei det gjeld. Difor må kommunepolitikarane invitere media og resten av samfunnet med i drøftingane. For politikarane er ikkje der for sin eigen del. Dei er der for å hjelpe innbyggjarane. Dei er der i innbyggjarane si teneste, ikkje omvendt. 

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram