Frå Utgåve 1-17
Skrive av Knut Aastad Bråten

Etterslepet

42 år etter at odelslova likestiller kvinner og menn, er det enno eit fåtal kvinnelege bønder i landet. Kvifor er det slik?

 

I 1974 vart odelslova endra. Jenter fødde etter 1. januar 1965 vart no likestilte med brørne sine. Fyrsteretten til garden har den som er fødd fyrst, uavhengig av kjønn. Endringa av lova kom med tida, og vart møtt med store forventningar. Det likestilte Noreg skulle skine – også i den mest tradisjonsbundne sektoren av dei alle: landbruket.

Mykje har skjedd sidan då. «Kvinner eig kvar fjerde landbrukseigedom», skriv Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2014. Men lovendringa skapte – paradoksalt nok – ingen kvinnerevolusjon i landbruket. For framleis er talet på registrerte kvinnelege bønder lågt. Knapt 14 prosent. Kvifor så få? Blir det ikkje arbeidd for å rekruttere fleire kvinnebønder? Er kvardagen deira uinteressant for feministar og politikarar, Nationen eller organisasjonslivet?

Før jul kom ei stortingsmelding om landbruket: Stortingsmelding 11 (2016–2017): Endring og utvikling — En fremtidsrettet jordbruksproduksjon. Ei stortingsmelding blir levert av regjeringa, og seier noko om framtidig politikk innanfor eit politikkområde, om satsingar og prioriteringar. Optimistisk les eg at «kvinner er særskilt prioritert i deler av regelverket ved at de kan få tildelt mer tilskudd». Stort meir finn eg ikkje, korkje om kvinner eller likestilling. Ordet kvinne finn eg sju gonger. Likestilling, ein gong. Temaet om kvinnebøndene er avgrensa til eitt avsnitt. Er det ikkje plass til kvinnene i regjeringa sitt framtidslandbruk?

8. mars blir kvinnedagen markert over store delar av landet. I Oslo har det i forkant vore heftige diskusjonar om kva tema ein denne gongen skal heise fana for, les eg i Dagbladet. Fleire av dei kjenner vi frå før: opprop mot vald og pornokultur, beskyttelse av likestillingslova og at løna må opp. Nytt i år blir eit opprop mot kosmetisk intimkirurgi, eller «La fitta flagre», som dei sjølv seier. Ganske friskt, tenkjer eg, men er det viktig? Eg tenkjer på kvinnebøndene, kor fåe og tause dei er. Kvifor er det ingen som hever knyttneven for fleire kvinnebønder? Passar ikkje fjøsdressen inn i eit feministisk protesttog, eller er det budeiene sjølv som ikkje bryr seg?

Eg kan ikkje skryte på meg lang fartstid på fjøskrakken. Bruket heime var for lite til å leve av, og då bestemor ikkje var meir, vart kyrne seld. Eg vart ikkje bonde, men nokre av venene mine er det. Andre att har enno ikkje bestemt seg for å ta over. Vala er store, konsekvensane mange.

Eg ringjer til Bergljot – nybaka gardbrukar med 25 mjølkekyr og fleire tusen dekar produktiv skog. Kvifor er det så få kvinner som vel å bli bonde, spør eg. Ho dreg på det. «Gardsdrift appellerer kan hende oftare til gutar enn jenter. Det er så mykje som er tungt: Du må vere fysisk sterk og like praktisk, krevjande arbeid. Og så er det einsamt.»

Noko bra må det vel vere? Statens arbeidsmiljøinstitutt skriv i ei faktabok om arbeidsmiljø og helse (2015) at legemeldt sjukefråvær ved psykiske sjukdomar er blant dei lågaste i landbruket, for kvinner berre 3,2 prosent. Dei som jobbar i bransjen, har det statistisk sett bra, men det står i stor kontrast til risikoen for uhell og død, der jordbruket er blant dei som ligg høgast.

Økonomien er avgjerande for rekrutteringa til landbruket, som i dei fleste andre sektorar. Det er knytt stor økonomisk risiko til det å drive ein gard. Kostnadene er store, etterslepet stort. SSB skriv at om lag 13 prosent av gardbrukarane hadde 4 millionar eller meir i gjeld i 2014. Kombinert med ei gjennomsnittleg næringsinntekt på 173 000 kr (2014) ser ikkje den økonomiske framtida lysteleg ut. Kven orkar å kaste seg inn i dette gjeldssirkuset. 

Om landbruket slit med rekruttering av unge, kvinnelege bønder i dag, betyr det ikkje at kvinnene ikkje tidlegare har teke del. Dei har alltid vore der. Garden trong mange. Men med mekaniseringa av landbruket frå tida etter krigen forsvann fleire av dei sjølvstendige kvinneoppgåvene. Garden vart etter kvart ei mekanisert einmannsbedrift – for karane. Og kvinnene? Dei finn seg yrke utanom garden og reduserer si eiga rolle til mannens medhjelpar.

Det er lenge mellom kvar gong eg les om kvinnebøndene. I 2013 kom det ut ei bok om temaet, Kvinnebønder av Astrid Brekken. Boka fekk lite merksemd då ho kom ut, men er eit viktig bidrag til ei djupare forståing av kvinnene i landbruket. Sosiolog og seniorforskar Marit S. Haugen er også ein av bidragsytarane i boka. Ho teiknar eit optimistisk framtidsbilete av dei kvinnelege bøndene, som viser større vilje til omstilling enn dei mannlege bøndene. Ho skriv: «Kvinnene er viktige endringsagenter i landbruket ved at de har stilt og stiller nye krav.»

Om talet på kvinnebønder er lågt, finst likevel eit potensial for at fleire vil kome etter. Agroteknikar Ingeborg Tangeraas skriv i Kvinnebønder at framtidslandbruket ikkje kan satse på dei same konvensjonelle driftsformene som ein har i dag, og at landbruket framover må sikte seg mot andre, berekraftige driftsformer – driftsformer som i høgare grad vil appellere til kvinner enn til menn.

Men finst det andre, strukturelle forklaringar på kvinneunderskotet i landbruket? Dreier favoriseringa av gutane seg om praktisk tenking og om kva som er mest tenleg – for garden? Mykje står også på spel, fortel Randi – snart geitebonde. «Mange gutar tek del i gardsarbeidet frå dei er unge, i motsetnad til jentene. Eg kan forstå foreldre som ynskjer å overlate garden til den som tidleg syner interesse for han, og som har mest erfaring.»

Unge menneske er visst dei mest kjønnskonservative av alle, seier ein forskar eg snakkar med. Kanskje fordi så mykje står på spel med omsyn til å bygge eigen identitet?

Ansvaret for meir likestilling i landbruket er ei tung oppgåve for Stortinget og regjeringa. Dei må ta arbeidet for fleire kvinnebønder på alvor, gjennom eit sett av tiltak og initiativ, til dømes gode velferdsordningar, men òg krav, slik ein krev kjønnsutjamning i andre sektorar. Men ansvaret ligg ikkje berre til ein distansert stat, det kviler tungt på kvar einskild familie – på foreldra, at dei sjølve tek likestillinga på alvor gjennom å involvere døtrene i gardsarbeidet frå dei er unge, engasjere dei i drifta, gje dei ansvar som dei kan trivast med.

Unge menneske er visst dei mest kjønnskonservative av alle, seier ein forskar eg snakkar med. Kanskje fordi så mykje står på spel med omsyn til å bygge eigen identitet?

Det slår meg at Bergljot og Randi er modige, og at eg er usikker på om eg hadde våga det same sjølv: drive ein gard. Vie meg til det harde arbeidet. Halde ut. Vise tolmod. Resten av livet. Kanskje dreier ikkje spørsmålet seg om fråværet av kvinnelege bønder, men om kva som gjer at nokon klarar å mobilisere engasjement – for i det heile å bli gardbrukar. 

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram