Frå Utgåve 1-17
Skrive av Håvard Nyhus

Tungt for tømmermannen å forstå

Kvifor så oppkava? Veit du ikkje at far min er ein heilt annan? Ein slags meditasjon over farsrolla.

 

Hun snakket så besynderlig

så Josef ble rent felen,

og grublet på håss dette skulle gå.

At det som skulle fødes av henne

var en frelser,

ble tungt for tømmermannen

å forstå.

 Frå diktet «Og det skjedde i de dager» av Ingeborg Refling Hagen

 

I fjor sommar fylte guten min, Samuel, seks år. I bursdagspresang fekk han ein ny, svart og himmelblå sykkel, ikkje så ulik den eg sjølv fekk då eg fylte seks (og som framleis står heime i garasjen til foreldra mine).

Same dag var sykkelen borte. Eit par timar utan oppsyn med bakgarden var nok. Eg fortvila, men forsøkte å gje trøyst: Vi kan kjøpe ein ny sykkel, sa eg.

«Men då blir den òg stolen», gret Samuel, som om uretten i verda for første gong hadde openberra seg og slege han til bakken.

Er det rart ein heng med hovudet? Dette vil han hugse, tenkte eg. Dette er timen då han innser at også eg kan kome til kort. At også eg til sjuande og sist er makteslaus og kan bli fornedra.

Og vips, som ved lukta av ei madeleinekake, var eg tilbake i eit barndomsminne.

 

BOKHYLLE OG KANOSSAGANG

Eg hadde vore på ettermiddagsbesøk hjå ein klassekamerat og var nett komen heim og såg at far min hadde montert ei ny bokhylle – på rommet mitt. Ikkje med mine bøker, men med ein haug bøker han – altså far min – etter eiga utsegn «ikkje fekk plass til» andre stader i heimen. Vi budde rett nok litt trongt den tida, men eg protesterte: Ikkje tale om at eg ville ha alle desse «vaksenbøkene» på rommet mitt, sa eg.

Men pappa stod på sitt. «Eg skjønar at det kanskje er litt upraktisk», sa han, som for å kome meg litt i møte. «Men ein eller annan stad er faktisk desse bøkene nøydde til å vere, og då er dette den beste staden.»

Og dermed var vi framme ved det innslagspunktet der borna ikkje kan gjere så mykje anna enn å resignere og/eller vræle ut avmakta si. Forhandlingssituasjonen var over, rollene retta opp att og maktforholdet stadfesta.

Men så skjedde det – det som gjer at denne episoden har brent seg fast og kan manast fram att, gong på gong, heile 25 år seinare. For plutseleg dukka mor mi opp i døropninga – ho lurte vel på kva som var grunn til spetakkelet – og tok, så eg vart aldeles forfjamsa, parti med meg. Ho tok mitt parti!

Så langt hadde dei to alltid danna felles front. Det er jo gjerne slik barneoppdraginga fungerer. Men no slo fronten sprekker, og mor mi sa: «Nei, Kjell (som far min heiter). Her støttar eg Håvard. Du får vere så god å finne ein annan stad til å ha desse bøkene.»

Og slik skjedde det at far min måtte av garde etter pappesker for å pakke ned att bøkene han berre eit par timar i førevegen – sikkert litt oppelda – hadde bore opp frå kjellaren. Den totale audmjukinga, naturlegvis, og kanskje eit godt bilde på den svekte autoriteten til mannen i kjernefamilien, og i resten av samfunnet. Frå ein som til no kunne sette opp dei metaforiske bokhyllene sine når som helst og kor han måtte ønske – til ein som ver så god og heretter må ta med kjerring og ungar på familieråd. Og som med eitt kan kome til å bli nedstemt.

Den totale audmjukinga, naturlegvis, og kanskje eit godt bilde på den svekte autoriteten til mannen i kjernefamilien, og i resten av samfunnet. Frå ein som til no kunne sette opp dei metaforiske bokhyllene sine når som helst og kor han måtte ønske – til ein som ver så god og heretter må ta med kjerring og ungar på familieråd.

Derfor er dette ein episode som også har eit visst vemodig skjær over seg. Litt som første gongen eg slo han i sjakk og nølte før det siste og avgjerande trekket (er dette augneblinken då verdas naturlov bryt saman?). Episoden med bokhylla er også det første og klåraste minnet av at far min enkelt og greitt tok feil, at han utviste dårleg skjønn – symbolisert ved kanossagangen ned i råkjellaren.

 

FAREN OG SONEN

Forteljinga om Abraham og Isak (1. Mosebok 22), om «nesten-ofringa» på Moriahfjellet, er nok kjent for dei fleste. Jødar har lese og fortolka teksten i tusenvis av år; det same har muslimar og kristne, rett nok ikkje like lenge. Felles for dei er at dei rett og slett ikkje blir ferdige med forteljinga, som om nye eksistensielle djup openberrar seg ved kvar gjennomlesing.

Karl Ove Knausgård (Sjelens Amerika), Bob Dylan (Highway 61 Revisited), Søren Kierkegaard (Frygt og Bæven) og Leonard Cohen er berre nokre av vismennene som har brynt seg på historia der Abraham – kanskje, eller kanskje ikkje – er ei hårsbreidd frå å ofre den einaste son sin, Isak.

Men eitt perspektiv saknar eg. Kva tenkte Isak oppi det heile? Originalteksten gjev ikkje så mange haldepunkt, anna enn å antyde ei viss uro på veg opp til offerstaden på toppen av fjellet: «Far, kor er offerdyret?»

«Gud vil sjølv sjå seg ut lammet til brennofferet, son min!» svarar Abraham, neppe heilt overtydande. Og sidan vekslar ikkje dei to eit einaste ord. Korkje på toppen av fjellet, der faren bind sonen fast og skal til å hogge han i brystet, eller på veg ned att.

No ligg naturlegvis denne typen psykologisering utanfor horisonten i bibelteksten, like fullt pressar spørsmåla seg på: Kva tenkte Isak etterpå, på veg ned att? Sprang han kan hende litt framføre den aldrande (100+) og sikkert litt stivbeinte faren, for å kome kjapt ned att til esla og tenestegutane som hadde slått leir ved foten av fjellet?

For visst vart bandet mellom Abraham og Gud styrkt denne dagen, men kva med bandet mellom Abraham og Isak? Var det ikkje også noko som brast på toppen av Moriahfjellet? Kunne Isak framleis sjå på faren med det same tillitsfulle blikket?

For visst vart bandet mellom Abraham og Gud styrkt denne dagen, men kva med bandet mellom Abraham og Isak? Var det ikkje også noko som brast på toppen av Moriahfjellet?

Tek eg på meg psykologbrillene, er det også ei anna bibelscene eg aldri riktig har forsona meg med. Og endå ein gong handlar det om dette: tilliten mellom far og son. Oppdragarrolla som kolliderer med andre omsyn.

Men først ein tur innom ei blokk i luftforsvarets byggjelag på Hovseter ein gong på femti- eller sekstitalet. Scena blir skildra i Ole Paus’ (f. 1947) Fortellingen om Josef (2008).

Kvart år, på same tid, gjekk Ole Otto Paus (1920–2003), generalmajoren som sonen etter kvart skulle utvikle eit noko anstrengt forhold til,[1] ned i kjellaren for å hente opp julekrybba. Men eitt år vart vesle Ole sitjande i etasjen over og vente. Kor vart det av faren? Kva var det han dreiv og romsterte med der nede?

Omsider kom faren opp frå kjellaren; han hadde ei dårleg nyheit. Ein av figurane var borte, kunne han fortelje. Søkk vekk. «Men det er ikkje så farleg. Det er berre Josef.»

Berre Josef? Men Josef er jo den av figurane i juleevangeliet det er mogleg å identifisere seg med! Barnefaren som – naga av spørsmål – omfamnar skjebnen og lèt det stå til.

 

JOSEF OG JESUS

Eller som Aslaug Groven Michalsen skriv om i Som rever blant ruiner (1959): «Og hvis dere spør meg om mitt mannsideal, unger – så sier jeg at det er Josef! Lykkelig er den kvinne som finner ly hos ham – og velsignet det barn som han erkjenner som sitt og Herrens.»

Inger Hagerup rører ved det same i «Hymne til Josef», frå Strofe med vinden (1958):

 

(…)

Hva tenkte den mørke Josef

som bare var trofast og god?

Kanhende han svøpte sin kappe

litt bedre om barnet og moren.

Slik vernet han ordløs menneskets drøm,

den hellige Josef av jorden.

 

Ja, kva tenkte den mørke Josef «som aldri mælte et ord»? Vel, det vi har haldepunkt for, er kva han gjorde. Og dette veit vi: Først fann han nokre bordbitar og plankerestar bak stallen og snikra saman ei lita krybbe. Deretter laga han eit leie av strå og løfta barnet opp til brystet til mora. Og sidan handla han resolutt og fekk den vesle familien sin i sikkerheit då det vesle barnet vart truga av Herodes.

Men så blir det stille, og Josef glir heilt ut av historia, som ein overflødig bikarakter. Og her får eg – som Paus – alltid så vondt av Josef. Kanskje det er fordi eg sjølv har blitt far og kan kjenne på den største skrekken av dei alle: at mitt evolusjonære ærend er forbi, og at også eg ein dag vil forsvinne i ei dårleg merkt pappeske på eit kjellargolv.

Og no kjem Jesus-replikken eg aldri har greidd å forsone meg med. Eg tenkjer på den tolv år gamle Jesus som heilt utan å gje beskjed har overnatta i tempelet i Jerusalem. Her synest eg han er i overkant frekk. «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min», kvitterer han, når ein skrekkslagen og sikkert uendeleg letta Josef omsider finn han etter å ha leita etter han i tre (!) dagar (Luk 2, 46–49).

Dette er siste gongen vi møter Josef i evangelia, framom gutungen som spør: Kjære vene, kvifor så oppkava? Du veit vel at det er ein heilt annan som er far min?

Dette er siste gongen vi møter Josef i evangelia, framom gutungen som spør: Kjære vene, kvifor så oppkava? Du veit vel at det er ein heilt annan som er far min?

Kjære lesar, kan du førestille deg korleis det er å få den i fleisen? Kva tenkte den mørke Josef, som berre var trufast og god? Kanskje såg han ned. Forlegen og skamfull. Kva var det han hadde innbilt seg? At han var faren likevel? Berre fordi han var den første som løfta barnet opp til brystet til mor, til Maria?

Kanskje må ein vere småbarnsfar og litt sentimentalt anlagd, men hjartet brest kvar gong eg tenkjer på Josef akkurat her. Irettesett av sin eigen tolvåring. Og deretter kasta ut av forteljinga. Forvist til det evangeliske kjellargolvet, bak ei pappeske med gamal julepynt. For, som gamle Paus seier: Det er ikkje så farleg. Det er berre Josef.

I kunsthistoria og i dei ikkje-autoriserte apokryfane blir Josef framstilt som ein gamal, gråsprengd mann. Slik blir det gjort rekning med kvifor vi aldri høyrer om eller frå han att. Han er rett og slett så gamal at han døyr, av heilt naturlege årsaker, kort tid etter.

Men det er då eg protesterer: Eg trur Josef var ein ung far, berre nokre få år eldre enn Maria. Kan hende på min alder. Ein som kunne halde følge med gutungen når han sprang rundt på verkstaden, eller klatra i trea. Så når Jesus sprett rundt på markene, då trur eg Josef spring etter.

På lånt tid, bevare meg vel. Men i forvissinga om at desse første åra var dei hans, for Maria, «med det klare kloke blikket» (Ingeborg Refling Hagen) hadde valt han. Og han hadde valt Maria. Og då den dagen kom at sonen ville trekke mot sin eigentlege far, som av tyngdekrafta, så ville Josef spikke ein liten kopp til Jesus, som han kunne ta med på ferda si.

Og slik kunne guten minnast han. Som ein usynleg signatur i treverket.



NOTE:

[1] Paus til VG 16.02.2013: «Den verste episoden mellom oss var da jeg ga ut en plate hvor jeg lot en svensk jazzgruppe spille sin versjon av ‘Ja, vi elsker’. For min far – generalen – var dette helt i utakt med hans æresbegreper. Han ble så sint, og jeg har ikke lyst å sitere hva han sa til meg den gangen. Men det gikk to år før vi snakket sammen.»

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797