Frå utgåve 4-17
Skrive av Torjer Andreas Olsen

Sápmi i Noreg i dag

I oktober opna Sametinget for første gongen etter valet i september. Aili Keskitalo er på ny president og øvste leiar i det politiske Sápmi i Noreg. Men kva slags Sápmi er ho leiar for? Korleis ser Sápmi ut i dag, no som fleire samar bur i byar og bynære område?

 

Torjer A. Olsen (f. 1975) er urfolksforskar ved Senter for samiske studium, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. Han leier eit stort forskingsprosjekt om urfolk i utdanning og har elles skrive om mellom anna kjønn og makt i urfolksforsking og kristendom i urfolkssamfunn.

  

Parallelt med opninga av Sametinget er andre prosessar med innverknad på dei samiske samfunna i gang i Noreg. Utdanningsdirektoratet har starta med å utvikle ein ny læreplan for skulen i Noreg. Læreplanen handlar om heile skulen, om Sápmi, om rettane til samiske elevar, og om kva alle elevane i den norske skulen skal lære om Sápmi. Kva Sápmi er det snakk om?

 

SÁPMI OG URFOLK

Eg skriv «Sápmi». Det er det nordsamiske namnet for landet til samane. Eg kunne òg ha skrive «Sábme» eller «Saepmie», som er dei lulesamiske og sørsamiske namna, men eg bur i eit nordsamisk område, og difor skriv eg «Sápmi». Sápmi strekker seg over grensene til fire land: Russland, Finland, Sverige og Noreg. I Noreg reknar vi Sápmi for å inkludere meir eller mindre heile Nord-Noreg, store delar av Trøndelag, spesielt innlandet, og dei nordlegaste delane av Oppland og Hedmark. Kor langt sør samane historisk har verka og budd, er ikkje heilt sikkert, men det området eg trekker fram, er i alle fall ikkje for stort. 

Samane reknar seg sjølve for å vere eit urfolk. Den norske staten er i dag einig, noko han har skrive ned i ymse lover og offentlege tekstar. Til dømes seier forordet til den nye overordna delen av læreplanen at «Samene i Norge har ifølge ILO-konvensjonen status som urfolk. Grunnloven fastsetter at staten skal legge forholdene til rette for at samene kan sikre og utvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv». Dette er ei heilt ny formulering i ein læreplansamanheng, sjølv om Noreg si progressive haldning til urfolk og urfolks rettar går nesten tretti år tilbake.

Å vere urfolk gjer ikkje at du må ha komme først til eit område. Dette skil seg noko frå ei meir folkeleg tyding. I internasjonale samanhengar er det no semje om at det å vere urfolk handlar om å ha ein identitet som eitt folk, om å ha språklege og kulturelle kjenneteikn som skil dei frå fleirtalssamfunnet, og om å ha høyrt til i området sidan før kolonisering eller erobring skapa dei noverande statsgrensene.

Å vere urfolk blir ikkje heilt det same uansett kor i verda du held til. Statsgrensene kom til på ulikt vis. Til Aotearoa/New Zealand, Australia og Amerika, til dømes, kom kolonimakta seglande på store båtar og tok brorparten av ressursane frå dei folka som budde der frå før. Folket på dei store båtane rekna nesten ikkje dei som var der frå før som folk eingong. Kolonistane tok ressursane. Dei tok livet til mange. Og dei tok makta med seg. Sjølvsagt endra dei urfolkssamfunna gjennomgåande.

Kolonitida tok slutt etter kvart, ein gong rundt midten av 1900-talet. Eller kanskje ho berre endra seg. Urfolksforskaren Linda Tuhiwai Smith, maori frå Aotearoa/New Zealand, kommenterer postkolonialisme på lakonisk vis: «What? Post-Colonialism? Have they left?»

 

FORNORSKINGSPOLITIKKEN

Smith skriv i boka Decolonizing methodologies (2010), som er blitt noko av ein bibel innanfor feltet, om korleis det er å drive urfolksforsking. Ho skriv korleis urfolk – og såleis urfolksforskinga – treng ei dekolonisering. Fleire hundre år med kolonisering har leidd til at urfolks samfunn, kulturar, tenkemåtar, språk og situasjonar er gjennomgåande endra. Sjølv om vi ikkje kan reise tilbake til verda før koloniseringa, er målet med dekoloniseringa å synleggjere og – så langt det lar seg gjere – fjerne dei føringane som ligg der. Når Smith finn omgrepet dekolonisering betre enn ein variant av postkolonialisme, handlar det om at koloniseringa ikkje enno er over. Dei har ikkje reist. Vi har ikkje reist. De får velje kva personleg pronomen de helst vil nytte.

I Noreg og Sápmi var ikkje koloniseringa heilt slik som i Aotearoa/New Zealand, Australia og Amerika. Her i nord, spesielt langs kysten, budde samar og norske side om side i nabobygder og nokre område i dei same bygdene. Det gjer vi enno i dag. Dei første menneska som kom til landet vi i dag kallar Noreg, var verken samar eller norske. Kven dei var, veit ikkje arkeologane. Den offentlege statusen som urfolk heng ikkje saman med desse første folka i nord.

Om kolonimakta ikkje kom utanfrå i store båtar, har ikkje alt vore berre fryd og harmoni i tilhøvet mellom folka i nord. Da danskekongen rundt år 1700 ønskte å sikre seg at alle var kristne (og at staten ikkje mista landområde), reiste misjonærar nordover for å gjere noko med dei heidenske samane. Med Thomas von Westen i spissen blei den samiske religionen kartlagt og nedskriven, forbanna og marginalisert. Misjonen verka. Dei samiske trommene som noaiden, den religiøse leiaren, nytta til sine ritual, blei samla inn og sendt sørover. Samane blei kristne. Meir eller mindre kristne, i alle fall. For meg er dette døme på kolonisering. Kva seier de? Ei statsmakt sender ut representantar til ein minoritet for å få han til å skifte til majoriteten og staten sin religion. Og det skjer samstundes som at grensene mellom landa er oppe til diskusjon.

På 1800-talet er det ikkje lenger danskekongen som regjerer over Noreg. No er det svenskekongen. Men i Noreg blæs det både vekkingsvind og ein nasjonalromantisk bris. Det held ikkje lenger at samane er blitt kristne. Framleis er dei eit anna folk med eit anna språk og ein annan kultur. Frå 1859 driv Noreg ein politikk som handlar om å gjere minoritetane i landet norske. Språk blir eit nøkkeltema, og skulen blir ein nøkkelarena.

Fornorskingspolitikken gjorde meir eller mindre det han skulle. I løpet av nesten 100 år endra dei samiske samfunna seg kraftig. Å nytte samisk språk blei vanskeleg. Lover og reglar hindra samiske barn i å snakke samisk på skulen – i alle fall i mange bygder. Prestar og lærarar var statens fremste soldatar i kampen mot mangfaldet. Nokre samiske bygder, spesielt i indre Finnmark, kom seg gjennom fornorskinga utan at språk og identitet forsvann. Langs kysten og lenger sør var det verre, særleg for språka. I dag er sørsamisk og lulesamisk sterkt trua. Pitesamisk er så godt som borte. Fleire sjøsamiske dialektar er forsvunne.

Ikkje berre språket blei sett under press. I mang ei bygd skifta samiske familiar identitet. Kva ligg bak dei vala som blei gjort i desse familiane? Truleg er det ei lang rekke årsaker. Historier som er komne fram, fortel om foreldre som ikkje ville at deira ungar skulle gå gjennom det same som dei sjølve gjorde. Å vere samisk blei for nokon ei tung byrde å bere. Å snakke samisk blei det same. Å bli norsk var likevel langt ifrå noko enkelt val. Sorg og melankoli pregar fleire som fortel om denne tida og vala dei gjorde, fortel forskaren Astri Dankertsen (2014).

I bygda Kvænangen i Nord-Troms syner folketeljinga i 1930 at halvparten såg seg sjølve som kven eller same. Folketeljinga i 1950 i same bygd syner at berre to prosent såg seg sjølve som kven eller same. For ein stor del er det dei same folka. Men dei har skifta identitet.

 

TODELT IDENTITET

Filmen Sameblod av den samiske regissøren Amanda Kernell, er ei brutal, men vakker framstilling av kolonisering. Filmen handlar om samejenta Ella Marja frå ein reindriftsfamilie midt i Sverige. Ho går på internatskule, og der får ho stadig høyre at ho ikkje er like mykje verd som svenskane. Aller sterkast, i alle fall for meg, er scena der skulen blir arena for skallemåling. Frå Uppsala kjem forskarar til skulen for å gjere sitt, for å finne ut meir om skilnaden mellom rasane og om dei lågtståande samane. Vi får sjå korleis Ella Marja blir målt og fotografert, og korleis det liknar eit overgrep. Nei, det er eit overgrep. Ella Marja vaskar av seg sin samiske identitet, byrjar å snakke svensk, kallar søstera ein dum lappjävel og stikk av til Uppsala for å gå på skule. Tilsvarande skjedde òg på den norske sida av Sápmi.

Over to hundreår med kolonisering, i form av misjon og assimileringspolitikk, gjorde noko med samfunna i Sápmi. Kor mange samar som blei norske i løpet av denne lange perioden, er vanskeleg å vite. Men det er grunn til å tru at fleirtalet av samane budde langs kysten før fornorskingspolitikken starta. I dag er det ikkje slik.

At urfolk verda over blei kolonisert, tyder ikkje at vi kan sjå på tida før koloniseringa som ein slags paradisisk gullalder. Samisk kultur og samfunn var ikkje frosne, men endra seg stadig – slik kvar ein kultur og kvart eit samfunn gjer. Til dømes er det ikkje slik at urfolkskvinner ikkje opplevde undertrykking før kolonitida (Olsen 2016). To tankar på ein gong: Koloniseringa var katastrofal for urfolk, men urfolkssamfunna var ikkje idealsamfunn.

Identitet er likevel ikkje ein enkel storleik å forstå. Om han kunne endre seg ein gong, kan han vel endre seg igjen? I dei same bygdene der fornorskinga hadde tura fram i presteskrud og lærarfrakk, skulle den samiske identiteten vise seg ikkje å vere daud. Nokre tiår etter slutten av fornorskingspolitikken starta ei ny samisk rørsle. Samiske ord, klede og slekter blei gravne fram. Frå innlandet og bygdene med ein kontinuerleg samisk identitet kom oppmuntring og støtte.

Mykje er annleis. Å finne fram eit samisk språk og ein samisk identitet i familiar der ein generasjon eller to var meir eller mindre norske, er ikkje lett. Om ein bror seier han er norsk, medan ei søster seier ho er samisk, kva gjer dette med familien? Er det ein norsk eller ein samisk familie? Det enkle svaret er sjølvsagt at familien er begge delar.

Men korleis taklar ein stat begge delar?

 

URFOLKSPERSPEKTIV I LÆREPLANARBEID

No gjer eg eit hopp. Eg veit ikkje om det er eit kvantesprang, men det er i alle fall eit godt stykke mellom dei lange historiske linene eg har drege, og ein konferansesal på eit hotell i Tromsø ein vakker oktoberdag i 2017. Vi – når eg no skriv «vi», er det fordi eg er blant dei som er samla – er ei gruppe som er samla for å snakke om korleis samiske tilhøve, språk og rettar best kan få ein plass i det som skal bli den nye læreplanen for skulen i Noreg.

Utdanningsdirektoratet og Sametinget er vertskap. Altså er det ganske så offisielle greier, sjølv om tonen er uformell og hyggeleg. Vi som tek del i møtet, er alle med i det større prosjektet. Vi kjem frå ulike faggrupper som er oppnemnt av Udir, som vi kallar Utdanningsdirektoratet på stammespråket vårt. Til dømes kjem eg frå KRLE/RE-gruppa, som inneber at vi har med religionsfaget å gjere (og at vi forsøker å unngå å drive med alfabetleikar). Elles sit det i Tromsø-møtet deltakarar frå fag som duodji (eller kunst og handverk), engelsk, samfunnsfag, norsk, kroppsøving og sjølvsagt samisk.

Vi høyrer innlegg om viktige saker og område. Samisk språk er viktig for dei elevane som har det som sitt første språk. Og det er viktig for dei samiske elevane som ikkje har det som sitt første språk, men som gjerne vil ha språket og gjere det til sitt. Tradisjonell kunnskap er viktig i den samiske skulen, får vi høyre om. Og så rører vi oss frå dei sakene som først og fremst gjeld dei samiske elevane i samiske skular, til dei sakene som gjeld heile den norske skulen, same kor og kven elevane er.

Ei særs viktig side ved at samane er urfolket i Noreg, er nettopp at det har med heile landet å gjere. Noreg er på landområdet til to folk. På grunn av kolonisering og assimilering er det eine folket pressa ut i marginane og randsonene. Eg meiner ikkje geografisk. Noreg har pressa samane ut i dei sosiale, politiske og kulturelle marginane og randsonene. Skulen har inga stolt historie i tilhøvet til samane. Sjølv om det ikkje skjer slike overgrep som dei som blei synt i Sameblod, har skulen ein lang veg å gå. Om du har gått gjennom den norske skulen, same kor skulen din var, er sjansen stor for at du ikkje har fått særlege kunnskapar om samisk historie og samfunnsliv.

Samane er blitt «dei andre» i ein norsk samanheng. Ettersom eg, i alle fall teksten sitt «eg», sit i ein læreplansamanheng og skriv, kan eg halde meg der. I 1987 kom det ein stor nasjonal læreplan som fekk namnet Mønsterplan 1987 (M-87). Han kom i siste halvdel av eit tiår prega av eit aukande mangfald i det norske samfunnet. Innvandrarar var komne for å bli. Og samane hadde etter Alta-saka rundt 1980 fått stadig større merksemd og aksept som minoritet. Mønsterplanen, eller aller helst dei som skreiv han, prøvde å ta for seg minoritetar. Ja, eg skriv «prøvde».

Planen bygger på det eg vil kalle eit ressursperspektiv. Han skriv slik om språklege minoritetar som har komme frå andre land: «Disse elevene gir oss muligheter til å lære andre kulturer og folkeslag å kjenne.» Her er det to saker eg gjerne vil ta fram: For det første blir innvandrarelevane framstilt som ein ressurs som kan tene fellesskapet. Sett på spissen: Dei andre kjem til oss. Det kan vi tene på. For det andre, og i forlenginga av det same, representerer dette eit skilje mellom oss og dei andre, mellom det norske fellesskapet og dei som kjem utanfrå. Trass i at elevane høyrer til den norske skulen, blir dei ikkje inkludert i fellesskapet av læreplanen.

 

URFOLKSPERSPEKTIV I DEMOKRATIOPPLÆRING

Når det gjeld samiske spørsmål, er dei til dømes å finne gjennom formuleringa om at «Samene står i en særstilling blant etniske minoriteter i vårt land». Dei høyrer til «dei andre», men er i ei særstilling. Intensjonen var sjølvsagt god, men var samstundes eit uttrykk for det eg kallar for andregjering (engelsk: othering), som inneber å framstille ei gruppe menneske som grunnleggande annleis enn andre menneske. Som prosess eller strategi inneber andregjering at maktstrukturar blir bygd opp og reprodusert, seier den australske urfolksforskaren Aileen Moreton-Robinson (2000). I representasjonar av urfolk og minoritetar er det alltid eit potensial for andregjering. Det er berre å sjå på filmar som Danser med ulver og Avatar, der urfolket er flott og sympatisk, men akk, så annleis, primitivt og eksotisk. Vel du i staden å sjå Sameblod, får du eit anna bilete.

Ein læreplan kan ikkje drive med eller føre til andregjering. Det må vi ha lært no, vonar eg. I skrivinga av den nye overordna delen av læreplanen, som ligg til grunn for arbeidet vi gjer i konferansesalen i eit hotell i Tromsø, har dette vore eit viktig prinsipp, trur eg. Planen skildrar korleis mangfald pregar samfunn og skule: «Et godt samfunn er tuftet på et inkluderende og mangfoldig fellesskap.» Kulturelt mangfald blir ikkje berre eit mål for skulen, men òg eit kjenneteikn på eit godt samfunn i seg sjølv. Ordet «flerkultur» er borte. «Mangfold» er erstattaren. Både ressursperspektivet og den tydelege andregjeringa er borte. Det er slutt på å snakke om korleis minoritetar av ymse slag er «berikende for samfunnet». Tilbake står eit meir aktivt språk: «Alle deltakere i skolefellesskapet må utvikle bevissthet om både minoritets- og majoritetsperspektiver og skape rom for samarbeid, dialog og meningsbrytning.» Fellesskapet avløyser ressursperspektiv og andregjering.

I praksis tyder dette at skulen må gje elevane kunnskapar om samisk historie og samfunnsliv. Det stoppar ikkje der. Skulen skal gje elevane danning i form av forståing av demokrati og medborgarskap. Her er det snakk om meir enn kunnskapar. Den nye overordna delen er tydeleg når han skildrar korleis eit demokratisk samfunn verkar: «Et demokratisk samfunn verner også om urfolk og minoriteter. Urfolksperspektivet er en del av elevenes demokratiopplæring.»

I konferansesalen i eit hotell i Tromsø blir denne siste setninga noko vi snakkar om. At urfolksperspektivet er ein del av skulen si opplæring i demokrati, er noko heilt nytt. Det er ikkje berre nytt, det er radikalt, det peikar mot at Noreg endeleg tar på alvor kva det vil seie at landet høyrer til to folk. Dette seier eg når eg får ordet. Medborgarskap og demokrati skal vere grunnleggande tema for alle i skulen. Når forståinga av demokrati inneheld eit urfolksperspektiv, kan det ikkje tyde anna enn at alle elevar i den norske skulen skal ha/få/lære/utvikle ei evne til å sjå på og skjønne eit samfunn ut frå urfolket sin ståstad.

No ser eg meg rundt i salen. Eg skulle ønske no i ettertid at eg kom med ei forklaring og eit godt fundert svar. Eg gjorde ikkje det. I staden kom eg med eit litt dumt spørsmål: Kva gjer vi med dette? Kva i alle dagar gjer vi med dette? Eg trur eg gjentok og forsterka meg. Det var ærleg meint. For korleis skal vi i læreplanarbeidet klare å føre vidare den grunnleggande ideen om urfolksperspektivet?

Korleis skulen og lærarane skal gjere det i praksis, er heller ikkje enkelt å seie. For å komme til eit nytt perspektiv treng du kunnskapar. Situasjonen no tyder på at skulen og lærarane jamt over ikkje har den kunnskapen dei treng om samane og urfolk. Men ambisjonen frå øvste hald gjer at skulen og lærarane må gå i bresjen for å auke kunnskapen. Ambisjonen gjev vidare sterke føringar for arbeidet til dei som utdannar lærarar. Det gjeld altså ein heil sektor.

Eg arbeider på Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet og ser at vi sit i ei særstilling. Nokre kollegaer og eg lagar no ei nettside som skal vere ei ressursside for lærarstudentar om samisk historie og samfunnsliv (reaidu.uit.no). Eg kan forsøke å gje tre enkle råd til lærarar som skal undervise om samiske tilhøve: For det første er ikkje samane «dei andre». Nokre av oss her i Noreg er samar. For det andre er det bra å tenke på kor de finn kjelder. Dei bør vere representative. For det tredje er Sápmi/Sábme/Saepmie mangfaldig. Ikkje gjer det for enkelt.

 

MANGFALD

Eit urfolksperspektiv er ein strålande idé. Samstundes er det viktig å seie at det ikkje finst eit urfolksperspektiv. Det vil seie: Det finst ikkje eitt urfolksperspektiv. I andre tekstar har eg skrive om urfolksperspektiv i forsking og komme med kritikk av delar av urfolksforskinga fordi ho gjer det litt for enkelt.

Om eg vender tilbake til der eg starta, vil eg peike på spørsmålet frå første avsnittet: Kva slags Sápmi er det snakk om? Sápmi/Sábme/Saepmie – og no vel eg å nytte alle tre namna – er mangfaldig. Koloniseringa har gjort at dei samiske samfunna er prega av ein enorm variasjon. Berre halvparten av samane snakkar samisk. Mindre enn ti prosent driv med rein. Enda færre driv fiske. Samane er urbane og rurale, rike og fattige, menn og kvinner, unge og gamle. De skjønner kor eg vil. Samane er mangfaldige. Såleis må eit urfolksperspektiv bere i seg mangfaldet. Sametingspresidenten er ei privilegert stemme og ein privilegert person, og ser frå ein privilegert ståstad – i ein samisk samanheng. Den unge læstadianske guten frå Tana som nett har droppa ut av skulen fordi han ikkje fiksa det, er stemma til ein annan og mindre privilegert person. Begge ber eit urfolksperspektiv.

Men samane er eit urfolk. Demokratiforståinga med urfolksperspektiv må bere i seg den kjipe historia til Noreg og den norske skulen. Ho må bere i seg kolonisering og fornorsking. Vi – no som vi er i Noreg/Sápmi – må lære å sjå frå ei kolonisert side av historia. Vidare må ho bere i seg melankolien og slitet med å løfte samisk språk og identitet gjennom nye generasjonar. Og ho må bere i seg gleda og stoltheita over eit mangfaldig folk som går inn i framtida med god von.

 

*

 

Kjelder

Dankertsen, Astri (2014). Samisk artikulasjon: Melankoli, tap og forsoning i en (nord)norsk hverdag. Ph.d.-avhandling, Universitetet i Nordland. 

Moreton-Robinson, Aileen (2000). Talkin’ up to the White Woman. Indigenous Women and Feminism. Queensland: University of Queensland Press.

Olsen, Torjer (2016). «Kjønn og urfolksmetodologi». Tidsskrift for kjønnsforskning 2/2016 (40).

Smith, Linda Tuhiwai (2010). Decolonizing Methodologies. Research and Indigenous Peoples. London/New York: Zed Books & Dunedin: University of Otago Press.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram