Frå Utgåve 4-17
Skrive av Lene Liebe Delsett

Stjernemenneske

Evolusjonsteorien treng fossila for å forstå meir om verda. Eit nesten-menneske frå Sør-Afrika har ført oss nærare sanninga om oss sjølve.

 

Lene Liebe Delsett (f. 1985) er doktorgradsstipendiat i paleontologi ved Naturhistorisk Museum, og ho skriv om fossil av fiskeøgler frå Svalbard. Ho har jobba i Natur og Ungdom, ZERO og Naturvernforbundet.

 

Pressekonferanse, 10. september 2015. Lista over viktige politikarar, forskarar og ambassadørar som vert takka for å vere til stades, er så lang at ein nesten har gått lei før det heile er i gang. Men det som alle i det store rommet på Universitetet i Witwatersrand i Sør-Afrika ventar på, kjem til slutt. Paleontolog og professor ved universitetet, Lee Rogers Berger, er her for å avduke eit nytt fossilfunn som han og laget hans har grave ut. Visepresidenten i Sør-Afrika, Cyril Ramaphosa, er her også – og han kysser ei avstøyping av hovudskallen til det nye funnet – Homo naledi. Eit nesten-menneske, seier Berger. Pressekonferansen vert kringkasta over heile verda, og alle kan sjå dei mange, brune knoklane som ligg i ein stor monter. 

Berger er i likskap med meg paleontolog: Me grev opp, analyserer og forklarar fossil. Paleontologien er eit av få fagfelt som er høgt elska blant vanlege folk. Dinosaurar er ei hovudinteresse blant born over heile verda, det finst fleire produkt med trykk av forhistoriske dyr enn det er mogeleg å telje, og det utdøydde livet opptrer i filmar, bandnamn, romanar og kunst. Det er likevel sjeldan at blitslampane lyser så ivrig over sjølve forskargjerninga som på denne pressekonferansen. Mesteparten av tida jobbar me i laboratorium og framfor PC-skjermar, utanfor blitslampane – og ofte utan nemneverdig med pengar. Men forskinga skal ikkje fyrst og fremst leggje grunnlag for nye splatter-filmar og kjøleskapsmagnetar. Det er ikkje difor me held på med dette. Paleontologane forskar på evolusjon.

Evolusjonsteorien er eit fundament for å forstå planeten vår, saman med relativitetsteorien og kunnskap om platetektonikk og fotosyntese-celleanding. Evolusjonsteorien fortel om korleis livet på jorda endrar seg gjennom tida, og han er såpass viktig at han er politikk. Difor kan me ikkje overlate evolusjonen til forskarar åleine. Etter lanseringa av det nye nesten-mennesket blei det ikkje berre god stemning og store ovasjonar. I Sør-Afrika skapte Homo naledi også debatt om raseforståing og rasisme, og jamvel blant forskarar var det nokre som ikkje var berre glade for den nye arten. Forteljinga om Homo naledi er forteljinga om fossil og evolusjon, men òg om kultur og samfunn.

 

HOMO NALEDI KJEM

Homo naledi er ein ape som nesten er eit menneske. Dei fossile skjeletta vart funne i ei grotte utanfor Johannesburg og var så talrike at det no finst fleire fossil av Homo naledi enn av alle andre menneskeartar frå dei siste sju millionar åra. Historia om oppdaginga og utgravinga vekte interesse, og ho blei mykje omtala i dagane etter pressekonferansen. For forskarar kom dei harde fakta i den vitskapelege artikkelen «Homo naledi, a new species of the genus Homo from the Dinaledi Chamber, South Africa», som Berger publiserte i lag med 46 medforfattarar i tidsskriftet eLife[1]. Det er ingen tvil om at dette er eit spektakulært og viktig fossilfunn fordi det fortel oss meir om mennesket si nære historie, sjølv om det også førte til kontroversar. Ein av kontroversane var om nesten-mennesket verkeleg var ein ny art. Artar er den viktigaste inndelinga av den levande verda. Det finst ingen definisjon som kan fungere for alt liv, på kva ein art er, men for levande dyr plar me seie at det mellom to artar er fleire barrierar som gjer at dei ikkje kan pare seg og få levedyktig og fertilt avkom. Ingen kan sjekke dette for Homo naledi. Om dei faktisk hadde sex med kvarandre, fekk ungar og barneborn med andre menneske, ja, då var dei av same art. I dette tilfellet har me berre fossila å gå etter, og artsdefinisjonen er basert på kor like eller ulike fossila er andre, liknande artar. Berger og dei andre forskarane meiner at Homo naledi i så stor grad var noko for seg sjølv at han fortener eit eige artsnamn.

Eit fossil er ein rest av noko som har levd. Dei mest kjende fossila er dinosaurskjelett, men dei mest talrike er dei små skala og skjeletta frå virvellause dyr som algar, muslingar og krepsdyr. Grunnen til at skjelett, skal og pollen er dei mest vanlege blant fossila, er at dei er hardføre. Dei rotnar ikkje så fort slik som dei mjuke kroppsdelane, til dømes musklar, indre organ og blomar. Sjølv dei hardføre delane kjem inn att i krinslaupet, og bra er det. Me er alle saman bygde opp av stjernestøv, av klossar som tidlegare har vore delar av dinosaurar, tre og børstemark. Heldigvis blir det teke vare på nokre restar av tidlegare liv i sedimentære bergartar laga av til dømes leire eller sand. Det finst ikkje fossil i vulkanske eller omdanna bergartar. Nokre gonger finn vi fossil i holer, som Homo naledi. I saka hos sponsor National Geographic 10. september 2015 kan ein lese Bergers mål med denne utgravinga: «Det han ynskte mest av alt, var å finne fossil som kunne kaste lys på det største mysteriet i menneskeevolusjonen: starten på vår eiga slekt, Homo» (mi omsetjing).

 

CHARLES DARWIN

Evolusjonsteorien er den viktigaste kunnskapen me har for å forklare det som skjer rundt oss i den levande verda, og Charles Darwin (1809–1882) brukte nær heile livet sitt på å formulere han. Dei mest grunnleggjande punkta er desse: Alt liv er i slekt. Og livet endrar seg med tida. Darwins teori forklarer korleis livet endrar seg gjennom det vi kallar naturleg utval. Alle organismar får fleire avkom enn dei som veks opp, og konkurransen er hard. Ungar slektar på foreldra sine, og ingen av dei er like. Nokre har genvariantar som gjer at dei overlever lettare og får fleire avkom enn dei andre. Det er dette som er naturleg utval. Nye genvariantar dukkar jamleg opp gjennom mutasjonar – dei fleste har ikkje noko å seie, ein del er skadelege, medan andre att er gode. Ingen eigenskapar er i seg sjølv og uansett berre gode, men er heilt avhengige av miljøet som dyret, planta eller soppen omgjev seg med.

I tillegg til naturleg utval kan endring i arvestoffet skje gjennom andre mekanismar som genflyt og genetisk drift. Etter Darwin har me blant anna forstått korleis informasjon kan overførast frå foreldre til born gjennom DNA. Genetisk forsking fortset å løyse gåter me ikkje visste fanst, og det gjer også moderne økologisk forsking, kunnskap om immunsystemet og kroppens aller minste byggjesteinar. Likevel kan ikkje historia om evolusjon bli fortald utan fossil. Fossil har blitt funne i heile verda i tusenvis av år, og menneska har til alle tider stilt spørsmål ved dei. Nokre tolka dei som Guds mislukka testar på korleis livsformer kunne sjå ut. For andre att vart fossila forstått som restar av organismar som har levd her før oss, og det var ein del av basen for Darwins evolusjonsteori. Grunntesane hans er seinare testa og funne riktige, på grunnlag av det me veit om gen, fossil, økologi og kropp, som saman styrker evolusjonsteorien og gjer han meir innhaldsrik.

Analysar av DNA og av fossil samsvarar ikkje alltid, til dømes når det gjeld kor gamle enkelte grupper er, som når dei fyrste pattedyra oppstod. Ofte er dette bra: Dei ulike prova på evolusjonsteorien utfordrar forskarar til å finne ut meir. Sjølv om fossil er blant dei viktigaste prova, var dei også ei utfordring for Darwin. For viss artane endrar seg heile tida, kvifor finn me så få overgangsformer blant fossila? Eit av dei mest kjende døma på at fossil har vore med på å utvide evolusjonsteorien, gjeld nettopp dette. Frå Darwins dagar var det vanleg å sjå evolusjonen som ein jamn prosess, der organismane endra seg sakte over tid, men dette stemde ikkje med dei manglande overgangsformene. På bakgrunn av statistiske analysar av små fossile marine dyr blei teorien om punktuert likevekt formulert av Stephen Jay Gould i 1972. Den seier kort fortalt at evolusjonen ikkje går jamt og trutt, men i staden bykser framover, i rykk og napp. I periodar er det ingen endringar av organismane, i andre periodar skjer det større endringar. Etter dette har forskarar funne døme på både dette og jamne ratar med endring, og dei har formulert hypotesar om evolusjonens fart og korleis den går opp og ned over tid.

 

LITE MENNESKE, LANG TID

Mykje av arbeidet med evolusjon dreier seg om tid. Då eg las nettsaka i tidsskriftet Scientific American om Homo naledi, var det fyrste eg undra meg over, kvar dei nye skjeletta passa inn i mennesket si historie. Kor gamle var dei? Eg var ikkje åleine om å undre meg over dette. Den vitskapelege debatten som følgde lanseringa, var ikkje prega av god stemning, og det var ikkje fordi nokre meinte at funnet skauv føtene under dei viktigaste funna om menneskets historie: Homo naledi viste igjen at dei næraste slektningane til mennesket er apar, at svært mange av dei tidlege menneskeapane levde i Afrika, og at mange gjekk på to bein. Evolusjonsteorien stod støtt. Men noko av det viktigaste som fossil bidreg med, er å tidfeste evolusjonære hendingar og gjere oss i stand til å forstå i kva rekkjefølgje viktige hendingar har skjedd. Slik skjønar me korleis organismane har endra seg. Ved å setje stadig fleire slike teiknestiftar i korktavla over jordas historie, får vi ei betre oppløyst evolusjonshistorie.

Det har levd mange ulike menneske på jorda i nyare tid. Våre næraste nolevande slektningar, sjimpansane, skilde lag med menneska for under 10 millionar år sidan. Oppreist gåing og større hjerne vart utvikla for mellom fire og sju millionar år sidan. For to og ein halv million år sidan oppstod Homo-slekta og skilde lag med systerslekta, Australopithecus, der den mest kjende arten er Australopithecus afarensis. Den er mest kjend som fossilet «Lucy», som vart funne i Etiopia i 1974. Australopithecus var hakket meir «apeaktig» enn Homo-ane, som laga reiskapar og spreidde seg til Asia frå Afrika.

Den eldste godt kjende Homo-arten er Homo habilis, som har namnet sitt fordi han nytta verktøy. Homo erectus er funnen over eit langt tidsspenn noko seinare. Han nytta eld og hadde ein endå større hjerne og ein kropp mykje lik vår. Det er berre ein stad mellom 200 000 og 300 000 år sidan den fyrste Homo sapiens vart fødd. Det tok lang tid før han var den einaste menneskearten. I Europa levde neandertalarane, og på øya Flores i Indonesia fanst dei små Homo floresiensis heilt fram til for berre 60 000 år sidan. Men kvar passar Homo naledi inn?

Det stod i den nemnde saka at den nye arten var spanande, og at han – kan hende – levde før Homo erectus. Vagt, tenkte eg, og fann den vitskapelege artikkelen i eLife, der det viste seg at det ikkje fanst noko om alderen. Det er spektakulært å publisere nye fossil før ein veit kor gamle dei i røynda er – og forfattarane fekk kritikk. I 2017 vart Homo naledi endeleg datert, med fleire uavhengige metodar, mellom anna steinar funne i grotta og tenner frå hovudskallar. Alderen kom overraskande på alle. Homo naledi levde i Sør-Afrika for berre mellom 236 000 og 335 000 år sidan, noko som tyder at han antakeleg overlappa vår eigen art, Homo sapiens. Dette var uventa fordi fleire karaktertrekk på fossila tydde på ein langt meir primitiv menneskeart, og fordi me veit frå evolusjonsteorien at yngre arter liknar meir på nolevande arter enn eldre. Rakna evolusjonsteorien no? På ingen måte. No veit me meir om menneskeslekta.

 

KVA ER DET NYE NAMNET?

Berger og dei andre meinte at fossila frå grotta var ein ny art som høyrde heime i Homo-slekta. I naturen har artar slektsnamnet fyrst, og så kjem artsnamnet. Fossila passa ikkje inn i ein av dei eksisterande artane, og det er privilegiet til dei som beskriv ein ny art, å gje han namn. Han kan bli kalla opp etter kva som helst, så lenge dei latinske reglane er følgde. Forskarane valde namnet Homo naledi. På sotho tyder naledi stjerne, og hola der skjeletta vart funne, heiter Dinaledi-kammeret.

Taksonomi og systematikk er læra om korleis me namngjev og ordnar naturen rundt oss i artar og i grupper som slekter og familiar. Dette er forsking det er vanskeleg å få pengar til, og det er nær sagt umogeleg å få publisert ein vitskapeleg artikkel der ein «berre» beskriv ein ny art. Nokre meiner det er eit utdatert fag, men eigentleg er det motsett. Eit nytt namn er ein evolusjonær hypotese. Viss me ikkje har namn på delane av naturen, og ikkje veit korleis dei ser ut eller kvar me kan finne dei, kan me heller ikkje ta vare på dei. Namngjeving og rydding i det store systemet er edel og naudsynt grunnforsking. Det krev stor kunnskap om gruppa ein forskar på, og det tek tid. Slik gjev det dokumentasjon og kartlegging som kan stå seg inn i framtida. Det ein finn, skal beskrivast nøye, DNA analyserast dersom det er mogeleg, samanliknast med alle slektningar, og eksemplar skal kunne finnast att i museum. Ikkje minst skal det få eit namn som følgjer dei detaljerte reglane for namnsetjing, og du skal vite at du har full oversikt over alle interessante eksemplar i andre museum.

Viss det var noko som var kontroversielt blant forskarar, var det faktisk namnet. Andre menneskeforskarar gjorde som dei skulle etter lanseringa av den vitskapelege artikkelen: Dei kritiserte den nye hypotesen. Mange var samde med Berger og laget hans, men frå ein høglydt minoritet kom det kritikk av at dei valde å definere den nye menneskeapen som ein ny art, i staden for å seie at han var ei litt spesiell utgåve av alt kjende Homo erectus. Paleontolog Tim White ved universitetet i Berkeley i San Francisco er skeptisk fordi mange av dei påståtte unike trekka ved Homo naledi finst som individuell variasjon hos Homo erectus: «Når du ser på det, skjønner du at påstandane om ein ny art er litt tvilsame (‘sketchy’)» (mi omsetjing). Forskarane bak artikkelen blei nesten skulda for å gje dyret eit nytt namn for merksemda si skuld. Det er ein porsjon subjektivitet når ein definerer noko som ein ny art, slik det er med all forsking, så det gjeld å ha eit argument som andre kan vere einige eller ueinige i, og som er basert på dei data du har.

 

EIT SKRANGLETE SKJELETT

Data som gjer at fossil kan seie noko om evolusjon, handlar om kor like eller ulike dei er andre fossil av artar som er i nær slekt. I den vitskapelege artikkelen (Berger et al. 2015) om Homo naledi diskuterer forskarane mellom anna om fossila høyrer til i slekta Homo eller i Australopithecus. Forskarane skriv seg igjennom kvar einaste knokkel dei har til rådigheit: hovudskalle, armar, bein, skuldrer, hofte, ryggrad. Og dei fann at Homo naledi deler med oss og dei andre Homo-ane trekk knytte til bevegelse: lengda på lemmane, storleiken på muskelfesta og korleis ankelen er sett i hop. Knoklar frå handleddet, tommelen og handflata tyder på at dei var dyktige til å handtere saker med hendene. Dei samanliknar kjevane og finn merke etter kor kjevemusklane har sete, og ser at dei er mindre enn dei tilsvarande hos Australopithecus. Homo naledi kunne ikkje bite like hardt frå seg. Viss me møtte Homo naledi, ville me meint at han rørte seg ganske likt som vi gjer.

Andre trekk er ikkje like vanlege hjå Homo-slekta. Armar, skuldrer og den øvre delen av ribbeinskassa ser meir primitive ut, og kraniet og tennene har ikkje alle karaktertrekka me finn i vårt eige skjelett eller hos dei andre Homo-artane. Samstundes konkluderer forskarane med at Homo naledi ikkje er for primitiv til å vere med i det gode selskap. Tyder miksen av primitive og avanserte trekk hos Homo naledi at det er ei overgangsform? I paleontologien er me ikkje glade i omgrepet «missing link» fordi det er misvisande: Ei slik tenking ser evolusjonen som ein stige.

Då dei fyrste menneskeskjeletta vart funne i Aust-Afrika på 1950-talet, var det også slik ein tolka dei. Eit skjelett som var to millionar år gamalt, var forfar til det som var berre 1 million år gamalt. Fann me eit skjelett som var 3 millionar år gamalt, var det gamlefar i den inste stova. Slik er det ikkje, og dei fleste som snakkar om evolusjon og fossil i dag, vil ikkje snakke om ei lineær utvikling. Når me teiknar slektskap for å vise evolusjon, nyttar me tre, men for mange organismar er ein busk eller ei elv betre metaforar. Dei aller fleste artar finst ei stund før dei forsvinn utan etterkommarar. Mange greiner stikk ut i ulike retningar, og som regel veit me ikkje kva for utdøydde artar som er dei direkte forfedrane til dei som er yngre, og kven som er ein gamalonkel eller ein fjern og litt spesiell fetter. Homo naledi er kan hende det siste.

 

HOMO NALEDI OG APANE

Alle elskar å ha ein kjend figur. I Sør-Tyskland har dei urfuglen Archaeopteryx. Han er trykt på flagg, serviettar og bøker og er hovudattraksjon på dei musea som har eit eksemplar. Då ny dinosaurforsking endra stamtreet til dinosaurane i mars 2017, vart det krigstypar i eit Brexit-herja Storbritannia då den fyrste dinosauren no viste seg å vere brite. I Sør-Amerika, som mista æra av å ha den fyrste dinosauren, vart det av same grunn skepsis til dei nye funna.

Fordi menneska er sjølvsentrerte, kan ingenting måle seg med menneskefossil når det gjeld merksemd eller kontroversar. Det handlar ikkje om å selje serviettar eller museumsbillettar, men om dei store spørsmåla. Er alle menneske frå eitt og same opphavet? Er me like – og like mykje verde? Kom dei fyrste menneska frå Afrika? Det er fossilrekkja og evolusjonsteorien som har vist oss at svaret er ja på alle tre. Her er grunnlaget for ein politikk som ikkje skil mellom rase, og der det er umogeleg å seie at Afrika er mindre verdt enn andre delar av verda.

Funn som endrar på forteljinga om oss sjølve, får stor merksemd, og det er kort veg til politikk og ideologiar. For kva tyder det når ein israelsk forskar i januar 2014 fortel National Geographic om oppdaginga av det som kan hende er ein av dei fyrste kokeplassane i verda, ikkje langt frå Tel Aviv: «Å finne dette gjer at eg føler meg heime i menneskerasen, (…) og at eg er ein del av ei veldig lang og veldig velsmakande menneskeleg historie» (mi omsetjing). Kvifor synest amerikanske medium det er stas at forskarar har funne skrapemerke på ein knokkel på det amerikanske kontinentet, som – om mange føresetnadar er på plass – kan tyde på at det var menneske i Nord-Amerika for 130 000 år sidan? Og kvifor nyttar Kina 1,1 millionar dollar på eit laboratorium for å hente ut DNA frå menneskefossil frå Asia?

Kunnskap kan eltast til noko som ikkje er til å kjenne att, særleg viss ein vel å sjå bort frå det meste av det me veit. Biologi og forsking på menneske har vorte misbrukt av statsleiarar til undertrykking. Sjølv i dag ser me at nokre fell for ideen om at ein eventuell forskjell mellom menneske skal gje seg utslag i ein politikk som diskriminerer. Andre er ihuga motstandarar av evolusjonsteorien, ofte med bakgrunn i religion. Det er heller ikkje uproblematisk, sidan me treng evolusjonsteorien til å løyse problem me møter i miljøpolitikk, medisin og matforsyning.

I Sør-Afrika dyrkar dei menneskefossila. Eg har vitja det enorme besøkssenteret i området dei kallar «Cradle of Humankind». Mange menneskefossil er funne her, og Sør-Afrika er i skarp konkurranse med Kenya om å vere vogga til menneskeslekta. Med oppdaginga av Homo naledi vart det tydeleg at ikkje alle sette pris på funnet og koplinga til fossilet. Sjølv om visepresident Ramaphosa kunne fortelje at «Afrika er kvilestaden for vår alles felles navlestreng» og det offisielle Sør-Afrika slo seg på brystet med ein ny verdssensasjon, var ikkje alle like glade. «Eg er ikkje eit barnebarn av ein ape eller ein bavian», sa den tidlegare generalsekretæren i den mektige fagforeininga Cosatu (LO), Zwelinzima Vavi.

Han vart grundig gjord narr av. Kvifor var han ikkje stolt av at ei ny brikke i vår felles historie kom frå hans heimland? «Eg har blitt kalla bavian heile livet», sa han. Han var i eit lite mindretal, men ikkje åleine. Tidlegare parlamentsmedlem Mathole Motshekga sa at oppdaginga av Homo naledi var ein konspirasjon for at folk i Vesten igjen skal få kalle svarte afrikanarar undermenneske. «Me er alle apar», skreiv den kontroversielle biologen Richard Dawkins på Twitter. Det hjelpte heller ikkje. Det er kan hende berre kvite menn som nærmar seg 50, som ikkje synest det er leitt å bli kalla ape, sjølv om det er aldri så evolusjonsteoretisk korrekt.

 

EVOLUSJON SOM EVENTYR

Bak ideane om ein «missing link» ligg det ei misforståing om at evolusjonsteorien har visse hol, hol som må fyllast, og dersom me ikkje finn desse fossila, ja, så fell evolusjonsteorien saman. Saman med andre prov er fossila grunnlag for å forstå slektskap, og observasjon av skjelett fortel om det nye fossilet skal plasserast innanfor eller utanfor grupper, og om korleis organismen levde. Det mest tankevekkjande funnet til Berger var forklaringa hans på korleis alle menneskefossila hadde hamna i hola. Ein ekstremt trong gang fører inn i hola. Forskarane fann ikkje ein vanleg samansett haug med menneske, rotter, fuglar og andre dyr. Her var nesten berre menneske. Berger og forskarane er klare: Homo naledi la dei døde i hola – med vilje.

I teikninga som rekonstruerer Homo naledi i National Geographic, ser vi illustrasjonar av fleire nesten-menneske som hjelper kvarandre med å bere ein daud kjenning ned i grotta. Slik gjev fossilfunn oss ikkje berre harde fakta, men fyller fantasien med visuelle førestillingar om korleis verda såg ut for lenge sidan, og korleis Homo naledi tenkte, såg ut, rørte på seg. Nokre biologar har meint at moderne artar og deira gen åleine er nok til å bevise at evolusjonen har skjedd. Det er heilt rett. Men sjølv om me vitskapeleg sett veit at evolusjonen har skjedd, er det berre fossila som kan vise oss korleis. Me treng fossil til å bli imponerte av kor oppfinnsamt livet kan vere.

Paleontolog Michael Benton har sagt det slik: «Me kunne ikkje ha spådd dinosaurane frå moderne slektskapstre.» Koplinga mellom DNA og livsens historie er djupt fascinerande, svimlande – og ganske teknisk. Ho skjer på mikrometerskala og er ikkje ei historie på same måte som historia om utdøydd liv. Tru kvifor evolusjonsfornektarar nyttar så mykje energi på å vise at fossilrekkja er falsk eller til dømes berre 6 000 år gamal? Eg trur at det er fordi fossila er det vanskelegaste beviset å sjå vekk frå. Dei viser at livet på jorda har endra seg gjennom tida og at det er nesten fire milliardar år gamalt.

 

HOMO NALEDI KJEM HEIM

Kva skjer når me tar dette innover oss? Kva skjer når du legg handa på noko som har vore eit levande vesen på planeten for 250 000 år sidan? Eg kjenner meg ganske liten. Alt me ser rundt oss, er resultat av ei nesten fire milliardar år lang reise. Naturen, han berre jobbar på. Dei mest utrulege tilpassingar til den levande og den ikkje-levande delen av verda dukkar opp. Noko er vakkert, noko grotesk, noko nesten magisk. Gjennom fossila av Homo naledi har me fått vite at forfedrane våre levde samstundes med mange ulike menneske. Nokre var nesten som oss, men berre nesten. Og deira etterkommarar finst mest sannsynleg ikkje.

Evolusjonen viser oss at ingen overlever utan eit miljø rundt seg. Viss det ikkje finst variasjon, er det òg mykje større sjanse for at artane døyr ut. Samspel som er utvikla gjennom millionar av år, er så komplekse at me ikkje skal tukle for mykje med dei. Antakeleg ikkje i det heile. Me treng evolusjonsteorien for å forstå kvifor me og naturen rundt oss er som han er. Dette er kritisk viktig kunnskap i ei tid der samanhengane blir rota til. Utrydding av artar som følgje av eit menneskeskapt varmare klima, vegbygging, forureina vatn og artar på stader der dei ikkje høyrer heime, kan berre bli stansa ved at me forstår og handlar rett. Jorda er i endring. Kva vil skje no? Det er mykje me ikkje veit, men frå historia har me kunnskap om havstiging og masseutryddingar, og korleis livet endrar seg i tida etterpå. Difor må folk flest lære evolusjonsteori gjennom skule, museum og anna formidling. Ikkje fyrst og fremst for å bli audmjuke, for det trur eg dei fleste er i møte med naturen. Men for å kunne krevje handling av dei som har makt.

Siri Nilsen har ein song som heiter «Hodet, hjertet eller magen». For hovudet – intellektet – har fossila vore svært viktige for utviklinga av den vitskapelege teorien om evolusjon. For magen er dei også viktige for vår forståing av evolusjonen – korleis det skjer og har skjedd, for at me skal få ei magekjensle med kvifor jorda er som ho er. Jorda er ikkje berre eit endeprodukt, men ein prosess me må forstå. Berger og laget hans har vore med på å gjere forståinga av mennesket si historie betre, sjølv om dei ikkje fann starten på vår eiga slekt, men nesten-menneske som var langt yngre.

Og så er det hjartet, då. Jorda er heimen vår. Det var heimen til Homo naledi og til alle dei andre forsvunne menneska. Stort sett har det ikkje budd menneske her, men det gjer det no. Evolusjonen skjer rundt oss heile tida, og som ein del av naturen påverkar me det sjølvsagt. Me er kan hende ikkje dei einaste som legg våre kjære i bakken og skjenker ein tanke til kva som skjer med dei som døyr. Men fordi me er i stand til det og til mykje anna, har me eit spesielt ansvar. Det er dei same stjernene som skin over Dinaledi-kammeret utanfor Johannesburg og dagens storbyar. Det er ikkje heilt tilfeldig.

 

*

 

Fotnote

[1] https://elifesciences.org/articles/09560