Frå Utgåve 4-17
Skrive av Knut Aastad Bråten

Eksklusiv x-faktor

Kva er ein x-faktor, og korleis kan vi bruke han i utviklinga av stader og regionar?

 

Knut Aastad Bråten er redaktør i Syn og Segn. Foto Cathrine Dokken.

 

No og då dukkar det opp nye ord i språket vårt. Plutseleg og nærmast umedvite sit dei på tungebandet. Og ikkje alltid veit vi kva dei betyr. No også «x-faktor». Det vil seie: Heilt nytt er det ikkje. For nokre år sidan kunne vi fylgje med på eit populært talentprogram på TV 2 med same namn. Men omgrepet er uklart for mange, også for språkkjennarar eg snakkar med.

Kven tok fyrst ordet i bruk? Eg leitar meg gjennom Google-jungelen, som gjev meg nokre hundre tusen treff. Forutan det nemnde programmet finn eg artiklar om å ta fram x-faktoren på det neste jobbintervjuet. «Hvis man ikke klarer å fremheve sin egenverdi og formidle sin skjulte x-faktor – da er det lett å falle igjennom», seier Maria Brevik i Deloitte til Dagens Næringsliv. Google gjev meg inga forklaring på ordet, men eg skjønar at det dreier seg om særskilde eigenskapar, det som skil meg frå deg. Ein kunnskap, til dømes. X-faktoren er ditt konkurransefortrinn.

X-faktoren viser ikkje berre til menneskelege eigenskapar og kvalitetar, men famnar breitt. For litt sidan deltok eg på ein kulturkonferanse i regi av Oppland fylkeskommune. Temaet var kultur som x-faktor for stadutvikling. Kva slags kulturelle konkurransefortrinn kan vere med på å setje bygda vår på kartet? Kva slags tiltak tek vi i bruk då? Det luktar merkevarebygging lang veg. Kanskje er snakket om kulturelle x-faktorar berre ein ny variant av det same?

La oss ikkje sleppe snakket om x-faktorane, kulturen og bygdeutviklinga. Ideen om dei kulturelle x-faktorane blir fødd i ei postmoderne tid. Bakgrunnen kjenner vi: Folketalet på bygda går nedover. Arbeidsplassar forsvinn. Kampen om framtida dreier seg om kampen om innbyggjarane, og difor må vi tenkje nytt, finne det som skil den grisgrendte bygda frå dei andre bygdene, skape ei merkevare som gjer at fleire får augo opp for det som skjer her. Med kultur og sterke slagord. Kulturen er som tryllestøv og simsalabim. Og han er avgjerande for kvar unge menneske vel å bu. Trur vi. Trur mange framleis.

Dei kulturelle x-faktorane gjev seg til kjenne gjennom konkrete tiltak og satsingar. Kva slags satsingar? Fleire. Festivalane, ikkje minst. Dei skapar mykje når dei står på, er med på å setje bygda «på kartet», og er motor for aktivitetar elles i året. Og dei gjev deg det merkevarebyggjarane lovar: tilhøyr og fellesskap – og kjensla av å ta del i noko større, noko som skil seg ut.

Den kulturelle x-faktoren er ekstraordinær, utan tvil – og han er eksklusiv: Ein kulturell x-faktor er ikkje forstått som kvardagskultur og allmennkultur, men særskilde happeningar, kulturelle hendingar som er med på å skape merksemd og begeistring, og som er med på å byggje opp under eit bestemt image og eit kommersielt potensial. Merkevarebyggjarar kallar dei regionale fyrtårn og gjev dei status som særlege satsingar. Og ein rikeleg pott med offentlege tilskott.

Veksten i Festival-Noreg har vore med på å styrkje det samla kultur- og samfunnslivet, men har òg erstatta innsatsen elles i året. Hendingskulturen får mange med seg når han står på – og han tek krefter frå kultursegmentet resten av året. Å arbeide på festival gjev status, men ingen gidd å steike bollar til korøvingane på tysdag. Å sitje på styremøta gjennom året får oss til å sovne.

Bak jaget etter dei kulturelle x-faktorane og hendingskulturen finst ei strategisk tenking om å tiltrekke seg nokon. Ta til dømes festivalen Vinjerock i Jotunheimen. Eg finn ikkje informasjon om målgruppa på nettsida deira, men det er, ifølgje dei som kjenner festivalen, unge jenter på 25. Så var bygdas store x-faktor ikkje for alle?

Vinjerock, i likskap med andre, liknande x-faktorar rundt om i Noreg, er flinke til å gjere det dei skal. Finne ein nisje, dyrke konkurransefortrinnet, marknadsføre bygda og setje ho på kartet.

Voss er ekstremsportbygda i landet. Geilo er ski, turisme og lite anna. Fagernes luktar rakfiskfestival heile året, medan Førde er den store folkemusikkfestivalen i landet. Professor Hilde Bjørnå ved Universitetet i Tromsø har vore med i eit forskingsprosjekt der ein har undersøkt effektane av merkevare- og omdømmebygginga. På forsking.no fortalde ho i 2016 at mange bygder er opptekne av å vise fram nettopp natur og trivsel og slik «lokke til seg næringsliv og nye innbyggere».

Dei kulturelle og ikkje minst naturbaserte x-faktorane engasjerer mange, men kan hende fyrst og fremst dei med samanfallande interesser – interesser som korresponderer med imaget som merkevarebyggjarane ynskjer å leve opp til. Eg snakkar om kreative ungdomar som er glade i friluftsliv, som har med seg jobbar i kofferten og ungar til den nedleggingstruga barnehagen.

Kva seier forskinga til snakket om dei kulturelle x-faktorane og utvikling av stader? Kulturen betyr ikkje noko for utvikling av stader i det heile, seier seniorrådgjevar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg sender han ei melding. I 2012 publiserte Telemarksforsking resultat som viser at kultur ikkje påverkar flytting til stader. Kultur kjem òg eit stykke ned på lista når ein skal forklare kva som er grunnen til at nokre stader lykkast og andre ikkje. Ein studie frå 2017 frå Kunnskapsverket og Telemarksforsking nyanserer tidlegare oppfatning, sjølv om hovudkonklusjonen frå den førre studien står seg, skriv Knut Vareide og Atle Hauge i Nationen tidlegare i år. Kommunar som satsar på kultur, og som brukar mykje på feltet, trekker til seg innflyttarar med høg utdanning, skriv dei. I The New Urban Crisis (2017) går Richard Florida tilbake på tidlegare optimisme om samanhengen mellom kultur og utvikling av stader.

Kulturen betyr ikkje så mykje for utvikling av gode stader, seier forskinga. Det hindrar oss likevel ikkje i å problematisere snakket om kulturelle x-faktorar, og kva som skal vere dei kulturelle satsingane i kommunane: dei ekstraordinære x-faktorane eller kulturen i kvardagen?

Tal for 2014 viser at kommunane i landet brukte ikring 3,8 prosent av budsjetta på kultur. Trass i skrale kommunale bidrag har kulturen i kvardagen stor betydning for oss: Han er limet som bind oss saman, som gjev tilhøyr og ei forankring. Ettermiddagen på biblioteket. Timen i kulturskulen. Kor og debattkveld. Kulturen i kvardagen er infrastruktur for livsmeistring.

Ideane om dei kulturelle x-faktorane har kome for å bli, men kanskje skal vi legge vinn på å forstå dei på nye måtar? Dei gode stadene blir ikkje til gjennom intensiv merkevarebygging og gedigne festivalar åleine, men i kvardagane gjennom året. X-faktorane i kvardagslivet.