Frå Utgåve 4-17
Skrive av Gunnstein Akselberg

Borga – fristad for reformasjonen

Martin Luther hadde godhug for slott og borger. Han vitja dei stendig, og dei spela ei sentral rolle i livet, i arbeidet og for den litterære produksjonen hans.

 

Gunnstein Akselberg (f. 1949) er professor i nordisk språkvitskap. Han har mellom anna vore norsk leiar av det dansk-norske prosjektet «Ludvig Holbergs skrifter» (2007–2014) og har skrive mange artiklar og bøker om forskjellige språklege emne.

 

Nokre av borgene verka sterkare på reformasjonen og Luther enn andre. Korleis kunne dei gjera det? På eit vis kan vi kalla Luther ein borgar av di han mykje av tida heldt seg i slott og borger. På eit anna vis kan vi kalla Luther ein borgar av di han, som faren, gjorde heller rask sosial karriere i eit samfunn der borgarskapen var på frammarsj – i ei overgangstid frå mellomalderen til nytida. Luthers samtid baud på samfunnstilhøve som Luther og faren i stor grad kunne nytta seg av.

 

LANDSKAPET

Eg sit på toget frå Berlin til reformasjonsbyen Lutherstadt Wittenberg ein junidag i 2017, året då verda feirar at det er 500 år sidan reformasjonen starta. Høgfartstoget til Deutsche Bahn, ICE, susar av garde gjennom dei paddeflate markene i delstatane Brandenburg og Sachsen-Anhalt. Eg jaktar på kjeldene til reformasjonen, først og fremst dei fysiske kjeldene. Å sjå og oppleva stader der historiske hendingar har funne stad, gjev ein ekstra dimensjon og ei nyttig innsikt i forståinga av hendingane. Dette er ikkje første turen min til Wittenberg. Dei siste tre åra har eg tråla Tyskland på kryss og tvers på jakt etter reformasjonsspor, særleg dei spora som finst i Sachsen, Sachsen-Anhalt og Thüringen – men òg mange andre stader. 

Kvifor har eg gjennomført desse reisene? Jau, for det var her, i dei austlege delane av Midt-Tyskland, at den fysiske vogga til reformasjonen stod. Det var her opprøraren Martin Luther vart fødd og vaks opp, det var her startskotet til reformasjonen vart fyrt av, det var her idégrunnlaget og reformasjonspraksisen vart utvikla, det var her sjølve reformasjonsbyen Wittenberg låg, det var her dei viktigaste støttespelarane til Luther og reformasjonen fanst, det var her dei mektige fyrstane som slo ring om Luther og reformasjonen, heldt til, og det var her den luthersk-reformatoriske kyrkjeordninga med den verdslege fyrsten i førarsetet først vart realisert. Dessutan var det her at spirene til eit samlande tysk skriftspråk, Hochdeutsch, høgtysk, såg dagsens ljos – gjennom reformasjonsskriftene til Luther, først og fremst Luther-bibelen. Sachsen, Sachsen-Anhalt og Thüringen er det politisk-geografiske området der det fanst eit materielt og kulturelt grunnlag som kunne utløysa den tyske reformasjonen.

 

KJÆRLEIK FOR SLOTT OG BORGER

Det som fort slår ein på slike Luther-historiske detektivreiser, er kor nær samanheng det synest å kunna vera mellom utviklinga av reformasjonen, i alle fall i tysk samanheng, og dei material-historiske spora. Luther må til dømes ha vore spesielt oppteken av store, flotte hus og borger. Grunnen var nok at han alt frå barndomen i Mansfeld høyrde til ein sosial elite, og at det difor var naturleg for han å ferdast i slike omgjevnader. Det er ikkje måte på kor mange slott og borger han var innom i eit nokså hektisk reiseliv. Det er dokumentert at Luther besøkte vel 30 borger ved kortare eller lengre besøk. I nokre borger hadde han lange opphald, som dei store borgene Wartburg i Thüringen og Veste Coburg i Bayern. Andre borger besøkte Luther regelmessig, som Torgau i Sachsen. Andre igjen var han berre innom for kortare besøk. Dei lange borgopphalda på mellom eit halvt og eitt år skuldast at Luther måtte søkja vern mot ytre farar på grunn av at han vart lyst i bann av pave og keisar. Dei korte opphalda var av meir praktisk art for å kunna søkja hjelp og halda oppe den verdslege støtta i reformasjonsarbeidet.

Slotta og borgene var sjølvsagt ikkje berre tomme fysiske skal. Det budde folk her, rike og mektige fyrstar i dei fleste av dei, som hadde gode og tette relasjonar til Luther og reformasjonsvenene hans i Wittenberg. Både Luther og fyrstane hadde stor nytte av det. Det var nok ikkje berre teologiske interesser, den reformatoriske kamptida og den usikre maktpolitiske situasjonen i Europa med ottomanske muslimar på veg mot Wien som avgjorde tittelen og motivet i den mest berømte salmen hans: «Ein feste Burg ist under Gott», «Vår Gud han er så fast ei borg». Storslegne hus og borger stod høgt i Luther sitt medvit.

 

SCHLOSS WITTENBERG

Vandrar ein rundt i Wittenberg, slår det ein fort at både Luther sjølv og hans næraste medarbeidarar og allierte – som teologen og humanisten Philipp Melanchthon (1497–1560), teologen Johannes Bugenhagen (1485–1558) og renessansekunstnaren og mediemogulen Lucas Cranach den eldre (1472–1553) – levde standsmessig i digre hus, som vi framleis kan vitja. Sjølv fekk Luther overta ein svær bygning som opphavleg var bygd i 1502, same året som universitetet vart opna, for å husa munkar frå augustinarordenen i Wittenberg. Etter klostersekulariseringa knytt til reformasjonen fekk Martin Luther og kona Katharina von Bora disponera dette digre huset som familiebustad av den lokale fyrsten Friedrich der Weise. Her heldt Luther store samkomer – ofte vart inviterte gjester verande her i lengre tid –, og her framførte han dei berømte Tischreden, bordtalane sine. Elles var det nok også her i dette huset, Lutherhaus, at mykje av den svære litterære produksjonen til Luther vart til. Dessutan er Lutherhaus den første lutherske prestegarden, ein kulturinstitusjon som skulle koma til å spela ei sentral rolle i Danmark-Noreg i dei komande hundreåra. Ideen med prestegarden hang saman med Luther sitt syn på religionen og presten si rolle i samfunnet. Presten skulle delta i samfunnslivet, koma seg ut av kloster- og prestecella, gifta seg og stifta familie.

Luther kom til Wittenberg i 1512 som professor i teologi – i bibeleksegese, bibeltolking – og vart snart ein av dei vidgjetne professorane her. Fleire av universitetslærarane i Wittenberg utvikla felles interesser og representerte etter kvart ein opposisjon mot pavekyrkja. Luther og Melanchthon var professorkollegaer i Wittenberg. Melanchthon var den største humanisten innom den harde reformasjonskjernen rundt Luther i Wittenberg. Han hadde mykje breiare faglege interesser enn Luther, og han var ein av dei mest sentrale professorane ved universitetet der. Melanchthon var ein ekte 1500-talshumanist. Han interesserte seg for dei fleste vitskapar som var oppe i samtida, som til dømes litteratur, språk (hebraisk, gresk, latin), omsetjing (translasjon), historie, medisin, matematikk, astronomi, juss, antropologi, retorikk, talekunst, grammatikk, filosofi, pedagogikk og teologi. Som døme kan nemnast at han i 1516 gav ut ei bok med komediane til den romerske diktaren Terents. Melanchthon var ein umåteleg god støttespelar når Luther hadde trong for språkleg, filosofisk eller annan fagleg og strategisk assistanse – noko som hende ofte. Samtalane mellom Luther og Melanchthon gjekk føre seg både på universitetet og heime hjå Luther i Lutherhaus. Melanchthon var dessutan ein glimrande diplomat, i motsetnad til brumlebassen Luther.

Det vart sagt om Philipp Melanchthon at dersom han ikkje fekk seg eit standsmessig hus i Wittenberg, kom han til å flytta frå byen. Og eit nytt og moderne renessansehus fekk han, av Friedrich der Weise. Friedrich der Weise var ikkje berre ein vanleg lokal fyrste, han var òg ein av dei sju mektigaste lokale fyrstane i Tyskland av di han var med på å velja kven som skulle bli tysk-romersk keisar. Desse sju fyrstane vart kalla kurfyrstar. I det mellomhøgtyske språket fanst ordet kur, som tydde «val». Friedrich der Weise var altså ein «valfyrste».

 

LUTHER-MYTAR OG WITTENBERG

Fleire av dei kjende historiske hendingane som er knytte til Luther, har aldri funne stad. Dei er mytar som har vakse fram i ettertid. Kring dei fleste kjende kvinner og menn i historia har det laga seg mytar. Grunnen til det kan vera at ein søkjer forklaringar som elles ikkje er råd å finna, og dessutan at ein vil koma personane nærare. Den mest kjende av desse mytane er sjølve oppstarten av reformasjonen, som er knytt til dei berømte teseoppslaga på døra til slottskyrkja i Wittenberg den 31. oktober 1517. For i Wittenberg hadde den lokale fyrsten – som heldt sine vernande hender over Luther –, både slott og slottskyrkje. Det vil seia at når vi i år feirar ei av dei viktigaste historiske hendingane i vestleg historie, så feirar vi eigenleg ei hending som aldri har funne stad.

Luther slo aldri opp teseoppslaga på slottskyrkja i Wittenberg. Han skriv ikkje om dette i skriftene sine, og det kan heller ikkje dokumenterast på andre måtar. Det er kompisen Philipp Melanchthon som fortel om dette mykje seinare, og han kom ikkje til Wittenberg før i 1518. Denne forteljinga vart tradert vidare på 1500-talet og ikkje minst framover mot vår tid. Kva Melanchthon la i formuleringa om at Luther slo opp teseoppslaga på slottskyrkja i Wittenberg, er òg uklart. I alle høve ville ikkje ein professor ved det etter kvart så renommerte universitetet i Wittenberg springa rundt og slå opp kunngjeringar på kyrkjedørene. I beste fall var det ein assistent eller ein vaktmeister som gjorde det. Forresten vart tesane neppe slått opp med hammar og spikar – dersom dei i det heile skulle ha vorte slått opp –, men heller festa med små stiftar.

Å slå opp tesar over tema som skulle diskuterast eller disputerast over, var heilt vanleg i renessansen, og det er dokumentert at Luther deltok i rundt 50 disputasar. Denne eine myteforteljinga har resultert i ei mengd artiklar og bøker dei siste 60–70 åra, men det manglar argument for at det var ei reell hending. Det var nok heller slik at Luther i slutten av oktober 1517 sende dei såkalla avlatstesane til sentrale kollegaer innom teologien for å diskutera viktige teologifaglege spørsmål med dei. Og den seigliva myten om hammarslaga, som mange feirar i år, er knytt til eit slott og ei slottskyrkjedør i Wittenberg.

 

SCHLOSS MANSFELD

Sjølv kom Luther frå ein nokså velståande familie i Mansfeld, Thüringen. Faren, Hans Luder, hadde arbeidd seg opp i gruveindustrien her, vart gruveeigar og fekk plass i det lokale bystyret. Også Martin skreiv seg for Luder heilt til 1517, då han skifte namneform til Luther (sjå meir om dette heilt til slutt i artikkelen). Huset der Luther vaks opp, var stort, opphavleg 21 meter langt. Luthers Elternhaus, Luthers foreldrehus, vart skadd under den franske revolusjonen, så no står berre ein tredel av det opphavlege huset att. Denne delen kan vitjast i dag. Arkeologiske utgravingar i grunnen viser at familien Luther levde standsmessig. Her er funne matrestar og avfall som fortel at dei kulinarisk levde heller eksklusivt, og funn av dekketøy, klederestar og kjørel vitnar om velstand, som vinglas frå Böhmen og krydder frå Orienten. Dei hadde òg råd til dyre vindaugsglas. Luther kom ikkje frå fattige kår, slik fleire likar å framstilla det i Luther-biografiane sine.

Tettstaden Mansfeld er framleis eit lite samfunn, og ikkje langt frå Luthers Elternhaus, like over på den andre sida av det smale dalføret, ligg Schloss Mansfeld, eit borganlegg der grevane av Mansfeld levde frå 1000-talet. Frå Luther var liten, har han nok sprunge fram og tilbake mellom Luthers Elternhaus og Schloss Mansfeld mange gonger, både av di slottet låg nokså nær heimen til Luther og på grunn av familien Luders sosiale posisjon. Mansfeld opplevde økonomiske oppgangstider på slutten av 1400- og byrjinga av 1500-talet på grunn av kopar- og sølvgruvene, så grevane stod seg godt då. Årleg vart det eksportert opp til 40 000 Zetner kopar, der ein Zetner svarar til rundt 50 kg.

Luther kom på god fot med Mansfeld-grevane og han hadde kontakt med dei så lenge han levde. Det siste oppdraget Luther utførte, var å mekla mellom to av Mansfeld-grevane i ein arvestrid. Luther vart meklar i denne arvestriden av di han kjende Mansfeld-grevane heilt frå barndomen, og han hadde heile livet eit godt tilhøve til dei, sjølv om det imellom fanst harde motsetnader. Luther følte seg heile livet som landsbybarn av Mansfeld-grevane. Han formulerte seg slik i vaksen alder: «Ich bin ein Mansfeldisch Kind» («Eg er eit Mansfeld-barn»). Då var han utsliten og nedkøyrd, og på vegen tilbake til Wittenberg døydde han av hjarteinfarkt i Eisleben, byen der han var fødd 63 år tidlegare.

Schloss Mansfeld har forfalle i mange år, men slottskyrkja er restaurert og velhalden.

 

MARBURGER SCHLOSS

Når vi nærmar oss Marburg i Hessen, stig Marburger Schloss fram i landskapet på eit dominerande høgdedrag. På Luther si tid heldt grevane av Hessen til her. Marburg slutta seg til den nye Luther-læra, og difor kunne Luther ferdast trygt i dette området, sjølv om pave og keisar hadde lyst han fredlaus. I 1527 vart verdas første protestantiske universitet skipa her. Det er i dag eit av dei største universiteta i Tyskland, og her står særleg humaniora sterkt. Universitetet i Wittenberg vart derimot skipa som eit katolsk universitet i 1502.

Her i Marburg, og nettopp i Marburger Schloss, fann det i 1529 stad eit viktig møte mellom Martin Luther og den sveitsiske reformatoren Huldrych (Ulrich) Zwingli. Møtet har fått namnet Marburger Religionsgespräche, religionssamtalane i Marburg. Zwingli hadde starta ei reformatorisk rørsle i Zürich, som vart grunnlaget for den reformerte kyrkja, og Luther og Zwingli var ikkje på line i fleire teologiske spørsmål. Difor møttest desse to herrane på Marburger Schloss for å koma fram til eit felles teologisk standpunkt.

Landgreven Philipp von Hessen ville gjerne styrkja reformasjonssaka i opposisjonen mot pave og keisar, men ein viktig føresetnad var då at dei to reformatorleiarane kunne sameinast teologisk. Dei diskuterte 15 teologiske spørsmål på Marburger Schloss, og det vart semje om dei 14 første, men ikkje om det 15. og siste – som galdt nattverden. Zwingli meinte at Kristus berre er til stades symbolsk ved nattverden, symbolpresens, medan Luther meinte at Kristus er reelt til stades, konsubstansiasjon, men at brødet og vinen likevel held fram med å vera brød og vin, av di dei to substansane eksisterer side ved side. Dei sameksisterer. Pavekyrkja meinte derimot at vinen og brødet ved nattverden vert omforma, ved transsubstansiasjon, til Jesu lekam og blod, såkalla realpresens. Frå no av var den lutherske og sveitsiske reformasjonen åtskilde og i liten grad på talefot.

 

SCHLOSS HARTENFELS

Martin Luther kom ofte til slottet Hartenfels i Torgau. Det vakre tyske renessanseslottet ligg ved elvebreidda til Elben. Dei som grannsamt har talt opp Luther sine vitjingar i Torgau i skriftlege kjelder, har kome fram til at Luther må ha vitja slottet Hartenfels minst 50 gonger. Torgau var ein viktig residensby, ved sida av Wittenberg, for dei saksiske kurfyrstane på Luther si tid: Friedrich der Weise, Johan der Beständige og Friedrich der Grossmutige heldt ofte til her i Schloss Hartenfels. Schloss Hartenfels er særleg viktig for konsolideringa av reformasjonen for di den første protestantiske kyrkja i verda – nemleg slottskyrkja i Schloss Hartenfels – finst i dette slottet. Kyrkja er bygd etter retningsliner frå Luther sjølv, både når det gjeld den arkitektoniske forma og inventaret.

Det er nesten uråd å sjå kvar kyrkja finst i den store borga. Det einaste som indikerer at bygningen rommar noko særskilt, er ein vakkert dekorert, men likevel heller anonym dørportal. Dette er i tråd med Luthers filosofi om at kyrkja ikkje trong vera nokon særleg bygning, som om kyrkja skulle vera betre enn andre bygningar. Slottskyrja i Schloss Hartenfels vart eit førebilete for kor enkelt interiøret burde vera, i motsetnad til dei ofte overdådig utstyrte kyrkjene i samtida. Det viktigaste for Luther var å forkynna Guds ord, og det kunne gjerast kvar som helst. Interiøret i slottskyrkja er nokså strengt strukturert i høve til dei gjengse kyrkjene i samtida. Dei kunne vera utstyrte med helgenaltar, bilete, relikviar og ornamentikk. Kyrkjerommet i Torgau er til samanlikning enkelt, ribba for mykje av den tradisjonelle utsmykkinga, fritt for helgenaltar, og her er berre sparsamt med bilete. Altaret er eit enkelt bord med få deltaljar. Det sentrale i rommet er preikestolen på søre veggen. Også den er enkel og heller liten, men likevel varsamt dekorert. Frå no av var det Guds ord som talde – og Guds ord skulle vera på morsmålet. Presten skulle ikkje lenger ha patent på kontakten med Gud, og det på eit latin som dei aller færraste i kyrkjelyden forstod noko av. Difor fekk preikestolen ein sentral plass i kyrkja, og kyrkjerommet i Torgau er den protestantiske prototypen.

Kyrkjelyden skulle frå no av ikkje berre forstå kva som gjekk føre seg av kyrkjelege handlingar, bøner og opplesingar, dei skulle òg delta aktivt i gudstenesta gjennom salmesong. Salmesongen skulle også vera på morsmålet. Den protestantiske salmen og koralen var dermed skapt. Dessutan skulle kyrkjelyden sitja, ikkje lenger stå, noko som hadde vore det vanlegaste tidlegare. Slagordet var «Wer sitzt, besitz» («Den som sitter, besitter»), altså den som sit, har også makt. Det prototypiske kyrkjerommet i Torgau oppfyller alle desse krava. Luther sjølv vigsla kyrkja i 1544, og Luthers hoffkomponist, renessansekomponisten Johann Walther, som var kantor i Torgau frå 1525 til 1548, skreiv ein sjustemmig motett til vigslinga. Walther redigerte forresten den første protestantiske salmeboka, Eyn geystlich Gesangk Buchleyn, i Wittenberg i 1524, og han har komponert fleire praktfulle motettar og koralarrangement.

For Luther skulle ikkje salmesongen berre vera innom kyrkja sine fire veggar. Også salmesongen skulle ut i verda og kvardagen, på markene og i vertshusa. Difor valde han ofte populære melodiar som var lette å læra seg.

 

SCHLOSS WARTBURG

På grunn av den skarpe kritikken av pavekyrkja vart Luther kalla til Augsburg i 1518 for å verta teken i forhøyr av pavens utsending, kardinal Cajetan. Men Luther ville ikkje kalla noko av kritikken sin attende. I 1520 sende pave Leo X difor ut ein paveleg bulle, ei stadfesting, om at Luther ville verta lyst i bann om han ikkje trekte skuldingane mot paven og pavekyrkja attende. I januar 1521 vart så Luther endeleg lyst i bann, noko som tydde at han var utestengd frå kyrkja, og at skriftene hans var forbodne. Ein kunne til og med verta straffa om ein hadde skriftene hans i si eige.

Våren 1521 vart så Luther kalla til riksdagen i Worms for å stå til rette for keisaren og pavens utsending Girolamo Aleandro for skuldingane som han hadde reist mot pavekyrkja. Keisaren garanterte fritt leide fram og attende frå Wittenberg. Heller ikkje denne gongen trekte Luther skuldingane sine attende, og trass i at han var lova fritt leide attende til Wittenberg, var både han sjølv og Friedrich der Weise usikre på kva Luther kunne koma ut for på tilbakereisa. Difor arrangerte kurfyrsten eit overfall som resulterte i at Luther vart ført i tryggleik på saksisk territorium i borga Wartburg, som ligg på ein åskam rett utanfor Bach-byen Eisenach i Thüringen.

Wartburg er ei av dei mest kjende borgene i Tyskland. Hovudgrunnane er nok Luther sitt opphald her i 11 månader frå 4. mai 1521 til 1. mars 1522, og dessutan Richard Wagner sin romantiske opera Tannhäuser und der Sängerkrieg auf Wartburg (1845). Wartburg ligg ikkje så imponerande til som Veste Coburg i Bayern, sjå nedanfor, men avstanden frå sentrum i Eisenach opp til Wartburg er også her om lag som frå Bergen sentrum til Fløyen.

Her oppe skifta Luther utsjånad ved å la hår og skjegg gro, kle seg som ein ung adelsmann og få seg eit nytt namn, Junker Jörg, riddar Jørgen. Ingen skulle kjenna han att. Den fyrste tida på Wartburg gjekk Luther inn i ein heller sterk depresjon. Han var forresten ofte plaga med kroppslege og psykiske plager stor delar av livet. Han såg til dømes djevelen på lyse dagen, og det vert fortalt at han kasta blekkhuset sitt etter han på Wartburg, slik at det vart eit svart merke på veggen. Også dette er ein Luther-myte, men han er like seigliva som myten om hammaren og teseoppslaga på slottsdøra i Wittenberg i 1517. Første gongen eg var på Wartburg, for mange år sidan, var den svarte flekken der, men no er det visst ingen som bryr seg med å friska flekken opp att.

Etter kvart vart Luther i betre lune og tok til med det største arbeidet han nokon gong kom til å utføra: Omsetjinga av Bibelen til tysk tok til på Wartburg. På om lag 11 veker omsette Luther Det nye testamentet frå gresk til høgtysk. Som hjelpemiddel hadde han Erasmus frå Rotterdam si greske tekstutgåve av Det nye testamentet frå 1516, han nytta andreutgåva frå 1519. Dessutan hadde han den latinske utgåva av Bibelen. Med kurér sende han prøver av omsetjinga si til Melanchthon i Wittenberg, som kunne gje gode råd attende – med kurér. Etter mest eit år på Wartburg sa han takk for seg, og med kladden til Det nye testamentet på tysk i sekken la han i veg attende til Wittenberg og Lutherhaus. I Wittenberg fekk Melanchthon hovudansvaret for å lesa korrektur og laga manuset klart for trykking. Ein annan god ven, renessansekunstnaren Lucas Cranach d.e., laga illustrasjonar til Johannes’ openberring, som var den einaste teksten som vart illustrert.

Venene jobba for harde livet så blekket spruta og flisene fauk. I verkstaden til Cranach skar dei trykkplater i tre til dei 21 fullsides-illustrasjonane. Målet var å få boka ut til Leipzig-messa opna den 29. september 1522. Og det greidde dei. Manuset gjekk i trykken hjå forleggjaren Melchior Lotter, som trykte 3000 eksemplar. Storparten av desse la han ut for sal på Leipzig-messa. Alt i 1522 var Leipzig-messa ei av dei viktigaste i Tyskland for kjøp og sal av varer og tenester, og Luther og medarbeidarane hans hadde gjort gode marknadsførebuingar. Utgåva vart kalla Septembertestamentet, og ho vart raskt utseld, slik at det måtte trykkjast eit nytt opplag til desember, Desembertestamentet. I 1534 hadde Luther saman med gode vener omsett heile Bibelen. Den heile bibelomsetjinga var i realiteten ei form for gruppearbeid. I 1534 var Luther-bibelen såleis eit faktum.

 

VESTE COBURG

I dei nordlege delane av Bayern ligg borga Veste Coburg. Vi kan sjå borga på lang lei når vi nærmar oss byen Coburg. Veste Coburg skal vera eit av dei største tyske borgkompleksa frå mellomalder og renessanse. Det er ein kortare spasertur frå Coburg sentrum til Veste, som svarar omtrent til turen frå Bergen sentrum til Fløyen. Jamfør Wartburg ovanfor. På Luther si tid høyrde Coburg til Sachsen, så også her kunne Luther kjenna seg trygg. I 1530 sat Luther på Veste og arbeidde i rundt eit halvt år, frå april til oktober. Av di han var lyst i bann, kunne han ikkje reisa til riksdagen i Augsburg utan fare for liv og helse, men der tok Melanchthon og andre av reformasjonsvenene hans del. På Veste jobba han intenst med mange ulike oppgåver, mellom anna brevskriving, artiklar og ikkje minst med bibelomsetjinga. Det var viktig for han å få heile Bibelen omsett etter dei nye retningslinene hans. I 1534 skulle den fullstendige Luther-bibelen endeleg liggja ferdig.

Medan Luther sat på Veste Coburg, vart det dokumentet som vi no kallar Den augsburgske truvedkjenninga, Confessio Augustana, lagt fram for keisar Karl V på riksdagen i Augsburg. Keisaren ville få dei religiøse motstridande partane til å samlast om eit felles trusgrunnlag. Målet med dette dokumentet var å skapa ro innom det tysk-romerske riket. Dokumentet bygde på fleire tidlegare utkast, såkalla artiklar, mellom anna Torgau-artiklane som Luther, Melanchthon, Bugenhagen og Justus Jonas hadde smidd saman før riksdagen i Augsburg. Sjølv om Luther sat i ein slags husarrest på Veste, hadde han altså ein finger med i det spelet som gjekk føre seg i Augsburg. Den protestantiske føraren i Augsburg var no ideologen og diplomaten Melanchthon, men dokumentet førte ikkje til fredelege tilhøve til pavekyrkja. Tvert imot. Derimot kom det til å verta ein av dei viktigaste protestantiske konfesjonstekstane.

 

BORGAREN MARTIN LUTHER

Kva Martin Luther inst inne meinte om slott og borger, veit vi ikkje noko særleg om. Det vi veit, er at slotta og borgene spela ei viktig rolle som årestad og fysisk ramme for arbeidet hans med teologien, frå han vaks opp i Mansfeld til han døydde i Eisleben. Slotta og borgene var viktige og naudsynte stasjonar på livsvegen hans. Det var her mange av dei viktigaste skriftene hans vart til, og det var her livsverket hans – Luther-bibelen – både såg dagsens ljos og vart fullført. Dessutan var slotta og borgene viktige fristader når keisar- og pavemakta truga. Og det var i ei borg at den nye fysiske gudstenesteordninga fekk si arkitektoniske urform ved utforminga av eit noko anonymt slottskapell.

Slotta og borgene var òg viktige for å nå ut i verda med Guds ord – ikkje for å verdsleggjera religionen eller driva med sekularisering, men for di Luther meinte at det var viktig å nå menneska der dei var i kvardagen. Luther heldt seg nok mest med akademiske kollegaer og nettverket til dei lokale fyrstane, men han hadde òg kontakt med «folket» – noko som kjem fram i språkstudiane hans og gjennom samlingane i Lutherhaus, der han heldt bordtalane sine. At samfunnet på sikt vart meir sekularisert når ein tok makta og eksklusiviteten frå kyrkja, skulle verta eit viktig grunnlag for innverknaden som reformasjonen fekk på den seinare samfunnsutviklinga.

Utan støtte frå dei lokale fyrstane i Thüringen, Sachsen-Anhalt og Sachsen ville reformiveren til Luther aldri ha sigra. Luther sin kritikk av pavekyrkja ville då ha vorte ein historisk parentes. Dei mektige kurfyrstane i Sachsen heldt si vernande hand over Luther, for di dei sjølv hadde interesse av å halda den tysk-romerske og pavevenlege keisaren Karl V i sjakk. Og desse fyrstane budde naturleg nok i digre borger og slott.

Far til Martin Luther, Hans Luder, er eit godt døme på ein person med sterk sosial oppdrift, noko som samfunnstilhøva opnar for på 1500-talet. Oppbrotet frå primærnæringa i heimbyen Möhra i Thüringen til klatringa på karrierestigen i bergverksindustrien i Eisleben og Mansfeld i Sachsen-Anhalt, er døme på dette. Hans Luder ville at også sonen skulle halda fram med denne sosiale klatringa ved å fullføra jusstudia sine ved universitetet i Erfurt – og så få seg ei solid borgarleg stilling. Men Martin braut med den nye tida – mellombels – ved å gå i kloster og såleis gå tilbake til mellomalderen der, noko som provoserte faren sterkt. Seinare svinga likevel Martin seg sosialt opp som professor ved det nye prestisjeuniversitetet til Friedrich der Weise i Wittenberg.

Luther kom til å høyra til den borgarlege overklassa i Wittenberg, dei som nytta høgtysk talespråk. Såleis er det nok av sosiolingvistiske grunnar at Luther i 1517 skifter etternamn frå den lågtyske forma Luder til den høgtyske Luther. Om han ikkje vart ein framstormande jurist etter faren sitt ønske, vart han i alle fall ein framstormande professor, godt planta i ein framveksande borgarleg kultur, først og fremst på grunn av at slott og borger var viktige stasjonar på livsvegen hans. – Tydinga av namnet Luder/Luther er omstridd.

Den kjende reformasjonssalmen «Ein feste Burg ist unser Gott», «Vår gud han er så fast ei borg», med tekst av nettopp Martin Luther – han komponerte forresten også melodien – kan representera Martin Luthers sosial-kulturelle livslaup nokså godt. Kan henda har teologane rett i at vi skal forstå «Ein feste Burg ist unser Gott» først og fremst i eit bibelsk og teologisk ljos, men kan henda hadde Luther også mange andre tankar med denne salmeteksten, han som i stor grad fekk det jordiske livet sitt styrt nettopp av slott og borger.