Frå utgåve 3-17
Skrive av Marit Julien

Om språk og normer

Den som gir seg inn på forum der språk blir diskutert, kjem nokså fort til å sjå at mange gjerne vil at språket skal vera regulert av klare normer – det skal helst finnast svar på alle spørsmål om kva som er rett og gale i språket.

  

Marit Julien (f. 1958) har studert språkvitskap, først i Oslo og sidan i Tromsø. Ho tok doktorgrad i allmenn språkvitskap ved Universitetet i Tromsø i 2000. Sidan 2005 har ho vore tilsett ved Lunds Universitet i Sverige, frå 2010 som professor.

 

Normer handlar om språkleg åtferd – kva vi skal gjera, kva vi får gjera, og kva vi ikkje får gjera. Alle språk er konstituerte av normer – eller snarare, alle språklege varietetar er konstituerte av normer. For eksempel uttrykker vi på norsk bestemtheit ved substantiv med ein etterhengd artikkel: jenta, guten, huset. Dette er ei grunnleggande norm for norsk, og følger ein ikkje den, så pratar ein ikkje norsk (men kanskje vestjysk, der det heiter æ hus i staden for huset). Denne norma er altså med på å definere språket norsk. 

Men det finst òg meir lokale normer. Desse kan til dømes spesifisere om det skal heite jenta, jento eller jenten. Ein dialekt vil vera definert av eit sett av slike meir spesifikke normer, og dess fleire normer vi tar med, dess snevrare blir området som normsettet gjeld for. Dei mest spesifiserte normsetta gjeld kanskje ikkje ein dialekt, men i staden ein idiolekt – eit individuelt språksystem. Det kan tenkast at det faktisk ikkje finst to menneske i verda med heilt identisk språk. Likevel finn vi såpass tydelege likskapar at vi kan gruppere desse idiolektane i dialektar og i språk.

Når menneske har noko til felles språkleg, kan vi snakke om språkfellesskap eller språksamfunn. Desse kan vera lokale, eller dei kan vera meir omfattande, som det norske språksamfunnet, og dei kan bygge på talespråk eller på skriftspråk. Uansett kan vi seia at det som held i hop eit språksamfunn, er dei språklege normene. Utan eit sett med normer som i det minste blir opplevde som relevante av dei fleste medlemane i språksamfunnet, har vi ikkje noko språksamfunn.

Det er likevel ikkje alltid slik at alle i språksamfunnet følger dei same normene. Heller ikkje behøver alle normene regulere den språklege produksjonen. Dei kan òg regulere korleis vi bedømmer ulike språklege uttrykk og varietetar, og kva for status vi tillegg dei. For eksempel veit vel dei aller fleste i det norske språksamfunnet at det bokmålsnære talemålet er finast – det er det ein trygt kan bruke i alle situasjonar utan at nokon ler – mens for eksempel ei form som skjærte er stygg. Kva for dialekt som er styggast, er det visst ikkje like klar einigheit om, for ulike kandidatar har vorte nemnde, men dei sterkaste kandidatane kjem så vidt eg kan sjå, frå Austlandet utanfor Oslo.

 

SPRÅKHALDNINGAR

Og dermed er vi inne på språkhaldningar. Det er ikkje vanskeleg å registrere at folk har haldningar til språklege fenomen. Det kan vera til ulike språk, dialektar, ord og uttrykk, uttale – eller til språkpolitiske tiltak, som sidemålsstil. Eit sentralt spørsmål er kva haldningane eigentleg gjeld. Kva er det som blir vurdert? Den som har ei viss haldning, vil ofte hevde at haldninga er basert på estetiske kriterium («det ER bare så stygt!») eller på kor korrekt og/eller logisk (eller kor lite korrekt og lite logisk) det språklege fenomenet er.

Ser vi nærmare på saka, vil det ofte vise seg at bedømminga eigentleg er knytt til talarane sin prestisje. Ein kan mistenke at dei som seier for eksempel legimitasjon, i staden for korrekt legitimasjon, kanskje ikkje har så høg utdanning og kanskje ikkje har vore så mykje i kontakt med det offentlege språket. Eit talespråk som derimot signaliserer at talaren kjem frå dei sosiale laga der den politiske, økonomiske og kulturelle makta først og fremst høyrer heime, vil vi reagere annleis på. Det betyr ikkje at vi alle nødvendigvis reagerer udelt positivt. I tillegg til den prestisjen som er knytt til talarar med høg status, reknar sosiolingvistar òg med det som blir kalla omvend eller skjult prestisje. Denne er assosiert med lågare sosiale lag eller med subkulturar. Ein kan få positiv respons om ein snakkar som arbeidarklassen eller beherskar dei nyaste slanguttrykka. Det er altså omvend prestisje som ligg bak når ein snobbar nedover, som vi seier på norsk, og når ein har «street credibility» eller gatetruverdigheit.

Dessutan blir bedømminga av språklege former òg påverka av solidaritet. Vi har ein tendens til å sjå positivt på språktrekk som høyrer heime hos grupper vi identifiserer oss med. Dette treng ikkje vera den gruppa vi for tida omgåst med – ein ser for eksempel at ungdom som gjerne vil bort frå bygda eller småbyen dei bur i, ikkje bruker den lokale dialekten i same grad som dei som planlegg å bli verande. Gruppesolidariteten kjem ofte i konflikt med prestisjen, men kan likevel vinna. Som ein göteborgar sa om göteborgsdialekten: «Det låter fult men det känns gôtt.»

Gruppesolidariteten gir også ofte opphav til haldningar som oppviser eit smultringmønster: Det som er nær oss, er positivt, medan det som er like utanfor den indre sirkelen, er negativt. Dette ser ein ikkje så sjeldan i den haldninga folk har til dei nærmaste dialektane – dei blir ikkje rekna som fine. Det som ligg lenger bort, kan ein derimot vera meir positiv til – det er gjerne litt meir eksotisk og spennande.

 

NORMER AV ULIKE SLAG

Når ein beherskar ein eller annan varietet av eit språk og kan prate meir eller mindre uanstrengt, da har ein tileigna seg og internalisert det normsettet som konstituerer den varieteten. Ein normal tre- eller fireåring har lært seg det grunnleggande ordforrådet og grammatikken i førstespråket sitt (eller førstespråka sine), og altså internalisert dei viktigaste normene som gjeld for dette språket eller desse språka. Dette klarar ungar heilt fint utan instruksjon, berre dei høyrer språk omkring seg og blir prata til og med. Dei normene små ungar tileignar seg, er altså i hovudsak implisitte, og slik er det med dei fleste normer for dei fleste varietetar. Det er desse internaliserte normene som kallast språkkjensle.

Visse språknormer kan likevel vera eksplisitte. Dette gjeld framfor alt normer som gjeld standardspråket og skriftspråket, men eksplisitte normer kan òg vera knytte til varietetar som ligg lenger bort frå standarden. Desse kan gjelde bøying, ord og uttrykk (ein kan bli korrigert!), men det er kanskje vanlegare at dei regulerer språkbruken, som å helse, ikkje banne osv.

Ein skilnad mellom det naturlege talespråket og det meir standardiserte språket er at medan normene for det naturlege talespråket veks fram av seg sjølve i eit gitt språkfellesskap, så kan normer for det meir standardiserte språket vera uttrykk for eit bevisst strev etter å forme språket.

Ein annan skilnad som vi òg må nemne her, er den mellom opplevd norm og faktisk norm. Den opplevde norma er det ein trur er rett, og kanskje også den ein trur ein følger, medan den faktiske norma er det ein faktisk gjer. Det er for eksempel vanleg å tru at ein uttalar ord på ein måte som ligg nær skriftbildet, og mange blir overraska når dei får høyre ei innspeling av seg sjølve og blir gjorde merksame på språklege trekk i talespråket sitt.

Språklege normer er altså ingen fast storleik. Dei varierer i det minste med geografi (dialektar), sosial klasse (sosiolektar), alder, kjønn, formalitetsgrad, modalitet (skriftleg eller munnleg) – og enda verre: Dei er i konstant endring! Denne variasjonen og endringa som karakteriserer språklege normer, kan vera ein kime til konflikt. Det oppstår lett konflikt mellom standardspråket sine normer på den eine sida og normer som gjeld andre varietetar på den andre sida, og minst like ofte ser vi konflikt mellom gamle og nye normer. Kan ein for eksempel akseptere at skjøre og kjøre får same uttale, eller at hang blir brukt transitivt, altså med objekt, som i Eg hang opp gardinene? Når det i tillegg er knytt både haldningar og kjensler til ulike former, så er det ikkje rart at det kan bli stort engasjement i diskusjonen.

Konflikt mellom ulike ikkje-standardspråklege normer ser vi derimot lite av i Noreg, i alle fall så lenge vi held oss i det offentlege rommet – folk aksepterer stort sett at dialektane er ulike. For ein tiåring som flyttar frå ein landsdel til ein annan, kan konflikten likevel opplevast som alvorleg nok. Men så har vi jo det spesielle forholdet i Noreg at vi har to konkurrerande skriftlege standardar, som attpåtil kvar for seg rommar motstridande tendensar. Sosiale og geografiske språklege skilnader har i norsk tatt seg inn i skriftspråka i ein grad som ein vel ikkje finn att nokon stad i verda.

Valfridomen i skriftspråka har sine fordelar for den som har høg nok skriftspråkskompetanse til å manøvrere blant alle dei alternative formene, men han har samtidig dei ulempene at det ikkje er lett å bli ein stø skrivar. Det finst heller ikkje noko som er nøytralt, sosialt sett. Same kva for skriftlege former ein bruker, vil det sende ut signal om kven ein er, og kanskje òg om kva for språkpolitisk oppfatning ein har. Så lat oss sjå litt nærmare på normering av skriftspråk.

 

SKRIFTSPRÅKSNORMERING

Skriftspråk nå for tida er nokså strengt normerte, i alle fall når det gjeld staving og bøying. Men slik har det ikkje alltid vore. I handskriftene si tid, for nokre hundre år sidan, skreiv ein som ein tykte det passa, og som ein hadde lært. Skriftkulturen, eller i alle fall den skriftkulturen som var basert på det latinske alfabetet, var knytt til visse senter for skriftproduksjon, og mellom dei ulike skrifttradisjonane, og også innanfor kvar av dei var det rom for variasjon. Ein finn til og med ein heil del variasjon i ein og same tekst. Vi skal hugse på at handskriftene som regel vart lesne høgt, og når ein les høgt, spelar variasjon i stavinga mindre rolle enn når ein les innantil.

Med trykkekunsten kom ei sterkare standardisering av ortografi og teiknsetting. Dei enkelte trykkarane og trykkeria laga sine eigne normer, og hadde dei stor produksjon, så kunne dei ha betydeleg påverknadskraft. I tillegg var det visse trykte verk som fekk stor spreiing og gjennom dette i seg sjølve vart mønster for korleis ein skulle skrive. Framfor alt galdt dette dei omsettingane av Bibelen som kom etter reformasjonen. Då vart Bibelen nemleg omsett til ulike nasjonale språk, som den svenske såkalla Gustav Vasas bibel frå 1540–1541, den danske Christian IIIs bibel frå 1550, og den engelske King James Bible frå 1611.

Om desse verka vart modellar for skriftspråket, var dei likevel ikkje enkle å bruke i konkrete skrivesituasjonar – dei var ikkje eigna som oppslagsverk! Når først ideen om eit standardisert skriftspråk hadde fått fotfeste, voks det dermed òg fram eit behov for rettleiing i form av publikasjonar med råd om og reglar for korrekt språk.

Det første verket av denne typen med relevans for Noreg var Erik Pontoppidans Grammatica danica frå 1668, den første trykte danske grammatikken, som òg inneheldt nokre forslag til dansk rettskriving. På 1700-talet kom det fleire språkriktigheitsbøker, så som ei frå 1724 med den nette tittelen Danskens Skriverigtighed Indfattendes en kort Undervisning saavel om Det Danske Sprogg at bogstavere som og Ordenes foranderlige Endelse, Tillæg og Brug i Stilen, av ein Peder Schulz. I den var det blant anna kapittel om bokstavar, stavingar, teiknsetting, om kva for ord som skal ha stor byrjingsbokstav, og eitt som heitte «Om nogle Ord, hves Bogstavering kand være vanskelig». Her ser vi byrjinga til ein sjanger som framleis er i full vigør.

I nyare tid har både Noreg og grannelanda etablert offentlege organ med ansvar for språkrøkt: det norske og det svenske Språkrådet og Dansk Sprognævn. Desse har, som vi veit, hatt ein del å seia for korleis dei standardiserte skriftspråka ser ut. Men standardiserte ville dei nok ha vorte også utan slike offentlege organ. Vi kan ta engelsk som eksempel, eit språk som aldri har hatt noko offisielt standardiseringsorgan. I staden har ordbøker (Samuel Johnson si for britisk engelsk frå 1755, Noah Webster si for amerikansk engelsk frå 1828) vorte normsettande – uoffisielt, men ikkje mindre autoritative for det. Når eit språksamfunn først har tatt i bruk eit skriftspråk, så vil normeringa tvinge seg fram, på det eine eller andre viset.

 

NORMERINGA SIN FUNKSJON

Så kan ein spørja kva ein vinn på å normere skriftspråket. Kan vi ikkje berre «skrive som vi snakkar»? Ein grunn til å normere skriftspråket er at det er lettare å skrive når skriftspråket er normert, så ein slepp å heile tida tenke på korleis ein vil representere dei tala orda i skrift. (Om ein skulle skrive etter sitt eige talemål, så ville ein nok helst prøve å standardisere også denne skrifta.)

Den viktigaste grunnen er nok likevel at det blir mykje lettare å lesa når skrifta er standardisert. Vi les nemleg ikkje bokstav for bokstav, sjølv om vi bruker eit alfabetisk skriftsystem. Som erfarne lesarar les vi som ein gjer på kinesisk – heile ordet, og kanskje til og med fleire ord, på ein gong. Men dette går berre så lenge ordbilda er til å kjenne att. Ser orda annleis ut, som for eksempel her, så går lesehastigheita merkbart ned:

Onsda 13 decbr.

Vår fineste dag hæråppe. Vi har hatt de stille en stor del a dagen – me brennenne solskjinn. Føre å terrenne har værrt de samme. Sneskårpen ær heldivis så hår att de kunn ær yderst lite slee å bikjer synker i. Hypsometre viser fremmdeles synkning åmm enn ganske svakt å ær de nu å anta, att vi ikke allene har fått høieste slette bestemt, menn åsså falle ned mot denn annen side. (Roald Amundsen; frå Jubileumsekspedisjon til Sørpolen[1])

Men skriftspråksnormeringa har ein funksjon til, og den kjem tydeleg fram i reaksjonane på normbrot, som dette innlegget frå Facebook-gruppa «Språkspalta»:

Jeg registrerer at mellomrom før utrops- og spørsmålstegn brer om seg i norsk. Etter gjeldende regler skal det ikke være mellomrom her. På fransk er det en annen sak. Jeg synes det er ekkelt og smertefullt! Reagerer andre på dette? Hvorfor gjør det så vondt? Må vi bare finne oss i slikt?

For å forstå kvifor somme reagerer så kraftig på slike feil, må vi først sjå litt nærmare på korleis innlæringa av skriftspråket går til, samanlikna med innlæring av talespråket. Talespråket er jo det primære, og ein kan gå så langt som å seia at talespråket er ein biologisk eigenskap hos mennesket som art. Under dei rette vilkåra vil talespråket utvikle seg av seg sjølv, og normene for talespråket blir internaliserte og automatiserte, som eg nemnde tidlegare. Dei fleste treng derimot både undervisning og store dosar med trening før dei beherskar skriftspråket. Når ein sjølv med mykje strev har lært seg å skrive rett, da kan det vera vanskeleg å akseptere at andre tar lett på det. Særleg vil det gjelde det ein kan kalle «vanlege feil» i skriftspråket – feil som kjem der skriftspråket skil seg frå talespråket, og der skriftspråket gjer ein distinksjon som talespråket ikkje markerer, som og/å. Desse feila har vi sett påpeika såpass ofte at vi har lært oss å reagere med det som den svenske språkforskaren Ulf Teleman kallar «innlært irritasjon» – vi har lært oss at når folk gjer slike feil, da har vi all rett til å bli harme.

 

NORMERINGSKRITERIUM

Vi kan altså vera einige om at det er mange gode grunnar til å halde seg med eit normert skriftspråk. Men så er spørsmålet korleis det normerte skriftspråket skal sjå ut, og korleis normeringa skal gå til. 

Dei som har hatt nær og langvarig omgang med skriftspråket, har snappa opp skriftspråksnormene utan å få dei framlagt eksplisitt. Dei berre veit korleis det skal vera, for det meste. Men iblant kan ein likevel komma til å bli usikker. Kva ein da gjer, kjem an på kva for nivå i språksystemet problemet gjeld. Er ein usikker på staving og bøying av ord, kan ein slå opp i ordboka og få beskjed. Gjeld det val av ord og uttrykksmåte, er det ikkje like enkelt. For det første er det ikkje mogleg å laga oppslagsverk som er heildekkande. For det andre har folk ein tendens til å vilja gå etter si eiga språkkjensle på desse områda, og ettersom både ordbruk og uttrykksmåtar varierer ein heil del og dessutan endrar seg med tida, så er det duka for både usikkerheit og konfliktar.

Den som er godt kjent med skriftspråktradisjonen, veit korleis det skal vera. Likevel gir ikkje alltid tradisjonen det beste svaret. Det er òg andre kriterium ein kan ta omsyn til når ein vurderer ulike språklege former og konstruksjonar. Eitt av dei er omsynet til kommunikasjonen. Dette kan ein bruke til å døme ut så mangt, om ein vil, men eg vil seia at det er rimeleg å bruke det i dei tilfella der ein kan rekne med at mange vil misforstå. Det gjeld for eksempel ordet forfordele, som tidlegare betydde «gi mindre enn ein har krav på», men som nå ofte blir brukt med omvend tyding. Konklusjonen må bli at ein må vera forsiktig med å bruke dette ordet. Skal ein absolutt bruke det, må det gå tydeleg fram av samanhengen kva det skal bety.

Eit anna kriterium er at forma skal passe inn i språksystemet. Dette kan bli relevant for eksempel når det gjeld bøying av nye ord. Korleis skal vi bøye cupcakes? Fleirtals-s-en høyrer ikkje heime i norsk morfologi. På den andre sida har vi allereie lånt inn mange andre engelske ord med -s, og dermed går det vel med cupcakes som med kjeks, caps og pins – bestemt fleirtal blir cupcakesane/-ene.

Når det blir usemje, er det oftast konflikt mellom tradisjonen og det samtidige språket. Dei som kjenner skriftspråktradisjonen godt, vil ha ein tendens til å motsetta seg endringar, medan mindre tradisjonsmedvetne språkbrukarar heller skriv som dei snakkar. Ein ting er sikkert her: Ettersom talespråket er i konstant endring, kan ein ikkje ha tradisjonen som einaste rettesnor dersom ein vil ha eit skriftspråk som skal kunna brukast av alle. I samfunn der skrivekunsten er for ein liten elite eller for eit spesialtrena laug av skrivekunnige, kan det gå an å halde seg med eit skriftspråk fullt av arkaiske trekk. Men i samfunn som vårt, der knapt nokon kan klare seg utan å vera skrivefør, vil innovasjonar i talespråket før eller seinare finne vegen inn i skriftspråket. I lengda går det ikkje å demme opp for dei.

Det er slåande at det er få som har innvendingar mot endringar som alt er gjennomførte. Wergeland skreiv «Vi ere en Nation vi med», og Aasen «Me ganga so seint og so smaatt», altså med fleirtalsformer av verba. Desse er stort sett borte frå talespråket, og etter 1900 har dei òg vore veldig lite brukte i skrift. Og ingen klagar.

Men når dagens talespråklege former og konstruksjonar tar til å opptre i skriftspråket, da er det mange som reagerer. Den amerikanske språkforskaren William Labov har lansert det han kallar «gullalderprinsippet», som går ut på at folk gjerne har den oppfatninga at slik språket, og særleg skriftspråket, var da dei sjølve vart kompetente vaksne språkbrukarar, slik skal det for alltid vera. Alle endringar etter dette er rein degenerasjon. Dette synet er reflektert i dette innlegget frå Språkspalta:

Det er bare helt idiotisk å kalle alt for utvikling når folk rett og slett snakker feil eller ikke egentlig vet hva det faktisk heter.

Dei som tar på seg å gi råd om språkbruk, har som regel god kjennskap til skriftspråktradisjonen, og det er jo vel og bra. Men dei har ein tendens til å vera litt for negative til endringar, kanskje fordi det kan vera vanskeleg å halde eigne reaksjonar utanfor vurderinga? Det bør ein likevel gjera.

For å ta eit eksempel så får eg sjølv litt vondt når eg les «Eg hang opp gardinene», fordi dette er i strid med mine eigne internaliserte normer. Som privatperson og språkbrukar er eg ikkje glad i denne bruken av hang. Eg vil ha hengde når verbet står med eit objekt, som her. Men samtidig veit eg at systemet med dei såkalla parverba (som brann/brende, hang/hengde) er på veg ut. Mange norsktalande, dei fleste yngre enn meg, ser ikkje noko gale med «Eg hang opp gardinene». Skal ein gi råd, kan ein jo gjera folk merksame på at dette er i strid med skriftspråktradisjonen, og at konstruksjonen kan verke sterkt irriterande på enkelte, men ein kan ikkje seia at han er absolutt og totalt feilaktig. Om nokre år er han truleg heilt rett.

 

TRE IKKJE-KRITERIUM

Sjølv om det altså finst kriterium som ein kan legge til grunn når ein vurderer språklege uttrykk, ser ein ikkje så sjeldan at folk viser til slikt som eigentleg ikkje held som grunnlag. Eg vil avslutte med å seia litt om slike ikkje-kriterium.

Det første ikkje-kriteriet er estetikk. Det går godt an å ha oppfatningar om stygt og pent i språket, men da skal ein vera klar over at det ein reagerer på, ikkje er dei språklege uttrykka i seg sjølve, men noko anna som ein får assosiasjonar til – eller så kjem reaksjonen av at uttrykket bryt med eins eiga språkkjensle eller med noko ein har fått innprenta.

Det andre ikkje-kriteriet er logikk. Det er nokså vanleg blant lekfolk å ha ei forventning om at språk skal vera logisk, som vi ser det i dette innlegget frå Facebook-gruppa «Språkspalta»:

Poenget er at «skot frå distanse» er meiningslaust. Det er ikkje fagspråk, men sjargong i eit miljø som ikkje er særleg opptatt av å vere presis i språket. Dei signerer spelarar, ikkje kontrakter, dei skyt på lengste stolpe, medan det faktisk dreier seg om den bortre (el. borteste) osv.

Men språk er ikkje først og fremst logisk. Det er basert på konvensjonar, ikkje på enkel logikk. Menneskeleg språk er fullt av ulogiske uttrykk. Det er ikkje som dataspråk eller matematikk. Og likevel forstår vi som regel kva andre meiner. Det er det som er så fantastisk.

Det tredje ikkje-kriteriet er språkhistoria, og til den kan vi òg rekne etymologien. Ei anna vanleg oppfatning er nemleg at det som er eldst i språket, er mest riktig. For eksempel går det ikkje så lang tid mellom kvar gong einkvan kjenner seg kalla til å opplyse at olympiade opphavleg refererte til tida mellom to olympiske leikar — og konklusjonen skal da vera at det er feil å bruke ordet om dei olympiske leikane. Men ser vi på dagens språkbruk, så går det ikkje an å påstå at det er feil. Bruken av ordet olympiade om sjølve leikane er godt etablert, og ordet har til og med spreidd seg til arrangement som Sjakkolympiaden, Den internasjonale matematikkolympiaden, osv. Den rette tydinga av eit ord i eit bestemt språk på ei bestemd tid er det som språkbrukarane legg i ordet. Dermed må vi seia, som ordbøkene òg gjer, at olympiade i dagens norsk betyr det same som olympiske leikar.

Ord er ikkje hogne i stein. Både form og innhald kan endre seg over tid. Desse endringane skjer i små, små steg, men summen av mange små endringar kan bli nokså stor etter nokre hundre. Språket er ei plante som veks som ho vil – men språkbrukarane sine val påverkar voksteren.

 

Fotnote 

[1] sorpolen2011.npolar.no/no/ 

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram