Frå Utgåve 3-17
Skrive av Knut Aastad Bråten

Snakke mindre, handle meir

Samværet med andre avgrensar seg til det å snakke, og ofte snakkar vi om korleis vi har det. Må vi det, heile tida?

 

Knut Aastad Bråten er redaktør i Syn og Segn.

 

Kjensletid. Snakke ut-tid. Kjenne etter-tid. Verbaltid. Det slo meg her om dagen. Eg kan ikkje skulde på andre enn meg sjølv. Det var eg som fylte samværet med prat – om livet og kjenslene, om meg og mitt. Til slutt gjekk eg tom, bokstaveleg tala. For ord. Og kva følte eg då?

Samværet med andre endrar seg. Eg snakkar ikkje om samvær for tusenvis av år sidan, men om endringar dei siste tiåra. Påstand: Før var vi – meir enn no – saman om fysiske, praktiske gjeremål. Dei snakka sjølvsagt til kvarandre også den gongen. Men kvardagen og samværet dreia seg i hovudsak om å vere saman omkring konkrete handlingar. Og i dag? Samværsformene har krympa, ser det ut til, og krinsar mykje om dette eine: prat – alt det som vi kan presse ut av munnen og som dreier seg om tankar og kjensler – og korleis vi har det. Det gir orda stor makt. 

Korleis påverkar det verbale samfunnet samværet vårt? Den austerrikske psykiateren Sigmund Freud (1865–1939) revolusjonerte psykiatrien gjennom psykoanalysen som eit alternativ til tvangstrøye og lobotomi, som var utbreidd på den tida. På divanen i Berggasse 19 i Wien la folk seg ned for å setje ord på kjenslene og for å finne svar og ny meining.

Det terapeutiske samfunnet har revolusjonert samværet mellom oss. I positiv retning. Vi har lært oss til å bryte ned tabu og snakke ut. Av og til rotar det seg til, og vi er nøydde til å rydde noko av banen, skape ny orden. Den gode samtalen fungerer som medisin for den som slit. Ynskjer du å forstå deg sjølv og omgivnadane endå betre – snakk!

Snakket og vedlikehaldet av sjelelivet har fått stor plass i kvardagen – og har samstundes stilt oss overfor nye mellommenneskelege utfordringar som gjer samværet skjørt og sårbart. Til dømes når det til slutt berre er praten og ingen ting anna som bind oss saman, når vi ikkje har meir å prate om. Har samfunnet godt av færre ord? Må alt uttrykkjast?

Menneske er sosiale vesen. Vi har system som knyter oss til kvarandre – som hjelpelause born og som omsorgspersonar i vaksenlivet. Vi ynskjer å høyre til, bli stadfesta, om enn på litt ulike måtar: Der menn tradisjonelt har hatt såkalla «side ved side»-venskap, som jakt eller kortspel, interesserer kvinner seg for kvarandre på andre måtar, gjerne direkte, ansikt til ansikt. Slik har samværsendringane vore med på å viske ut skilja mellom oss, gjort menn og kvinner meir like, fortel filosof Helge Svare, som sjølv har drive med filosofisk samtaleterapi.

Den moderne snakkekulturen har festa seg overalt – mellom ektefolk og kjærastar, mellom kollegaer og vener, i media, politikken og i arbeidslivet. Og på sosiale medium; bloggen er vår kjæraste terapeut. Facebook tilbyr sosialt samvær med tusenvis av andre – på same tid. «Korleis har du det i dag?» spør Facebook meg kvar gong eg loggar meg på. Dei sosiale plattformene får oss til å setje ord på kjenslene, eller til å dekke over, kamuflere eller i verste fall: skape oss ein ny identitet. Språket formar røyndomen.

Ordgytaren. Den verbale sjølvtilliten er det nye klasseskiljet; mellom ho som kan snakke, og ho som ikkje kan det. Språk gjev makt, fordelar, anerkjenning, status: Lær deg talekunsten og snakk deg til kva posisjon som helst. Men kanskje det finst situasjonar der det er dumt å snakke for mykje? Av snakket fylgjer ansvar og høge forventningar. Og du kan ikkje alltid innfri. Kor mange gonger har du ikkje ynskt at møteleiaren eller talaren skulle fatte seg i kortheit, kome til poenget? Halde munn. Å snakke gjer oss sårbare for mistydingar.

Mange er flinke til å snakke, eller til å setje ord på kjenslene. Andre att er ikkje det. Lærte det aldri, eller dei har andre grenser for kva det er naudsynt å snakke om. Alt må ikkje seiast, alltid. Far min brukar sjeldan store ord. Pratet ligg ikkje til han. Den gode samtalen var ukjent i småbrukarheimen på 1950-talet. I staden viser han omsorg på andre måtar: «Knut, eg har sjekka bilen din for olje. No kan du køyre trygt. God tur, då.»

Ord gjev makt, er trylleformular, magi og simsalabim. Men språket åleine løyser ingen ting. Eg tenkjer at vi – nokre gonger – lener oss for mykje til orda og samtalane, at vi har mista ideen om at det ikkje er nødvendig å uttrykke alt vi tenkjer, eller at vi ikkje kan snakke oss ut av alt som plagar oss. Noko er kanskje drit, og slik er det. «Den friske angsten trenger handling, ikke behandling», seier psykolog Paul Moxnes i Aftenposten i 2015.

Har vi for stor tiltru til samtalen og snakket som balsam for sjela? Eg ringjer presten. Ho fortel om sjelesorg og korleis kyrkja gjev øyre til dei som ber på noko, men òg korleis kyrkja – gjennom ritual – hjelper oss med å plassere tankane ein annan stad enn i eige sjeleliv, og slik legg livssmerta bak oss. Gjennom nattverd, til dømes.

Snakket og dei gode samtalane hjelper oss til å bryte stengsler og til å peike på det som er vanskeleg. Men livet skal jo også levast – etter snakket, praten og orda. «Truleg er det meir terapeutisk å kjenne plassen sin, sjå andre, kjenne seg velkomen, regulere seg ned, røre på seg enn alltid å snakke om korleis ein har det», skriv ein psykologslektning i ein e-post. Ein studie som Jørgen Flor gjorde i 2016 peikar på noko av det same. Psykoterapi er spesielt effektivt for folk med milde eller middels tunge psykiske lidingar. For eit mindretal kan behandlinga gjere vondt verre, seier han til Hegnar.no.

«De siste ti årene har antall konsultasjoner hos psykolog blant unge under 18 år tredoblet seg. For voksne har det doblet seg», skriv Aftenposten (2015). Behovet for profesjonell hjelp aukar, men ifylgje rapportar frå Folkehelseinstituttet (2009) aukar ikkje tilfella av psykiske lidingar i befolkninga. Auken er eit uttrykk for underbehandling, seier dei. I tillegg går vi til personleg coaching. I 2014 fanst det visstnok 11 300 av dei, ifylgje VG og Brønnøysundregisteret.

«Å kjenne etter» har blitt det nye kjensleuttrykket. Det er mykje positivt med å kunne bygge ned tabu, lære seg å snakke saman, oppsøke profesjonell hjelp og vise at vi er sårbare. Snakk, ven, men kan hende skjer det med deg som det ofte skjer med meg: Eg stolar for mykje på snakket, snakkar meg bort, går tom for ord, blir svimmel av tankar og alt som alltid skal seiast.

Snakket åleine gjer meg ikkje til eit fullkome, betre eller meir lukkeleg menneske. For, det viktigaste er kva vi gjer mot kvarandre, ikkje kva vi seier.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram