Frå Utgåve 3-17
Skrive av Johannes A. Nymark

Eit fritt Catalonia – draum eller realitet?

Den katalanske regionalregjeringa har lagt opp til folkerøysting 1. oktober over spørsmålet «Vil du at Catalonia skal bli ein uavhengig stat som republikk?»

 

JOHANNES A. NYMARK (f. 1949) har nettopp pensjonert seg frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Har skrive Draumen om Catalonia ¬ katalansk identitet i historisk lys (Samlaget 2015).

 

Då eg under presentasjonen av boka Draumen om Catalonia i 2015 uttrykte undring over kor sterk den katalanske sjølvstenderørsla var blitt dei siste åra, repliserte ein katalanar at det nok hadde vore ein realitet som hadde vaka under overflata i lang, lang tid. Catalonia er ein eigen nasjon, og svært mange katalanarar er først og fremst katalanarar, ikkje spanjolar, sa han.

Ein definisjon av «identitet» viser til at det «gjev eit individ, eit samfunn og liknande individualitet» (Nynorskordboka 2006). I praksis nyttar ein omgrepet om element som ei gruppe oppfattar som typiske for seg, eller som andre ser på som særeigne for denne gruppa. Ulike personar har ulike assosiasjonar av katalansk identitet, og utanforståande kan ha andre oppfatningar enn katalanarane sjølve. Kunstinteresserte reknar modernismen i arkitekturen for noko essensielt katalansk, andre vil referera til det katalanske språket, medan fotballfrelste vil peika på FC Barcelona, el Barça. Både fotballklubben og språket har utvikla seg sterkt dei siste tiåra, og det katalanske språket er i dag klart dominerande i regionen, som ligg i det nordaustre hjørnet av Spania og har 7,5 millionar innbyggjarar.

Katalanske tilhengjarar av politisk sjølvstende refererer gjerne til dei såkalla mennesketårna, castells humans, når det blir snakk om katalansk identitet og tradisjon. Mennesketårn er ei gruppe personar som stiller seg oppå einannan. Mottoet til els castellers, dei som tek del i bygginga av mennesketårna, er «styrke, likevekt, mot og seny» – det siste, ein slags mental balanse. Ti høgder i vêret er rekorden for denne katalanske spesialiteten, som er særmerkt for Catalonia, og som Unesco i 2010 innlemma i verdsarvlista.

I Catalonia ønskjer ein å sjå dei fire mottoa for mennesketårna som typiske for katalansk mentalitet. Det er såleis talande at ein i arrangement på den katalanske nasjonaldagen la Diada 11. september viser fram det eine mennesketårnet etter det andre. Særleg står el seny høgt i kurs mellom dei mest katalansk orienterte. Det blir hevda at el seny gjer at katalanarane er realistar, formelle, tolerante og innimellom med ein tendens til å kritisera (Hooper 1996: 392).

Andre knyter den katalanske identiteten og kulturen til sardana-dansen, ein sirkeldans med tilhøyrande musikk som i fleire tiår er blitt nytta på el Barça sitt fotballstadion når ein skal feira noko for klubben. Sardana-dansen, som truleg går attende til det 16. hundreåret, fekk eit oppsving i den første halvdelen av det 19. hundreåret, i ei tid med kulturell bløming i kombinasjon med veksande nasjonalkjensle (La Vanguardia 2010). Dansen er blitt skildra i opphøgde ordelag, mellom anna for å kunna tena ein nasjonal etos, eit moralsk og kulturelt verdisyn som skil det katalanske folket frå andre, spesielt grannefolka i Spania og Frankrike.

 

NASJONEN CATALONIA
Pierre Vilar (1906–2003), den store spesialisten på Catalonia og katalansk historie, har vist at ein alt før den franske revolusjonen i 1789 nytta termen «nasjon», og då i tydinga «alle undersåttane i motsetnad til kongedømmet eller små privilegerte grupper» (Vilar 1981: 164). I dagens politiske kontekst må denne definisjonen skrivast noko om og sjåast i lys av at den spanske sentralregjeringa steilt har avvist dialog med dei katalanske styresmaktene.

Då eg som student i byrjinga av 1970-talet kom i kontakt med unge katalanarar som karakteriserte seg sjølve som katalanske nasjonalistar, var det ikkje fritt for at eg kvapp til. Ei jamføring mellom definisjonar av omgrepet «nasjonalisme» gjer det klart at vi har å gjera med ein negativt ladd term på norsk og ein positivt ladd term på katalansk. Nynorskordboka (2006: 810) definerer «nasjonalisme» som «politikk som legg vekt på og hyller eige land og folk (og samstundes nedvurderer andre nasjonar); (overdriven) nasjonalkjensle», medan den autoritative Pompeu Fabra-ordboka for katalansk legg det fram slik (i mi omsetting): «godhug for eigen nasjon, for einskapen i han, for at han skal vera uavhengig» (Fabra 1977: 1192). Vi kjem nok nærare sanninga viss vi omset «nasjonalisme» på katalansk med «nasjonalkjensle» på norsk.

I Catalonia var ein medviten om den katalanske nasjonale identiteten alt i det som blir rekna for å vera den store epoken for europeisk nasjonalisme: tiåra frå 1870, med den andre industrielle revolusjonen i sentrum, og fram til utbrotet av den første verdskrigen i 1914. Katalanarar viser ofte til gullalderen mellom det 12. og det 14. hundreåret, då ein utvikla les Corts Catalanes, som ein del historikarar ser på som det beste dømet på det mellomalderske parlamentet.

I dag blir den katalanske nasjonalkjensla spegla i slagordet «Catalunya, nou Estat d’Europa» («Catalonia, ny stat i Europa»), som har ein framståande plass på fanene i demonstrasjonar for katalansk sjølvstende. Og krava om uavhengigheit gjeld ikkje berre for nostalgikarar i den eldre garden i Catalonia, slik somme spanske sentralistar hevdar. Eg blei sjølv slått av det storslagne innslaget av ungdommar i feiringa av la Diada 11. september 2016: med rop om I-Inde-Independència, med plakatar som kravde sjølvstende og i dei mange framsyningane av mennesketårn. Eldre folk kan vera meir skeptiske og spør seg kva som vil skje i eit eventuelt uavhengig Catalonia med pensjonar opptente innanfor rammene til den spanske staten.

Grunnane til at mange katalanarar ønskjer sjølvstende, er fleire. Økonomisk var Catalonia den dominerande delen av kongeriket Aragón-Catalonia før Spania blei samla til eitt rike på 1500-talet. Catalonia hadde, både politisk og økonomisk, stor innverknad i middelhavsområdet, og katalansk språk blei tala både i den sørlege delen av Italia og i visse delar av Hellas. Rundt 1800 utvikla det seg i Catalonia ein tekstilindustri, lenge før vi fekk ei tilsvarande økonomisk utvikling i andre delar av Spania. Catalonia er framleis den leiande regionen økonomisk. I skattar og avgifter overfører Catalonia mykje meir til styresmaktene i Madrid enn det regionen får attende til investeringar.

 

ORGANISERING
Det ein i Catalonia kallar forsamlingsrørsla, er sterkt forankra i misnøye med det herskande politiske systemet. ANC, Assamblea Nacional Catalana («Den nasjonale katalanske forsamlinga»), blei skipa i april 2011, med det for auge å arbeida for politisk uavhengigheit for Catalonia og etablera ein fri og uavhengig stat. ANC skriv seg inn i ein tradisjon med djupe røter i Catalonia. Den spanske anarkistrørsla, som stod eksepsjonelt sterkt i Catalonia frå den spede starten rundt 1870 og i alle fall fram til borgarkrigen (1936–1939), var den mest konsekvente av desse antiautoritære rørslene, i og med at ho så klart tok avstand frå all form for maktbruk.

Med mottoet «All makt korrumperer» vann anarkistane tilslutnad frå grupper som var gått grundig lei av maktmisbruk, korrupsjon og overgrep. Dette var tilfellet i eit økonomisk dynamisk Catalonia som ikkje fann seg i at politiske avgjerder tekne i den spanske hovudstaden førte til at viktige delar av det økonomiske overskotet blei overførte til Madrid og sidan hamna i lommene på korrupte politikarar. Anarkistrørsla hadde i tillegg klassetilhøyrsle – arbeidarklasse, underklasse – som overordna ideologisk prinsipp. Dagens ANC fører vidare den anarkistiske tradisjonen med massemobiliseringar mot det spanske establishment.

Carme Forcadell, den første leiaren av ANC (2011–2015), kan stå som døme på kombinasjonen ein finn i Catalonia mellom aktivisme på grunnplanet og politisk verksemd. I dag er ho president for det katalanske el Parlament, som representant for ERC (Esquerra Republicana de Catalunya, «Catalonias Republikanske Venstre»), som blei skipa i 1931 og såleis er det eldste katalanskorienterte partiet. Som utdanna filolog var Forcadell i 1993 med på å starta Plataforma per la llengua, «Plattform for språket», og på heimstaden Sabadell er ho styremedlem i ein kulturinstitusjon (Òmnium Cultural) som heilt sidan 1961 har fremja katalansk språk og kultur. I oktober 2016 klaga den spanske grunnlovsdomstolen Carme Forcadell for ulydnad då ho i juli same året tillét el Parlament å røysta over framlegget om vegkart for korleis dei politiske katalanske institusjonane skulle bryta med Spania.

Dei siste to hundreåra har katalansk identitets- og fridomsstrev vore knytt til republikken. Catalonia stod sentralt i dei to relativt korte republikanske eksperimenta i Spania (1873–1874 og 1931–1936). Spesielt kjent er Francesc Macià si proklamering av den katalanske republikken som integrert del av den iberiske føderasjonen 14. april 1931. Dette skjedde etter langvarig misnøye med det politiske styret under monarkiet. Den utløysande faktoren var den økonomiske krisa som kom også i Spania som ei følgje av krakket på New York-børsen i 1929.

 

SKIFTANDE KONSTELLASJONAR
Kampen om suverenitet splittar og skapar. På det politiske området skjer det til tider endringar i rasande fart. Då katalanarar flest på grunnplanet i 2005–2006 diskuterte kva endringar dei meinte måtte til i autonomistatutta frå 1979, tok ei gruppe intellektuelle katalanarar til å organisera seg ut frå den kjensgjerninga at dei som motstandarar av uavhengigheit ikkje hadde noka gruppe eller parti som representerte dei i Catalonia. Det er sjølvsagt slik at det i regionen finst ulike politiske meiningar.

Resultatet av diskusjonane blei i første omgang den borgarlege og kulturelle plattforma Ciutadans de Catalunya («Borgarar av Catalonia»). Same året, 2006, kom den politiske avleggjaren, Ciudadanos, som sidan har fått forgreiningar over heile Spania. I dag har Ciudadanos 32 representantar og er den fjerde største gruppa i eit spansk parlament med til saman 350 representantar. I det katalanske parlamentet med 135 representantar er Ciutadans nest størst med ei gruppe på 25, langt bak den største gruppa Junts Pel Sí (JxSí), «Saman for Ja», men godt framom dei hine. I kraft av å vera eit parti som spesielt arbeider imot frigjering av Catalonia frå Spania, spelar Ciutadans svært mykje på lag med den katalanske avleggjaren (PPC) av det spanske regjeringspartiet PP (Partido Popular), som i det katalanske parlamentet ikkje har meir enn 11 representantar.

JxSí er ein politisk koalisjon som blei danna i juli 2015, og som i valet 27. september same året fekk heile 62 av dei 135 representantane i el Parlament, ikkje langt frå absolutt fleirtal. Det overordna målet til JxSí er å erklæra Catalonia uavhengig frå Spania, og organisasjonen blir aktivt støtta av ANC, Òmnium Cultural, AFI (Samanslutninga av kommunar for uavhengigheit) og seks andre organisasjonar på det katalanske grunnplanet.

Veteranen mellom dagens katalanske parti, det venstreorienterte republikanske ERC, er det best organiserte av koalisjonspartia i JxSí, og har fått følgje av PDeCat (Partit Demòcrata Europeu Catalá), det som er att av ein tidlegare sentrum-høgre-koalisjon.

Det spanske sosialdemokratiske partiet PSOE (Partido Socialista Obrero Español) har eit katalansk søsterparti, Partit dels Socialistes de Catalunya, det tredje største med 16 parlamentsmedlemmer i el Parlament. PSC har tradisjonelt gått inn for eit føderalt Spania og vil gjerne ha ei endring av den spanske grunnlova. Catalunya Sí Que es Pot, CSQP («Catalonia Ja ein Kan »), blei skipa i juli 2015 og er sett saman av naturvernarar og grupper på venstresida, mellom dei den katalanske varianten av spanske Podemos. Ved valet i 2015 fekk denne koalisjonen 11 representantar, like mange som det høgreorienterte PPC. CSQP er for folkerøysting, men det er uklart korleis dei stiller seg til kravet om suverenitet.

Den sjeldnaste blomen i den katalanske partifloraen er det antikapitalistiske CUP (Candidatura d’Unitat Popular), der siste del av namnet viser til Salvador Allendes UP (Unidad Popular) og det mislukka forsøket på fredeleg overgang til sosialisme i Chile (1970–1973). CUP såg dagens lys i 1986, men er først komme i ein viktig posisjon i den aller siste tida, med 10 representantar i el Parlament. Tilhengjarane av uavhengigheit, JxSí og CUP, har med til saman 72 parlamentsmedlemmer absolutt fleirtal i parlamentet. CUP fører vidare forsamlingsidealet og grunnplansorganiseringa frå anarkistane si stordomstid.

 

LEGALITET VERSUS LEGITIMITET
Opp gjennom historia har personar, grupper og organisasjonar pressa på makthavarar nedanfrå. Dette har ein i høg grad merka i Catalonia, der kritikken mot styresmaktene i Madrid har vore ein konstant faktor. Motsett har dei spanske makthavarane, spesielt dei ein assosierer med Madrid-sentralismen, stått for kontante avvisingar og diktat ovanfrå.

Desse tilhøva, som går eit godt stykke attende i historia, har ført til at ein i Catalonia har sett mange døme på motsetningane mellom legitimitet og legalitet. Medan legaliteten alltid har å gjera med det som står uttrykt i lov og rett, kan legitimitet ha ei forankring i lovene, men treng ikkje ha det. Ofte kan det som har sterk støtte i folkemeininga, bli sett på som legitimt, sjølv om det ikkje alltid vil vera gjeldande lov (Store norske leksikon 2017). Legitimiteten er tufta på prosessar som gjer at folket på visse vilkår gjev personar mandat til å utøva makt. Så lenge dei katalanske politikarane rettar seg etter presset frå grunnplanet, har dei legitimiteten på si side. Spanske politikarar, spesielt det konservative PP som styrer landet i dag, tviheld på legaliteten, at det heile skal vera i samsvar med lovverket.

Den ikkje-valdelege vegen som Catalonia har slått inn på, har verka positivt på legitimiteten mellom katalanarane i kravet om sjølvstende. I alle fall har den generelt pasifistiske katalanske rørsla ikkje støytt frå seg tilhengjarar, slik tilfellet var med ETA-terroren i Baskarland. Sjølvsagt var delar av anarkistrørsla i høgste grad valdeleg, men dette gjaldt for heile Spania og var slett ikkje avgrensa til berre Catalonia. Etter at Franco døydde i 1975 og overgangen til demokrati tok til, har det berre vore små forsøk på valdelege opprør i Catalonia.

Terra Lliure, «Fritt land», var ei valdeleg gruppe som oppstod i 1978 og oppløyste seg sjølv i 1991. Eigentleg gjekk det verst utover medlemmene sjølve. Dei vel 200 attentata gruppa stod bak, førte til fem døde – av dei var fire frå Terra Lliure – og eit par titals skadde. I den tida gruppa eksisterte, blei om lag 300 personar med samband til organisasjonen fengsla. Somme av dei tidlegare medlemmene av Terra Lliure gjekk på 1990-talet inn i ERC, der ein kravde at dei eksplisitt og utan vilkår gav avkall på all form for væpna kamp.

Den fredelege politiske kampen som katalanske uavhengigheitstilhengjarar fører, har ikkje gjeve sentralstyresmaktene i Madrid noko påskot til militær aksjon. Den harde lina som PP har ført, og oppmodingar frå ei isolert lita gruppe pensjonerte militære i AME (Asociación de Militares Españoles), har likevel ført til noko uro (García-Ruiz 2012). Den siste tida har det heva seg røyster, også mellom juristar og politikarar, til støtte for å nytta den noko uklare § 155 i den spanske grunnlova. Her heiter det at dersom ein autonom region ikkje held seg til lova eller går imot Spania sine allmenne interesser, då kan den spanske regjeringa ta «dei åtgjerdene som trengst» for å tvinga den aktuelle regionen til å halda seg innanfor lova. Vilkåret er at Senatet gjev grønt lys, men paragrafen inneheld ingen ting om ein eventuell militær intervensjon (Pérez 2017).

 

MEININGSSTRIDEN
Dei katalanske diplomatiframstøytane har som utgangspunkt at ein tykkjer Spania i dag har ei mislukka inndeling av territoriet. Dette kjem i første rekkje av at den desentraliseringa ein starta med på slutten av 1970-talet, ikkje er komplett. «Mange katalanarar kjenner ikkje att Spania som det tolerante og inkluderande samfunnet som dei såg føre seg etter at Franco døydde», står det å lesa i den argumentlista ein i si tid sende rundt til dei delegasjonane som den katalanske regionalregjeringa har i utlandet (Noguer 2013; gencat 2017). Delegasjonane er oppretta i land som er viktige for Catalonia, ut frå politiske og økonomiske omsyn.

I dei nordiske landa har dei katalanske styresmaktene etablert ein delegasjon i København. Den skal ta seg av bilaterale samband med Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Delegaten for dei nordiske landa heiter Francesca Guardiola, og det er gjort eit nummer av at ho er søstera til fotballtrenaren Pep Guardiola, som mange reknar som det fremste symbolet for katalansk suverenitet.

Ein av dei viktigaste delegasjonane til den katalanske regjeringa er den ved hovudkvarteret til EU i Brussel. Dagens PP-regjering insisterer på at eit eventuelt uavhengig Catalonia kjem til å stå utanfor EU og må gå gjennom ein tidkrevjande søknadsprosess for å bli teke opp i unionen. I eit Catalonia som opp gjennom historia har vore meir vendt mot Europa enn resten av Spania, har dette ført til mykje diskusjon.

Mange katalanarar spør seg i dag om ein ikkje like godt kan halda seg utanfor EU, når ein ser kva problem unionen balar med. Delar av næringslivet, derimot, ottast at ein kan gå glipp av både marknader og støtteordningar viss ein blir ståande utanfor EU. Dette gjeld til dømes den store cava-produsenten Freixenet, med ein godt etablert marknad i utlandet, og forlaget Planeta, som gjev ut mange bøker på kastiljansk, det vi kallar spansk. Elles er representantar for næringslivet varsame med å uttrykkja seg offentleg, sett bort frå handelskammeret i Girona-provinsen nord i Catalonia, som har gått ut og støtta kravet om folkerøysting (Bosch 2017). FC Barcelona kom i vår med ei fråsegn der klubben går inn for folkerøysting.

Catalonia sitt diplomatiråd, Diplocat, har dei siste åra arrangert ei rad med møte i utlandet for å forklara suverenitetsprosessen. Katalanske politikarar og andre har like eins utveksla meiningar og informasjon med tilhengjarar av skotsk sjølvstende. Og før ein i den katalanske skulen sette ut i livet språkbadprogramma , studerte ein inngåande røynslene frå den kanadiske provinsen Quebec på 1960-talet. Språkbadprogramma, der katalansk blir nytta som allment undervisningsspråk, har vist seg å vera ein suksess og har vore sentrale i arbeidet med å utvida den sosiale bruken av og aksepten for katalansk.

Også spanske styresmakter fører sin propagandakrig. Dei er sjølvsagt redde for at andre regionar skal følgja katalanarane sitt eksempel. Dette gjeld spesielt Baskarland i nord, der ein så seint som på starten av 2000-talet hadde ein framstøyt som kunne ha enda med lausriving. På slutten av 2013 sende det spanske utanriksdepartementet ut eit skriv på 210 sider til alle sine 129 ambassadar og 92 konsulat rundt om i verda. Skrivet er eit motåtak frå spanske styresmakter på dei katalanske krava om nasjonalt sjølvstende og tek spesielt opp tema som internasjonal rett, EU-medlemskap og den spanske grunnlova når det gjeld katalansk suverenitet.

 

EIT FRITT CATALONIA?
Til vanleg blir nasjonar uavhengige ved at dei einsidig proklamerer seg uavhengige, eventuelt etter væpna kamp. Det særmerkte med den katalanske striden for nasjonal suverenitet er, for det første, at han har ein heilt fredeleg karakter, og for det andre at ein prøver å forhandla med motparten Spania. Catalonia sin kamp minner meir om den norske vegen til uavhengigheit.

Den katalanske identiteten står i alle høve så sterkt, og har så mykje støtte frå grunnplanet, at ein også etter 1. oktober må rekna med fridomskampen i Catalonia, under stadig nye og skiftande organisasjonsformer. Støtta frå katalansk ungdom borgar for at kampen held fram.

 

Kjelder
Bosch, Emma (2017). El teixit empresarial de la demarcació reafirma el suport al referéndum. El Punt Avui, Barcelona, 28.04.2017.

Fabra, Pompeu (1977). Diccionari general de la Llengua Catalana. Barcelona: Edhasa.

García-Ruiz, Salvador (2012). La Catalogne joue avec l’indépendance. Le Figaro, Paris, 15.10.2012 (http://www.lefigaro.fr/international/2012/10/15/01003-20121015ARTFIG00624-la-catalogne-joue-avec-l-independance.php) (teke ut 26.09.2014).

Gencat (2017). Delegacions del Govern a l’exterior (http://exteriors.gencat.cat/ca/ambits-dactuacio/afers_exteriors/deleg...) (teke ut 19.05.2017).

Hooper, John (1996). Los nuevos españoles. Madrid: Vergara.

La Vanguardia 16.03.2010. Origen de la sardana (http://www.lavanguardia.es/cultura/noticias/20091004/53796823169/) (teke ut 27.08.2013).

Noguer, Miguel (2013). La Generalitat usa su red en el exterior para impulsar el soberanismo, i El País, Madrid, 30.04.2013 (http://politica.elpais.com/politica/2013/04/29/actualidad/1367264504_540343.html) (teke ut 30.04.2013).

Nynorskordboka (2006). 4. utgåve. Oslo: Universitetet i Oslo, Språkrådet og Det Norske Samlaget.

Pérez, Fernando J. (2017). La última barrera del artículo 155. El País, Madrid, 07.07.2017 (https://politica.elpais.com/politica/2017/07/07/actualidad/1499448695_608819.html) (teke ut 10.07.2017).

Store norske leksikon (2017). legitimitet (https:snl.no/legitimitet) (teke ut 30.05.2017).

Vilar, Pierre (1981). Iniciación al vocabulario del análisis histórico. Barcelona: Grijalbo.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram