Frå Utgåve 3-17
Skrive av Carlo Aall

Hyttelivet er ikkje lenger berekraftig

Det norske hyttelivet er i endring – frå enkel og låg materiell standard til høg komfort og lettvinte løysingar. Korleis har denne utvikla vore, kva er miljøkonsekvensane av utviklinga så langt, og korleis kan vi snu utviklinga i ei meir berekraftig retning?

 

CARLO AALL (f. 1962) er forskingsleiar ved Vestlandsforsking og professor II i berekraftig utvikling, ved Høgskulen på Vestlandet. Han har publisert ei rad artiklar og undervist om berekraftig reiseliv og fritidsforbruk.

 

Mange tenker på den norske hytta som «eitt» fenomen. Samstundes representerer det norske hyttelivet fleire og ulike tradisjonar. Dels er det ei forlenging av den tradisjonelle stølen, anten direkte ved at tidlegare driftsbygningar i landbruket vart omgjorde til hytter, eller indirekte ved at nybygg i dag i ei eller anna nostalgisk drakt prøver å gjenskape ideen om den gamle stølen. Dels er det landstaden – gjerne større og meir luksuriøs enn den vanlege bustaden heime – som overklassa fekk bygt ein eller annan stad på landet for å kome nærmare naturen og vekk frå bylivet. Dels er det eit tiltak frå starten av 1900-talet der fabrikkeigarar og styresmakter fann det fornuftig å legge til rette for at også arbeidarklassa skulle få rimeleg tilgang til grøntområde med ei tilhøyrande (lita) hytte, konkret i form av kolonihagar i byane, hyttefelt i nærleiken av byane eller feriekoloniar.

 

STOR, STØRRE, STØRST

Bak dei ulike fysiske og materielle uttrykka av hyttefenomenet ligg også ulike forbrukstradisjonar (Rees, 2011; Johnsen, 2011). Det vi kan kalle stølstradisjonen, er gjerne knytt til ei førestilling om nøysemd, eit enkelt liv og til produksjon, der hyttelivet skulle kombinerast med det å plukke ville bær, fiske og jakte – ikkje ulikt det livet som støling faktisk innebar. Den kontinentalt inspirerte tradisjonen med «landstad» var langt frå ein slik tradisjon; her var det ikkje eit poeng å vere meir nøysam enn i kvardagslivet elles. Den tredje hyttetradisjonen – arbeidarklassehytta – fell på sett og vis i eit mellomsjikt. Gjennom at hyttene var små, så var dei heller ikkje eigna for stort materielt forbruk. Slik er hyttene til arbeidarklassa nærmare i slekt med dei materielle kåra på stølane enn med «landstadtradisjonen»; men nøysemd var ikkje eit poeng i seg sjølv. Også her var produksjon viktig, ved at hytta blei utgangspunkt for produksjon av frukt og grønsaker og slik bidrog til matauk for eigarane (noko som igjen skulle gje friske og meir produktive arbeidarar).

Desse ulike formene for hytteliv eksisterer framleis, samstundes som det har oppstått nye typar hytter og måtar å bruke dei på. Omforminga har skjedd langs to aksar – fortetting og oppgradering – og dette skjer dels som isolerte og dels som kopla prosessar. Stølar blir oppgraderte til hytter, område med spreidd hyttebygging blir fortetta, og enkle hytter blir oppgraderte til høgstandardhytter. I tillegg har det også oppstått heilt nye utbyggingsformer, karakterisert som moderne hyttelandsbyar og nye høgstandardhytteområde. Hyttelandsbyar viser seg i tett utbygging av relativt små hytter, i nokre tilfelle «hytteblokker» og «rekkehytter», medan høgstandardhytteområde har store hytter til mangfaldige millionar, men plasserte tett med små tomter.

Det å dra på hytta har tradisjonelt inngått i fritida. Samtidig har den norske hyttetradisjonen klare røter tilbake til arbeid og arbeidsliv. Dei aktivitetane vi utfører på og i tilknyting til hytta, er sterkt inspirerte av tidlegare tiders arbeidsoppgåver, som jakt, fiske, bærplukking og vedhogst. Det moderne hyttelivet har etter kvart òg fått innslag av det moderne arbeidet. Vi tar med oss PC og arbeidskameratar på hytta og bruker ho til både fjernkontor og fjernmøte. Grensene mellom fritid og arbeid er ikkje, og har i og for seg aldri vore, heilt glasklare.

 

HYTTEBRUK OG MILJØBELASTNING 

Det finst ingen offisiell statistikk som gjev eit samla oversyn over omfanget av eller miljøbelastninga frå fritidsforbruket, heller ikkje avgrensa til hyttebruk. I eit forskingsprosjekt avslutta i 2007 blei det gjort eit omfattande arbeid med å talfeste nordmenns fritidsforbruk (Hille ofl., 2007). Her blei fritidsforbruket – inkludert hyttebruk – målt på tre måtar: (1) tida brukt til aktiviteten, (2) kroner brukt på aktiviteten og (3) energibruken som aktiviteten utløyser, det vil seie direkte og indirekte energibruk målt på primært nivå – altså ved energikjeldene. Døme på «direkte» energibruk er forbruk av straum til å varme opp hytta, medan døme på «indirekte» energibruk er energi som går med til å byggje hytta. Sjølv om tala byrjar å bli gamle, er forholdet mellom dei ulike postane truleg om lag det same i dag, eventuelt med ein noko større del for «feriereiser» på grunn av ein vedvarande auke i flyreiser til utlandet.

 

Tabell 1: Nordmenns fritidsforbruk i 2005 (Hille ofl., 2007)

TJ = terajoule, MJ = megajoule

 

Fritidsaktivitet

Fordeling av forbruk, i prosent

Energibruk (TJ)

Energiintensitet (MJ)

Tid

Kroner

Energi

Stasjonær

Mobil

Sum

Per krone

Per time

Feriereiser

7

11

25

8 220

39 819

48 039

 2,53

59,75

Besøke slekt og vener

13

14

18

 -

35 718

35 718

 1,48

22,30

Elektronisk heimeunderhaldning (TV, data)

35

11

13

25 433

 -

25 433

 1,28

5,86

Hytter

11

8

9

13 067

4 488

17 555

 1,18

13,28

Hage og oppussing av bustad

2

10

9

17 130

 -

17 130

 0,93

56,81

Tradisjonelt friluftsliv

3

10

8

9 884

6 145

16 029

 0,93

47,71

Tradisjonell heimeunderhaldning

24

10

6

11 704

 644

12 348

 0,69

4,27

Idrett (delta, sjå på) og trening

2

4

5

5 861

4 233

10 094

 1,37

44,66

Ete ute

2

17

4

4 009

2 774

6 783

 0,22

22,61

Underhaldning «ute» (konsert, teater)

1

4

2

2 052

2 337

4 389

 0,56

38,60

Sum/snitt

100

100

100

97 360

96 158

193 518

1,09

15,82

 

Som det kjem fram i tabellen, nyttar vi mest tid – nesten 60 prosent av den samla fritida i 2005 – på heimeunderhaldning, med den nye forma for heimeunderhaldning, elektronisk underhaldning, som den største posten. Tida vi bruker på hytta, kjem på fjerdeplass, med 11 prosent. Om vi ser på forbruk fordelt på pengeforbruk, er det kafé- og restaurantbesøk som stikk av med den største pengepotten, medan dei andre kategoriane kjem relativt likt ut – med unntak for idrett og kulturell underhaldning, som kjem ut med det klart lågaste forbruket.

Når det gjeld energiforbruk, er det feriereiser som står for den største delen av forbruket, noko som kjem av det store innslaget av dei svært energikrevjande flyreisene vi gjer til utlandet. Reise til slekt og vener har også eit stort energiforbruk, også det på grunn av flyreiser. Det er kanskje noko overraskande at elektronisk heimeunderhaldning kjem så høgt opp – og faktisk fører med seg eit større energiforbruk enn hytter. Feriereiser er også den mest energiintensive forma for fritidsforbruk, anten vi måler i energiforbruk per krone eller per time. For hytter er energiintensiteten målt i energibruk per krone noko høgare enn gjennomsnittet og noko lågare målt i energibruk per time. Generelt har fritidsforbruket i Noreg endra seg langs fire aksar dei siste tiåra:

 

Det aukar meir enn resten av det private forbruket målt i både kroner og fysiske einingar.
Det er dei mest energiintensive formene for fritidsforbruk som aukar mest.
Fritida har blitt meir transportintensiv.
Fritida har også blitt meir «tingintensiv» (tenk berre på kor mange ulike typar ski folk har no).

 

Energibruken knytt til hytteliv er sett saman av fire postar: bygging, vedlikehald, drift og reiser til og frå hytta. Den første posten omfattar energibruk til å produsere bygningsmateriale (spikar, tømmer og måling) og det å sette opp hytta (køyring av materiale, graving av tomt med meir). Den andre posten omfattar energibruk til vedlikehald, som til dømes å tette taklekkasje, måle hytta kvart 10. år. Den tredje posten gjeld i hovudsak oppvarming av hytta, medan den fjerde seier seg sjølv.

Energibruken fordeler seg prosentvis slik: bygging: 14 prosent, vedlikehald: 27 prosent, drift: 38 prosent og reiser til og frå: 22 prosent.

 

STØRRE HYTTER

I 1973 hadde 18 prosent av dei 1,4 millionar hushalda i landet fritidshus, det vil seie om lag 250 000 hytter. Ved utgangen av 2016 var talet 455 768. I same periode har den gjennomsnittlege storleiken på hytter auka frå om lag 50 m2 til noko over 60 m2. Det inneber at det samla bruksarealet med hytter i Noreg er meir enn dobla på under 50 år, frå om lag 12 500 000 m2 til om lag 30 000 000 m2. 

Det er rimeleg å tru at energibruken knytt til det å bygge, drive og vedlikehalde hyttene har auka meir enn den prosentvise endringa av hyttearealet, først og fremst fordi standarden på hytta, og dermed også energiforbruket til drifta, har auka. Ei gransking frå 2004 fann ut at straumforbruket i hytter auka med 35 prosent mellom 1994 og 2001 (Gurigard, 2004). Storparten av auken kom av at mange hytter hadde fått innlagt straum, og at mange av dei nybygde hyttene hadde meir energikrevjande utstyr. Ein analyse gjort av Noregs vassdrags- og energidirektorat i 2007 viste at samla elektrisitetsforbruk i hytter hadde auka med 34 prosent frå 1998 til 2005. I same periode auka talet på hytter med 10 prosent (Wahl, 2007).

Energibruken til hyttereiser har truleg også auka sidan 1970-talet, særleg fordi det har blitt fleire privatbilar – og dermed auka køyrelengd med bil, også for køyring til hytta. Samla er det rimeleg å tru at energibruk knytt til hytter har auka i storleiken 100–150 prosent sidan starten av 1970-talet, eit tal som står i sterk kontrast til endringa i resten av energibruken i samfunnet. Noregs vassdrags- og energidirektorat rekna i 2015 ut at den samla energibruken i Fastlands-Noreg har auka med om lag 40 prosent sidan 1970-åra.[1]

Tal frå Statistisk sentralbyrå sin byggearealstatistikk viser at den gjennomsnittlege storleiken på nybygde bustader og hytter har nærma seg kvarandre. På starten av 1980-talet var ein gjennomsnittleg bustad om lag 170 m2, medan ei hytte var om lag 60 m2. I dag er desse tala høvesvis om lag 130 m2 og 85 m2. Forskjellane mellom bustad og hytte har med andre ord minka i denne perioden, frå 110 m2 til 45 m2, slik at nye bustader i dag berre er 1,6 gonger større enn hytter, mot 2,8 gonger for 40 år sidan. Ei tilsvarande utvikling ser vi av kva vi er viljuge til å betale for ei hytte. Ei utskrift av alle dei bustader og hytter som låg ute på finn.no den 1. august 2017, viser at ein bustad i snitt berre ligg om lag 65 prosent høgare i pris enn ei hytte. Våre «hytter» er dermed i ferd med å utvikle seg i pris og storleik til det som er den internasjonale fagterminologien for «fritidsbustader», nemleg «second home». Forskjellen mellom hus og hytte er i ferd med å bli viska ut.

 

FRÅ KRAFTIG TIL BEREKRAFTIG HYTTELIV?

Over har eg avgrensa meg til å drøfte energiforbruk. I tillegg kjem miljøkonsekvensar knytte til nedbygging av areal til sjølve hyttetomta, til vegar og til kraftliner inn til hytta. Energibruk kan likevel fungere som ein god indikator på dei samla miljøkonsekvensane av hyttelivet. Aukar terrenginngrepa frå hyttebygging, aukar også den samla energibruken. Så er spørsmålet: Kan vi dreie ei slik utvikling i ei meir berekraftig og miljøvenleg retning? Kva skal i tilfelle til for å få det til? Og ikkje minst: Korleis kan norsk hytteliv sjå ut i ei verd med tilnærma null utslepp av klimagassar? 

Det er to svar på desse spørsmåla: eitt enkelt og eitt komplisert. Vi kan ta det enkle først. Miljøbelastninga i form av energiforbruk frå hyttelivet må reduserast. FNs klimapanel har sagt at skal verda halde seg under eit mål om maksimalt to grader auke i den globale middeltemperaturen samanlikna med førindustriell tid, ja, så må dei globale utsleppa av klimagassar vere tilnærma null innan utgangen av dette hundreåret. Skal vi klare det, må også energibruken gå ned; det er ikkje mogeleg innan den korte tidsfristen å erstatte all fossil energibruk i dag med miljøvenleg fornybar energi (Aall, 2014). Dette inneber at den relative miljøbelastninga – altså per hytte – må reduserast, til dømes ved at oppvarming i størst mogeleg grad må skje gjennom bruk av ved; hytter må i størst mogeleg grad vere sjølvforsynte med straum frå sol eller vind; hytteavfall må kjeldesorterast, og kommunar må leggje til rette for at transport til og frå hytta i langt større grad enn i dag kan skje med kollektiv transport – eller i alle fall med el-bil.

Men truleg må også den absolutte miljøbelastninga reduserast – altså må omfanget av hytter avgrensast. Viss vi legg stor innsats inn i å redusere energibruken per hytte eller per kvadratmeter hytte og får ned den samla energibruken frå hyttelivet, så kan vinninga lett gå opp i spinninga viss vi held fram med å auke talet på hytter og storleiken på dei. Aktuelle tiltak for å oppnå ein absolutt reduksjon i miljøbelastninga kan vere å innføre nasjonale føringar på storleik ved nybygging av hytter, etter mal av det som tidlegare gjaldt for husbankfinansiering av private bustader, innføre same krav til energibruk som dagens krav til energibruk for bustader, eller, mest dramatisk, å innføre stans i hyttebygging. Andre tiltak kan vere nasjonale krav om utbygging av kollektivtransporttilbod ved lokalisering av nye hytteområde, slik det i dag blir gjort ved etablering av nye bustadområde.

Men hytteliv kan også vere eit verkemiddel i miljøkampen – og det er her det byrjar å bli komplisert. Nøkkelen her er at fritidsforbruket står for om lag 25 prosent av det samla energibruket som blir utløyst av ditt og mitt forbruk (Hille mfl., 2007); det vil seie at det er kvardagsforbruket som er den største forbruksposten. Om vi difor kan lære oss eit meir miljøvenleg forbruk på fritida, og så ta dette med tilbake i kvardagen, så kan effekten av eit miljøvenleg hytteliv i teorien bli tredobla. Viss vi på hytta kan «lære» å ete lokalmat, lage maten frå botnen av i staden for å varme opp ferdigmat, ta i bruk solcelleanlegg og ta på oss genser i staden for alltid å auke temperaturen på varmeomnen, så kan det oppstå ein teoretisk tredoblingseffekt viss vi også finn mekanismar som gjer at vi tar med oss forbruksvanane «heim».

Det er to hovudutfordringar med å få til ein miljøvenleg hyttepolitikk som skal bidra til å løyse klimaproblema. 

For det første: Norsk energipolitikk er i svært liten grad kopla til klimapolitikk – eller som dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) uttala i eit intervju 1. desember 2011 til Dagens Næringsliv: «… åpning av nye felt eller utvinningstakten på eksisterende brønner vil ikke styres av hensynet til klimaet». Norsk energipolitikk dreier seg i hovudsak om å utvinne fossil energi – og i svært liten grad om korleis vi skal erstatte fossil med fornybar energi, og i endå mindre grad blir spørsmålet om å spare energi prioritert (Aall, 2014). For hytter er det meir aktuelt å diskutere tilkopling til nettstraum enn sparing av energi. Noreg kjem godt ut internasjonalt i utslepp av klimagassar knytt til innanlands forbruk av energi, fordi vi har så mykje vasskraft. Men vi ligg også på topp når det gjeld energibruk per person.

For det andre: Fritida er i stor grad verna mot inngrep frå norsk miljøpolitikk. Når du har «fri» frå arbeidet, skal du også få «fri» frå miljøpolitikken. I den grad privat forbruk er omfatta av miljøpolitikken, er det kvardagsforbruket som blir ramma. Bompengar, parkeringsrestriksjonar, energikrav til bustader, kjeldesortering av søppel, ladepunkt for el-bilar ved arbeidsplassar og styrking av kollektivtransport for pendlarar er alle eksempel på dette.

Skal hytter kunne bli eit verkemiddel i miljøkampen, inneber det difor at energi- og klimapolitikken må bli eitt, og at fritida også må omfattast av miljøpolitiske mål og verkemiddel. Så langt er desse koplingane fråverande i norsk politikk. 

 

Kjelder

Borchsenius, C.H. (1998). Livsløpsvurdering av bolig. Publikasjonsnummer OR.59.98. Fredrikstad: Stiftelsen Østfoldforskning. 

Gurigard, K. (2004). Energi- og miljøriktig fritids- og turistutbygging. Faglig sluttrapport. Drammen: Buskerud fylkeskommune. 

Hille, J., Aall, C., Klepp, I.G. (2007). Miljøbelastninger fra norsk fritidsforbruk – en kartlegging. VF-rapport 1/07. Sogndal: Vestlandsforsking. 

Johnsen, T.K. (2011). Med barn på hytta – energikrevende rekreasjon. I H.J. Gansmo, T. Berker, F.A. Jørgensen (2011), Norske hytter i endring. Om bærekraft og behag. Trondheim: Tapir, s. 75–91. 

Rees, E. (2011). «Det egentlige Norge» – hytter i norsk litteratur, ca. 1814–2005. I H.J. Gansmo, T. Berker, F.A. Jørgensen (2011), Norske hytter i endring. Om bærekraft og behag. Trondheim: Tapir, s. 23–37. 

Wahl, T.S. (2007). Energibruk i hytter – dramatisk vekst. I T.A. Johnsen, Kvartalsrapport for kraftmarkedet 2. kvartal 2007, Oslo: Norges vassdrags- og energiverk (NVE). 

Aall, C. (2011). Hyttebruk og miljø: ein arena for nøysomhet eller overforbruk? I H.J. Gansmo, T. Berker, F.A. Jørgensen (2011), Norske hytter i endring. Om bærekraft og behag. Trondheim: Tapir, s. 107–125. 

Aall, C. (2014). Fornybareventyr eller forbruksmareritt? Om nødvendigheten av et lavenergisamfunn. Plan, 3–4/2014, s. 67–73.

 

Notar

[1] https://www.nve.no/energibruk-og-effektivisering/energibruk-i-norge/

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram