Frå Utgåve 4-16
Skrive av Lizette Gradèn

Draktsamlingar som inspirasjon eller rettesnor?

Å kle seg i tradisjonell drakt eller bunad er ei medviten handling, og ein skikk som menneske følgjer over heile verda. Men korleis blir folkedraktene brukte av moderne menneske – i dag?

 

Den tradisjonelle drakta kan markere eit skilje mellom kvardag og fest. Tradisjonelle drakter blir brukte ved høgtider og framsyningar, men også i formidling av ein tekstil kulturarv til dømes i samlingane på Nordiska museet og på folkemuseum som Skansen, båe i Stockholm. Kring 1900 gjekk institusjonar som desse i bresjen for å samle inn, bevare og vise fram det ein då oppfatta som eit Sverige på veg til å bli borte.

Skansen og Nordiska museet er som alle museum politiske i den betydninga at dei speglar samtidige ideal og har mange lag med kulturarv som dei skal forvalte og dele med omverda. Som ein kulturell møteplass har Skansen, med si musealisering av kulturelle draktuttrykk, inspirert forvaltarar av kulturarven, også internasjonalt. Blant slike forvaltarar finn vi folkemuseum, folkedanslag, designarar og dei som nyttar folkedrakter i områda vi ofte kallar Svensk-Amerika, bygder i USA som blei grunnlagde av svenske immigrantar mot slutten av 1800-talet og seinare, altså samstundes med at Skansen og Nordiska museet blei grunnlagde.

I denne artikkelen nyttar eg case-studiar frå Svensk-Amerika for å nærme meg meir omfattande prinsipp når det gjeld spørsmål om autentisitet, svenskdom og tradisjonelle drakter – jamført med korleis draktene blir framstilte på Skansen og Nordiska museet. Kva skjer med den tradisjonelle draktskikken når han blir flytta frå ein stad til ein annan? Korleis blir draktene nytta og tolka, og på kva måtar tillèt ein at dei blir forandra? Kven nyttar folkedrakt i dag, og når blir ho nytta?

Omgrepet autentisitet får oss til å tenkje på noko ekte – ei bestemt utgåve som blir rangert høgare enn andre. Denne artikkelen handlar ikkje om å definere kva som er autentisk i ein draktsamanheng, men om å klargjere kven som treng autentisitet, kvifor det trengst, og korleis det blir framheva. Inspirert av Regina Bendix’ studiar av korleis autentisitet til ulike tider har blitt utforma, vil eg gjere greie for korleis førestillingar om noko autentisk svensk blir skapte gjennom bruk av tradisjonelle drakter og nytta av institusjonar, grupper og folk i Sverige og USA. For ein som nyttar folkedrakt i Amerika, kan det viktigaste vere opplevinga av at det er noko autentisk, snarare enn kunnskap om kor gammal drakta er, eller detaljar, utforming og geografisk opphav – som dei svenske museumsinstitusjonane har vore opptekne av.[1]

KLEDE ER LAGA AV KROPPAR FOR KROPPAR, OG IBLANT FOR MUSEUMSUTSTILLINGAR SOM VISER FRAM DRAKTKLEDDE KROPPAR SOM VITJANDE KROPPAR SKAL SJÅ. UTAN KROPP BLIR DRAKTA UFULLSTENDIG, HO BLIR TOM OG UTAN RØRSLE.

Som eg også har vist i forskinga mi, har dei som nyttar og dei som syr drakter i USA, ofte funne førebilete til sine drakter i draktbøker frå Nordiska museet, der draktene blir viste fram som stadtypiske, og frå utstillingar på det same museet og i miljøa på Skansen. Også i dag legg Nordiska museet vekt på at draktene i samlinga deira er autentiske. Og i utstillinga Modemakt er det særleg drakter frå Leksan, Delsbo og Vingåker som blir framheva. I ein av tekstane til utstillinga les vi:

«Då interessa for drakter vaks på 1900-talet, fekk Nordiska museet stadig oftare rolla som formidlar av dei autentiske folkedraktene i skrift, bilete og eksempel. Det var ikkje alltid lett å gjenskape eit plagg etter ei teikning dersom ein ikkje hadde erfaring, og resultatet av det var mange misforståingar. Då dei laga knebuksene frå Leksand til utstilling, nytta dei berre bilete som utgangspunkt for rekonstrueringa. Derfor er strømpebanda sydde fast nedst på buksa. I den tradisjonelle drakta blei dei knytte under kneet for å halde strømpene oppe[2]

Museet si rolle som forvaltar av kulturarven gjer at dei ofte blir oppfatta som regulerande og fastlåst i tida rundt 1900, medan draktskikken utanfor museumsveggane forandra seg.[3] Måten museet framstiller draktene sine på, stemmer med tesen til Clifford Geertz om at det er når draktene blir kopierte, at originalen oppstår.[4] Jo fleire versjonar som blir til av ei drakt, jo meir lada blir omgrepet autentisitet.

 

Rom, stad og den lekamleggjorde kulturarven

Å kle seg er noko vi gjer kvar dag, og noko vi deler med dei fleste menneske i verda. I nokre tilfelle får mote og tradisjonell drakt ei spesiell betydning. Klede er laga av kroppar for kroppar, og iblant for museumsutstillingar som viser fram draktkledde kroppar som vitjande kroppar skal sjå. Utan kropp blir drakta ufullstendig, ho blir tom og utan rørsle, slik motevitarane Joanne Entwistle og Elisabeth Wilson skriv. Tradisjonell drakt – som klede i det heile – eksisterer såleis i eit spenn mellom sosiale og kulturelle samanhengar. Å ha på seg folkedrakt er, med andre ord, å ferdast i grenselandet mellom den personlege opplevinga og tolkingane til andre.

Korleis tradisjonelle drakter blir nytta, kan derfor vise korleis museumsinstitusjonar, grupper og enkeltpersonar materialiserer immaterielle verdiar og korleis dei er med å skape kategoriar som etnisitet og klasse. I ei stadig meir globalisert verd uttrykkjer draktene førestillingar om nasjonal, regional og lokal identitet, samstundes som ho koplar saman enkeltpersonar, slekter og andre fellesskap. Då Artur Hazelius (1833–1901) på 1870-talet byrja si musealisering av Sverige, valde han draktdelar frå Stora Tuna i Dalarna som uttrykk og bilde på eit regionalt opphav i den folkelege kulturen. Draktene var ryggrada i «Skandinavisk-etnografiska samlingen», som blei stilt ut i eit lokale i Drottninggatan i 1873.

Dei gongene Skansen i dag vel å kle museumsformidlarane sine i tradisjonelle svenske drakter, held dei enno ved like og gjenskaper denne førestillinga, den gongen uttrykksformene frå Dalarne stod i sentrum. På Hazelius’ tid var husvertane på Skansen rekrutterte frå landsbygda, dei snakka dialekt – og nytta drakter frå sin eigen region. Ei liknande gjenskaping av kropp og stad skjer når individ og familiar i Sverige i dag donerer folkedrakter dei ikkje nyttar, til klessamlinga på Skansen. Gåvene består av drakter med tilknyting til visse stader, noko som stadfestar førestillinga om at det er ein samanheng mellom familietilhøyrsle og geografisk opphav. Og når draktene og historia blir bevarte for framtida, tek også brukarane av draktene plass i historieskrivinga. Den som er synleg på museum, finst.

 

Skansen, filantropi og autentisitet

Skansen blei grunnlagd i ei tid med store samfunnsendringar. Standssamfunnet var oppløyst, dei nye nasjonane vaks fram i Europa, og stadig fleire flytta frå bygda og til byen. Samstundes oppstod eit sterkt ønske om å dokumentere og samle inn historier, tradisjonar, minne og gjenstandar som var i ferd med å gå tapt. Gjennom å gi det gamle Sverige nytt liv som kulturarv på ein institusjon skapte ein samstundes biletet av eit progressivt Sverige med styrkt demokrati og økonomisk vekst. Urbanisering og migrasjonsprosessar kan sjåast som føresetnader for at miljø som Skansen og andre kulturhistoriske samlingar tok til å vekse fram. Ein av dei store innvandringsperiodane til Sverige fall saman med industriutviklinga på 1800-talet – paradoksalt nok samstundes med at mange svenskar braut opp og forlét heimlandet for å emigrere til Amerika.

Hazelius viste allereie på 1860-talet interesse for allmugekulturen i Sverige, og då først og fremst for tradisjonelle drakter, eller folkedrakter, som han valde å kalle dei. At drakta fungerte som eit symbol ved museumsinstitusjonane, og var mest verknadsfull når ein tok ho i bruk, merka Hazelius seg òg då han grunnla Skansen. Rundt om i stovene på museet arbeidde draktkledde tilsette, og tradisjonane blei formidla gjennom praktiske handlingar som forteljing og ulike syslar. Då Hazelius gav det svenske bondesamfunnet nytt liv på musea, var altså bunaden og folkedraktene eit sentralt verkemiddel.

Skansens lekamleggjering av førestillinga om det typisk svenske har blitt stadig meir politisk lada i Sverige. Eit tydeleg døme på dette er det som skjedde under ei gudstenest i Storkyrkan i samband med den offisielle opninga av Riksdagen i 2010, då leiaren av Sverigedemokraterna, Jimmi Åkesson, og kona hans, hadde på seg høvesvis folkedrakt frå Blekinge og den såkalla sverigedrakta. Draktene i seg sjølve var ikkje kontroversielle, og folkedrakter var blitt nytta ved ei rekke tilsvarande seremoniar opp gjennom åra. Men dei fekk nytt innhald då partileiinga i Sverigedemokraterna reiste seg opp og marsjerte ut av kyrkja då biskop Eva Brunne i preika tala positivt om eit fleirkulturelt Sverige og gjekk ut mot framandfiendskap.[5] Sverigedemokraterna blei valde inn i Riksdagen som eit klart innvandringskritisk parti. At representantane skifta frå bombarjakker til folkedrakter, har derfor skapt uvisse om korleis ein kan tolke bruken av folkedrakter, og kva plass – kva type «plassbunden» kjensle, oppleving eller identitet – desse folkedraktkledde kroppane formar når dei agerer saman. Tilsvarande er det skapt eit nytt ordskifte om innhaldet som blir tilskrive det å bruke ei tradisjonell drakt.

 

Folkedrakt og mobilitet

Når ei tradisjonell drakt frå Sverige blir nytta i USA, er ho derimot dynamisk og foranderleg. Som eg har vist i tidlegare studiar, har svenske folkedrakter i amerikansk stil ei grunnform vi kjenner att som folkedrakt, men elles kan drakta variere mykje i stoffkvalitet, fargar og mønster. Det er òg ei klar kopling mellom folkedrakt og mote. Sjølv om svenske folkedrakter blir nytta på liknande vis i USA som i Sverige, er det delte oppfatningar om korleis ei drakt skal lagast og nyttast i ulike samanhengar. I USA har svensk-amerikanarar og andre med nordisk opphav laga sine eigne drakttradisjonar iallfall sidan slutten av 1800-talet. Inspirasjon har dei henta frå drakter immigrantar hadde med seg, og frå drakter som er sydde i USA – og frå svenske postkort frå Dalarna, Skåne, Värmland og Sameland. Resultatet er ein draktskikk som kan vere påverka av både lokale, regionale, nasjonale og transnasjonale trekk. Ofte overlappar dei.

I EI STADIG MEIR GLOBALISERT VERD UTTRYKKJER DRAKTENE FØRESTILLINGAR OM NASJONAL, REGIONAL OG LOKAL IDENTITET, SAMSTUNDES SOM HO KOPLAR SAMAN ENKELTPERSONAR, SLEKTER OG ANDRE FELLESSKAP.

Dei siste tjue åra har det vore populært å bruke historia, og mange bunadstilverkarar i Svensk-Amerika har nytta seg av draktbøker, nettsidene til foreiningar og museum, og dei har vitja Skansen, Nordiska museet og andre museum som stiller ut draktsamlingar. Men også samlingar som er bygde opp i USA, har hatt innverknad på korleis draktskikken har utvikla seg utanfor musea. Draktsamlingar finn vi i Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah i Iowa, hos The American Swedish Institute i Minneapolis i Minnesota, og i The Nordic Heritage Museum i Seattle i Washington. Samlingane her byggjer på gåver frå etterkommarar til første- og andregenerasjons immigrantar og inneheld drakter som av ekspertar ved Nordiska museet og Skansen Klädkammare er blitt klassifiserte som autentisk svenske i den forstand at dei er laga i Sverige, er sydde for hand og tilfredsstiller det som blir definert som museale standardar. Til samanlikning er brorparten av draktene som blir nytta i Svensk-Amerika, utvikla parallelt med migrasjonsmønsteret. Desse draktene viser at tradisjonelle drakter blir meir og meir individualiserte. Å «kle seg svensk» i ein amerikansk kontekst betyr å ta i bruk tradisjonen som ein identitetsmarkør på ein annan måte enn det ein gjer i Sverige. I Svensk-Amerika blir tradisjonen halden oppe gjennom mangfald og gradvis endring.

Kvar går grensene for kor mykje ei drakt kan forandrast? Draktskikken i urbane område som Seattle og Minneapolis skil seg frå draktskikken i Lindsborg i Kansas. Den lokale tradisjonen for å lage og nytte drakt er her dynamisk, og kunnskapen blir delt på tvers av generasjonane. I USA – der det elles er regelen heller enn unntaket at ein flyttar for å studere og jobbe – er Lindsborg eit unikt unntak. Mange familiar blir buande på gardane forfedrane deira bygde då dei innvandra til USA. Men også Lindsborg er, i likskap med Seattle, prega av nyare innvandring frå Sverige og av jamleg utveksling med svenske institusjonar.

 

Korleis kuratorar skaper kulturarv

Ei mykje utbreidd oppfatning sjølv i dag er at folkedrakter blei nytta på bestemte stader til bestemte tider – ei oppfatning som tok til å forme seg i samband med store innsamlingar som Artur Hazelius og medhjelparane hans gjennomførte på slutten av 1800-talet. Blant kuratorar på museum blir termen «folkedrakt» nytta som samlenemning for klede med eit distinkt lokalt eller regionalt preg, og «folkeleg drakt» blir nytta om dei draktene som er påverka av samtidige motar. Sverigedrakta – eller nasjonaldrakta – fekk breitt gjennomslag då dronning Silvia nytta ho på nasjonaldagsfeiringa på Skansen i 1983, og er eit alternativ for dei som ikkje vil nytte tradisjonell folkedrakt. Sverigedrakta blei laga av Märta Jörgensen i 1902 etter at ho hadde flytta frå Stockholm til Falun og der, som draktlaus, hamna i ein slags utanforskap. Termane landskapsdrakt, soknedrakt og heradsdrakt blir ofte nytta om drakter som blei laga av husflidsrørsla, heimbygdrørsla og historiske foreiningar i første halvdel av 1900-talet. Som arvtakar til Artur Hazelius tok kuratorar ved Nordiska museet og Skansen på seg oppdraget – med bakgrunn i samlingane – å formidle kunnskap om folkedrakter som eit sosialt, økonomisk og kulturelt uttrykk. Det at draktene vart kategoriserte med ulike termar, skapte òg ei oppfatning av at statusen til draktene var avhengig av opphavet.

I amerikansk samanheng er ordskiftet om «rett og gale» eller «ekte og uekte» langt ifrå like problematisk som det har vore i Sverige. Det vekkjer på langt nær dei same kjenslene som draktforskar Ulla Centergran skildrar i ein studie av bygdedrakter og draktbrukarar i Sverige, eller dei reaksjonane som museumskurator ved Nordiska museet Berit Eldvik gjer greie for i ein studie av folkedraktbruken på Sollerön, der «viljen til å skape ein sokneidentitet har medverka til å gjere drakta meir uniform og statisk». Som kurator utsend frå Nordiska museet trekkjer ho her konklusjonen at «ein utanforståande ikkje kan representere ei bygd berre ved å nytte folkedrakta derifrå», men at ein må ha ei djupare tilhøyrsle. Medan Anna-Maja Nylén, også kurator ved Nordiska museet, har vist korleis drakter kan flytte på og oppløyse sosiale grenser, viser studien til Eldvik at avgrensingane for tilhøyrsle kan ha blitt styrkte. Kuratorane ved musea bidreg altså til å skape autentisitet gjennom musealisering – gjennom å velje ut, samle inn, katalogisere, kontekstualisere, bevare, ta vare på og vise, medan brukarane skaper og nyskaper autentisiteten kontinuerleg gjennom kunnskapsoverføring i produksjon – og berre ved å ha på seg drakta.

Nordiska museet har hatt spesielt mykje å seie for korleis folkedraktene blir oppfatta. Då Hazelius etablerte den skandinavisk-etnografiske samlinga si, som opna i 1873, var ho basert på eit utval drakter. I ein brosjyre som blei publisert same år, instruerte han innsamlarane om å særskilt leite fram «ekstraordinære drakter for festlege høve» når dei samla inn og kategoriserte drakter for museet si rekning. I ettertid kan ein trygt påstå at vektlegginga av det ekstraordinære i folkedraktene har hatt ein langsiktig effekt. For det første erkjende ein aldri den såkalla «trickle down»-effekten, sjølv om aspekt ved klesvanane til det europeiske aristokratiet, til dømes kamgarnsstoff, også nådde bøndene på landsbygda. For det andre blei tradisjonelle drakter definerte innanfor ramma av det Hazelius hadde samla, i tråd med 1800-talsnormene. For det tredje kan vi, med tanke på at Hazelius interesserte seg for unike drakter med lokalt preg, anta at mange drakter med kvardagsleg preg aldri blei samla inn. Såleis framstår samlinga ved byrjinga av 2000-talet som svenskare enn Sverige.

 

Svenske drakter i Lindsborg

Omgrepet autentisitet – og det mangetydige ved det – blir diskutert av kvinnene som syr folkedrakter i Lindsborg på 2000-talet. Dei spør seg om ei folkedrakt som er laga i USA, er meir autentisk enn ei T-skjorte som er designa og produsert i Sverige, eller om eit forkle sydd av ein svenskamerikanar er meir autentisk enn eit som ikkje har svensk opphav. Saman drøftar dei om att og om att eit spørsmål om materiell kultur som har engasjert folkloristar, etnologar, kuratorar og studentar lenge, nemleg om eigenarten til ein gjenstand ligg i gjenstanden sjølv, eller om han er knytt til staden der gjenstanden er laga, eller detaljkunnskapen til handverkaren.

Då eg gjorde feltarbeid i Lindsborg mellom 1996 og 2011, var det materiale, tekstilkvalitetar, fargar, saumar og enkeltplagg som blei grundigast granska av dei som laga mønster til, sydde og nytta drakter. Vestar til mannsdrakter, laga i oransje polyester på 1960-talet, skapte lattersalvar og blei sorterte vekk til fordel for vestar i stripete bomullsstoff i ulike grøne og blåe nyansar. Skjørt med sikksakkband var vanlege på 1970-talet og blei på 1980-talet erstatta med skjørt i tynt ulltøy i einsfarga mørkeblått, gult og raudt. Nokre var dekorerte med blomstrete ullbroderi, inspirerte av drakter frå Dala-Floda dei hadde sett på bilete frå Skansen, og av broderte, nålebundne vantar frå Dalby som ein person på vitjing i ein vennskapsby i Värmland hadde teke med seg heim til Kansas. Nett som kulturarv kan autentisitet sjåast som ein tidbunden konstruksjon, ein måte å produsere kultur på, der formålet er å representere det fortidige.

I AMERIKANSK SAMANHENG ER ORDSKIFTET OM «RETT OG GALE» ELLER «EKTE OG UEKTE» LANGT IFRÅ LIKE PROBLEMATISK SOM DET HAR VORE I SVERIGE.

Mellom bøkene som sirkulerte mellom kvinnene i Lindsborg, finn vi Inga Arnö-Berg og Gunnel Hazelius Bergs Folk Costumes in Sweden: A Living tradition (1976) og Anna-Maja Nyléns Folkdräkter ur Nordiska museets samlingar (1949/1971). Begge desse er skrivne av kvinner som hadde arbeidd som kuratorar ved Nordiska museet og Skansen i lang tid. Desse bøkene fekk roller som både rettesnor og inspirasjon.

Rättviks-drakta blei ein gong lansert som den autentiske svenske folkedrakta på verdsutstillingar, på varehuset Nordiska kompaniet og i andre kommersielle samanhengar der Sverige blei marknadsført mot eit internasjonalt publikum. Men til skilnad frå draktene som var blitt sydde på 1940-talet, var det få drakter på 1990-talet og byrjinga av 2000-talet som viste spor av Rättviks-drakta. Under Svensk Hyllningsfest i Lindsborg i 2011 – ein tredagars festival som blir feira annakvart år – var det ingen som brukte denne drakta, men ein kunne framleis låne ho frå det såkalla draktoteket eller draktbanken, som tek imot drakter folk ikkje lenger nytta. Draktbanken minner nærmast om Skansens Klädkammare, men ber preg av ei meir fleksibel oppfatning av korleis ei drakt er komponert, ved at draktdelar kan lånast og kombinerast etter smak. Dette viser korleis folkedrakter har endra status frå lokal og regional i Sverige til å bli nasjonale symbol internasjonalt, og vidare til å vere lokale eller personlege uttrykksformer også i amerikansk samanheng. Trass i dette var kvinnene som sydde drakter i Lindsborg, heilt samde om at folkedrakter skulle ha ei viss utforming som gjekk langt attende i tida, med livstykke, serk og skjørt for kvinner og vest, skjorte og knelange bukser for menn.

Når desse formene blei utfordra, kom også grensene tydelege fram. Dei draktkledde kroppane blei då gjenstand for diskusjonar om etnisk tilhøyr, mangfald og bustad. Kanskje er det fleire likskapar mellom ein moderne og levande draktskikk i USA og dei variantane som var i bruk i Sverige før dei blei konserverte og fastfrosne gjennom dei avgrensa samlingane til Hazelius og etterfølgjarane hans. Når samlingane dannar referanseramma for forma på folkedraktene, kan det både avgrense handlefridommen og utvide han. La oss sjå kva som har skjedd i Svensk-Amerika.

 

Framsyningsdrakt i Svensk-Amerika

I ein trong artistgarderobe på Folklife Festival i Seattle i 2012 spurde ei kvinne som var på vitjing frå Noreg, iført setesdalsbunad, korleis ei kvinne i det lokale folkedanslaget Skandia ville skildre drakta si. Skandia-kvinna svinga på det vide, svarte skjørtet, kanta med raudt silkeband og brodert med ullblomar, og utbraut: «Oh, this is a Ballard bunad. It’s from here.» Eg sat i nærleiken og spurde kva ho meinte med «from here». I feltnotata mine les eg seinare: «My mother made it in the 1960s based on bunads and costumes from Bergen, Ålesund and Arvika, areas where her folks, my grandparents, came from.» Fleire kvinner i folkedanslaget Skandia, stifta i Seattle i 1940, lo og nikka. Her framheva ein stad eller sokn framfor region eller land, og ei av dei påpeika òg at ein norsk bunad, som då berre representerer éin av fleire moglege stader i Norden, blir ei veldig dyr investering. Kva område skulle ein velje når slekta kom frå ulike stader? Ei samansetjing av plagg med inspirasjon og innslag frå fleire ulike stader var ei god løysing, resonnerte fleire.

Tanken om assemblage – samansetjing, komposisjon – fann eg òg hjå fleire eg arbeidde med i Minnesota. Ei av dei, Charlotte, omtaler samlinga av drakter i heimen som uttrykk for den nordiske identiteten sin. Når ho viser meg kolleksjonen i heimen sin i Minneapolis, kategoriserer ho draktene etter bustaden til sydama: draktene som mor hennar i Fargo i North Dakota har sydd, til skilnad frå dei ho har bestilt frå designarar og sydamer ulike stader i Midtvesten i USA. Ho omtaler desse som skandinavisk-amerikanske folkedrakter. Til skilnad frå dei har ho ein bunad frå Hardanger og ei folkedrakt frå Norra Råda i Värmland. Begge desse kjem frå familien hennar, som emigrerte til USA på slutten av 1800-talet. Det var «før unionsoppløysinga og samstundes med at Folkemuseet og Skansen blei grunnlagde», seier ho, kanskje for å vise at ho kjenner til korleis tradisjonelle drakter ofte blir kategoriserte i Norden. Særleg viktig for Charlotte er ei sliten nasjonaldrakt i raudt, gult og blått som ho fekk av vertsmora si då ho var utvekslingsstudent i Rättvik på 1980-talet. Denne drakta, handsydd i fin ull, kan ha blitt sydd etter mønsteret til Märta Jörgensen frå 1902. Fargesetjinga signaliserer eit Sverige før unionsoppløysinga.

Charlottes døme viser at ho har kulturell draktkompetanse. Ho skil mellom dei komponerte draktene sine, som blir nytta som arbeidsklede, på same vis som dei arbeidssøkjande frå Dalarna posisjonerte seg i det urbane miljøet ved hjelp av drakter. I amerikansk samanheng blir framsyningsdraktene nytta for å indikere «Nordic otherness», og dei er ikkje laga for å vere meir særeigne enn som så. Til ritual og høgtider er kleskodane derimot meir formelle, og då er skiljet viktig. Ein bunad frå Noreg og folkedrakter frå Sverige kommuniserer region, sivilstand og frå kva stad brukaren eller etterkommarane ein gong emigrerte.

Charlotte har ei lita historie om dette skiljet: Ein gong The Swedish Dancers opptredde på Skansen, fekk ungdommane spørsmål om draktene sine. Spørsmålsstillarane gjekk openbert ut frå at det var manglande kunnskap som gjorde at dei hadde kledd seg som dei gjorde. Men, fortel Charlotte, for det meste blir det ikkje stilt spørsmål i det heile.

«Vi som nyttar drakt i Svensk-Amerika, konkluderer då med at dei fleste svenskar i dag manglar kunnskap om folkedrakttradisjon», nett som «få unge svenskar i dag kjenner til emigrasjonen frå Sverige». Sverige og Svensk-Amerika blir skapt og gjenskapt gjennom mobilitet, og den draktkledde kroppen blir verktøy for å meisle ut utanforskap og ulike tilhøyrsler.

 

Slektsforsking gjennom drakter

Fleire eg har intervjua, har lagt vekt på kor viktig det er med etnisk bakgrunn, og meiner at «just white» ikkje gir nokon særskild identitet i USA. Dei har teke til å leite etter etnisk bakgrunn gjennom draktskikk. Troy, som bur i Tacoma sør for Seattle, forklarer: «Eg nyttar gáktien min ved spesielle høve, som til dømes då eg nyleg var ordstyrar for ein disputas som handla om samisk estetikk. Eg har òg nytta drakt i ei gravferd og alltid på 17. mai – også på 17. mai-feiringa på Skansen. Vidare nyttar eg drakt når eg føreles på museum. Gákti viser at den samiske familien min kjem frå Sør-Troms. Eg veit at beltet og skobanda mine, som kjem annanstad frå, kan verke utfordrande, og at ‘koftepolitiet’ rukkar på nasen. For meg handlar det om personleg historie og inneber, kanskje, at eg identifiserer meg som pan-samisk.»

DEI EG HAR INTERVJUA, HAR SLEKT I ULIKE BYAR, STADER OG LAND OG DERMED HØVE TIL Å VELJE KVA SLEKTSKAP DEI VIL FRAMHEVE OG LEKAMLEG-GJERE, OG KVA SLEKTSKAPAR DEI VIL TONE NED OG VELJE VEKK.

Historia til Troy er vanleg i nordisk-amerikansk samanheng: Ein kulturarv er forventa å vere interessant, engasjerande og å bety mykje. Sjølv om historia er unik, minner ho oss meir allment om unge storbyamerikanarar som søkjer etter autentisitet. Dei eg har intervjua, har slekt i ulike byar, stader og land og dermed høve til å velje kva slektskap dei vil framheve og lekamleggjere, og kva slektskapar dei vil tone ned og velje vekk. Felles for alle er at dei assosierer den nordiske kulturarven med «kvit» etnisitet, og at det også mellom innvandrarar frå Norden, medrekna etterkommarane deira, har blitt viktig å uttrykkje det kulturelle mangfaldet.

 

Mobilitet og autentisitetsendringar

Tradisjonelt kledde kroppar speler ei aktiv rolle i identitetsskapinga når sosiale og geografiske grenser endrar seg. Røynlege og førestilte nordiske stader blir skapte og omskapte på tilsvarande vis gjennom dei draktkledde kroppane. På bakgrunn av kulturarven som særleg museumsinstitusjonar og kvinner skaper, utøver, betraktar, diskuterer og ber, vil eg hevde at draktskikken i Sverige og dei nærmaste grannelanda ser ut til å vere mykje meir fastgrodd enn dei individualiserte draktskikkane i USA, der plagg, mønster, materiale og form blir nytta for å meisle ut og vise fram komplekse familierelasjonar, ulike geografiske tilhøyrsler og skilsetjande livshendingar. Å bere drakt inneber ofte det same som å synleggjere migrasjon og komplekse ættetavler, men det viser òg at ein leitar etter ei djupare tilhøyrsle. Å polarisere svenskdom og mangfald, noko Sverigedemokraterna har teke seg til, gjer det ytre til innhald, noko som i sin tur reduserer mangfald til opphav og hudfarge. Tanken på historisk mangfald og mobilitet forsvinn når samfunnet stivnar og blir konservert. I staden blir uttrykka fikserte og tydeleggjorde gjennom utval.

Dei amerikanske døma viser at motiva for å lage drakter skil seg markant frå motiva til dei som forvaltar den institusjonelle kulturarven i Sverige i dag. Nordiska museet og Skansen er sentrale eksempel, med sin autoritet på området. Sjølv om det finst ei grunnform og eit rammeverk som samsvarer med korleis tradisjonelle drakter blir nytta og viste fram på museum i Sverige, lokkar dette rammeverket òg fram variasjonar, nyansar og endringar som lekamleggjer mangetydige identitetar som ikkje alltid er knytte til stad. Såleis bidreg variantane av tidlegare folkedrakter til at fenomenet tradisjonell drakt held seg ope og fleksibelt, noko som i framtida kan utfordre og nyansere også kva kuratorar vel å vise fram på museum, og dermed historia til musea sjølve. 

Omsett frå svensk av Vegard Storsul Opdahl

 

Fotnote:


[1] Korleis autentisitet blir til, har lenge vore diskutert i folkloristikk og kulturarvsforsking. For ei problematisering av omgrepet sjå Regina Bendix In Search of Authenticy: The Formation of Folklore Studies (University of Wisconsin Press), som tek opp det overordna ordskiftet om tradisjonsvitskapane og korleis musea bidreg til å skape skilje og dermed òg vel kven sin kultur som blir vist på museum. Sjå òg Martin Halls artikkel «The Reappearance of Authenticity» i antologien Museum Frictions (Duke University Press 2007:70–101).

[2] Sitatet er henta frå ein av hovudtekstane i utstillinga Modemakt, sist vitja 29. oktober 2016.

[3] Marianne Larsson, ansvarleg kurator for folkedraktsamlinga ved Nordiska museet, forklarer i ein e-post til meg «at Nordiska museet ikkje har noko mandat til å kome med synspunkt på eller vurdere nyproduserte drakter eller måten folkedrakter blir laga på i dag». Det får meg til å lure på om interesse for t.d. Hol Haugens og mi eiga pågåande forsking om folkedrakt som kulturarv kunne ha vitalisert kunnskapane om folkedraktsamlinga ved Nordiska museet.

[4] Clifford Geertz meinte at det er i kopieringa originalen oppstår (Geertz 1986:380). Jo fleire variantar av ei drakt som blir laga, desto meir lada blir omgrepet autentisitet.

[5] Folkedraktene til SD-leiarane var leigde frå Skansens Klädkammare – ei handling som Skansen i eigenskap av å vere ein demokratisk tilgjengeleg kulturinstitusjon verken ville eller kunne hindre. Men sjølve handlinga, når drakt og sterke bodskapar blei vovne i hop, når handling med ord og kroppar blei førte saman til noko nytt, vekte spørsmål om korleis kulturarv blir lekamleggjord og materialisert.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram