Frå Utgåve 4-16
Skrive av Jørgen Norheim

Kjære alle saman

Kvar nyttårsdag benkar vi oss framfor TV-en for å høyre statsministerens tale. Men kva funksjon har statsministertalane? Kva seier dei? Og kva kan vi lese ut av statsminister Erna Solbergs tre nyttårstalar?

 

Noreg har ingen tradisjon med at statsministeren vender seg direkte til folket når han eller ho har noko på hjartet. Korkje statskringkastaren eller andre kanalar står klar som talarstol. Den utøvande makta må som andre innordne seg redaksjonelle kriterium for kva kanalen skal sende. 

Ein norsk statsminister ytrar seg gjennom trontalen for Stortinget, gjennom intervju og pressekonferansar. Trass i ein hær av informasjons- og kommunikasjonsrådgjevarar til å styre informasjonsstraumen må ein statsminister stadig forsvare politikken sin overfor kritiske journalistar og opposisjonspolitikarar. «Ingen kommentar» er ikkje noko svar frå ein statsminister.

Men ein gong i året kan statsministeren møte folket direkte via radio og TV – og utan å bli avbroten av plagsame journalistar og opposisjonspolitikarar – i nyttårstalen. Eller ein kan seia det slik: Ein gong i året må den politiske maktas fremste handverkar formulere i ord kva han eller ho vil.

Korleis nyttar statsminister Erna Solberg høvet når ho har heile sendenettet til NRK og TV2 til fri disposisjon og når inn i kvart hus og kvar hytte? Kva seier ho? Korleis seier ho det? Kva er bodskapen? Kan ein ut frå nyttårstalen slutte noko om norsk konservatisme i dag?

For å føregripe min subjektive dom: Lat oss seia at eg kom til Noreg ein vinterdag utan å ha høyrt namnet Erna Solberg, og langt mindre visste at ho var statsminister i Noreg. Og døgnvill som eg var, visste eg ikkje at det var nyttårsdag. Av alle mogelege talarar denne dagen ville «statsminister» ha kome langt ned på lista over kven som tala til meg på TV-skjermen. Eg ville i staden ha gjetta på ein medial riksterapeut. For talane er apolitiske, dei omhandlar ei ikkje-politisk livsverd, tilnærminga er terapeutisk, tonen er matriarkalsk, som ei mild og myndig mor snakkar til barna sine. Vi må tru dette er eit medvite val. Då blir spørsmålet: Kvifor talar ho som ho gjer?

Korleis nyttar statsminister Erna Solberg høvet når ho har heile sendenettet til NRK og TV2 til fri disposisjon og når inn i kvart hus og kvar hytte? Kva seier ho? Korleis seier ho det?

Men først eit atterhald. Kanskje er det eg som har misforstått nyttårstalen som sjanger. Kan hende gir det meining å sjå Ernas apolitiske talar i ein norrøn tradisjon (utan at eg trur at Erna sjølv er klar over det), der bodskapen er: «Godt år og fred» – eit ønske om god avling og fredsæl omgang med kvarandre (ikkje fred som fråvære av krig – den tanken var framand for vikingane).

 

RETORIKKEN ER TILBAKE

Lat oss ta alt i tur og orden. Vi må til retorikken, talevitskapen.

I antikken – først i Athen, så i Roma – var utdanning i retorikk fundamentet for ein karriere som advokat eller politikar. Lærarane i retorikk prøvde ikkje berre å formidle korleis ein skulle framføre ein tale, men var opptekne av korleis eit menneske tileigna seg informasjon, korleis informasjonen vart bearbeidd, og korleis han vart gjeven vidare. Dette beskriv ein arbeidsgang som enno er gyldig: Korleis med tanken å gripe temaet (inventio), korleis ordne argumenta (dispositio), korleis formulere setningane (elucutio), korleis øve inn talen (memoria), som til slutt munnar ut i sjølve framføringa (pronuntiatio). Kjennemerke på ein klassisk oppbygd tale er inngang (exordium), forteljing (narratio), bevisføring (argumentatio) og avslutning (conclusio). Ein god talar i antikken skulle vera god i dobbelt meining, han skulle vera god til å tala, og han skulle seia det gode (det rette).

Kva er ein god tale? Retorikkens tre søyler frå antikken står der enno: etos, logos, patos: Kor truverdig er talaren? Kor overtydande er argumenta? Klarer talaren å røre ved kjenslene til tilhøyrarane?

Dei siste åra har retorikk som fag fått ei oppblomstring gjennom seminar, kurs og akademiske studium. I den amerikanske tradisjonen har retorikken alltid hatt ein sentral plass. I den amerikanske sjølvforståinga er staten bygd på verdiar frå antikken, der ein gjennom meiningsbryting kjem fram til ei løysing. På vegen fram til avgjerda prøver den myndige borgar å overtyde andre gjennom ordet. Amerikanske presidenttalar kan sjåast som ein del av ein civil religion, som nærer seg av forfatningspatriotisme og nasjonal stoltheit. Så har då òg talane til ein Lincoln, Kennedy og Obama gått inn i historia som ein del av det kollektive medvitet. Talane er fylte med patos («… that these dead shall not have died in vain – that this nation, under God, shall have a new birth of freedom» – Lincoln; «Ask not what your country can do for you, ask what you can do for your country» – Kennedy; «Yes, we can! » – Obama). Så mykje kjensler ville vore pinleg i vår norske tradisjon.

I den tyske tradisjonen vart talekunsten øydelagd av nazistane. Talen, som i den antikke tradisjonen skulle overtyde, forfall til hatpropaganda. Til inn på 1700-talet var retorikk skulefag i Tyskland. Så vart det avskaffa, då det å vilja overtyde folk gjennom ordet vart sett på som for bereknande. Først i 1967 – etter eit fråvære på 200 år – får Tyskland på nytt eit eige professorat i retorikk (Walter Jens, Tübingen).

 

EIN INSTITUSJON FRÅ ETTER KRIGEN

Når Erna tek imot oss framfor peisen 1. januar 2014, stig ho inn i ein 68 år lang tradisjon. Frå nyttårsskiftet 1945/46 har NRK kringkasta kongen og statsministeren sin tale. Frå 1960/61 har dei òg vorte overførte av fjernsynet. Set ein seg ned og høyrer arkivopptak frå tidlegare statsministrar, får ein ei aning om endring, ei umerkeleg forandring frå år til år, som over nokre tiår syner at samfunnet og vi har forandra oss. Talemåte, tematikk og iscenesetjing er markørar som fortel om denne endringa. Einar Gerhardsen – bak eit nøkternt skrivebord – rett på sak, ingen «kjære landsmenn», usentimental, intens, utolmodig – og politisk! – utanriks og innanriks. Vand til å snakke, til å diskutere, til å tale. Vand til små kretsar av likemenn og til store folkemengder. Nyttårstalen 1. januar 1946 avsluttar han slik: «Og så tar vi trøstig fatt på å bygge vårt land.» 

Per Borten, tyngre i sessen, ikkje like talevand, men diskusjonsglad, spørjande, lett polemisk. Forma er meir radioforedrag enn tale. Stilen er reflekterande, diskuterande. Midt inne i talen sin frå 1967 omtalar han ei av dei største og viktigaste reformene i etterkrigstida: «Fra i dag gjelder Folketrygden.» Borten stiller krav til publikummet sitt når han legg fram for dei følgjande: «Ellers møter vi her – som på så mange andre områder – et prinsipielt problem: Hvor mye skal overlates fellesskapet og hvor mye den enkelte når det gjelder den materielle velferd?» Med mykje av sitt yrkesliv i samvirkerørsla – den norske dugnaden institusjonalisert – representerer han det nasjonaldemokratiske Noreg.

Trygve Bratteli (1974) – bak eit enkelt skrivebord med blomstervase – analytisk, argumenterande. Han gjev eit breitt utsyn over innan- og utanrikspolitiske hendingar i året som gjekk. Det dominerande innanrikstemaet var oljekrisa med dei to bilfrie helgene. 1973 var året då militærmakta i Chile gjennomførte eit brutalt kupp mot den demokratisk valde presidenten Salvador Allende (det første «11. september»), året for Yom Kippur-krigen i Midtausten, året då oberstjuntaen i Hellas slo ned ein studentdemonstrasjon i Athen og skaut ned 24 ungdommar, og eit år i den stadig meir omfattande krigen i Søraust-Asia. Alt er med i Brattelis utsyn. Og for europearen Bratteli var det viktig å få fram at Noreg måtte finne sin plass i eit forpliktande europeisk samarbeid. Bratteli strauk ikkje tilhøyrarane med håret.

 

POLITIKK OG POESI

Oddvar Nordli vantrivst der han sit. TV-ruta er ikkje hans medium. Nyttårstalen er tvang og pliktløp. Dressen og slipset er ei tvangstrøye. Han er òg fanga i ei språkleg tvangstrøye, i riksmålet, som han har pålagt seg sjølv å tala. Etter at han gjekk av som statsminister, fann han tilbake til morsmålet sitt, stangedialekta, og vart ein nær og levande person. Men han snakkar politikk i nyttårstalen sin. Sosialdemokratiet har enno ikkje bygd landet ferdig.

Kåre Willoch stadfester alle mytar om seg sjølv: duksen, rett i ryggen som ein linjal, vennleg, korrekt og belærande. Og han snakkar politikk.

Ernas partifelle Jan P. Syse held – så langt mi dømmekraft rekk – ein av dei beste statsministertalane etter krigen (1990). Ein kan med ein viss rett seia at han fekk temaet gratis: samanbrotet av Sovjetunionens herredøme i Sentral- og Aust-Europa gjer det umogeleg å lata som ingen ting og berre snakke om Noreg. Han held ein visjonær tale om demokrati, fridom og sjølvstyre. Han snakkar om verdiar, tek klare standpunkt ein kan forhalde seg til – og såleis vera usamd i. Litterære sitat er ikkje staffasje, men integrerte i tenking og tale. Han er innom både Olav Duun, Arthur Koestler, Henrik Ibsen, Bibelen og Arnulf Øverland.

Apropos litteratur. Det var lenge ein usagd regel at statsministeren måtte sitere ein eller annan norsk diktar. Med Erna er det definitivt slutt på det. Ho er faktisk den einaste statsministeren som konsekvent har halde talane sine frie for litterære sitat eller tilvisingar. Er ikkje litterær danning lenger viktig for høgrefolk? Men kongen held stand, ingen nyttårstale utan litterære sitat – og det verkar ekte.

Gro Harlem Brundland, utskjelt og håna («Kjeftesmella fra Bygdøy», «Bli kvitt’a»), oppnådde noko så sjeldan som å bli landsmoder. 1992 – sjølvtrygg, full kontroll, sit avslappa ved sida av eit rundt bord med blomsterdekorasjon og levande lys. Kongens død, «arbeid for alle», Olav Duun, økonomisk utsyn, fotballjentene, Oslo-Filharmonien – og det fatale slagordet «Det er typisk norsk å være god» (som vart feiltolka som skryt, men som var meint som oppmuntring for eit folk utan sjølvtillit). Feilskjeret har nok gjort sitt til at seinare statsministrar har skrelt bort kantete utsegn.

 

ORD ER MAKT

Veltalande eller ikkje – ein statsminister kjem til makta i kraft av ordet, så Erna og alle hennar forgjengarar er vande med å ta ordet og til å diskutere. Dei har kjempa seg fram til posisjonen som fremste politiske tillitskvinne og -mann i landet, først innanfor sitt eige parti, så mot politiske motstandarar, og alltid med sideblikk til veljarane. Tilliten frå dei er sjølve fundamentet for makta.

Ulike parti målber ikkje berre ulike lister med politiske programpostar, men rommar ulike danningskulturar. Eit middels trena politisk øyre vil kunne høyre skilnad på utforming og presentasjon av replikkar på eit landsmøte i FrP, Høgre, KrF, SV og Arbeidarpartiet. Desto meir overraskande er Ernas nyttårstalar. Speglar dei Høgres talekultur? Speglar dei konservativ tenking i dag? I så fall har norsk konservatisme forandra seg sidan partifellane Willoch og Syse heldt sine nyttårstalar.

Erna Solberg er ingen stor talar, og det veit ho sikkert sjølv. Det skal ho ikkje ta så tungt, for ho er i godt selskap. Storesyster Angela er heller ingen stor retorikar. Blant norske statsministrar før Erna er det som vi har sett, òg langt mellom talarane.

Men no til Ernas talar.

 

ERNAS FØRSTE TALE

1. januar 2014: For første gong sidan 1990 talar ein statsminister frå partiet Høgre til det norske folk. Mellom Jan P. Syses korte regjeringstid (16.10.1989 – 3.11.1990) og hausten 2013 ligg ei ørkenvandring der mellomparti, med og utan Høgre, og sosialdemokrati, med og utan SV og Senterpartiet, har avløyst kvarandre. Det burde vera historisk sus over situasjonen når ein statsminister frå Høgre endeleg kan ta ordet. Kva gjer Erna? Etter den sosialdemokratiske helsinga, «Kjære alle sammen», går ho rett inn i kvardagen: «Etter ferien ser mange nå frem til å vende tilbake til jobb.» Temaet er dei i arbeidslivet som slit med psykiske helseproblem. Vel og bra, umogeleg å vera usamd, men må det ein statsminister til for å fortelja oss dette? Kvifor så smålåten på eigne vegner? Kvar er historias vengesus? Kvar er det store vi? Rett nok er Noreg eit samfunn der semje er den usagde berebjelken, men ville ikkje berre eit par ord om regjeringsskiftet vera på sin plass – folkeviljen i val eller liknande?

Kvifor så smålåten på eigne vegner? Kvar er historias vengesus? Kvar er det store vi?

Det verkar ikkje som ho er klar over det, men ho er noregshistorie der ho står. Med Ernas regjering har det kome til eit vasskilje i norsk politikk, ho gjer det ingen borgarleg politikar har vilja eller tort: å sleppe Framstegspartiet inn i regjeringskontora. Let ho vera å snakke om det for ikkje å støyte motstandarane? Kanskje er ho klar over det radikale (ekstreme) ho har gjort, og akkurat difor vel å lata som ingen ting? Eller finn ho det pinleg? Eller vil ho ikkje øydeleggje den norske hygga med å snakke politikk? 

Erna sluttar oss inn i sitt vesle vi. Etter psykisk helsevern seier ho litt om å satse på utdanning, om grunnlovsjubileet som står for døra, takkar kongehuset, viser medkjensle med dei som har mista sine kjære, og seier noko om små spor nordmenn har sett ute i verda.

 

ERNAS ANDRE TALE

1. januar 2015: «Kjære alle sammen. Vi er mennesker for hverandre. Mors og fars kjærlige omsorg for sine barn. Omsorgen for hverandre i samlivet. Naboens hjelpende hånd. Kollegaens støttende ord. Ditt bidrag til lokalsamfunnet.»

Etter Ernas andre tale blir det klart: Statsministeren vil ikkje snakke politikk. I denne talen stig ho endå klarare inn i rolla som riksterapeut, som ein sekulær prest. Grunntemaet er sivilsamfunnet, altså livet utanfor politikken, som politikken skal leggje til rette for, men elles halde seg unna. Gjennomgangssetninga er: «Vi kan alle gjøre en forskjell.» Ho reknar så opp enkeltmenneske som har sett små og større spor etter seg i og utanfor Noregs grenser. Vel og bra, og igjen – umogeleg å vera usamd. Men bør ho ikkje heller nytte høvet til å gjera politikken forståeleg for folk flest? For det er politikar ho er, faktisk den med størst makt i Noreg. Eg for min del vil gjerne lære å forstå korleis Noregs fremste tillitskvinne tenkjer om politikk. For den med sans for konspirasjonar: Er det ein avleiingsmanøver for å få oss til å tenkje på anna enn politikk, slik at koalisjonen av næringsliberalistar og høgrepopulistar kan få drive si omfordeling, deregulering og privatisering i fred?

Eg trur ikkje på konspirasjonsteoriar. Eg har sans for Erna som politikartype – nøktern, ujålete, ingen store fakter (men belærande meir enn spørjande og lyttande). Akkurat som eg har sans for Ernas europeiske partifelle, Merkel – også ho nøktern, ujålete og utan store fakter – sjølv om eg aldri ville ha stemt på henne. Eg kjenner ikkje Erna – det skal heller ikkje vera nokon føresetnad for å vurdere politikken hennar –, men eg trur ho er eit velmeinande og skikkeleg menneske. Eg kunne gjerne hatt henne som granne og lagt inn nøkkelen der i tilfelle eg skulle låst meg ute, kanskje spurt henne om å vatne blomane når eg var på ferie. Men ho er politikar (det må ein faktisk seia høgt for seg sjølv for ikkje å gløyme kven som snakkar), så spørsmålet eg sit att med etter talen, er: Kvifor vel ho ei så apolitisk tilnærming? Her skulle eg gjerne hatt ein nøkkel.

Etter det terapeutiske anslaget – kva vi kan gjera for nesten vår i kvardagen – pliktløp om satsing på innovasjon og kunnskap, klimaavtale, Russland, Syria, Irak, Vest-Afrika og underdanig hyllest av kongehuset.

 

ERNAS TREDJE TALE

1. januar 2016: Erna er innhenta av politikken. Det er umogeleg å lata som ingen ting lenger. Flyktningstraumane over Middelhavet, gjennom Tyrkia, over Balkan, over Storskog gjer det umogeleg ikkje å snakke om krig, fattigdom, masseflukt og folkevandring – og terror i Europa. Og det gjer ho – men korleis? Utgangspunktet er vår norske uro – «Jeg forstår at mange føler uro». Korleis formidlar ho dilemmaet kvar ansvarleg politikar står overfor, å vilja hjelpe, men samstundes vita at ein ikkje kan hjelpe alle? Erna strevar her med å teikne eit truverdig bilete av det humanitære Noreg, som i talande stund er i ferd med å få den kanskje strengaste asylpolitikken i Vest-Europa, banka gjennom av Framstegspartiets aggressive og veltalande innvandringsminister Sylvi Listhaug. Eg høyrer røysta til Erna, men ser hendene til Sylvi. Ernas røyst: «Mange av dem som har kommet, trenger beskyttelse. Men mange kommer også fra trygge kår. Derfor har vi strammet inn lover og regler.» Frå trygge kår?

Erna gir med innleving ei beskriving av situasjonen sett frå ein flyktning sin posisjon: «Mange som nå er på flukt, har måttet forlate noen de er glad i. Noen har sett små og store bli tatt av bølgene i Middelhavet. Noen har vandret gjennom Europa med et lite barn på skuldrene.» Erna anstrenger seg for å formidle at norske tiltak er eit tilstrekkeleg svar på nauda. Her er norske soldatar i Afghanistan og Irak (kamp mot terror), politi og tryggingsteneste («vi må ha kontroll med våre grenser og med hvem som kommer inn i landet»), den norske flyktningtenesta og norsk asylpolitikk («streng, men rettferdig»), verkemiddel som sikrar norske verdiar og norsk levemåte, og som samstundes hjelper dei som treng det.

Får Erna fram alvoret i den verste flyktningkrisa i Europa sidan den andre verdskrigen? Får ho fram unntakssituasjonen som – meiner mange – krev ekstraordinære tiltak? Nei, meiner denne skribenten. Alt skal passe inn i den beståande norske ordenen. Av oss blir det ikkje kravd noko offer. Men til dei lidande blir det stilt krav – dei må la seg integrere. Med temaet krig, krigsflyktningar og økonomiske flyktningar, innvandring og asylrett står Erna ved grensa for det truverdige i det ho verbalt prøver å sameine ein konservativ, humanistisk tradisjon med sjølve flaggsaka til Framstegspartiet: Nei til innvandring.

Asylpolitikk, innvandring og integrering var sjølve temaet i talen i 2016.

 

ERNA – MIDT I SI TID

Korleis vurdere talane når vi måler dei mot retorikkens tre søyler, etos, logos, patos? Det korte svaret er litt etos, lite logos og mykje patos. Men ho fortener eit meir utførleg svar.

Erna er på jakt etter forteljinga. Tilskodaren skal korkje bli formana, forklart eller informert, han skal bli gripen av ei forteljing, ei forteljing om ein statsminister som vil alle vel, som møter folket der dei er (ofte med bruk av namngjevne personar), ein statsminister som spreier tryggleik og hygge. Erna er forteljinga. Denne typen tale krev lite argumentasjon. Samanliknar ein Ernas tale med tidlegare statsministertalar der sak og argumentasjon stod i fokus, er det lagt desto meir vekt på presentasjonen (patos). Greitt nok at Erna ikkje kan melde seg ut av tida – teknologien set nye rammer, og målestokken frå popkulturens videoheltar sit i hovudet på mottakaren. Iscenesetjinga er profesjonalisert, Erna tek imot oss med ein beleven gest i heimen som kan forvekslast med eit filmstudio eller ei teaterscene. Iscenesetjinga av Erna er nok den mest profesjonelle av ein statsministertale vi har sett til no. Den tydelegaste reforma hennar er at ho talar i ståande positur. Så er ho då òg barn av powerpoint-generasjonen. Men den ståande posituren gjer noko med forholdet mellom talar og tilhøyrar. Ho tek imot oss som ei vertinne – utan manus (det er lenge sidan statsministeren brukte synleg manus). Vi er gjester, og kveldens vertinne har til oppgåve å syte for at vi alle har det bra. Vertinna har fyrt på peisen, vi er midt inne i den norske hygga. Alle maktsymbol er borte. Men ho har makt. Kvifor ikkje vedkjenne seg makta? På meg er vertinneposituren eit teikn på å vilja bortforklare makta. Storesyster Angela sit framleis («Kjære medborgarar»), Obama står – men bak maktsymbolet som ein talarstol er – og med manus. Erna er ingen nybyrjar, ho er profesjonell, ho veit kva ho gjer. Men blir det ikkje for mykje av det gode? For glatt? For profesjonelt? Kvar er kantane? Kvar er det vi kan vera usamde i?

Det er tydeleg at Erna har lagt arbeid i nyttårstalen. Men ingen statsminister i dag skriv ein nyttårstale aleine. Ein må tenkje seg ei gruppe nære rådgjevarar som kjem med innspel, idear, formuleringar, og som kritiserer. Siste ordet har likevel statsministeren sjølv. Om Gerhardsen, Borten eller Bratteli diskuterte talen med nokon, veit eg ikkje – i så fall truleg med politiske medarbeidarar. Talen til Erna er prega av at kommunikasjonsrådgjevarane har toga inn i regjeringskontora. I ei tid der twitter og andre internettkanalar mangfaldiggjer kvar minste verbale tabbe (med Gros slagord friskt i minne), gjeld det å ikkje bli teken på noko. Men prisen er det ufarlege og tannlause. Med Erna har avpolitiseringa av talen (til no) nådd sitt høgdepunkt.

I ei tid der twitter og andre internettkanalar mangfaldiggjer kvar minste verbale tabbe (med Gros slagord friskt i minne), gjeld det å ikkje bli teken på noko. Men prisen er det ufarlege og tannlause. Med Erna har avpolitiseringa av talen (til no) nådd sitt høgdepunkt.

Oppi all postmoderne iscenesetjing – kan ein trekkje noko ut av Ernas talar om kvar norsk konservatisme står i dag? Det er vanskeleg å få tak på kva som er Ernas prosjekt. Har ho noko prosjekt? Eitt prosjekt er klart: regjeringsmakt. Høgre ville ha slutt på ørkenvandringa, og Erna skulle føre dei inn i det lova landet (regjeringskontora). Men prisen var Framstegspartiet. Norsk konservatisme har aldri kunna setjast på éin formel. Partiet Høgre har vore ein paraply over kulturkonservative, (nærings)liberalistar og statsskeptikarar. Ei velvillig tolking av Ernas avpolitiserte talar er at ho ser seg i den konservative tradisjonen som vil minst mogeleg stat (Ronald Reagan: «Government is not the solution to our problem; government is the problem»). Ideen er at enkeltmennesket då tek ansvar for sitt eige liv. Men dette er ingen eintydig bodskap. Erna dempar ikkje forventningane våre om at regjeringa vil syte for velferd og helse.

Kanskje er min kritikk av Ernas talar like mykje ein kritikk av samfunnet som har valt henne – eit innovervendt samfunn der vi stadig går og føler på korleis vi har det. For det er ikkje slik at Erna er på viddene, ho haustar mange lovord for talane sine. Ho står støtt midt i si tid og er ein god representant for eit Noreg der kardinalspørsmålet er: «Korleis har vi det?»

Kjære Erna, av politiske grunnar vonar eg det blir med desse tre talane. Dersom det likevel skulle bli fleire (og det går vel den vegen), så har eg to velmeinte råd: 1) Ver deg sjølv og 2) Snakk politikk!

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797