Frå Utgåve 4-16
Skrive av Ebba Boye | Foto Trygve Indrelid

Sterk vekst i dyre forbrukslån

Forbrukslån har vakse med 11 prosent det siste året og utgjer no totalt 90 milliardar kroner. I Finanstilsynet er dei bekymra, men har dei tenkt å gjere noko med det? Anders Nikolay Kvam, forbrukarkoordinator i Finanstilsynet, gir oss innsikt i lånekulturen.

 

– Billigeforbrukslån.no, lånemegleren.no, OppFinans, Santander, Klikklån, Lendo. Moglegheitene er mange dersom lønna ikkje strekk til ein månad. Utlånarane tilbyr raske lån over internett, utan sikkerheit. Kva er eigentleg forbrukslån, Anders Nikolay Kvam?

– Alle lån til privatpersonar som ikkje har sikkerheit i bustad, køyretøy eller liknande, kallar vi forbrukslån. I tillegg til dei nettbaserte utlånarane du nemner, kjem også kredittkortgjeld og kjøleskap på avbetaling frå Expert under denne kategorien. Bank Norwegian er no den største aktøren for forbrukslån i Noreg (banken er delvis eigd av flyselskapet Norwegian).

– Forbrukarombodet melder om ein kraftig auke i marknadsføringa av slike kortsiktige lån. Forbrukarane klagar på påtrengjande reklamar i alle kanalar, til dømes Facebook, kvar gong ein skal kjøpe ei bok eller klede i ein nettbutikk. Er det samanheng mellom omfanget av reklamar og veksten i forbrukslån?

– Vi har ingen undersøkingar som viser dette, men ja, vi trur det er ein klar samanheng. Marknadsføringa har vore og er omfattande, samstundes med at bruken av forbrukslån aukar kraftig.

– Forbrukarombodet har føreslått ei ny føresegn for marknadsføring av kreditt. Forslaget inneber mellom anna forbod mot rabattar dersom du kjøper på kreditt, og forbod mot å marknadsføre kor raskt ein kan få svar på ein lånesøknad, eller kor lett tilgjengeleg pengane er. Dei føreslår òg at det skal bli forbode å marknadsføre kreditt direkte til forbrukarar ved hjelp av adressert reklame, telefonsal, dørsal eller standsal. Forslaget er til vurdering hos Barne- og likestillingsdepartementet. Er dette gode forslag?

– Dette er veldig viktige føresegner som vi stør fullt ut.

– Forbrukarombodet sende inn forslaget i januar 2013, men enno er det ikkje kome ei lovendring. I mellomtida har omfanget auka monnaleg. Er de bekymra? Har de masa på departementet? No har Google gått føre og forbyr reklame for kortsiktige lån i tenestene sine. Er det flautt at Google er flinkare til å beskytte norske forbrukarar enn det norske styremakter er?

– Vi er absolutt bekymra for den auka bruken av forbrukarkreditt og spesielt for problema enkeltmenneske kan komme opp i. (I november presenterte departementet ei utgreiing som støttar Forbrukarombodet sine forslag, red. merkn.) Med det same vil eg understreke at den typen lån som Google ikkje lenger marknadsfører, såkalla «Paydayloans», ikkje har blitt tilbode til kundar i Noreg.

– I Sverige høyrer vi historier om såkalla snabblån, eller SMS-lån. Eit døme: Eg sit på ein bar og går tom for pengar. Eg sender ein SMS og ber om å få overført pengar til kontoen min.

– Dette er den typen lån som mellom andre Google har gått ut mot. Fleire føretak har hatt planar om å tilby denne typen lån i Noreg, men her har regelverket fungert, og vi har greidd å hindre slike aktørar.

– Kvifor kan ein ikkje forby marknadsføring av kreditt på same måte som ein har forbode alkoholreklame?

– Det veit eg ikkje, det må du nesten spørje Forbrukarombodet om, det er dei som fører tilsyn med marknadsføringa. Men det eg kan seie, er at vi stør arbeidet for eit gjeldsregister. Regjeringa har varsla at det blir innført i 2017. Dette vil i hovudsak få konsekvensar for kundane som ikkje oppgir korrekte opplysningar, og som rullerer kreditt ved å teikne stadig nye kredittkortavtalar. Det finst mange enkeltpersonar som slit med denne typen gjeldsfeller, og det er viktig at utlånarane har høve til å oppdage det. Dette har vore eit tiltak gjeldsoffer sjølve har ønskt via organisasjonen Gjeldsoffer-Alliansen.

Noko anna vi har fått til, er strengare reglar for korleis bankar kan fakturere kredittkortgjeld. 50 prosent betaler heile beløpet ved første faktura, 17 prosent betaler eit minimumsbeløp, medan resten betaler ein stad imellom. Det beste ville vore om kunden fekk det fulle beløpet i betalingsfeltet på fakturaen, og ikkje berre minimumsbeløpet. Vi har derfor innført dette som ny «best practice», som det så pent heiter på nynorsk. Det vil framleis vere mogleg å velje å betale mindre.

– Kva er det vanleg å krevje i rente på forbrukslån? Kva er det maksimale du har høyrt om?

– Renta varierer frå 6 til 30 prosent. Gjennomsnittet ligg på rundt 16 prosent. Vi har høyrt om nokre kredittkort som har renter opp mot 30 prosent.

– Kvifor finst det ikkje ei øvre grense for kor mykje rente det er lov å be om?

– Vi har inga renteregulering i Noreg lenger, men mange europeiske land har innført det. Vi hadde det for mange år sidan, men med blanda røynsler. Set ein eit veldig lågt rentetak, kan det føre til at folk låner meir, og det ønskjer vi heller ikkje. Men ting tyder på at forbrukarane i Noreg ikkje er så rentesensitive som vi håper.

– Kva om ein gammal og senil mann blir tilboden lån med skyhøg rente?

– Det er strenge krav til korleis bankane skal kredittvurdere kundane, og dess større lånebeløpet er, dess grundigare bør kredittvurderinga vere. I tillegg skal kunden sjølvsagt vere myndig. Men om kunden ikkje er umyndiggjord og til dømes søkjer om eit lån over internett, kan ikkje utlånaren vite anna enn dei faktaa som går fram av til dømes betalingsmerknader og skatteopplysningar.

– Eldre menn utan anna gjeld er mest sannsynleg kredittverdige. Er det ingen andre reguleringar?

– Vi har ei særnorsk frårådingsplikt, og långivaren skal rå ifrå låneopptaket om han trur kunden ikkje har økonomisk evne, eller det er andre forhold som tilseier at kunden alvorleg bør vurdere å halde seg frå å ta opp lånet. Fråråding er likevel lite brukt ved opptak av forbrukslån. Om långivaren er i tvil etter kredittvurderinga, får kunden her avslag på søknaden. Cirka 80 prosent av alle søknader om forbrukslån blir avslått. Men ei god kredittvurdering føreset at kunden gir korrekte opplysningar. Her vil forslaget om eit gjeldsregister vere eit nyttig verktøy for långivarane, fordi dei lettare kan få eit fullstendig bilete av gjeldssituasjonen til kunden.

– Vil ikkje dette vere eit eksempel på uansvarlege utlån?

– Altså, kva er uansvarlege utlån? Då må det vere andre forhold i saka som tilseier at kunden ikkje bør få lån. Men for at ein långivar skal kunne ta omsyn til slike opplysningar, må dei vere kjende for han. Finansklagenemnda og domstolane kan prøve om eit lån burde vore gitt eller ikkje.

– Kva skjer med lån når den som har teke det opp, døyr?

– Om den som tok opp lånet, døyr, må dødsbuet betale lånet før annan arv blir betalt ut. Ingen arvar gjeld, men beløpet ein arvar, kan bli redusert. Unntaket er om ein overtek buet sjølv, då står ein ansvarleg for gjelda.

– Det finst selskap som reklamerer for at det er høve til å ta opp forbrukslån til å dekkje eigenkapital for kjøp av bustad. Er dette vanleg?

– Det skulle vi ønskt vi visste. Vi håper det ikkje er vanleg. Vi håper bankane avslår den typen søknader om dei er klare over kva det dreier seg om. Det er ikkje forbode, men det er veldig uheldig. Her er det igjen viktig å påpeike behovet for å gjennomføre ei grundig kredittvurdering av kunden. Det er i interessa til både kunden og banken at kunden kan betene lånet.

– Kvifor er det uheldig med lån til å dekkje eigenkapital?

– Poenget med reguleringa vi har for krav til eigenkapital, er å beskytte kunden og institusjonane. Om du låner opp mot 100 prosent av bustaden og bustadmarknaden går ned, kjem du i ein vanskeleg situasjon om du går gjennom ei skilsmisse eller mistar jobben. Du kan ende opp med seld bustad og restgjeld, og det gjer det vanskeleg å skaffe ein ny stad å bu. Eigenkapitalen er ein buffer.

– Ei av årsakene til finanskrisa var at ròtne lån blei pakka saman med gode lån og selde vidare på marknaden. Det blei dermed lukrativt å gi folk med låg betalingsevne store lån, for så å selje det ubetalte lånet vidare. Er dette lov i Noreg?

– Det har alltid vore lov å vidareselje gjeld i Noreg, men det er ikkje mogleg å pakke dei saman på den måten. Dette er regulert i finansavtalelova og finansføretakslova. I Noreg er det i hovudsak bustadlån som blir selde vidare, og det er berre lån med god sikkerheit. Det er vanleg praksis at desse låna blir selde til eit bustadkredittføretak som så utferdar obligasjonar. Vanlegvis blir låna selde til bustadkredittføretak banken eig sjølv.

– Så internasjonalt blir det handla med obligasjonar som er grunna i norsk kreditt?

– Ja. Men i forkant av finanskrisa i 2008 var lån med god sikkerheit blanda med søppellån. I Noreg blir dette berre gjort med dei sikraste låna, og altså ikkje forbrukslån.

– Kvifor er dette lov? Har vidaresal av lån ein samfunnsnytte?

– Føremålet er å få billigare finansiering slik at ein kan gi billigare lån til kunden.

– I kva grad ser Finanstilsynet på det som si rolle å beskytte småspararar og smålåntakarar? Er føremålet dykkar primært å sikre bankstabilitet?

– Vi fekk ei ny føresegn i finanstilsynslova i 2012 som seier at vi skal sjå til at institusjonane sikrar interessene til forbrukarane.

– Først i 2012?

– Vi har alltid gjort det, men då blei det teke inn i lova som eit resultat av finanskrisa. 

*

Fakta:

  • Sjølv om det har vore ein auke det siste året, er det totale omfanget av forbrukslån utan sikkerheit relativt lite. Det utgjorde om lag 3 prosent av dei samla låna i hushalda ved utgangen av 2015.
  • 10 prosent av forbrukarane hadde forbrukslån i 2015, mot 8 prosent i 2014 og 7 prosent i 2013. (Før dette igjen var delen høgare.)
  • 18 prosent av forbrukarane hadde kredittkortlån, uendra frå 2014. Gjennomsnittleg forbrukslån har auka frå 100 600 til 110 520 frå 2014 til 2015.
  • 17 prosent nyttar forbrukslån til å betale for reiser, medan 31 prosent nyttar det til å betale for forbruksvarer.

 

For meir informasjon:

  • Finansportalen.no
  • Forbrukerombudet.no
  • Gjeldsoffer-Alliansen: gjeld.org

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797