Frå Utgåve 4-16
Skrive av Aina Basso

Plukke bær på Ullhovudmyra

Overraskande mange nordmenn har aldri vore i det nordlegaste fylket vårt. Veit dei kva dei går glipp av?

 

Det var vinter då Basson-Heikka kom gåande på ski frå Ii øvst i Bottenvika og nordover. Han gjekk om nettene og fekk låne dei varme sengene til folk om dagane, medan dei arbeidde. 

Frå tid til anna fekk han skyss av samar med rein og slede eit stykke av vegen. Og omsider kryssa han norskegrensa, tok seg over Varangerfjorden og enda i Nyhavn, eit steinkast frå bygda Skallelv i Finnmark, midt mellom Vardø og Vadsø. Då han hadde funne ein stad å slå seg til, snudde han og fór tilbake for å hente ho han var trulova med, Margrethe Marie. Desse to skulle bli mine oldeforeldre.

 

Kallijoki

Oldeforeldra mine flytta etter kvart inn til bygda, dei fekk seg hus nede ved elva, og bestefar min, Aksel, voks opp i det som på norsk heiter Skallelv og på finsk Kallijoki. Nokre hus bortom voks ho opp, ho som skulle bli bestemor mi, Ida Fredrikke, og saman med Aksel avla ho elleve born. Ti av dei voks opp.

Besteforeldra mine var reinætta finlendarar fødde i Noreg, og sjølv om dei lærte norsk på skulen, eit stivt og korrekt riksmål, var det finsk som var morsmålet deira – og hjartespråket. Slik var det også med dei første ungane. Men då far min, midt i søskenflokken, skulle byrje på skulen, byrja foreldra å snakke norsk heime, for at ungane skulle lære. Slik blei far ein av dei første av søskena som fekk norsk som morsmål. «Dei gamle snakka finsk, og vi borna svarte på norsk», seier han i dag. Eller snakka dei finsk alle saman, ungar som gamle? Det er vanskeleg å hugse sytti år tilbake, sikkert er det iallfall at språka gleid saman og over i kvarandre, og at finsken etter kvart gleid ut av bruk.

Det var ei fin bygd å vekse opp i. I elva gjekk ein søt straum av ferskvatn nedover frå marka, medan ein salt gjekk oppover, frå fjorden. I elva gjekk det laks og blink, og om vinteren losna isflaka, og gutane hoppa på, sigla nedover mot elvemunningen. Dei klatra på brua og kasta snøball på husveggene. Men det var farleg å plystre på nordlyset, då kunne det kome og ta deg. 

Då far min var 13 år, fall far hans om på slåttemarka, og bestemor blei enke med fem born under konfirmasjonsalder. Ho måtte forsørgje ungane, så ho fekk sett seg opp hus i Vadsø og tok seg jobb som vaskehjelp. Ein etter ein reiste borna ut for å tene pengar dei kunne sende heim til mor si og dei yngre søskena. Far min reiste til sjøs då han knapt var 17 år. Han flytta aldri tilbake.

 

Det ukjende

Mi eiga historie byrjar mange tiår seinare. Eg blei fødd tre dagar før nasjonaldagen i 1979 og voks opp på ei lita, flat øy i havgapet utanfor Ålesund. Mor mi var fødd og oppvaksen på øya, men far min var noko anna: Han hadde gitt oss eit uvanleg etternamn, kom frå langt i nord og snakka annleis enn dei andre i bygda.

Om du som les dette, ikkje sjølv er finnmarking, har familie der eller tilfeldigvis bur der, er sjansen ganske stor for at du heller ikkje har vore i Finnmark. Mange har ikkje vore i Nord-Noreg i det heile, dei har stansa i Trondheim, til naud besøkt Stiklestad, og det var så langt nord dei kom i livet; særleg til ambisjonar om meir har ikkje dei fleste.

For mange er Finnmark noko framandt og langt vekke, ein stad ein ikkje reiser til om ein ikkje har særleg god grunn. Korfor er det slik?

For mange er Finnmark noko framandt og langt vekke, ein stad ein ikkje reiser til om ein ikkje har særleg god grunn. Korfor er det slik? Er det klimaet som gjer det? Trur folk det ikkje er noko å finne på? Veit dei eigentleg kva dei går glipp av?

Eg høyrde mykje om Finnmark og det norsk-finske opphavet mitt i oppveksten, men eg kjende det ikkje personleg. «Bestemor i Vadsø» var ei ukjend dame eg berre høyrde om i forteljingane. Den andre bestemora mi, ho som budde på loftet, fortalde alltid om kor flink bestemor i Vadsø var til å synge, kor små hender ho hadde, og kor sterk den læstadianske gudstrua hennar var.

Då eg var nyfødd, reiste pappa nordover og fortalde henne om det vesle barnet dei hadde fått, attpåklatten. Han fortalde at jenta skulle heite Aina, etter eldste søstera til far hans. Etter ei stund hadde bestemor gløymt at det var pappa sitt barn det var snakk om, ho rista på hovudet og sa: «Tenk å kalle et lite barn for Aina!»

 

Opphavet ved Ishavet

Bestemor byrja bli dement alt då eg blei fødd. Eg har ramma inn eit bilete av det einaste møtet vårt. Eg er to år med tjukke, gule musefletter og lilla strikkekjole, ho har oppsett hår og svarte hornbriller, og eg sit på fanget hennar i stova i Vadsø. Mamma seier ofte at ho skulle hatt film av korleis bestemor song finske songar til meg og gynga oss i stolen. Men alt som finst, er dette biletet.

Bestemor forsvann lenger og lenger inn i gløymsla, til ho på slutten berre forstod finsk. Då ho døydde, var eg ti år. Eg blei aldri kjend med henne.

Det var fleire omstende som gjorde at eg ikkje var i Finnmark i tida mellom eg var to og seksten år. Ikkje berre var bestemor gammal og gløymsk, men det var langt å køyre, og eg var forferdeleg bilsjuk. Så eg hadde ikkje feriar i nord slik dei eldre brørne mine hadde, før mi tid.

Eg fekk aldri oppleve at fetteren min klemra fingrane i bildøra, og at gamletante Hilja gneid fingrane hans, las noko på finsk og tok smerta vekk, eller at ho resten av dagen gjekk og gneid sine eigne hender, som hadde ho overført smerta til seg sjølv.

Eg fekk ikkje oppleve å ligge tett i tett i det vesle huset til bestemor i Vadsø når fleire familiar kom på besøk samtidig. At ho sa at det var nok plass, eller korleis ein måtte ete på skift, fordi kjøkenbordet ikkje kunne romme alle samtidig.

Eg fekk aldri oppleve å bade i Vesle-Skallelv om sommaren, hive meg hoiande utfor sandbankane og ned i det iskalde elvevatnet i lag med søskenbarna mine. Men eg såg bilete av det, høyrde historiene om det, snart var det nesten som eg hadde opplevd det sjølv. Berre at eg hadde ikkje det.

Den ubestemmelege lengten voks seg sterkare og sterkare med åra, ein lengt etter noko eg aldri kunne få oppleve.

 

Lengten og litteraturen

Kva er vel betre for lengt enn litteratur? Bøker om Finnmark både vekker og lindrar lengten i meg, som den sterke romanen Neiden 1970 av Ingeborg Arvola. Neiden 1970 er eit fint, sårt og tidvis svært vondt portrett av forholdet mellom ei dotter og ein i periodar alkoholisert, men godhjarta far. Vi får vere med dei to frå jenta er lita og er med far sin overalt og på alt han gjer, til ho får eigne barn og omsider sluttar å kome, fordi han har byrja drikke igjen. 

Og så døyr han, åleine, den einaste sommaren ho ikkje er der, ho har ikkje kome til han på ferie det året, for første gong i heile sitt liv.

Ingeborg Arvola skildrar den norsk-finske kulturen som faren og namnet hennar er frå, og som er blitt halden i hevd i bygder fleire stader i Finnmark. Ho skriv om det finske språket dei eldre snakkar, den spesielle fiskemetoden frå Neiden, Käpälä-fisket, køyring med hest og slede, bjørnen i skogen og laksen i elva. Alt som står i fare for å forsvinne. 

Også romanen til Sigbjørn Skåden, Våke over dem som sover, har handling frå Finnmark, nærare bestemt Kautokeino, der det framleis i dag blir snakka samisk overalt, anten du går på bensinstasjonen, apoteket eller kaffibaren. Boka handlar om ein sørsamisk kunstnar som reiser dit for å lage eit kunstprosjekt, og som på ein ubehageleg måte går inn i Kautokeino-saka, der 18 menn i 2006 blei sikta for å ha misbrukt mindreårige jenter seksuelt.

Dette er ein roman frå det mangefasetterte samiske miljøet i Nord-Noreg, som tek opp spørsmål rundt identitet, korleis det er å ikkje vere samisk nok i éin samanheng, og ikkje norsk nok i ein annan. Men prøver kunstnaren i boka eigentleg å gjere godt med prosjektet han arbeider med der oppe?

Boka skildrar også noko eg sjeldan les om: landskapet og avstandane i nord, som det å køyre på dei uendelege vegane over vidda, krysse grensa til Finland og kome til ein kombinert bensinstasjon, daglegvare- og jernvarehandel, kafé og vinmonopol midt i ingenting, handle det du skal ha og køyre tilbake igjen: «Vidda. Et glassklart mørke mot den rimhvite marka. Billysene som kommer i møte blir til høye søyler av lys i den krystalliserte lufta, synlig på en kilometers avstand.»

Eller kva med å bli med i bil over Skáidi, i novella Underveis frå Over elva av Laila Stien? Eit godt vakse ektepar køyrer frå Alta mot Hammerfest, kvinna skal på sjukehus og mimrar om ein annan tur over fjellet, for frykteleg lenge sidan, «en mannsalder nesten». Dei måtte stoppe for ein stor reinflokk som blei flytta over vegen, kvinna blei bergteken av bølgjerørsla i den tett samla flokken, snøen som glitra, dyrepelsane som skein: «et belte av liv som bukta seg framover i det lett kuperte, snødekte terrenget.»

Har ein først forelska seg i Finnmark, går det aldri over. Vil du ikkje prøve?

Dei skulle på ein fest, dei var nyleg trulova, og ho hadde fått kufte, sølv og silkesjal av den nye svigerfamilien. Men det var ikkje alle som ønskte henne velkomen. Det var ein samisk fest, sa formannen i festkomiteen. Han poengterte det to gonger: ein samisk påskefest. Men mannen hennar tok henne i forsvar, var på hennar side, slik han framleis er på hennar side, der i bilen, mellom Alta og sjukehuset i Hammerfest.

 

Tilbake

Flyet gjekk over Sverige og Finland, to timar frå Oslo til Kirkenes, vi flaug høgt, eg hadde sett meg ved vindauget, hadde tenkt eg skulle sjå ned på dei store skogane, men eg såg berre skyer.

Ferda gjekk vidare med propellfly over Varangerfjorden. Vi landa midt i solnedgangen i Vadsø, den intense solnedgangen over viddelandskapet. Eg hadde ikkje vore der på femten år, sidan eg var seksten. Eg saug luktene inn, syna. Landskapet, fjorden, lyset.

Vi reiste ut til bygda til far min, der elva møter havet. Det var godt å vere der. Sjå dei særeigne, avlange varangerhusa der fjøsen var bygd til som ein del av bustadhuset. Sjå skulen far min gjekk på, høyre historier frå barndoms somrar og vintrar, kjenne den friske brisen, sjå heilt over til Russland på ein klar dag.

Når eg stod i bygda og såg mot sjøen, likna bygda på øya eg er frå: grønt og blått, med kvite strender. Så snudde eg meg og såg eit grønbrunt viddelandskap strekke seg og strekke seg, så langt auget kunne sjå.

Vi plukka molter på Villapääjänkkä – Ullhovudmyra – der myrulla nikka frå magre stilkar. Her plukka far min bær då han var barn, her gjekk forfedrane mine og plukka. Her putta små og store hender bær i munnar, bær i spann. I elva fanga dei blink og laks til middag. Her gjekk bestemor med skautet sitt, her song ho dei finske songane.

Vi køyrde utover langs Ishavets strender, forbi Ekkerøya, Skallelv, Vardø og vidare til det vesle fiskevêret Hamningberg, heilt oppe mot Barentshavet.

Det var ein varm fønvind den dagen. På ei lang, kvit strand gjekk ein reinflokk i eine enden, medan vi sette oss og grilla pølser i den andre. Ungane ville bade, blei bråfrosne og lukkelege, sa det ikkje var kaldt, medan tennene hakka. Eg vassa ut sjølv, det var istappar rett inn i leggbeina.

 

Kjærleiken

Slak breier tundraen seg utover, ei einsleg dvergbjørk raslar med greinene, ein liten frosk kryp kvekkande opp på ei tue, fuglane fløyter, og skarvane sit på rekke på steinane utmed havet, strekker dei lange halsane og skrik, eller løftar vengen og nappar seg i fjørene. Flokkar av krykkjer flyg opp nede ved vasskanten, dei sit roleg i hop utover strendene, vaglar seg til på reira sine med hovudet under vengen. På marka går sauene og beitar, og reinflokkar streifar fritt over viddene.

Vinden er mjuk og blæs vekk myggen på moltemyra. Kjensla av den kalde myra rundt støvleføtene, korleis ho syg deg ned i seg, held rundt deg med tusen ørsmå fingrar; smattet når du trekker støvelen opp og går vidare til neste tue, full av bær som lyser mellom lyngen.

Dei gule og raude moltene. Lukta på hendene av moltene. Smaken av moltesaft på fingrane. Smaken av molter klistra med sukker, på grovskive med smør. Illraud moltekart tett i tett utover Skagen i Vardø, dei bratte, svarte klippene, eit brått stup ned i det isblå havet, eirgrønt gras og raude, gule, kvite sibirvalmuar som vaiar mellom stråa.

Og lyset! Sommar som vinter er det lyset som fortryllar, anten sola aldri går ned, eller ho aldri kjem opp og alt er blått og nordlyset blafrar over himmelen. Har ein først forelska seg i Finnmark, går det aldri over.

Vil du ikkje prøve? 

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram