Frå Utgåve 3-16
Skrive av Dag Wollebæk

Tillit under press

Tilliten mellom menneske i Skandinavia er svært høg. Men innvandringa set tillitskulturen på ei historisk sterk prøve.

 

Internasjonale undersøkingar syner at andelen som er einig i at «dei fleste er til å stole på», er høgare i Skandinavia enn nokon annan stad i verda. Utsegna måler generalisert tillit – det vil seie tillit til folk flest, snarare enn til spesifikke individ. Den generaliserte tilliten gjer mykje godt – mellom anna lettar han samarbeid mellom folk som ikkje kjenner kvarandre personleg. Tillit er med andre ord ein viktig ressurs for å få komplekse samarbeidsrelasjonar i stor skala til å fungere, som til dømes ein velferdsstat.

 

Dumsnille nordmenn

Ikkje alle synest eit høgt tillitsnivå er like positivt. Då tala frå European Social Survey (ESS) synte at nordmenn skåra høgt på tillit, skreiv til dømes Aftenposten at vi er Europas «mest naive».[1] Illustrasjonen var ein idiotisk flirande mann med nisselue. I artikkelen blei det diskutert om det høge tillitsnivået forklarte kvifor nordmenn så ofte blei lurt på ferie i utlandet. For nokre år sidan nytta kampanjen «Ingen liker å bli lurt» ESS til å forklare kvifor så mange naive nordmenn blir narra av alternativ-industrien. (Det dei gløymde å nemne, eller ikkje visste, var at tillitsfulle nordmenn i mindre grad enn andre trur på «alternative» fenomen.[2]) Eg er blitt fortalt at ein i Minnesota framleis fortel vitsar om «dumb Norwegians» basert på stereotypiar om blonde og blåøygde immigrantar på 1800-talet.

Sjølvsagt er det situasjonar der det er idiotisk å vere tillitsfull. Tillitsfulle personar hamnar nok oftare i situasjonar der dei blir lurt, enn kva kynikarar gjer. Men generalisert tillit er ikkje det same som å kaste alle forholdsreglar over bord eller å stole blindt på framande. I ESS blir spørsmålet stilt på ein skala med utsegnene «stole på dei fleste» og «kan ikkje vere forsiktig nok» i kvar sin ende. Då er det svært få i dei skandinaviske landa som plasserer seg på den vilkårslaust tillitsfulle enden av skalaen. I Noreg gjeld det berre 2,6 prosent, medan heile 73 prosent plasserer seg nærmast det tillitsfulle alternativet.[3]

Å ha ein slik moderat tillitsfull utgangsposisjon har føremoner for individet. Sosialpsykologen Yamagishi har peika på at tillitsfulle i større grad trener opp den sosiale intelligensen. Dei får fleire høve til å lære når det er fornuftig å vise andre tillit, og når ein bør vere meir forsiktig. Dei som i utgangspunktet meiner andre ikkje er til å stole på, vil gjere færre slike erfaringar.[4] Å vere tillitsfull innanfor fornuftige grenser basert på tidlegare erfaringar gir fridom for einskildmennesket – fridom til å gripe sjansar, byggje relasjonar, lære.

Sjølv om overdriven tillit kan innebere naivitet, ser faglitteraturen generelt tillit som eit gode. Interessa for fenomenet har auka dei seinare åra, særleg etter boka Bowling Alone (2000) av Robert D. Putnam. Putnam hevda at tillit var ein del av den sosiale kapitalen – ressursen som gjer at menneske er i stand til å samarbeide effektivt utan ytre tvang. Vidare har Putnam peika på to andre fenomen som har skapt merksemd. For det første byrja han å snakke om tillit og sosial kapital som eigenskapar ved heile samfunn og nasjonar. For det andre synte han at tilliten var sårbar; det hadde blitt langt mindre av han i USA i etterkrigstida.

Tillit blir dermed ein vedundereliksir – ei universalløysing på det meste som er vondt og vanskeleg i samfunnet.

Putnams arbeid har inspirert mange studiar av tillit og kva det tyder for eit samfunn. Økonomar har knytt det til vekst og utvikling.[5] Tillit gir meir effektivt samarbeid og lægre transaksjonskostnader, mindre ressursar brukt til kontrollmekanismar og formalisering. Sosialmedisinarar har vist at tillitsfulle har lægre nivå av stresshormonet kortisol når dei blir sett under press.[6] Det finst også ei rekkje studiar som knyter tillit til livskvalitet og godt styresett.

Tillit blir dermed ein vedundereliksir – ei universalløysing på det meste som er vondt og vanskeleg i samfunnet. For politikarar er sjølvsagt tilgangen på ein eliksir som skapar vekst og lukke – og til overmål er fullstendig gratis å produsere – ein uimotståeleg idé. I den offentlege debatten kappast difor ulike politiske retningar om å knyte tilliten til eigne ideologiske prosjekt. Samstundes kappast dei om å meine at meiningane hjå meiningsmotstandarane er det som trugar tilliten og tillitsamfunnet.

Putnams andre viktige bidrag var å syne at tillitsnivåa i eit samfunn kan endre seg over tid. I USA fall dei dramatisk dei første tiåra etter 1960. Generelt er generalisert tillit ein seig struktur som endrar seg langsamt, men det at dette skjedde så fort i USA, syner at ein ikkje kan ta ein tillitskultur for gitt. Forklaringane Putnam gav, var derimot lite treffande og la for mykje vekt på individet: Folk ser meir TV, pendlar, går mindre på piknik saman og deltek mindre i foreiningsliv. Ingen av desse teoriane har fått særleg empirisk støtte.

 

Tillitens fire pilarar

Hovudtrenden i den empiriske forskinga på tillit går no bort frå slike individforklaringar og går i staden i retning av strukturelle forklaringar. Mi lesing av den noverande litteraturen er at han peikar i retning av at høgtillitssamfunn baserer seg på fire pilarar. Ein er dei historiske faktorane. Ein annan er eksistensen av ein rettsstat og eit politisk system med høg legitimitet. Ein tredje er eit sterkt sivilsamfunn. Den fjerde er ei kjensle av felles skjebne i befolkninga.

Først, den historiske faktoren. Økonomane Algan og Cahuc samanliknar tillitsnivåa blant etterkommarar av innvandrarar til USA frå ulike nasjonar med dei nåverande nivåa i landa dei flytta frå. Korrelasjonen er svært sterk.[7] Resultata syner at dei med skandinavisk opphav i størst grad uttrykker tillitsfulle haldningar, slik dagens skandinavar er dei mest tillitsfulle i kryssnasjonale undersøkingar. Etter dei følgjer etterkommarar frå Sentral- og Vest-Europa, medan dei med bakgrunn frå Aust- og Sør-Europa er dei minst tillitsfulle. Også dette er i tråd med dagens undersøkingar av tillitsnivåa i europeiske land.

Dette syner at generalisert tillit endrar seg langsamt. (Det slår òg beina under alle forsøk på å tolke den skandinaviske tillitskulturen hovudsakleg som resultat av ein utjamnande velferdsstat.) I Skandinavia har den historiske arven vore særleg gunstig for utviklinga av ein høgtillitskultur. Vi har vore kulturelt homogene samfunn, noko som utan tvil har gjort det lettare å stole på kvarandre. Ifølgje Trägårdh la den tidlege etableringa av eit rettssystem (tinga), der ein blei dømt av likemenn, grunnen for frigjeringa av individet frå klanlojalitet og blodsband. Denne tidlege individualismen blei forsterka av reformasjonen, som la vekt på individet sitt ansvar overfor Gud. Reformasjonen hadde også ein annan gunstig effekt; sidan folk skulle lese og forstå Bibelen sjølve, blei dei oppmoda om å bli skriftkunnige på ein heilt annan måte enn i katolske samfunn. Dette vart ein viktig ressurs i framveksten av eit sterkt organisasjonssamfunn på 1800-talet. Den lutherske kyrkja la vekt på staten si rolle, individuell autonomi og likskap framfor Gud. Desse faktorane la grunnen for utviklinga av den moderne velferdsstaten. Velferdsstaten sikra omfordeling, sosial mobilitet og fråvær av skarpe sosiale skilje. Han reduserte også kjensla av risiko i befolkninga slik at mindre står på spel når vi gjer valet om å stole på andre.

I sum har gunstige historiske faktorar styrkt vilkåra for dei andre tre pilarane for tillit: rettsstaten, eit sterkt sivilsamfunn og ei kjensle av felles skjebne.

Den andre pilaren er eksistensen av ein rettsstat med lite korrupsjon og høg legitimitet. I dei skandinaviske landa er det ei oppfatning om at korrupsjon er lite utbreidd.[8] Korrupsjon svekker trua på at konfliktar kan bli løyst, og at kriminalitet blir rettvist straffa. Dette gjer at ein blir meir forsiktig i omgangen med andre. Difor, seier Rothstein, er tillit til dei konfliktregulerande institusjonane – rettsvesen og politi – særleg viktig for tilliten mellom menneske.[9] Om ein ser andre som korrupte, påverkar det også eiga åtferd. Det gir inga meining å vere den einaste som ikkje tek imot stikkpengar i eit korrupt system.

Litteraturen om korrupsjon og tillit er pessimistisk. Rothstein og Uslaner snakkar om ein negativ spiral der økonomisk ulikskap og låg tillit forårsakar korrupsjon, på same tid som korrupsjon held ved like ulikskap og mistillit.[10]

 

Organisasjonsliv og tillit

Mange har ei kjensle av at systemtilliten i Vesten no er mykje lægre enn han var før. Både i Europa og i USA er det ei bølgje av opprør særleg retta mot dei politiske elitane. Om ein skal tru ESS, er det inga krise i Skandinavia. For Noreg sin del syner dataa for 2002–2014 ein auke i tilliten til rettssystemet og politikarane, og at stadig fleire blir nøgde med demokratiet.[11] I dei andre skandinaviske landa er det stabilitet, med auke på somme indikatorar. Spørsmålet er i kva grad vi kan feste lit til slike datakjelder lenger. For Noreg sin del har svarprosenten gått ned frå 65 prosent i 2002 til 54 prosent i 2014. Dette kan påverke resultata i nokon grad ved at det er dei mest tilfredse og tillitsfulle som framleis svarar.

Uslaner og Rothstein er primært opptekne av institusjonar i offentleg sektor. Dei avviser ein sentral tese hos Putnam, nemleg at tillit blir danna i samhandlinga som skjer andlet til andlet når ein er aktiv i foreiningslivet. Dei viser til studiar som syner at organisasjonsdeltaking ikkje påverkar tillitsnivået til dei aktive. Dette syner i deira perspektiv at organisasjonslivet har lite å seie for tillitsnivået i eit samfunn.

Forsking eg har gjort med Per Selle, tek eit anna perspektiv. I ein artikkel såg vi først på sambandet mellom individuell organisasjonsaktivitet og generalisert tillit i Europa.[12] Vi fann knapt skilnader mellom dei som var aktivt og passivt knytt til organisasjonar, i tråd med kritikken av Putnams argument.

Men då vi flytta blikket frå individuell deltaking til gjennomsnittstal for europeiske regionar, endra biletet seg. Det var nesten eit ein-til-ein-samsvar mellom talet på organisasjonsmedlemskap i regionen og tillitsnivået.[13] Vi tolkar dette i retning av at samanhengen mellom organisasjonsliv og tillit ikkje er individuell, men strukturell. Organisasjonar institusjonaliserer tillit snarare enn å generere han gjennom aktiv deltaking. Den primære rolla deira i eit tillitsperspektiv er ikkje å skape samhandling andlet til andlet. Dei er derimot ein infrastruktur for kollektiv handling – varige kanalar mellom individ og storsamfunn som kan nyttast når det trengst. Organisasjonar institusjonaliserer òg tillitsrelasjonar når medlemmer vel representantar – tillitsvalde – til å tale si sak.

Tillitsfulle personar hamnar nok oftare i situasjonar der dei blir lurt, enn kva kynikarar gjer.

Vidare kan vi ikkje berre sjå på «output»-sida av politikken om vi ønskjer å forklare variasjonar i tillit. Utan sterke og aktive sivilsamfunn som gir «input», kan ikkje statlege institusjonar bevare legitimiteten som perspektivet til Rothstein med rette legg vekt på. Vi finn dei sterkaste tillitskulturane der det organiserte sivilsamfunnet er reelle mellomliggande strukturar mellom individ og politisk system.

Sjølv ikkje ein sterk korrelasjon er prov på kausalitet. Relasjonen går truleg båe vegar: Sterke organisasjonssamfunn bidreg til å bevare tillitskulturar, og det er lettare å bevare sterke organisasjonssamfunn i samfunn med høg tillit.

 

Tillit og etnisk mangfald

Den fjerde pilaren er eit opplevd skjebnefellesskap («sense of shared fate») i befolkninga. Eg låner formuleringa om skjebnefellesskap frå Uslaner og Rothstein.[14] Omgrepet reflekterer at det er snakk om noko djupare enn berre likskap eller ulikskap. Det handlar om i kva grad menneske i eit samfunn føler at dei har samanfallande grunnleggjande interesser – om ein opplever at ein sit i same båt.

Små endringar i inntektsfordelinga i Noreg – om GINI-koeffisienten som måler ulikskap i inntektsfordeling aukar med eit par poeng – vil truleg ha liten effekt på tillitsnivået. Sjølv i dei egalitære skandinaviske samfunna har visse inntektsskilnader på grunnlag av talent og innsats legitimitet. Samanhengen mellom inntektsfordeling og tillitsnivå i ulike land er heller ikkje heilt eintydig.[15] Det som er meir avgjerande, er i kva grad den sosiale mobiliteten framleis er til stades, og i kva grad systemet blir opplevd som nokolunde rettvist.

I djupt sosialt lagdelte samfunn med låg sosial mobilitet lever privilegerte og underprivilegerte skilde liv – i ulike nabolag, på ulike skular, med ulike sosiale nettverk. Dei rike fryktar dei fattige, medan dei fattige ser på dei rike med misunning og mistru, med ei oppfatning om at dei rike blei rike av di reglane er urettvise. I ein slik situasjon er det grunnleggjande skjebnefellesskapet fråverande, og eit høgt tillitsnivå i befolkninga er umogleg. Førebels er vi langt unna ein slik situasjon i Noreg. Det er likevel grunn til å vere merksam på problematikken, ikkje minst i ein periode med aukande arbeidsløyse.

Ei meir akutt utfordring for skjebnefellesskapet i Noreg er knytt til innvandring. Etter ein periode med motstridande empiriske resultat syner no faglitteraturen klarare mønster kring sambandet mellom tillit og etnisk mangfald. Van der Meer og Tolsma såg på 90 studiar av sambandet mellom mangfald og samanhengskraft (cohesion). Dei fann at studiane som brukte geografisk avgrensa mål, i dei fleste tilfella synte negative samband.[16] Dei som såg på generalisert tillit, var mindre eintydige.[17] Blant studiane var ein artikkel eg skreiv med Susanne Wallman Lundåsen der vi nytta data frå 33 svenske kommunar.[18] Også vi fann eit sterkt samband mellom etnisk mangfald og tillit i lokalsamfunnet, men ingen effekt på generalisert tillit. Ei fersk undersøking basert på norske data av Fladmoe og Steen-Johnsen finn det same mønsteret i Noreg.[19]

I Skandinavia steig det generelle tillitsnivået dei første tre tiåra etter 1980, samstundes som innvandringa auka.[20] I den siste runden av World Values Survey, som berre er gjennomført i Sverige av dei skandinaviske landa, er det derimot ein tilbakegang. Svekkinga er sterkare med omsyn til tillit mellom naboar enn han er for den generaliserte tilliten.[21]

At innvandring slår svakare og seinare inn på den generaliserte tilliten enn på mål på tillit i lokalmiljøet, kan komme av to ting: For det første er det mogleg at majoritetsbefolkninga ikkje tenkjer på innvandrarar når dei svarar på spørsmål om haldningar til «folk flest». Dei tenkjer snarare på folk som liknar dei sjølve. Når ein konkretiserer spørsmålet til å handle om dei ein faktisk bur i nærleiken av, får ein eit meir presist mål. For det andre blir generalisert tillit rekna som ei grunnleggjande verdiorientering som blir forma i oppveksten og endrar seg lite gjennom livsløpet. Dette kan innebere at det tek tid før effekten av innvandring blir synleg på befolkningsnivå. Det ein måler, er i realiteten effekten av samfunnet slik det var då respondentane vaks opp.

I dag kan vi nok snakke om ei tillitskrise i tilhøvet mellom majoritetsbefolkninga i vestlege land og særleg den muslimske minoriteten.

Gode data på tillit i lokalsamfunn har først blitt tilgjengelege dei seinare åra, samstundes som innvandringa har auka kraftig i omfang. Dette har gjort at mykje forsking, mi eiga inkludert, kan ha undervurdert kor grunnleggjande migrasjon vil påverke tilliten i Skandinavia.

 

Tillitskrise

I dag kan vi nok snakke om ei tillitskrise i tilhøvet mellom majoritetsbefolkninga i vestlege land og særleg den muslimske minoriteten. Dette skjer i kjølvatnet av migrasjonsbølgja i 2015, fleire store terroråtak gjennomført av IS-sympatisørar og rapportar om seksuelle overgrep utført av personar med bakgrunn i land frå den islamske kulturkretsen (mellom anna i Köln). I fleire europeiske land aukar no andelen som har eit negativt syn på muslimar.[22] Om lag halve den norske befolkninga seier dei er skeptiske til muslimar, og seks av ti er negative til å få eit muslimsk svigerbarn.[23] Dette er langt fleire enn dei som uttrykkjer skepsis til andre religionar.

Blant mekanismane van der Meer og Tolsma peikar på som kan gjere at innvandring svekker tillit, er homophily – at like barn leikar best – og oppleving av at andre grupper er trugande. Når migrasjonen frå muslimske land no har auka kraftig, samstundes som hendingar har påverka synet på muslimar negativt, blir den skandinaviske høgtillitskulturen sett under press langs båe desse dimensjonane. Vi blir meir ulike, og ulikskapen blir opplevd som meir trugande enn før. I tillegg aukar tilstrøyming av flyktningar den sosiale ulikskapen – på kort sikt utan tvil, men òg på lengre sikt, dersom sysselsetjingsgraden held fram med å vere lægre blant innvandrarane enn i majoritetsbefolkninga.

To forhold avgjer i kva grad tillitskulturen vil klare utfordringa: om omfanget av den framtidige innvandringa er på eit handterbart nivå, og i kva grad ein lukkast med integreringa. Tendensar til parallellsamfunn, der minoritetar bur i separate område, går på separate skular, tek del i separate sivilsamfunn, og der grupper av innvandrarar har mykje lægre sysselsetjingsgrad enn majoriteten, må i alle fall motverkast om tillitssamfunnet skal kunne bestå.

Førestillinga om at Vi gillar olika, som ein velmeinande svensk kampanje frå nokre år tilbake hevda, er truleg overoptimistisk. Som Uslaner argumenterer for, er det betre å sikte mot kulturell assimilering enn ein ideologisk motivert multikulturalisme – om ein skal utforme ein politikk utelukkande for å bevare høg tillit.[24] Det er betydelege kulturelle avstandar mellom einskilde straumdrag innanfor islam og majoriteten på område som er nær knytt til tillit, som likestilling, fridom frå sterk sosial kontroll og individualisme. Om Noreg framleis skal vere eit høgtillitssamfunn, må desse sentrale verdiane formidlast og forsvarast.

Spørsmålet er kor retningsgivande tillit skal vere for politikken. Internasjonale forpliktingar og omsynet til internasjonal solidaritet set grenser for det politiske handlingsrommet i innvandringspolitikken, og det finst ingen enkle løysingar for vellukka integrasjon. Vi skal òg hugse på at Noreg har føremoner knytt til dei andre pilarane for tillit: gunstige historiske føresetnader, eit sterkt sivilsamfunn, vel fungerande offentlege institusjonar med høg legitimitet og relativt små sosiale skilnadar. I tillegg har vi ei høgt utdanna befolkning, ein faktor som òg bidreg til eit høgt tillitsnivå.

Sentrale delar av samfunnet vårt – frå turisthytter til velferdsstaten og eit uvæpna politi – er innretta på ein bestemt måte fordi tillitsnivået er høgt. Det har sine føremoner, både som individ og som samfunn, at vi er «Europas mest naive». Det står difor ein del på spel.



Fotnotar:

[2] ISSP-undersøkinga om religion frå 2008 synte at 13 prosent som var einige i at dei fleste alltid eller vanlegvis er til å stole på, trudde at stjerneteiknet eller horoskopet til ein person verkeleg kan påverke personen si framtid, mot 24 prosent blant dei som meiner ein bør vere forsiktig i omgangen med andre menneske. 12 prosent av dei tillitsfulle trudde at lykkeamulettar nokre gonger kan bringe hell, mot 25 prosent av skeptikarane. 25 prosent av dei tillitsfulle meinte at somme spåmenn og spåkoner verkeleg kan sjå inn i framtida, mot 34 prosent av skeptikarane. 18 prosent av dei tillitsfulle trudde på dei overnaturlege kreftene til avdøde forfedrar, mot 35 prosent av skeptikarane. 828 respondentar valde det tillitsfulle alternativet, medan 222 meinte ein burde vere forsiktig i omgangen med andre. Dataa kan utforskast og analyserast på http://zacat.gesis.org/webview/index.jsp?object=http://zacat.gesis.org/obj/fStudy/ZA4950

[3] Data frå European Social Survey 2014, n=1435. Skalaen går frå 0 til 10. Dataa finst på http://nesstar.ess.nsd.uib.no/webview/. I Sverige vel 2,2 prosent det ekstreme tillitsalternativet, medan 66 prosent plasserer seg på tillitsfull side. I Danmark er dei tilsvarande tala 4,2 og 76 prosent.

[4] Yamagishi, Toshio, Masako Kikuchi og Motoko Kosugi (1999). Trust, Gullibility, and Social Intelligence. Asian Journal of Social Psychology, vol. 2, issue 1, s. 145–161.

[5] Eit nyleg døme er Algan, Yann, og Pierre Cahuc (2013). Trust and Growth. Annual Review of Economics, vol. 5, s. 521–549.

[6] Takahashi, Taiki, Ikeda, Koki, Ishikawa, Miho, Kitamura, Nozomi, Tsukasaki, Takafumi, Nakama, Daisuke, Kameda, Tatsuya (2005). Interpersonal trust and social stress-induced cortisol elevation. Neuroreport, vol. 16, issue 2, s. 197–199.

[7] Særleg når ein legg vekt på dei europeiske landa i undersøkinga deira – etterkommarar av indisk opphav skårar relativt sett lægre enn landsmenn i notida, noko som svekker korrelasjonen noko.

[8] På Transparency International sin perception of corruption-index er Danmark nr. 1, Finland nr. 2, Sverige nr. 3 og Noreg nr. 5. av i alt 168 land. Korrelasjonen mellom indeksen og andelen i landet som seier dei fleste er til å stole på, er relativt sterk i World Values Survey (WVS) (.55, n=58 land). Kina er halde utanfor analysen ettersom andelen med høg tillit i WVS-materialet er tvilsamt høg (jf. Uslaner 2002, s. 226).

[9] Rothstein, Bo (2013). Corruption and Social Trust: Why the Fish Rots from the Head Down. Social Research, Vol. 8, No. 4, s. 1009–1032. Rothstein legg også vekt på dei andre institusjonane på politikkens «output»-side, nemleg velferdstenestene og det publikumsretta byråkratiet.

[10] Rothstein, Bo, og Eric Uslaner (2005). All for All: Equality, Corruption, and Social Trust. World Politics, Vol. 58, Issue 1, s. 41–72.

[11] På skalaer frå 0 til 10 har tilliten til domstolane auka frå 6,3 til 7,2 mellom 2002 og 2014, tilliten til politikarar frå 4,5 til 5,1, tillit til Stortinget frå 5,6 til 6,2, til politiske parti 4,3 (2004) til 5,1, tilfredsheit med demokratiet har auka frå 6,1 til 7,2, medan tilfredsheit med regjeringa har auka kraftig frå 4,4 til 5,9 (kjelde: ESS 2002-14, vekta med poststratifiseringsvekt og designvekt).

[12] Wollebæk, Dag, og Per Selle (2007). Origins of Social Capital: Socialization and Institutionalization Approaches Compared. Journal of Civil Society, Vol. 3, Issue 1, s. 1–24.

[13] Korrelasjonen var .87.

[14] Rothstein, Bo, og Eric Uslaner (2005). All for All: Equality, Corruption, and Social Trust. World Politics, Vol. 58, Issue 1, s. 41–72.

[15] Vi gjer ein analyse av sambandet mellom tillitsnivå og GINI-koeffisient i boka Den svala svenska tilliten (2013) av Lars Trägårdh, Susanne Wallman Lundåsen, Dag Wollebæk og Lars Svedberg, Stockholm: SNS Förlag. Alle land med ekstrem ulikskap er lågtillitssamfunn, men mange land med lik fordeling har låg tillit. Ein studie finn at effekten av GINI-koeffisienten forsvinn når ein kontrollerer for velstandsnivå (Stein, Sander og Bram Lancee (2011). Does Income Inequality Negatively Affect Social Trust? Gini discussion paper 20, AIAS: Amsterdam).

[16] Van der Meer, Tom, og Jochem Tolsma (2014). Ethnic Diversity and its Effects on Social Cohesion. Annual Review of Sociology, vol. 40, s. 459–478.

[17] Ein dansk studie finn eit samband også med generalisert tillit ved å bruke svært presise data på etnisk samansetnad i nærmiljøet: Dinesen, Peter T., og Kim M. Sønderskov (2015). Ethnic Diversity and Social Trust: Evidence from the MicroContext. American Sociological Review, 80(3), s. 550–573.

[18] Wollebæk, Dag, og Susanne Wallman Lundåsen (2013). Diversity and Community Trust in Swedish Local Communities. Journal of Elections, Public Opinion and Parties, 23(3), s. 299–321.

[19] Fladmoe, Audun, og Kari Steen-Johnsen (2016). Ethnic diversity and different dimensions of social capital in a Nordic context. Paper presentert på den norske statsvitarkonferansen, Kristiansand, 6.–8. januar.

[20] Wollebæk, Dag, og Signe B. Segaard (red.) (2011). Sosial kapital i Norge. Oslo: Cappelen Damm.

[21] Lindberg, Staffan, og Richard Svensson (2011). Tabellrapport. World Values Survey. Sverige 2011. Göteborgs universitet, Statsvetenskapliga institutionen. I European Social Survey, som nyttar ein tipunkts skala til å måle generalisert tillit, er tillitsnivåa noko lægre i 2012 og 2014 (6.1) enn i perioden 2006–2010 (6.3), men på same nivå som perioden 2002–2004 (6.1). Skilnaden mellom 2006–10 og 2012–14 er statistisk signifikant på 95 %-nivået. For Noreg og Danmark sin del er det ikkje mogleg å lese ut nokon trend over tid.

[22] https://www.washingtonpost.com/news/worldviews/wp/2016/07/11/anti-muslim-views-rise-across-europe/

[23] Tal frå IMDIs integreringsbarometer, referert i Aftenposten: http://www.aftenposten.no/norge/6-av-10-er-negative-til-a-fa-en-muslim-i-familien-39473b.html

[24] Uslaner, Eric (2012). Segregation and Mistrust. Cambridge: Cambridge University Press.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram