Frå Utgåve 2-16
Skrive av Monica Bjermeland

Ketsjupsystrer

Nyttårsaftan døydde ei ung jente i Valdres av avmagring. Ho er venelaus, omsorgsapparatet har svikta. På skulen til dotter mi får dei ikkje lov til å kalle seg bestevener. Korleis unngår vi at den sosiale styringa vert heilt på styr?

 

Tresfjord, ein haustdag i 1985. Eg og besteveninna mi sit på kjøkkengolvet i Raudehuset på heimgarden hennar. Vi er ni og ti år gamle. Vi har trekt opp gensererma våre, som luktar sigarett frå smugrøykinga i låven, vi har rekt fram ein underarm kvar, vi er klare. Pulsen stig. Ho lèt den skarpe kjøkkenkniven ripe opp armen sin, dernest min. Eg rykker til i skuldra då eg kjenner knivbladet, men held armen strak. Vi skal jo bli blodsystrer.

Vi stirer forventingsfulle på den kvite huda, ventar. Ingenting skjer. Blodet piplar ikkje fram, og dessutan svir det. Vi ser fortvilte på kvarandre. Skjønar at det ikkje går, at vi ikkje tør! Så får vi ein lysande idé. Ketsjup.

Frå den dagen er vi ikkje lenger berre kranglebestevener som vi så presist kalla oss sjølve – kodenamn KB – vi er også ketsjupsystrer. På denne tida hadde vi nyleg, kvar på vårt vis, mista ein forelder. Det var ei posttraumatisk tid. Venskapen vår kapsla oss med ein styrke vi ikkje fann andre stader akkurat då, gav oss meining i kaoset, overskot, glede, inspirasjon.

Og slik heldt det fram i årevis.

I dag, seks år etter at ho gjekk bort, gir ho meg framleis alt dette. Kva er det med vener som er så livgivande? Eg skal spasere meg gjennom nokre tankar i leiting etter moglege svar.

 

Styring eller toleranse?

Oslo, desember 2015. Dotter mi, sju år gammal, kjem heim frå skulen og fortel at dei ikkje får lov å vere bestevener på skulen hennar. Ingenting spesielt har skjedd, eg får vite det heilt tilforlateleg. Ho skal skrive ein sjølvbiografi i norsken, fortel ho, og lurer på kva ho bør ta med. Eg føreslår familie, speidaraktivitetar, undulaten, bestevener. På dette siste set ho blikket i meg, som om eg er det mest ignorante mennesket ho har møtt: «Mamma, vi har ikkje lov å kalle kvarandre bestevener.» Som om dette er eit faktum eg bør kjenne til, ein grunnpremiss for sjuåringars sosiale relasjonar. Eg trur faktisk ho rullar med augo.

Eg reagerer, i mitt stille sinn. Og sidan har eg tenkt på dette. Er ei så kontrollerande sosial styring bra, eller risikofull, eller begge delar? Eg meiner, skuleleiinga styrer ikkje på dette viset berre den sosiale åtferda til ungane. Kva med kjenslene? Kva med beskyttelsen venskap gir?

Dette startar ein lengre tankeprosess. Men eg klarer ikkje å bestemme meg for kva eg eigentleg synest. For rett etterpå døyr ein 13-åring av svolt etter lang tids mobbing, etter lang tids fråvær av nettopp vener. Ville ei endå sterkare sosial styring hjelpt ho?

Har sosialt liv og sosiale relasjonar vorte så kompliserte og digitaliserte at vi ikkje lenger klarer å takle det heile? Mobbing er eit stort og komplekst folkehelseproblem, og antimobbe- og venskapsarbeid på skulen må til. Men det kan lett gå i feil retning. Er forbod mot bestevenskap den beste løysinga?

«Vi kan bli så tolerante at vi nesten utslettar oss sjølve», sa Lars Saabye Christensen i eit intervju i A-magasinet julaftan. «Vi kan bli så gode at vi nesten vert slemme», sa han til journalisten. Han tenkte først og fremst på korleis vi som storsamfunn responderer på terror, men eg fekk like fullt assosiasjonar til arbeidet mot mobbing. Vi vil jo helst vere like og likeverdige, og vi vil så gjerne like kvarandre. Vi vil like alle like godt. I det minste likar nokre av oss å tru at vi faktisk kan like alle like godt. Men vi er ikkje heilt like, verken når vi går i andre klasse, når vi går på ungdomsskulen, når vi deltek i arbeidslivet, eller når vi bur på gamleheimen. Vi likar ikkje alle like godt. Alle relasjonar er ikkje like, ikkje sjuåringar sine heller. Betyr det at vi bør slutte å late som? Nokon kjem alltid til å kjenne seg utanfor, avviste og krenkte. Vi kan ikkje hindre dette, ikkje med så mykje «profesjonell» venlegheit, fellesskapsorientering og inkludering vi berre vil. Og når det skjer, er det godt å ha ein besteven, ein beskyttar.

 

Tre typar venskap   

Filosof Helge Svare har skrive ei bok om venskap (2004). Han fortel at frå antikken og fram til 1800-talet var venskap eit svært viktig tema for dei store vestlege tenkjarane. Dei hylla og utforska venskapen om lag slik vi har ein fetisj for den romantiske kjærleiken i dag. Seinare følgde sosiologar, psykologar og historikarar på. Alle tenkjarar med respekt for seg sjølve hadde noko å seie om venskap i gamle dagar. To av dei, Aristoteles og Montaigne, deler venskap inn i tre delar: lystvenskapen, nyttevenskapen og den gode venskapen. Dei to første typane liknar på kvarandre. Lystvenskapen inngår vi fordi han gjer oss oppstemte og glade, på eit personleg plan. Nyttevenskapen inngår vi fordi han er til gagn for oss på andre vis, til dømes materielt eller profesjonelt.

Ein god venskap er annleis. Ein god venskap kan også vere både til glede og nytte for oss, og er oftast det. Skilnaden ligg i motivet. Vi involverer oss i nytte- og lystvenskapane fordi dei er nett det. Og fordi dette er hovudmotivasjonen, kan dei ta slutt når som helst; når lysta eller nytta tek slutt, kan også venskapen ta slutt. Det som kjenneteiknar den gode venskapen, skriv Helge Svare og trekkjer på Aristoteles, er at han verken byggjer på eit ønske om lyst eller nytte, men om eit betre liv. Målet er enkelt og greitt eit godt liv. Men: Den gode venskapen kan berre oppstå mellom to likeverdige og på frivillig basis. Gode vener vel kvarandre, heilt fritt, utan påtrykk utanfrå, frå til dømes ei skuleleiing. Gode vener prioriterer kvarandre i fri vilje. Ein god venskap toler meir fordi han er bygd på eit anna fundament enn dei andre venskapstypane, han er usjølvisk og givande. Han «berre oppstår» fordi to personar vert trekte mot kvarandre. Slik sett er den gode venskapen like mystisk som kjærleiken.

«Å ta venskapen bort frå menneskelivet er som å ta sola vekk frå verda», skal den romerske filosofen Cicero ha sagt. Nyare forsking stadfestar samanhengen mellom venskapen og det gode livet. I boka si nemner Svare mange gode ein god venskap gir. Venskap gir oss lykke, eller det vi også kan kalle høgdepunkterfaringar. Venskap gir oss ein fellesskap, eit andre sjølv. Venskap gir oss tryggleik, ein andre heim. Venskap gir oss eventyr, nye måtar å sjå verda på. Venskap formar oss som menneske, påverkar kven vi er, identiteten vår. Venskap mognar oss som menneske, gjer oss til betre samfunnsborgarar. Eller med Aristoteles sine ord: Venskap er viktigare enn rettvise. Venskap gjer rettvise overflødig.

 

Nokon kjem alltid til å kjenne seg utanfor, avviste og krenkte. Vi kan ikkje hindre dette. 

The Death of Friendship?

Venskap er altså sett på som eit udelt gode både i Aristoteles og Svare sine bilete. I boka si skriv Svare mest om den gode venskapen. Han skriv lite om maktkamp, om nettverksbygging, om utnytting, om utestenging, ei forsømming som eg snart kjem attende til. Han skriv naturleg nok heller ikkje om kor øydeleggjande sosiale medium kan vere for sosial tryggleik; boka er 12 år gamal, men eg vil påstå at refleksjonane hans er like gyldige i den røyndomen. Danske forskarar har funne teikn på nett det, at flittig bruk av sosiale medium ikkje gjer oss meir klønete når vi skal relatere oss til vener i den verkelege verda. Å chatte med vener på Facebook eller dele bilete på Snapchat påverkar ikkje nødvendigvis dei verkelege relasjonane våre negativt. Sosiale medium kan snarare vere eit supplement til dei tettare venskapane, kan vere med på å gjere dei endå sterkare, blant anna ved å halde dei ved like i periodar då vi ikkje kan treffast fysisk. Virtuelle venskapar er altså ikkje ei erstatning for verkelege. «Vi går ikkje på Facebook heller enn på kafé», seier stipendiat Malene Charlotte Larsen, ein av dei danske forskarane bak studien, til avisa Politiken. Likevel, vi veit også at det er nettopp på sosiale medium inkludering og ekskludering skjer, særleg for tenåringar. Det skjer subtilt og langt utanfor lærarane og ofte foreldra sitt oppsyn. Kven som får sitje ved «so-me café»-bordet, er mykje opp til ungdommane.

Faren med sosiale medium er dermed at ein lett kan kjenne seg ekskludert frå fellesskapen, frå glansbileta folk lagar om seg sjølve. Det er mest der mobbing skjer i dag, langt utanfor klasserommet, ofte utanfor blikka og innsikta til dei vaksne. Eg er eit stykke forbi tenåra, men eg har saktens kjent stikket av å vere ufrivillig overlaten til meg sjølv. Då eg sat i sofaen i leilegheita ein mørk seinvinterfredagskveld tidlegare i år, med sjuåringen sovande i andre rommet, og kom i skade for å scrolle meg gjennom Facebook-feeden der eg såg bilete av venegrupper i Hemsedal, tidlegare studievener som lanserte dei nye bøkene sine, nære vener på Bylarm-tokt (vener eg ikkje visste skulle dit eingong) og Fredrik Skavlan på konsert med Bob Hund på Sentrum Scene, medan eg sjølv såg opptaket av vekas «Skavlan», kjende eg meg venelaus ein augneblink. Heilt utan at nokon skreiv noko nedlatande til meg.       

Vi kjenner oss vel alle ekskluderte innimellom, på nett eller i verkelege relasjonar. Dessverre er det altfor mange som også får kjenne på ei systematisk utestenging slik jenta i Valdres skal ha gjort. Lærar Øyvind Bjørndal sin metode mot mobbing fekk ny merksemd i vinter etter denne ufatteleg triste saka, men som ein annan rektor, Bjørn Bolstad skriv, har skulen og skulens rolle i samfunnet endra seg mykje dei siste 30–40 åra, uavhengig av digitaliseringa. Og engasjementet i samfunnet og hos enkeltpersonar i skulen er endå meir endra: «Vi har blant annet utviklet et samfunn der individuelle rettigheter ofte vektlegges sterkere enn individuelle eller kollektive plikter. Jeg opplever mange foreldre som er mest opptatt av sitt barn og hvordan det skal få størst mulig utbytte av skolegangen og som ikke ser at skole er et fellesskapsprosjekt», skriv Bolstad på bloggen sin og i Aftenposten. Barneoppseding er heller ikkje eit fellesskapsprosjekt i dag.

Den franske filosofen Jacques Derrida var slik eg oppfattar postmodernistar flest, ein tverr fyr. Han tenkte annleis om både dette og hint. Han braut med filosofikollegaene si nasegruse hylling av venskapen. Venskap eksisterer ikkje, sa han. Venskap er noko vi som samfunn har konstruert, ein idé vi har skapt. Venskap er ikkje noko anna enn ei forventing om noko som skal skje i framtida, han eksisterer ikkje her og no. Derrida meinte som rektor Bolstad at fordi vi er så opptekne av oss sjølve, av vår eigen individuelle fridom og vårt eige konsum, er vi ikkje i stand til å inngå gode venskapar. I ei verd så oppslukt av forbruk er det nærast umogleg for oss å ikkje forvente noko av ein venskap. Tida vi lever i, trugar institusjonen venskap. Folk vert middel til eit mål, og målet er alltid meir enn berre fellesskap og eit godt liv. For å kontre denne utviklinga føreslår Derrida at vi må gå heilt til andre enden av skalaen: oppsøke einsemd (i betydinga solitude). Slik kan vi komme oss unna venskapar som er nære, kalkulerte og pseudolikeverdige. Han ser for seg distanserte venskapar, relasjonar som er ikkje-fellesskap. Ein slik avstand vil vel også truge venskapen.

Eg trur ikkje det er derridaske venskapar skulen til dotter mi promoterer når dei seier at sjuåringane ikkje får lov til å kalle seg bestevener i skuletida. Likevel står denne haldninga like fjernt frå mi overtyding som Derrida. Dei fleste barn, som oss vaksne, utviklar sterkare kjensler for enkelte enn for andre. Desse relasjonane er openberre for omgivnadene uansett kva vi kallar dei. Det skulle vore godt nok for skuleleiinga at ungane oppfører seg greitt mot kvarandre og inkluderer kvarandre i leik og læring. Det skulle vore godt nok at alle i klassen, eller i det minste alle jenter eller gutar, vert inkluderte i bursdagar. Det skulle vore godt nok med strategisk samansette venegrupper. I staden vert sjuåringar i tillegg oppmoda om å late som om dei ikkje har betre kjemi med enkelte i klassen enn med andre. Er ikkje det ganske unaturleg? Vert det ikkje berre slik at ungar finn ein veg utanom uansett, eit anna ord enn besteven? Ungar vel venene sine slik vi vel våre. Som venskapsfilosofane seier: Gode venskapar oppstår fordi to menneske vel kvarandre på likefot.      

 

Alle skal ha nokon å leike med

Vi vaksne kan berre drøyme om å forstå alt som føregår mellom ungane når det gjeld venskap, kjærasteri, krangel, maktkampar, godleik. Kanskje er det viktigare at vi rettleiar dei ungane og ungdommane som manglar varme venskapar, inn i konstruktive relasjonar, heller enn å setje grenser for dei som har den evna.

Anne Greve, førsteamanuensis ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og medredaktør i ei nyare bok om venskap, er blant fagfolk som meiner venskap er frivillig: «Når barnehagen sier at alle barna skal ha minst én venn, tror jeg pendelen har svingt for langt. Det vi derimot kan ha som mål er at alle skal ha noen å leke med.» Utsegna bør vere gyldig på skulen også. Grenseoppgangen er likevel utfordrande. Som mor synest eg det er vanskeleg å vite korleis eg kjærleg skal dytte dotter mi i riktig retning. Kva er riktig? Eg vil at ho skal vere eit tolerant menneske med omsorg og romslegheit for andre, ei som inkluderer. Samstundes vil eg at ho, på sikt, skal bli eit tydeleg menneske, ei som kjenner sine eigne grenser, og som set dei utan å be om orsaking for det, som tek omsyn til eigne kjensler, og som tillèt andre å gjere det same utan å kjenne seg krenkte. Til sist håpar eg ho vil kjenne seg fri til å knyte seg ekstra til menneske som gir ho dette vesle (store) ekstra. Konstruerte eller tvinga venskapar kan kanskje bli gode, men då blir dei det trass i konstruksjonen, ikkje på grunn av han.

Ei anna besteveninne av meg er spesialpedagog og kontaktlærar på ein barneskule eit stykke utanfor Oslo-skulen. Kvar haust snakkar ho mykje om venskap til seks-, sju- og åtteåringar. Det har ho gjort i snart 20 år. Ho veit at god klasseleiing er viktig i antimobbe- og venskapsarbeid, og tek ansvaret sitt på største alvor. Samstundes veit ho at det er kunstig å late som om alle er like gode vener og har like god kjemi. Ho kallar ungane «kollegaer» og brukar gjerne seg sjølv og assistenten sin som døme. Ho fortel ungane at dei to er kjempegode kollegaer og likar kvarandre godt, men at dei ikkje likar kvarandre så godt at dei heng saman og er vener på fritida. Dei har ulike interesser, seier ho til ungane. Og det er heilt greitt.

Veninna mi tillèt bestevenskap, også i skuletida. Ho tillèt jamvel at ungane seier «nei» til å inkludere fleire i ein leik som allereie er starta, til å setje grenser. Ungane på skulen hennar har meir autonomi enn dei på skulen til dotter mi. Eg kan ikkje seie at det eine er betre enn det andre – begge skulane arbeider medvite mot mobbing og har lite mobbing. Begge stadene er ufrivillig åleinegang, plaging av andre og langvarig eksklusjon ugreitt. Der går grensene til spesialpedagogen også. Då ho sjølv gjekk på barne- og ungdomsskulen på 1980-talet, fanst det ikkje organisert arbeid mot krenkande åtferd i skulen. Regelen som gjaldt, var den sterkaste sin rett, noko eg og ho og mange med oss vart ulykkelege offer for. For ungar er også – nettopp – ungar, og må sosialiserast, lærast opp. Det er oppgåva til dei vaksne å rettleie ungar til å vere saman. Somme gonger medfører det at vi må presse nokon til å leike saman. Andre gonger medfører det at vi må presse nokon til å bryte opp. Ungar har ikkje alltid evna til å vite det beste for seg og sitt liv. Somme gonger er kanskje sjølvvald venskap destruktivt. Også då må vi vaksne gripe inn.

Småskulen er éin ting, her er vi kanskje minst sårbare for mobbing? Dei første skuleåra skiftar vi vener ofte. Men frå tenåra vert vener verkeleg viktige. Livstilfredsheita til ungdommar, særleg jenter, er heilt avhengig av god venestøtte, viser ein studie av Oddrun Samdal og Else Cathrine Rustad. For jenter har støtte frå både vener og medelevar stor innverknad på livstilfredsheita. Dobbelt så mange jenter som seier det er vanskeleg å prate med vener, vurderer si eiga livstilfredsheit som låg samanlikna med gutane som seier det same. Jenter er også meir opptekne av korleis dei vert evaluerte av vener. Generelt er tilfredsstillande samvær med veninner, både privat og i skulesamanheng, viktig for jenter, hevdar dei.

Ingen lærte meg det, korleis eg skulle skaffe meg vener. Då vi byrja i ungdomsskulen og fekk nye elevar i klassen frå ein skule i nabobygda, og eg «fann» ei jente eg ville bli ven med – og som er ei av dei beste venene mine den dag i dag – ante eg ikkje korleis eg skulle gå fram. For det første hadde ho allereie ei besteveninne. Eg kunne ikkje bryte inn i den tosemda, kunne eg vel? Eg prøvde å finne ut kva eg hadde til felles med dei. Dei to hadde musikken, blant anna. Begge spelte i korps og høyrde på heavy metal. Sjølv gav eg opp blåsarkarrieren etter eit halvt år som kornettaspirant; eg klarte knapt å lage lyd i instrumentet. Eg trudde Alice Cooper var ei dame. Eg måtte altså finne ein annan veg. Opninga kom om våren det skuleåret. Ho eg ville bli ven med, var åleine heime ei helg, og eg visste at det var dans med eit lokalt rockeband i ei av nabobygdene den laurdagen. Eg la ein plan som ho likte. Eg sa eg skulle overnatte hos ho, ho sa ho skulle overnatte hos meg, vi utelét litt sentral informasjon, og vips, der sat vi i ein maxitaxi frå ein fjord til ein annan med små brune flasker i ein handlepose. Den kvelden drakk vi begge ei halv flaske øl kvar og klinte med ein gut for første gong. Og då var det gjort.

Vener er også viktige i vaksenlivet, skriv Helge Svare, ikkje minst i dag når storfamilien for lengst har gått ut på dato og fleire av oss bur langt unna både foreldre og sysken over lengre tid. Stadig fleire hushald består dessutan av berre ein person. I dag har venskapen fått ein unik status også fordi samfunnet vårt i så stor grad dyrkar individuell fridom som ein grunnleggande verdi. Derrida var skeptisk og meinte dette trua venskapen. Svare peikar på eit anna poeng: Venene våre er valde av oss sjølve. I motsetnad til familien vi har vakse opp med, vel vi venene våre, dei representerer oss på ein meir autentisk måte. Venskap vert slik ein stad der det moderne mennesket kan verkeleggjere seg sjølv som eit fritt individ som skaper sitt eige liv. Venskap har dessutan ein meir varig karakter, hevdar Svare, og hintar til «sanninga» om at partnarar går, venskap består. Som Derrida peikar på, shoppar vi jo vener – og kastar dei – avhengig av nytta dei har for oss. Forsking viser også at for vaksne kan vener og nettverk spele ei like stor rolle som behandlinga psykisk sjuke får i helsevesenet. Vener gir motstandskraft.

Vi likar ikkje alle like godt. Alle relasjonar er ikkje like, ikkje sjuåringar sine heller. Betyr det at vi bør slutte å late som? 

 

Vi kan lære framsnakk      

Men attende til venskap og mobbing i skulen. Kva slags vaksne vert det av ungane våre om dei ikkje i løpet av skuletida får oppleve å få seg ein på trynet (bli avvist) og reise seg att etterpå? Om dei ikkje får lære, med litt motstand, korleis du går fram for å skaffe deg vener og ein identitet på eiga hand? Om dei ikkje erfarer at dei ikkje er dårlege menneske, sjølv om visse elevar ikkje vil leike med dei akkurat den dagen, eller fordi nokon som hadde ein dårleg dag, sa noko slemt – anten det skjer i skulegarden eller på nett? Lagar vi ikkje nye offer, lett krenkelege menneske, dersom vi, helikopterforeldre som vi er, prøver å kontrollere venskap og sosial åtferd i for stor grad? Sosial kompetanse er ei evne, og den kan trenast opp. Det handlar om å forstå seg sjølv og andre menneske og korleis ein på best mogleg vis kan bidra for å skape ein god leik eller ein god samtale – eller ein god arbeidsprosess. Til sjuande og sist handlar det om kommunikasjon.

Mobbeforskarar ved Uni Research i Bergen veit at elevar som har vener, opplever mindre mobbing. Men ikkje alle er gode til å kommunisere, ikkje alle klarer å skaffe seg vener. Barnepsykologspesialist Solfrid Raknes har utvikla eit sjølvhjelpsverktøy som kan hjelpe barn og unge til å takle sine eigne kjensler. Når barn taklar sine eigne kjensler, har dei både større sjanse til å få vener og større sjanse til å takle det å vere åleine. Raknes-metoden er som følgjer: Med raude (negative, vonde) og grøne (positive, hjelpsame) tankar skal ungane lære å framsnakke seg sjølv. Raknes seier at det å takle eigne kjensler kan og bør trenast på, og at ein lærer det ved øving. Rettleiing frå vaksne er viktig: Foreldre kan hjelpe ungane sine til å bli mindre sårbare og meir robuste, noko som gjer dei betre rusta til å takle motgang og vanskelege situasjonar som dei garantert vil møte i livet. Dei fleste av oss vil verte ramma både av raude tankar frå oss sjølve og av krenkande ord eller handlingar frå andre. Heldigvis kan vi lære oss å handtere dette.

Rettleiing er bra, men kvar går grensene for styring? Kan vi i iveren vår etter å utslette mobbing, for å gå attende til Christensen sine ord, bli så snille at vi nesten vert slemme – mot oss sjølve? Når vi er for snille, kan vi jo lett miste oss sjølve, miste respekten for oss sjølve. Vi kan utslette oss sjølve. Og då blir vi slitne. Barn som blir bedde om å ta ansvar for andre barn, kan bli slitne. Det er verken normalt eller rett å smile, å gi like mykje av seg sjølv til alle heile tida. Det er energitappande. For sjuåringar. For 13-åringar. For vaksne. Avstand mellom menneske treng ikkje vere uvenleg. Nærleiken mellom bestevener treng heller ikkje tolkast som uvenleg av andre. Dei kan tolkast som gode modellar vi kan lære av.

Ketsjupsystera mi og eg var kranglebestevener heilt til hennar siste haust. Vi slutta å lugge kvarandre før vi kom i tenåra, men vi slutta aldri å «krangle». Vi brukte ikkje kvarandre til noko anna enn kreativ galskap og glede. Bestevenskapen vår hindra oss ikkje i å ha andre bestevener. Han truga ingen, trur eg. Tvert imot trur eg han inspirerte. 

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797