Frå Utgåve 2-16
Skrive av Knut Aastad Bråten

Snillskap for fall

– Så snill du er! – Njaaa, eg er vel helst dumsnill (latter).

 

Den siste tida har eg utført testar på venene mine. Stikkordet er «snill», dette unnselege og vesle ordet. Eg har fortalt dei at eg likar dei, at eg synest dei er snille, og eg har spurt kva slags assosiasjonar dei får av dette honnørordet. Svaret er ofte unnvikande, bortforklarande. «Eg? Snill?» Kanskje er det fjollete av meg å stadfeste kjærleiken min til venene mine, at dei betyr noko for meg. Alle veit vel kva snillskapen inneber. Det er jo difor vi held saman, er det ikkje?

Korleis snillskap utartar seg, varierer og er høgst subjektivt – alt frå dei varme samtalene, det kameratslege og joviale, kjærleiken mellom to elskande, ei hand å halde i, dugnadshjelpa, til den meir diffuse høflegheita eller innøvde kutymen. Alle har sine eigne standardar for kva det vil seie å vere snill – og motsett: Du veit godt kven som sjeldan eller aldri er snill. Ikkje sant?

Ein ting er å vere snill. Noko anna er å seie det til kvarandre. Snill er fyrst og fremst noko vi er, ein del av veremåten vår, noko taust og sjølvsagt. Kanskje er det difor vi sjeldan snakkar om det, og vi blir brydde og ser ned i grusen kvar gong nokon peikar på dei gode kvalitetane hjå oss. Er vi redde for å kome kvarandre for nær? Er dei venlege orda noko vi ikkje skal øydsle ut til kreti og pleti, som ein slags eksklusiv parfyme vi ikkje skal bruke for mykje av? Ein dag vil jo dei dyre dropane ta slutt, må vite. «Snilla», skriv 15-åringane til kvarandre på Facebook. Men det er på Facebook. Gjer vi det også i den verkelege verda? 

La oss skru tida tilbake. Finst det kulturelle forklaringar som seier noko om snillskapen? Er redsla for det «snille» restar av ei streng, puritansk samværsform, frå tida med sjølvpisk og stor sosial kontroll? Ein skulle ikkje skravle for mykje, veit vi. Eller skrøyte for mykje av kvarandre. Kan eg stole på skrøytet hennar? Er det påklistra smilet ekte? Innyndar ho seg, tru? Samtale den gongen var samtale i kodar. Indirekte tale. Kanskje var det ikkje plass til dei generøse og inderlege vitnesbyrda og venskapserklæringane?

Eller er det slik at vi ikkje ynskjer å identifisere oss med det snille – fordi ordet er teke som gissel av miljø vi ikkje ynskjer å assosiere oss med? Sjølv tenkjer eg på misjonsliv kvar gong nokon kallar meg snill, på eit slags gudfryktig menneske som tappert vender det andre kinnet til, som toler alt. «Ho var så snill, ho Gerd. Gjorde aldri motstand. Rett og slett snill.» Kven vil vere slik? Eller eg tenkjer på søte jenter, som alltid er søte – og snille, som om dei to eigenskapane er knytte til kvarandre i ein evig skjebnefellesskap. Søt og snill. Kan ein vere stygg og snill?

Det slår meg kor lite anerkjenning og prestisje som eigentleg ligg til omgrepet snill, og at snakket om snillskapen gjev assosiasjonar til det motsette: smisk og snillisme, og eigenskapar som dumsnill, naiv og enkel. 

Kva betyr det å vere snill i dag? Kvifor er det viktig å vere det? Eit søk på Google gjev ikkje noko klart svar på kva «snill» er og betyr, men peiker iallfall i ei retning: Her finst ei lenke om boka Snill, av Gro Dahle, ein tekst om snillheit i Aftenposten, og ein om «Tanker om å være snill», og endå ein tekst om å «finne en søt og snill jente». Og at Jesus var snill. Slike ting.

Kanskje like greitt å spørje dei minste. I barnehagen fortel niesa mi om nylærte ord: Dei snakkar om trolltankar og om soltankar. Eg forstår straks bodskapen. Ei enkel og klar formaning om å bruke tid på dei gode tankane, dei som blidgjer og lyser opp. Niesa mi vil sjølvsagt vere snill. Kven vil vere troll?

Den pessimistiske og destruktive snillskapsanalysen min er sjølvsagt lett å parere. Mykje av det vi har oppnådd i Noreg i dag, er jo nettopp eit resultat av snillskap – både den høge tilliten mellom oss (vi er på verdstoppen) og den særeigne samarbeidskulturen på arbeidsplassane seier noko om dette. Det norske samfunnet er eit strukturelt snilt samfunn, snillare enn mange andre, med eit velferdsnivå og eit sett rettigheiter få andre kan nyte godt av.

Tilbake til venene og forskinga mi: «Kva eg tenkjer om å vere snill? Snillisme», seier Kari, og tilfører at bak snillismen skjuler det seg ofte vikarierande motiv. Det slår meg kor lite anerkjenning og prestisje som eigentleg ligg til omgrepet snill, og at snakket om snillskapen gjev assosiasjonar til det motsette: smisk og snillisme, og eigenskapar som dumsnill, naiv og enkel.

«Dei vanskelege får alltid meir merksemd enn dei som er snille. Fordi dei klagar. Fordi dei er misnøgde», meiner ein ven. Det finst eit usynleg verdihierarki som graderer eigenskapane. Vi nikkar anerkjennande til dei som er snille og som gjer gode handlingar, men dyrkar samstundes det motsette: Tonen skal vere hard, syrleg, bestemt. Det gjev status å refse, vere kritisk og skarp. Du skal vere sjølvsikker og suveren. Frekk og sleivete er underhaldande. Snillskap er dumskap.

«Snillhet er den enkeltfaktoren som gir oss mest fremgang i livet, og snillhet er en form for intelligens som krever både god vurderingsevne og dømmekraft», fortel den svenske legen Stefan Einhorn til Aftenposten. I 2005 gav han ut boka Konsten att vara snäll. Verda treng dei som er snille, skriv han: «Dessa människor med sina ljusa själar existerar. De borde fridlysas, inte bara för att de är ovanliga utan också för att människosläktet behöver dem.»

Bak notidskynismen finst ein moralfilosofisk grunnmur som fortel oss at det er bra å vere snill, etisk sett. Å vere snill er ein avgjerande føresetnad for kven vi er som menneske. Og det beste med det heile er at det skal lite til: Det dreier seg om å vise storsinn, strekke seg, gi seg tid, lytte, invitere inn i varmen gjennom prat eller gode gjerningar, som å sleppe nokon før deg i køen, ikkje alltid stå på rettane dine. Å vere snill skal ikkje kome av overskott og overflod, men ligge i oss som ei gjennomgripande samværsform.

Inst inn i Sørfjorden bur svigermor mi. I nabolaget hennar bur ei eldre dame og dotter hennar. Ho er raus, dottera, og gjer mykje godt for mor si. I tillegg ser ho innom svigermor. No og då stikk ho innom med ein pose heimebaka rundstykke. Dei smakar alltid godt.

Kanskje treng vi ikkje gjere det så komplisert, eller psykologisere meir enn naudsynt. Kanskje skal vi gjere som den hyggelege naboen til svigermor inst i Sørfjorden? Dalai Lama seier det enkelt: «Ver snill om det er mogleg. Det er alltid mogleg.»

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797