Frå Utgåve 1-16
Skrive av Janne Nygård

Tidsvitnet

Gjennom krigstid og fredstid, vitskaplege framsteg og skiftande politiske og kulturelle straumdrag: I årgangane til tidsskriftet Syn og Segn kan vi lese forteljinga om korleis Noreg vart eit moderne samfunn.

 

I 1894 kjem eit rykande ferskt landsmålsblad frå trykken i Kristiania. På den enkle framsida av ubleikt, lysebrunt papir kan ein lese: «Syn og Segn. Norsk tidsskrift. Prøvenummer». 

Noreg er i endring, folketalet aukar, og det moderne industrisamfunnet byrjar ta form. Og midt i desse store omveltingane rasar det ein hissig debatt om kva som er norsk kultur, og kva som er det norske språket.

Året då det første nummeret av Syn og Segn kom ut, fanst det tre aviser som vart redigerte på landsmål. Dei fleste avisene som starta opp, gjekk inn etter få år. Medan den dansk-norske pressa opplevde ein eksplosiv vekst, var landsmålspressa i ein forsiktig etableringsfase.

Berre dryge tjue år etter at den første teksten på landsmål stod på trykk i ei norsk avis, vedtok Det Norske Samlaget at det ville gje ut eit tidsskrift på det nye språket. Det fire år gamle idealistiske landsmålsforlaget i hovudstaden ville «ta opp dæ som gjeng gjøno Tia». Året var 1872. Men som med så mangt anna skulle det ta endå nokre år før draumen om eit tidsskrift vart røyndom. Nokre år før hundreårsskiftet kunne endeleg redaktørane Arne Garborg, Moltke Moe og Rasmus Flo sende det nye bladet ut til medlemene av Det Norske Samlaget. Og det var fint lite «fin de siècle»-stemning å spore.

 

Ikkje om målet – men på målet

I det første nummeret var det trykt ein programartikkel som gjev eit unikt innblikk i kva dei første redaktørane ville at Syn og Segn skulle vere. Sannsynlegvis var han ført i pennen av Rasmus Flo, som stod for mesteparten av det praktiske arbeidet med tidsskriftet. Teksten tek i hovudsak føre seg dei store vitskaplege framstega i samtida og uttrykkjer ei sterk positiv tru på kva framtida vil føre med seg. Når menneska kunne finne ut kva stoff sola og stjernene er laga av – kva meir kan vi kome til å få greie på?

Det er ikkje berre den naturvitskaplege forskinga som fascinerer redaktørane, dei nemner òg studiet av folkediktinga. Og dei åtvarar mot å berre leggje vekt på forsking som tilsynelatande er nyttig, for det er i det små ein kan finne det store: «Er ingenting for stort til aa vona, so er helder ingenting for smaatt til aa ansa», og «det er nettupp denne aathugen med det smaa som hev opna det rikaste innsyn i skaparverket». Dei legg vekt på at vi heile tida må leite etter fleire svar og ikkje slå oss til ro med det vi har – og heller ikkje late oss blende av nye oppdagingar i så stor grad at vi kjem til å tru at vi no har funne ut av korleis ting heng saman. Det er nesten ei bibelsk trøyst i mykje av det dei skriv:

Kven veit, – kanskje det som no ser minst ut kjem til aa føra lengst, at det vert Oskeladden som kjem til aa vinna kongsdotteri likevel. Skaalsbrotet, skosolen, grevet, nôti, alt kan koma væl med. Den som hev set, kva det hev vorte av det eplet som Newton saag falla, av det kjel-loket Watt saag lyfta seg, av dei frauskelaari Galvani hadde hengt upp paa ein kopartraad, han skal ikkje vera for snar til aa vanvyrda nokon ting eller taka til modløysa.

Først i den siste paragrafen blir det nye tidsskriftet nemnt, i det som kan sjå ut som eit slags opplysingsprogram for tidsskriftet:

Etter dette er det ikkje aa undrast paa, at vonerne stig hjaa folk no, endaa um dei berre kan faa ein og annan glytt av dei store syner. – Syn og Segn vil ogso freista aa gjeva ein og annan glytt av alt dette, og helst slikt som kan styrkja voni og modet og arbeidshugen. Det vil syna og segja fraa um det som rører seg i tidi baade heime og ute, sambinda det nye med det gamle ved aa syna det eine i ljoset av det andre, og soleis paa sin maate gjeva sit tilskot til framgangsarbeidet paa dei ymse leier, det framgangsarbeidet som det er samanheng i, som byggjer paa heimleg grunn.

At Syn og Segn ville fungere som folkeopplysar, er klart. Samstundes er det å gje ut eit tidsskrift berre på nynorsk òg ei politisk handling, sjølv om det ikkje blir sagt eksplisitt. Tidsskriftet og skipinga av tidsskriftet er uløyseleg knytt til målrørsla og det ideologiske universet som målrørsla hadde sitt utspring i, og Syn og Segn hadde sjølvsagt òg ei målpolitisk side. Det var, i kraft av å vere til, ein del av målrørsla sitt arbeid med å spreie og vidareutvikle nynorsk til å bli eit språk som kunne brukast på alle område. Det var heile tida sjølvsagt at språket i tidsskriftet skulle vere nynorsk. Likevel vart ikkje publikasjonen berre eit organ for målreisinga: Det vart eit allment tidsskrift som skreiv om alle emne, og slik kunne dei nå breitt ut.

 

Ut til folket

Då Bjørnstjerne Bjørnson i 1899 sa at ein måtte velje mellom landsmål eller kultur, så var svaret frå målrørsla: Landsmål og kultur! Halvdan Koht skreiv eit illsint svar til Bjørnson i Syn og Segn i 1900 der han hevda at «landsmålet er vegen til folkeopplysning og folkesamling». Målreising og folkeopplysning har tradisjonelt gått hand i hand, og Ivar Aasen brukte òg delvis opplysing som argument for arbeidet med nynorsken. Den tida då alle som ville tileigne seg skriftleg kunnskap, måtte kunne lese latin, var forbi, men mange såg ikkje dansken som eit godt alternativ for nordmenn. Dei norske dialektane låg relativt langt unna det danske, og det var òg ei pedagogisk utfordring for dei som dreiv med leseopplæring på bygdene.

Landsmålet låg tettare opptil korleis folk snakka, og ikkje berre i orda. Etter kvart vaks det fram eit stilideal som stod i kontrast til dei lange og tunge setningane ein ofte kunne lese på dansk. Ein enkel og talemålsnær struktur, med mykje bruk av verb i staden for substantiv og færre innskotne setningar i teksten, gjorde at nynorske tekstar vart enklare å lese. Nynorsken hadde sitt opphav i talemåla i Noreg, og det er kanskje ikkje rart at ei talemålsnær språkføring var og er eit ideal for korleis nynorsk skulle sjå ut i skrift. Det finst døme på at den tidlegaste nynorske prosaen, med Vinje i spissen, tidleg hadde utvikla eit stilregister som kunne spenne frå ein høgstil og ein lågstil. Likevel skilde han seg frå den dansk-norske stilen. Nynorsk hadde ikkje ein lang og formelfast skrifttradisjon med stivna metaforar og seiemåtar, men måtte lage alt dette på nytt.

Tidsskriftet var òg ei god publiseringsform for å nå ut til mange. Tidsskrift og blad var enklare for folk utan utdanning og pengar å få tak i. Mange av dei som ikkje hadde råd til å kjøpe bøker, hadde råd til å halde aviser og blad. Og fordi desse publikasjonane kom ut med fleire utgåver i året, hadde dei moglegheit til å halde på ein aktualitet og dekkje fleire emne enn kva som var mogleg i bøker. Tidsskriftet kom ut i fleire og mindre hefte enn det gjer i dag, noko som gjorde det enklare å føre tidsaktuelle debattar. Det var plass til både korte og lengre tekstar. Nokre faste spalter gjekk att: Desse hadde ofte som føremål å oppdatere lesarane om det nyaste innanfor til dømes naturvitskap eller nye bøker. Dikt og andre korte, skjønnlitterære bidrag var òg eit vanleg syn.

Vi veit ikkje så mykje om kven som skreiv i Syn og Segn dei første åra, men vi veit at det var menn, og at det ikkje berre var dei eldre og etablerte skribentane som kom på trykk, det var eit blad der dei unge fekk lov til å prøve seg fram. Kven som helst kunne sende inn «bladmat» og få tekstane publiserte, dersom redaktørane tykte dei var gode nok.

             

I krig og fred

Olav Midttun var berre 25 år då han fekk åleineansvaret for Syn og Segn i 1908, i det som såg ut til å vere eit eittårs vikariat for Halvdan Koht, som var i Amerika. Men då Koht kom attende, ville han ikkje ta over att, og Midttun vart sitjande i redaktørstolen heilt fram til 1960. I løpet av redaktørgjerninga vart han òg Noregs første kringkastingssjef og professor i nynorsk dikting og litteratur ved Universitetet i Oslo. Han skreiv i sjølvbiografien sin frå 1971 at oppgåva som skriftstyrar i Syn og Segn følgde han gjennom livet som ein skugge – både som ein glad bodberar og som ei hard plageånd.

Midttun skulle kome til å styre tidsskriftet gjennom to verdskrigar. Nokre månader før dei dramatiske skota i Sarajevo i 1914 var den danske kritikaren og litteraturforskaren Georg Brandes (1842–1927) i Noreg for å halde eit føredrag om spenninga mellom stormaktene. Midttun var i salen, og skreiv ned eit langt referat som han fekk trykt i februarnummeret det året. I denne teksten vart den politiske situasjonen i Europa analysert, og Brandes peika på faren for at ein storkrig skulle bryte ut. I fleire andre artiklar blir det greidd ut om dei problemstillingane som vart diskuterte på fredskongressen i Haag i 1913, og frå 1922 hadde Syn og Segn faste utanrikskronikørar.

I den første verdskrigen var ei av utfordringane at det var så steile frontar mellom dei tyskvenlege og dei engelskvenlege. Det var viktig for Syn og Segn å finne ein balanse, slik at dei tok inn like mykje stoff frå kvar side. Tidsskriftet hadde eit ideal om å vere mest mogleg politisk nøytralt. I spørsmål som handla om krig, fred, språk og kultur, la dei seg på ei norsk line, men opna for ulike syn. Ei sak redaktøren ikkje la seg opp i, var rettskrivinga. Sjølv om det var tider der han hadde lyst til å endre former som han ikkje likte, let han dei stå. Få ting kunne fyre opp forfattarane meir enn rettskrivingsordskifte, og han var redd for at om han først opna den døra, så ville det snart fylle heile tidsskriftet.

Under den tyske okkupasjonen frå 1940 til 1945 stod Midttun klar til å legge ned drifta om nokon ville blande seg inn i det redaksjonelle. Skriftstykke med tysk propaganda kom inn til redaksjonen, men dei vart ikkje trykte. I sjølvbiografien sin skriv Midttun at han ein einaste gong heldt att ein tekst som inneheldt nærgåande kritikk av det som gjekk føre seg i Tyskland under krigen, i frykt for kva reaksjonar som sannsynlegvis ville kome. Han hadde stykket på vent, i tilfelle krigen skulle rase over, men det kom aldri på trykk. Av og til prøvde nazistar å snakke med Midttun om det ikkje var mogleg å endre på bladet, men det var nyttelaust.

Det var ikkje berre på tekstane ein kunne merke at Noreg var i krig. Midt i krigstida vart papir vanskelegare å få tak i, og tidsskriftet måtte kutte papirbruken ned i det halve. Måten dei løyste det på, var å trykke teksten tettare og med mindre bokstavar, slik at lesarane ikkje skulle få noko mindre innhald. I det siste krigsåret måtte dei òg kutte ut det stivare omslaget til fordel for tynt avispapir.

 

Når det ikkje finst ord

Det var ikkje berre papir det av og til skorta på. Nynorsken var eit ungt språk, og dei første som skreiv, kom ofte opp i situasjonar der ein rett og slett mangla ord for det ein skulle skrive om. Kan ein sminke seg på nynorsk? Dette spørsmålet stilte forfattar og samfunnsdebattant Olaug Nilssen på kronikkplass i Bergens Tidende i 2008. Trass i at ho konsekvent seier og skriv «auga», er det vanskeleg å seie noko anna enn «øyenskygge». «Augeskugge» ligg rart i munnen, og det står ikkje eingong i nynorskordlista. Grunnen er at det aldri blir skrive noko om sminke på nynorsk, alle kvinneblada er redigerte på bokmål. Konsekvensen er at det er eit heilt felt med ein heilt eigen terminologi som er vanskeleg å skrive om på nynorsk, vi manglar ord.

Det er enkelt å førestille seg at situasjonen var hakket meir prekær for dei første skribentane i Syn og Segn. Dei var fødde lenge før opplæring i landsmål vart ein del av skulekvardagen. Dei var språklege konvertittar, som ikkje berre utforska nye og spennande tema, men eit heilt nytt språk. Då Sigmund Fjær skulle formulere ein av dei første tekstane om psykoanalysen i 1923, var det ikkje berre å slå opp i ei bok på jakt etter nynorsk terminologi om psykologi. Han måtte trakke opp vegen sjølv. Og då Anton Røstad skulle freiste forklare den nyaste teorien til fysikaren Albert Einstein i 1921, gav han ikkje berre lesarane innsikt i eit av dei største gjennombrota i nyare forskingshistorie, han gav òg lesarane eit språk dei kunne snakke og skrive om det på.

Ved å skrive om tema som ikkje før var skrivne om på nynorsk, var dei med på å utvide det nynorske språket og samstundes det norske språket i sin heilskap. Men det var ikkje berre orda dei måtte leite etter. Dei mangla òg stilistiske førebilete. Det var ikkje så greitt, og i alle fall ikkje ønskjeleg, å overføre den ofte innfløkte danske kansellistilen til nynorsk. Når ein studerer dei tidlege tekstane i Syn og Segn, er det slåande kor munnlege og kvardagslege dei er, sjølv om temaet er alt anna enn det.

Det at skribentane var tvinga til å vere kreative i skrivinga, sidan dei ikkje kunne ty til gamle klisjear og daude formuleringar, førte utvilsamt til at tekstane i mange tilfelle vart friskare i forma enn det som stod på trykk i dei dansk-norske publikasjonane. I 1910 skreiv C.J. Hambro i Morgenbladet at «Skal man ha et Tidsskrift paa Landsmaal, saa vælger man ‘Syn og Segn’. Der skriver Landsmaalets Intelligens og de yngre, som ennu ikke er størknet i Doktrine og Form». Fleire stader der Syn og Segn blir meldt eller omtala, peikar forfattarane ofte på det høge nivået på språket og innhaldet.

 

Stort spenn

I tillegg til samfunnsvitskap, historie og litteratur har naturvitskap og teknikk tradisjonelt vore ein stor del av det som stod på trykk i Syn og Segn. Ei oppteljing av innhaldet i dei første 75 årgangane av bladet viser at ein tiandedel av innhaldet jamt over hamna i desse kategoriane. Lesarane var godt vande med å lese artiklar om dei nyaste oppdagingane innanfor den naturvitskaplege forskinga. Tekstane var pedagogiske og likna på læreboktekstar, men så var det òg gjerne lærarar og professorar som var avsendarane. Det var vanskeleg å finne nok folk til å skrive om slike emne, og redaktørane nytta mykje tid på brevskriving og overtaling for å få tekstane inn. Ofte måtte tekstane omsetjast frå bokmål òg, dersom forfattarane ikkje klarte å skrive på nynorsk. Nokre stikkprøver frå tekstane som stod på trykk om fysikk, syner at ein stor del av forfattarane til vanleg publiserte mest på engelsk og bokmål, men skreiv på nynorsk i Syn og Segn.

Sekretærar, korrekturlesarar og omsetjarar var det heller lite med, redaktørane gjorde mesteparten av arbeidet sjølv, attåt annan inntektsgjevande jobb. Den store innsatsen som vart lagd ned i å få på trykk slike tekstar, vitnar om kor viktig redaktørane meinte det var å ha dei med. Det var viktig fordi lesarane av Syn og Segn skulle få ta del i dei vitskaplege framstega, men òg viktig at tekstar om slike tema kom på nynorsk i det heile, og utvida rammene for kva det gjekk an å skrive om på nynorsk.

Det var eit stort spenn i tematikk, men òg eit stort spenn i kven som skreiv. Det er kanskje naturleg at eit tidsskrift som blir redigert på eit relativt lite språk, ikkje kunne vere krese på kven som skreiv, i like stor grad som andre tidsskrift, men det var òg eit mål at yngre skribentar skulle få prøve seg. Fleire kjende lyrikarar, forfattarar og samfunnsdebattantar debuterte i Syn og Segn. I tillegg vart Syn og Segn ein viktig møtestad for samlagsmiljøet, og har gjort dette miljøet større.

 

Eventyrleg auke

Heilt frå skipinga i 1894 og fram til 1950 låg tingartalet til Syn og Segn på om lag 1100, medan det utover 50- og 60-talet kom ein eventyrleg auke i opplagstal. I 1968 var det over 13 000 som heldt tidsskriftet, noko som gjorde Syn og Segn til eit av dei mest utbreidde tidsskrifta i Europa. Tidsskriftet vart sett på som ei svært påliteleg kjelde til kunnskap og godt språk, og mange opplevde Syn og Segn-abonnementet som heilt obligatorisk for gymnastida.

Då VG skulle melde dei to siste blada i 1967-årgangen, måtte dei konkludere med at Syn og Segn har vorte den «rene kaustikksoda!». Kva var det så eigentleg som stod på trykk i desse to blada? Eitt av blada opnar med ein omsett artikkel av Tom Hayden om politibrutalitet i USA, der eit par politibetjentar banka ein svart drosjesjåfør medvitslaus utanfor New York fordi han ikkje hadde gyldig førarkort, noko som utløyste store demonstrasjonar og eit varsel om ein ny borgarrettsopprør som var på trappene. Der var òg mellom anna den gravejournalistiske teksten «Fisk og fusk i fiskeomsetjinga» av sosiologen Per Otnes, eit forsvar for desentraliserte universitetsutdanningar frå professor Dagfinn Føllesdal, eit stykke om den afrikanske eliten av Tore Linné Eriksen, noko norsk bistandskritikk av Jarle Simensen og sjølvsagt ein artikkel som handlar om at dialektane er i ferd med å forsvinne, signert av Andreas Bjørkum.

Det høge talet på tingarar skulle ikkje vare for alltid, men det gode ryktet tidsskriftet har hatt for språket og innhaldet, har vart ved. Syn og Segn blir framleis gjeve ut av Det Norske Samlaget, og kan framleis seiast å fungere som ein rekrutteringsarena for nye nynorskskribentar som får lov til å prøve seg fram i spaltene.

Kva tidsskrifta har vore og på kva måte dei har vore viktige, er éin ting. Men kva tidsskrifta skal vere i eit stadig meir fragmentert og digitalisert informasjonssamfunn, er vanskelegare å svare på. Mest sannsynleg kjem vi ikkje til å oppleve like store opplagstal igjen, men det treng ikkje å medføre at tidsskrifta har utspelt rolla si. Det å gi rom for lange tankar og gode tekstar som går meir i djupna enn klikk-journalistikken som pregar dei største nettavisene, går ikkje ut på dato, men det er ikkje sjølvsagt at tekstane skal nå lesarane på same måte i framtida. Få tidsskrift er i dag digitaliserte, og berre eit fåtal av tidsskrifta i den rike, norske tidsskriftsfloraen er tilgjengelege på biblioteket. Ser ein det i samanheng med at færre enn før tingar papirutgåvene, bør det lyse ein varsellampe i redaksjonane rundt forbi. På kva måte kan ein nå ut med tekstane og ordskifta til lesarane i ei tid der ein blir bombardert med tekst og informasjon same kvar ein snur seg? Kanskje er svaret at ein ikkje kan halde fram som ein stemnar, men heller tenkje nytt rundt formidling og formidlingsarenaer. Svaret kan uansett ikkje kome frå andre enn tidsskrifta sjølve.

 

Felles minne

Tidsskrift kjem og går. Dei har ofte kort levetid, nye blir til og går inn att heile tida, og det ligg kanskje i tidsskriftet sin natur. Innhaldet skal spegle tida det kjem ut i. Likevel kan vi av og til peike på allmennkulturelle tidsskrift som har kome ut jamt over ein lang tidsperiode, som nesten kan lesast som eit minne for eit lands kulturutvikling, og som i godt over 100 år har klart å henge med i tida. I Noreg har vi Syn og Segn og Samtiden, i Sverige kan vi til dømes peike på Ord och Bild. Fordi tidsskrifta har vore tilgjengelege for eit breiare lag av folket og samstundes vore ei kjelde til ny, oppdatert og tidsaktuell kunnskap, kan ein argumentere for at tidsskrifta har fungert demokratiserande. Dei allmennkulturelle tidsskrifta har òg vore eit viktig supplement inn i den norske kulturoffentlegheita. Dei har skapt rom for ein meir levande og pulserande debatt der røyster som ikkje hadde blitt høyrde andre stader, finn sitt rom.

Mykje har skjedd i Noreg og verda sidan 1894. Heile forteljinga om korleis Noreg har utvikla seg til det samfunnet vi kjenner i dag, kan vi lese oss til gjennom årgangane til Syn og Segn. Det gjev oss ikkje heile biletet, men det kan seie oss noko om korleis skribentane i Syn og Segn såg på og tenkte om det som skjedde i deira samtid. Om korleis målfolk tenkte om si eiga samtid.

Om hundre år vil kanskje lesarar finne fram til årgangane frå vår tid og lese om våre krigar i Midtausten, om korleis vi snakka om EU, kva tankar vi hadde om feminisme og likestilling, om det å bli gamal, og om forholdet vårt til religion. Og dei kjem til å lese det på nynorsk.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram