Frå Utgåve 4-15
Skrive av Merete Thomassen

Kjønnet i verda - og i kyrkja

Kva har norsk lekmannskristendom og ein ordinær heterofil kjønnsmarknad til felles? Teologiske haldningar til kjønn og seksualitet i konservative kyrkjelege krinsar kan klargjere nokre problematiske førestillingar om kvinner og menn også i eit semisekulært skandinavisk tilvære.

To kulturelle hendingar har gjort inntrykk på meg dei siste månadene. Den eine er av litterær karakter. Det var lesinga av svenske Lena Anderssons romanar Rettsstridig forføyning og Uten personlig ansvar, om den intelligente og ressurssterke, men ikkje alltid like kloke Ester Nilsson. Ester strekker seg langt, ho forstrekker seg til ho brest for å få nokre smular kjærleik og litt merksemd frå menn – menn som berre vil ha litt av henne, ein gong iblant, samstundes som dei vil ha andre kvinner.

Den andre hendinga er av kyrkjepolitisk og teologisk karakter. Det var haustens kyrkjeval i Den norske kyrkja, der kampen for likekjønna ekteskap var den store valkampsaka. Felles for båe desse hendingane er at dei reiser spørsmål om kva menneske i det frigjorde og jamstilte Skandinavia tenkjer og trur om kjønn og seksualitet. Er kvinner og menn essensielt ulike? Har vi eigenskapar som er stabile og uforanderlege, forankra i biologi, genetikk, kropp og psyke? Eller er vi som kjønnsvesen sosialt og symbolsk konstruerte gjennom mange hundreår med nedarva førestillingar om kva «ekte» menn og kvinner er, – førestillingar som det ikkje alltid er hald i?

For mange kan det sikkert verke underleg at teologien kan ha noko å bidra med for å forstå subtile kjønnsspel. Kyrkja er ikkje kjend for å vere plogspiss i kampen for jamstilling. Tvert om. Heller har Kyrkja i mange saker vore den siste skansen mot kvinnene og deira rett til utdanning og yrkesliv, sjølvbestemt abort og mykje anna. Men fordi Kyrkja kan hende har vore den siste skansen, gjev ho materiale til å røyke ut nokre djuptliggande førestillingar om kjønn som vi i den alminnelege og til dels sekulære verda sjeldan får tak på. Til dømes var debatten om kvinners presteteneste noko som fekk fram underliggjande førestillingar om kultisk reinheit og ureinheit (Thomassen 2011). Endå tydelegare vart førestillingane då nokre norske teologar kalla Gud for mor på 1990-talet. Viss ikkje Gud var eit ekte mannfolk, var han ikkje mykje guddommeleg, meinte mange. Gud var det ultimate mannsidealet. Å rokke ved Guds maskulinitet vart karakterisert som kjetteri (Thomassen 2008).

Eit feministteologisk perspektiv kan difor gje tilgang til samanhengar som vi ofte ikkje er medvitne om framleis finst. Konservative kristne normer for kjønn kan vise seg å ha overraskande mykje til felles med dei normene som pregar delar av samfunnet elles.

 

Utruskap og bibeltruskap

Ester Nilsson er ein godt vaksen og markant samfunnsaktør. Ho oppfattar seg som fri frå dei tradisjonelle normene som gjeld for kvinner. Ho er ikkje ei kvinne som må erobrast: Ester Nilsson er sjølv i stand til å kjempe for det (eller han) ho vil ha. Ho er ein etablert skribent, med doktorgrad i filosofi. Men når ho seinare møter den eldre kulturpersonlegdomen Hugo Rask, går det riktig gale. Hugo Rask er ein mann som rettnok er både kulturelt og politisk progressiv, og han står for moderne jamstillingsverdiar. Men når det kjem til det erotiske spelet, er han ein tradisjonalist.

Ester forstår ikkje dette. Ho meiner at ho er frigjord frå dei sosiale og symbolske kodane som gjeld for hennar kjønn, og ho trur at Hugo er det same. Men ho tek feil. Kulturautoriteten Hugo oppfattar Ester som eit bytte han har rett til å legge ned, samstundes som han har samkvem med andre kvinner, for deretter å gå vidare, utan å sjå seg attende dei gongene han får auga opp for nye og meir interessante bytte. Det gjeld andre reglar for Hugo enn for Ester, meiner Hugo.

Ester oppfattar ikkje spelet før det er for seint, og innan det skjer, har ho rokke å bli glad i han. Sorga blir opprivande. Men ho lærer ikkje mykje av erfaringane: I neste roman skjer om lag det same med henne og den eldre og gifte skodespelaren Olof Sten. Vi følgjer forholdet mellom dei, som går føre seg over fleire år. Det heile går så ille som det må gå når ulike normer for kjønn støyter saman i noko som er så eksistensielt opprivande som kjærleiksmøte mellom menneske. Ester sit att, ærelaus. Og dumpa.

For Ester Nilsson er ikkje Bibelen noko tema i det heile. Hennar autoritetar er andre enn dei kristelege. Derimot er Bibelen i høgste grad ein autoritet for organisasjonane Open folkekyrkje og Levande folkekyrkje, dei to mest synlege aktørane i kyrkjevalkampen no i haust. Open folkekyrkje kjempar for ein likekjønna vigselsliturgi, det vil seie retten for homofile og lesbiske til å gifte seg i kyrkja. Levande folkekyrkje kjempar for å reservere ekteskapet for mann og kvinne. «Vi arbeider for en tydelig og evangelisk folkekirke, der ekteskapet blir definert som en skaperordning mellom mann og kvinne, innstiftet av Gud» står det å lese på nettsida deira.

Skaparordninga er eit teologisk pregnant omgrep. Det refererer til skapingsforteljinga i 1. Mosebok, der det står at Gud skapte menneska til mann og kvinne og bad dei om å fylle og forvalte jorda. Skaparordninga impliserer reproduksjon, det vil seie å føde barn. Dermed blir også reproduksjonen det høgste målet for seksualiteten. Det føreset fertile kvinner og potente menn. At ordningsteologien også impliserer at kvinna skal underordne seg mannen, er eit aspekt som ikkje ofte blir tematisert no til dags. Men ordningsteologien er i si fulle utfalding hierarkisk og kjønnsdikotom (Præstholm 2014).

På motsett side befinn Open folkekyrkje seg. Dei skriv blant anna dette på nettsida si i det dei kallar «plattform» for organisasjonen: «Vi ønsker en kirke som ser på alle som likeverdige og fremmer likebehandling uavhengig av for eksempel kjønn, seksuell orientering, etnisitet, alder og funksjonsevne. – Vi ønsker en kirke som åpner for at likekjønnede par kan vies i kirken.» I Open folkekyrkje sitt program finn vi ein retorikk som ikkje viser til skaparordninga. Her er ikkje siktemålet med seksualiteten reproduksjon. Difor blir ikkje den seksuelle orienteringa viktig. Open folkekyrkje argumenterer med ein meir generell rettigheits- og jamstillingsideologi som liknar den vi finn elles i samfunnet.

Dette er typisk for ein kontekstuell teologi, det som gjerne blir kalla «teologi nedanifrå». Den kontekstuelle teologien tek utgangspunkt i menneska sine erfaringar med undertrykking og liding og prøver å finne ein relevant teologisk respons på desse erfaringane. Ikkje sjeldan fører det til at teologien må justere gamle dogmatiske sanningar, til dømes om kjønn og seksualitet. Den teologiske responsen kan også føre til politisk og kyrkjeleg aktivisme for å endre urett (Thomassen og Lomheim 2013).

 

Kjønnsnormer i kollisjon

Eksempla eg her har peika på, heng ikkje opplagt saman. Kva i all verda har den urbane, akademiske kultureliten i Stockholm, som endåtil er framstilt i form av fiktive romanfigurar, å gjere med to norske kyrkjelege interesseorganisasjonar som kjempar for og mot rettigheiter som er sjølvsagde i samfunnet elles? Meir enn ein skulle tru, meiner eg. Meininga med denne teksten er heller ikkje å trekkje bastante konklusjonar, men å peike på nokre moglege samanhengar som det kan vere verdt å sjå litt nærare på.

Noko av det eg meiner trer fram frå døma eg har synt til, er at det finst fleire sett av kjønnsnormer som dels bryt mot kvarandre, og dels stadfestar kvarandre. Det oppstår nokre overraskande alliansar mellom dei stockholmske kultureliteaktørane og dei norske kyrkjelege aktørane. For den kulturradikale Hugo Rask og den verdikonservative Levande folkekyrkje kan det sjå ut til at kjønn og seksualitet er meir stabile kategoriar enn dei er for Ester Nilsson og Open folkekyrkje. For den første alliansen er ein mann ein mann, ei kvinne er ei kvinne, og ekte kvinner og menn parar seg med kvarandre, reproduserer seg og utfyller kvarandre etter visse gjevne normer. For Rask gjeld det andre reglar for menn enn for kvinner. Menn legg ned kvinner, kvinner blir nedlagde. Det ligg i deira natur. Dette er (sjølvsagt) ikkje noko Levande folkekyrkje ville ha teke inn i organisasjonsvedtektene sine. Likevel, når reproduksjonstanken og ordningsteologien er såpass tydeleg i argumentasjonen deira, er det freistande å seie at dei langt på veg ville støtte Rasks «naturlege» syn på kjønn og seksualitet, sjølv om dei vil hevde at seksuell aktivitet skal vere monogam og skje innanfor ekteskapet.

Alliansen mellom Ester Nilssons og Open folkekyrkjes kjønnsnormer er moglegvis mindre overraskande. Her er kjønnsnormene og seksualiteten ustabil. Kvinner og menn kan bryte normene, og seksualiteten treng ikkje vere heterofil. Ester bryt normene ved å vere aktiv og insisterande. Ho tek ikkje eit nei for eit nei. Det er ein tradisjonelt ukvinneleg veremåte. Open folkekyrkje bryt alle normer ved å opne for at det tradisjonelle kyrkjelege bryllaupet skal vere tilgjengeleg for likekjønna par. Når ikkje eingong brudeparet som kjem opp kyrkjegolvet, består av ein mann og ei kvinne, har det kyrkjelege ekteskapet som symbol på dei vestlege kjønnsnormene brote totalt saman.

Korleis kan så ulike kjønnsnormer oppstå i så ulike kontekstar som dei eg har nemnt her? Det er to spor å følgje i desse spørsmåla. Det eine er kva slags bibelsyn som ligg til grunn for ulike teologiske posisjonar. Det andre er kva slags djupkulturelle førestillingar som dannar basis for kva vi tenkjer om kjønn, korleis dei har blitt problematiserte akademisk i nyare tid, og korleis dei blir brotne og stadfesta i kyrkje og samfunn.

 

Autoriteten til heilagtekstane

Levande folkekyrkje og andre grupper som står for same synet på ekteskapet, har argumentert for synet sitt ved å vise til «det bibelske synet på ekteskapet». Det er kanskje ikkje den mest oppsiktsvekkande ytringa. Likevel kan ein sjå interessante drag i denne debatten som seier noko om kva slags faktorar ein skal gje teologisk autoritet i dag. Utan tvil er bibelsynet noko av det viktigaste som står på spel i kampen om ekteskap og seksualitet. Bibelsyn dreier seg om korleis ein skal forstå desse tekstane som er minst to tusen år gamle. Har til dømes Paulus’ formaningar til ein gjeven kyrkjelyd i Korint eller Galatia generell gyldigheit for alle kyrkjelydar til alle tider, alle stader i verda? Og er alle tekstar i Bibelen like forpliktande?

Dei mest konservative kyrkjelege fraksjonane vil ofte hevde eit bibelsyn som ligg tett opp mot det biblisistiske – eit bibelsyn som inneber at ein «tek Guds ord som det står». Kvart ord i Bibelen er oppfatta som Guds direkte tale til menneske i dag. Dei meir liberale eller radikale fraksjonane vil seie at Bibelen er ei samling tekstar som er skrivne til ulike kontekstar. Det inneber at ein ikkje kan sidestille kvart enkelt skrift i Bibelen, og heller ikkje kvart ord i det einskilde skriftet. Bibelen er ei samling skrifter som har blitt til under ulike omstende, og dei adresserer ulike problemstillingar. Difor er Bibelen òg full av motsetnader. For å ta eit døme kan ein sjå nett på «det bibelske synet på ekteskapet». I Det gamle testamentet finst fleire døme på at polygami er ei utbreidd ekteskapsform. Den vise kong Salomo hadde sju hundre koner og tre hundre følgjekoner. Kong David hadde også eit lite harem. Stamfaren Jakob hadde to koner, Rakel og Lea.

Dette er tre døme blant mange. Jesus adresserer ikkje polygami og likekjønna seksualitet, men han åtvarar mot skilsmisse. Paulus adresserer likekjønna seksualitet, men han rår ifrå ekteskapet og tilrår sølibatet. Det er altså vanskeleg å påstå at det finst eit bibelsk syn på ekteskapet. Det ein derimot finn, er eit hovudbodskap som kjem til uttrykk på ulike måtar i dei einskilde tekstane. Det som går som den raude tråden gjennom Bibelen, er ei lang rekkje forteljingar om ein guddom som kjempar for menneska sitt beste, på ulike måtar, og som kulminerer i Jesu død og oppstode. Den amerikanske teologen Sallie McFague har sagt at Bibelen meir bør vere normerande for forma og metoden i staden for innhaldet (McFague 1987). Med det meiner ho at dei bibelske forteljingane gjer synleg Guds kamp for menneska, og at oppdraget åt kyrkja er å framleis gjere synleg Guds kamp for menneska slik den skjer i dag.

I ljos av dette er det mogleg å sjå utsegnene om til dømes kvinner og samliv som tidsavhengige utsegner der adressatane skal forstå korleis dei skal agere rett i spesifikke kontekstar. Dette er døme på hermeneutikk – om korleis ein tolkar og forstår tekstar. Bibelen har alltid vore tolka av dei som las han som heilag, autoritativ tekst. Spørsmålet er ikkje om lesaren tolkar, men heller kva slags medvit han eller ho har om si eige tolking. Ei medviten hermeneutisk lesing opnar for spørsmål om kva slags autoritet enkeltutsegner har. Det har vore særs viktig ved spørsmål om slaveri, kvinnesyn og samliv. Det har gjort det mogleg å sjå at påboda om at kvinner skal teie i forsamlinga, eller at «menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med», ikkje skal arve Guds rike (1 Kor 6, 9-10), er kontekstuelle ytringar i bestemde situasjonar, ikkje ord med universell gyldigheit.

Det vil vere urettvist av meg å seie at ingen av dei som har ein konservativ ståstad i samlivsspørsmål, les Bibelen hermeneutisk. Sjølvsagt gjer dei det. Få av dei vil til dømes nekte kvinner tilgang til utdanning og yrkesliv, og dei krev neppe at kvinnene må dekke hovudet når dei bed, slik Pauli ord seier. Mange konservative har gått fleire rundar med seg sjølv og si eiga teksttolking og opna for til dømes kvinneleg presteteneste, og oppattgifte for skilde. All motstand kan difor ikkje forklarast med bibelsyn. Kanskje må ein difor sjå meir grundig på dei meir eller mindre umedvitne førestillingane om kjønn og seksualitet som framleis ligg djupt i kulturen vår.

 

Ho som ventar, og han som kjem og går

Eg har alt nemnt at motstanden mot kvinnelege prestar også hadde å gjere med førestillingar om reinheit og ureinheit. Mary Douglas har sagt at menneske oppfattar det heile og reine som heilagt. Noko av det mest ureine og uheile som finst, er kvinnekroppen. Den har fleire opningar enn mannskroppen, og han lek og blør på dei mest uføreseielege vis. (Douglas 1997). Og difor har kvinner som kultiske leiarar vore umogleg i mange religionar. Noko av motstanden mot kvinnelege prestar har ikkje berre å gjere med bibelsyn, men også tanken på menstruerande kvinner framfor altaret.

Også motstanden mot likekjønna ekteskap har openbert ikkje berre å gjere med bibelsyn, men med djupkulturelle førestillingar om seksualitet. Omgrepet «naturleg» er truleg eit av dei mest nytta omgrepa i denne debatten. Kva er naturleg seksualitet? Og kva er naturlege normer for kjønn?

Det er eit umogleg spørsmål å svare på. Vi veit ikkje kva som er naturleg, utover det vesle forskinga sikkert kan seie om biologi. Vi veit noko om kromosom og hormon, og vi veit noko om reproduktive organ. Men at dei av oss som har eggstokkar, difor skal agere på ein bestemd måte i samfunnsliv og privatsfære – nettopp fordi vi har eggstokkar, det fører oss ut på djupt vatn.

Noko av bakgrunnen for utviklinga av den akademiske feminismen som ein forskingsdisiplin var nettopp behovet for å problematisere omgrep som «kvinneleg», «mannleg» og «naturleg». Nokre av spørsmåla som vart sette under lupa, var samanhengen mellom biologi og kultur. Kva er eigentleg ei kvinne? Er det biologi? Genetikk? Sosiale forventningar? Kva er det som særmerker det vi oppfattar som kvinneleg? Og mannleg? Ved å sjå tilbake til antikken kunne ein finne at dei aristoteliske ideala framleis levde i beste velgåande: Kvinna er passiv mottakar av mannen sitt sperma. Kvinnelegheit kan vi forstå som ein åker der mannen, når tida er mogen, skal så. Den ekte, kvinnelege, naturlege kvinna, ho tek imot. Ho krev ikkje. Ho agerer ikkje. Ho tek ikkje initiativ. Ho ventar på mannen. Og medan ho ventar, gjer ho sitt for å førebu seg som jordsmonn. Den ekte, naturlege, mannlege mannen gjer sitt for å spreie sæden sin så ofte som mogleg, og gjerne på så mange stader som mogleg. Han er vital, aktiv, tek initiativ, og det ligg i naturen hans at han ikkje kan bli verande hos kvinna: Han må vidare til nye åkrar.

For å samanfatte femti års kjønnsforsking i ei setning er desse førestillingane i dag avslørte og dekonstruerte. Menn og kvinner er ikkje det eine eller det andre i kraft av dei biologiske føresetnadene sine. Dette veit dei fleste. Likevel dukkar førestillingane opp med større kraft enn vi er førebudde på når det verkeleg gjeld. I debatten om likekjønna ekteskap kjem det fram argument som inneber at ekteskapet må vere heterofilt på grunn av reproduksjonsfunksjonen. Men ekteskap har alltid vore meir enn reproduksjon. Kyrkja har via par som av naturlege grunnar eller på grunn av alder ikkje har kunna få barn. Seksualitet, kjærleik og samliv har alltid vore sett som noko med ein sjølvstendig verdi, også blant dei mest konservative kristne. Argumentasjonen heng altså ikkje saman her. Det som truleg blir vekt til live igjen, er frykta for forvirringa som vil oppstå om dei tradisjonelle kjønnskategoriane kjem fullstendig ut av kontroll. Det likekjønna ekteskapet blir symbolet på eit normsamanbrot.

For Ester Nilsson og Hugo Rask skjer det også eit normsamanbrot. Hugos normer er, trass i dei kulturelle progressive haldningane hans til mangt anna, prega av aristoteliske og essensialistiske ideal. Esters er konstruktivistiske. Ho trur at ho vil takle å delta i spelet fordi ho er frigjord frå tradisjonelle normer. Det går ei stund, men det heile bryt saman over tid.

 

Dei nærgåande kjønnsnormene

Ester Nilsson sit att med skam og skuldkjensle. Hugo Rask er truleg svært forvirra og irritert. Ei stor gruppe lesbiske og homofile kjenner på sin eigen kropp at deira eksistens er eit trugsmål mot dei kjønnsnormene som heile samfunnet er strukturert etter. Når kjønnsnormer blir brotne mot kvarandre, skjer det aldri utan smerte.

Kjønns- og jamstillingsperspektiv kan for mange vere både abstrakte og lite relevante. Og i den grad ein ser det som relevant, blir det ofte knytt til den offentlege sfæren – til den opplagde uretten som utspelar seg i arbeidslivet, politikken og alt det som skjer langt borte. Men kjønnsnormer er som oftast langt meir nærgåande enn dette. Dei er kroppslege, emosjonelle og eksistensielle. Kvar og ein vil truleg vite mykje om kjønnsnormer i sitt eige liv, viss dei trenar opp blikket for å sjå dei. Vi veit mykje om korleis dei blir brotne, og korleis dei blir stadfeste. Det spelar seg ut i dei mest private, intime og sårbare erfaringane. Som i lengten etter å bli elska som ein er.

 

Referansar

Andersson, Lena (2014). Rettsstridig forføyning. En roman om kjærlighet. Oslo: Gyldendal.

Andersson, Lena (2015). Uten personlig ansvar. Oslo: Gyldendal.

apenfolkekirke.org

Douglas, Mary (1997). Rent og urent – En analyse av forestillinger omkring urenhet og tabu. Oslo: Pax.

levendefolkekirke.no

McFague, Sallie (1987). Models of God. Theology for an Ecological Nuclear Age. Philadelphia: Fortress Press.

Præstholm, Benedikte Hammer (2014). Kønskonfrontation? Køn, kultur og forandring i nyere dansk teologi. Ph.d.-avhandling, Institut for kultur og samfund, Århus universitet.

Thomassen, Merete (2008). Kjønnsinkluderende liturgisk språk. En analyse av norske gudstjenester under Det økumeniske tiåret 1988–1998. Dr.avhandling, Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.

Thomassen, Merete (2011). Kvinnelige prester, kvinnelige gudsbilder og kampen mot vranglæren. I Bjørg Kjersti Myren og Hanne Stenvaag (red.), Hun våget å gå foran. Ingrid Bjerkås og kvinners prestetjeneste i Norge. Oslo: Verbum.

Thomassen, Merete og Lomheim, Sylfest (2013). Når dere ber. Om liturgisk språk og utforming av bønner til gudstjenesten. Oslo: Verbum.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram