Frå Utgåve 4-15
Skrive av Knut Aastad Bråten

Kulturlivets pengar

Eg har ein draum: Ei svært rik dame er på tråden. Ho ynskjer ein samtale med redaktøren, altså meg. «Eg ynskjer å bidra», seier ho.

Nett slik har eg fantasert i fleire år. Eit slags fjollete og utopisk draumescenario, men likevel: Kor fantastisk ville det ikkje vore om dama ringde og fortalde at ho ville gje ein bra slant med pengar for å styrke kulturkvardagen min?

Det går føre seg ein debatt om finansieringa av det norske kulturlivet – om det finst ei grense for kor mykje eller lite det offentlege skal bidra med, men òg om private pengegjevarar, fond og stiftingar – og kva slags innverknad dei skal og bør ha på kunsten og kulturen. Bakgrunnen for debatten er gåveforsterkingsordninga, som vart initiert av regjeringa på statsbudsjettet for 2014. Målet med den er å motivere fleire private til å spreie midlane sine over det norske kulturlivet. For kvar private krone som kjem kulturen til del, toppar regjeringa det heile med ytterlegare 25 prosent. I forslaget til kulturbudsjettet for 2016 er det føreslege ein auke på 15 millionar kroner frå i år, til saman 45 millionar – på toppen av pengegåvene frå dei private, som har ein verdi på 180 millionar kroner.

Slikt blir det naturlegvis debatt av. Nordmenn og ikkje minst kunstnarar har kan hende eit komplisert forhold til pengar – private pengar i særleg grad: Det finst dei som er positive til dei private pengane, til krafta i gjevargleda, og at kulturen vil nyte godt av å stø seg på fleire finansieringsbein. Og motsett: Kritikarane fortel oss at dei private pengane er ein trussel mot den frie kunsten, at dei som gjev mest, truleg vil påverke kunsten i negativ lei, og at det finst usynlege forpliktingar og kommersielle motiv bak den private gjevargleda. Debatten om dei private pengane er ein debatt om godt og vondt, for eller imot, og han blir ført på eit abstrakt og nokre gonger kvardagsfjernt plan: Det dreier seg om private pengar som symbol, fenomen og uttrykk. Slike ting.

Kulturlivet er variert, mangfaldig, og har forskjellige utfordringar. Norske kunst- og kulturinstitusjonar er ikkje minst ulike i storleik, men òg i attraktivitet når det gjeld sponsing og privat finansiering. Nokre har definitivt større tilgang til pengane enn andre. Og kanskje speglar ulikskapen og attraktiviteten perspektiva i debatten, og ikkje minst kven som snakkar?

Nasjonale kunst- og kulturinstitusjonar gjev anerkjenning og ein plass i sola for dei som vil gje.

Pengedebatten vart nemleg ingen folkeleg grasrotdebatt om kva dei private pengane kan bety for det breie kulturlivet, men har utvikla seg til ein elitistisk samtale mellom dei største og mektigaste aktørane i norsk kulturliv, til dømes direktøren ved museet KODE i Bergen, Karin Hindsbo, tidlegare direktør ved same museum, Erlend Høyersten, Audun Eckhoff ved Nasjonalmuseet, men òg komponist og tidlegare musikksjef og kultursjef i NRK Synne Skouen, for å nemne nokre: Fleire av dei er, eller har vore leiarar ved privilegerte institusjonar med solide, trygge og føreseielege økonomiske ressursar og mykje offentleg støtte.

Dei same institusjonane er òg attraktive på den private pengemarknaden: Museumsmastodontane og andre store norske kulturinstitusjonane har kanskje store etterslep og mange uløyste oppgåver, men dei største institusjonane i landet står sjeldan nedst i korridoren eller med lua i handa når dei rike pengegjevarane skal dele ut midlane sine. Tunge nasjonale kunst- og kulturinstitusjonar gjev anerkjenning og ein plass i sola for dei som vil gje.
Slik er debatten om dei private pengane blant toppane i norsk kulturliv med på å tåkelegge reelle økonomiske utfordringar som resten av kulturlivet står i. Synd for debatten, for det breie kulturlivet, og for dei private gjevarane.

Kva er det eg saknar? Eg saknar ein debatt med eit større spekter av kulturstemmer frå dei minste og dei største, og frå heile landet, som kan vere med på å nyansere blikket og perspektivet på dei private pengane, og kva dei i røynda kan generere av ny og meir kultur. Kva tenkjer dei minste og mest sårbare kulturaktørane om private pengar? Korleis skal næringslivet sjølv og private gjevarar jobbe for å sjå mangfaldet av kunst- og kulturaktørar rundt om i heile landet? Kva skal dei små aktørane gjere for å gjere seg attraktive blant dei som har pengane? Og når skal rike enkeltpersonar gje tilbake til samfunnet ein del av dei store verdiane dei har skapt?

Kva betyr pengar for meg? Verda er umoralsk, kompleks og paradoksal. Sjølv har eg med åra utvikla eit usentimentalt forhold til pengar: Ei moralsk og etisk grense for kor pengane kjem frå, finst sjølvsagt, men pengar – private eller offentlege – er i hovudet mitt fyrst og fremst pengar, som garantert kjem til nytte for idealisme- og kulturaktørane rundt om i landet. Statlege kulturrådspengar tufta på oljeverksemd eller våpensal, eller pengar frå ei privat stifting står ikkje alltid i motsetning til kvarandre. For mange aktørar i kulturlivet dreier kvardagane seg fyrst og fremst om å halde hovudet over vasskorpa, for å halde liv i dei prosjekta ein brenn for. Kven bryr seg då om kor pengane kjem frå?

Og medan museumspampar og andre bekymrar seg for kva dei private pengane gjer med oss, sender eg eit nytt brev til den rike mannen, til eit fond eller ei allmennyttig stifting. Responsen så langt er negativ. Kanskje er ikkje prosjekta mine gode nok? Kanskje ordla eg meg feil? Kanskje gjev ikkje eit nasjonalt allmenntidsskrift den same merksemda og åtgaumen som dei store musea, galleria eller skulpturparkane?

I staden for å bekymre meg for dei private pengegjevarane, stiftingane eller fonda har eg byrja å engasjere meg for hardbarka business: Kva gjer eg for å ta skikkeleg betalt for det eg faktisk held på med? Kan eg gjere noko med mitt eige kommersielle potensial? Kan eg auke prisane? Kan eg selje ein annonse ekstra?

I rapporten Status 2013, utarbeidd av no nedlagde Arts & Business, kjem det fram at få innanfor kulturlivet ser på seg sjølve som kommersielle aktørar. Kanskje er ikkje kulturlivet medvite ansvaret det har med å ta seg godt nok betalt for det det skapar? Førestillinga om den norske gratiskulturen er god, og velmeint, men gjev oss ikkje fleire bein å stå på.

Akk og ve. Kulturkvardagen kan vere brutal. Om dei økonomiske utfordringane blir umoglege å hanskast med, får du ta med deg nokre harde og ærlege ord på vegen frå forfattaren Margit Sandemo: «Om skriveprosessen blir eit stort pes, vil eg seie: Skriv ikkje bøker. Finn på noko anna. Du har hamna på feil hylle.»

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797