Frå Utgåve 4-15
Skrive av Jørgen Lorentzen

Far min og eg

Det viktigaste feminismen kan bidra med, er ei demokratisering av familien, for den utvitydig viktigaste institusjonen i eit samfunn er familien, om ein liker det eller ei.

Eg sit ved sida av far min. Han ligg i senga på sjukehuset. Han er 92 år gammal og har falle om heime. Ein akutt og uforklarleg betennelse har slått ut alle organa. Legen førebur oss på at det sannsynlegvis nærmar seg slutten. Vi førebur oss. Likevel bit han seg fast, avviser døden som bankar på, og sender betennelsen attende. Dagen etter frisknar han til, men monnaleg redusert etter eit basketak med døden. Han smiler som eit barn når vi viser han ferske bilete frå kyrkja i Kabelvåg der han ein gong blei døypt, han lengtar attende til barndommens Svolvær og Lofoten.

 

Menn avhengige av kvinner

Far min har levd gjennom dramatiske endringar. Frå fattigdom og krigsopplevingar til velstandsvekst og oljefunn. To revolusjonar har han òg fått med seg, både ungdomssopprøret og kvinnerevolusjonen. Han var redd kvinnerørsla, den ville ha mor ut i arbeid, og ta frå han æra over å kunne forsørgje familien sjølv. Han likte ikkje det. Mor var sentrum i tilværet, både hans og mitt. Korleis skulle det gå om mor byrja å jobbe?

Eg trur eg voks opp utan sakn og manglar. Eg var rik på opplevingar og venner. Så døydde mor. Eg var 15 år. Eg trur det var då eg blei feminist. Med mor forsvann gravitasjonskrafta og etterlét seg eit stort sakn, ei sorg, ei fortviling og eit sinne. Sinnet retta seg i stor grad mot far, for hjelpeløysa og fråværet hans. Eg hadde aldri tidlegare tenkt på at far ikkje hadde vore særleg til stades i livet mitt, han var som ein satellitt der ute som kom og gjekk. Han hadde aldri trøysta meg, og han hadde aldri vist omsorg på ein måte som eg kjende, verkeleg kjende. Seinare forstod eg at omsorga hans gjekk ut på å slite hardt, nokre gonger for hardt, for å sørgje for at vi hadde det trygt og godt der heime. Denne konstruerte arbeidsdelinga med mor heime og far ute på jobb var sjølve kjernen i det husmorsamfunnet eg voks opp i på 50- og 60-talet. Det var rett og slett ikkje liv laga, og eg opplevde samanbrotet av det eigentleg altfor tidleg og for smertefullt. For når husmora var borte, så var alt borte.

Fedrar var ikkje mykje verde i den tida. Dei var knotete, uhjelpelege og rett og slett dumme. Dei var menn og arbeidarar, men dei var ikkje fedrar i den rette forstanden av ordet. Særs mange av dei kunne ikkje lage mat, eller vaske klede, eller halde eit hus i orden, eller langt mindre ta seg av små barn. Dei var rett og slett knapt levedyktige utan ei kvinne rundt seg.

Sinnet mitt mot far heldt seg varmt i mange år, men så gjorde vi opp med fortida, og eg kunne leve vidare som eit friare menneske. Eg kunne sjå han som ein del av tida hans og forstå den arbeidsdelinga som òg var tvinga på han. Sinnet vende seg til forståing og innsikt. Det endra ikkje den feministiske haldninga mi. Eg blei berre klar over at menns historie òg må bli fortald og forstått i eit slikt perspektiv.

 

Som far, så son

Eg kan ikkje la vere å tenkje på Lars Ove Seljestads roman Fjorden når eg sit der ved sida av far. Akkurat som eg sit eg-forteljaren i romanen ved sida av sin døyande far på sjukehuset heime på Vestlandet. Akkurat som eg reflekterer han over kvifor faren aldri kunne fortelje han at han var glad i han, aldri kunne gi han eit kjærteikn. Denne avstanden som hadde oppstått mellom menn, òg mellom far og son. Det uhjelpeleg pinlege og tause i samværet. Eg-personen stiller ei rekkje heilt avgjerande spørsmål til seg sjølv der han sit ved sida av faren.

«Kvifor gir han bort det beste av seg til arbeidet og arbeidskompisane og ikkje til oss heime? Skulle det ikkje ha vore omvendt? Skulle han ikkje ha gitt mor, meg, søster mi og bror min det beste i seg? Kvifor var det arbeidet som fekk det? Kvifor ikkje vi?»

Dette er ålmenngyldige spørsmål som er heilt avgjerande for livskvaliteten til einskildmenneske og for helsetilstanden til eit samfunn. Eg-personen i Fjorden må nemleg konkludere slik: at faren var ein mann som «gav det beste av seg til arbeidet og arbeidskameratane og det verste av seg til familien sin, til dei nære, til sitt kjøtt og blod».

Dette sit eg-personen og tenkjer over medan han sit ved sida av far sin. Han tenkjer over det òg fordi han må erkjenne at sjølv om han tidleg bestemde seg for å gjere alt annleis overfor barna sine enn det faren hadde gjort, så greidde han det ikkje. Han greidde ikkje å vere til stades og nær slik han tenkte og ville. Til det blei både sinnet og vanskane med berre å vere der for store.

Akkurat slik sit eg òg og tenkjer medan eg sit der ved sida av far min. For sjølv om han denne gongen kjempa døden ned, så veit eg at det likevel nærmar seg, og døden har den effekten at ein blir trekt inn i tankar om livet, om det livet ein har levd. For også eg var heilagt overtydd om at eg skulle gjere alt annleis enn far min, eg skulle prioritere familien framfor arbeidet, eg skulle gi det beste av meg sjølv til dei som var nær meg. Men kven veit kva som er det beste av ein sjølv? Kanskje gav også far det beste av seg sjølv til oss, han gav i alle fall ikkje det verste av seg sjølv. Slik er far min ulik far til eg-personen i romanen til Seljestad. Eg veit at arbeidet ikkje var alfa og omega for han, det var eit naudsyn, og han var stolt av det han gjorde. Men eg trur han levde for oss, og kanskje gav han òg derfor det beste av seg sjølv til oss – men det var ikkje godt nok!

Konsekvensane av den tanken kan jamvel vere ganske brutal, for det inneber at heller ikkje eg kan vite om det eg har gjort, er godt nok. Eg har gitt det beste av meg sjølv, men eg kan ikkje vite om det er godt nok. Det er det i realiteten berre barna mine som kan, og dette gjeld vel for alle fedrar – og mødrer. Likevel kan eg ikkje gjere anna enn å halde fram med å gi det beste av meg sjølv, tenkjer eg. Og her trur eg hovudskilnaden ligg mellom far min og meg og mellom faren og sonen i Fjorden: Fedrane våre tenkte ikkje så mykje over kva dei gjorde, og kvifor dei gjorde det dei gjorde, dei tenkte ikkje så mykje over om dei gav det beste av seg sjølv, og om dei kunne gjere ting annleis, eller om dei kunne praktisere ein annan måte å vere far på, om dei kunne gi meir av seg sjølv, om dei prioriterte feil. For dei var det på ein måte ikkje noko val. Og her er det sonen i romanen og eg er like, vi kan ikkje anna enn å tenkje over det, reflektere over det, kanskje angre, kanskje fortvile og tenkje at eg skulle ikkje ha gjort det mot barna, eg skulle ha gjort det heilt annleis, kvifor prioriterte eg slik sjølv om eg inst inne i meg sjølv visste at det var gale? Slik reflekterer sonen i Fjorden, og det er denne dynamikken som gjer at det er ei slik god bok om farskap og om tilhøvet mellom far og son.

 

Demokratisering av familien

Då eg etter mange år konfronterte far min med at eg ikkje syntest han hadde gjort ein god nok jobb som far, svarte han ikkje anna enn at ja, men det var slik det var, det var ikkje forventingar om anna, ingen tenkte slike tankar, ingen forventa noko anna, det var jo jobben til mor, ho var jo der og skulle ta seg av oss. I mitt perspektiv er det noko hjelpelaust over dette, han svarer som om han ikkje er noko eige subjekt i sitt eige tilvære, at han ikkje sjølv kan tenkje og handle. Mange år seinare, som forskar, skulle eg finne ut at han hadde jo heilt rett. Husmorsamfunnet var ikkje noko samfunn for fedrar. Gradvis, men systematisk, blei fedrane forviste frå heimen frå byrjinga av 1900-talet av og fram til ei institusjonalisert arbeidsdeling på 50-talet der fedrane ikkje lenger hadde noka reell rolle å spele i familien utanom å forsørgje han og å ha han som restitusjonsstad.

Forskinga mi, så vel som røynslene mine, seier meg at det viktigaste feminismen kan bidra med, er ei demokratisering av familien, for den utvitydig viktigaste institusjonen i eit samfunn er familien, om ein liker det eller ei. Derfor er det urovekkjande at demokratiforståing både i det offentlege ordskiftet og i vitskapen nærast eine og åleine har dreidd seg om demokrati i offentlegheita, ikkje i familien. For meg er det òg utruleg at feminismen i så liten grad har brydd seg om fedrane, mennene. Det eg no ser kring meg, er at fedrane er ei utruleg drivkraft i skapinga av eit jamstilt og jamverdig samfunn. I boka mi Fra farskapets historie i Norge peikar eg på at det eg kallar demokratiseringa av intimiteten, har ført fedrane inn att i familiane dei siste tiåra på ein måte som alle fedrar på 50-talet kan misunne oss.

La meg ta eit lite døme. Denne veka blei eg invitert av Grünerløkka åpen barnehage til å snakke for fedrar med barn som nyttar barnehagen. Om lag femten fedrar, som stort sett var heime med fedrekvoten, sat på matter på golvet saman med barna sine. Medan barna låg og kosa seg og gurgla, krabba litt omkring, eller stabba forsiktig rundt i rommet, snakka vi fedrane om utviklinga av farskapen, om det å vere far, om tilhøvet mellom far og barn og om det å vere mann og ein aktiv og omsorgsfull far. I rommet var det eit tilhøve mellom intellektuell utveksling og omsorgsfull harmoni som var absolutt fortryllande. Eg har lese forståsegpåarar, familierådgivarar, psykologar og spesialistar som i einfaldet sitt ikkje har gitt rom for at slike relasjonar mellom far og barn kan oppstå. 50-talsideologien om mor som einaste tilknytingspunkt (les: Bowlby) har limt seg fast i hovudet på mange teoretikarar, og aktivt hindra den farsrevolusjonen vi har sett, og den demokratiseringa av intimiteten som finn stad. Dei fedrane eg hadde kring meg den dagen på Grünerløkka, kvilte trygt i si tilknyting til barna, like fullt som barna kvilte trygt i armane på fedrane sine.

 

Omsyn til far og barn

Nyare forsking har òg vist noko anna interessant. Vi kjenner jo alle til korleis kroppen speler inn på tilknytinga mellom mora og barna hennar. Når mor ammar, eller viser nær og god omsorg for barna sine, produserer ho kjærleikshormon og omsorgshormon som oxytocin, prolaktin og vasopressin. Det skulle ta lang tid før nokon fann ut at dei skulle gjere den same undersøkinga på menn, og no viser det seg at menn som har den same nærleiken og omsorga for barna, òg har ein kropp som speler på lag, for menn skil òg ut meir vasopressin, oxytocin og prolaktin når dei har nær kontakt med barna sine frå dei er små. Pussig nok viser det seg atter ein gong at kvinner og menn er likare enn vi trur.

Det er på bakgrunn av denne kunnskapen og innsikta at eg riv meg i håret når det norske folket kan velje inn politikarar på Stortinget som går til kamp mot den mest familievennlege reforma i vår tid, nemleg fedrekvoten. I Høgre er dei kvinnepolitiske talskvinnene attpåtil så freidige at dei kallar seg feministar fordi dei kjempar for kvinnerettar. Og kanskje kjempar dei for kvinnerettar i familien, men dei kjempar i alle fall ikkje for ein betre familie. Å betre fedrane si tilknyting til barna sine gir betre livskvalitet ikkje berre for fedrane, men òg for mødrene (partnarane) og for barna.

Like useieleg slitsamt synest eg det er når Arbeidarpartiet gong på gong løftar fram fedrekvoten som eit instrument og ein strategi for å heve lønnene til kvinner. At eventuelt Sjukepleiarforbundet eller Utdanningsforbundet ikkje er flinke nok til å tinge fram gode nok lønnsvilkår for dei stort sett kvinnelege tilsette sjukepleiarane eller førskulelærarane, kan ikkje lastast fedrane. Fedrekvote er ikkje først og fremst eit instrument for at kvinner skal få betre lønn, men for at fedrar skal få eit betre tilhøve til barna sine, og at barna skal få eit betre tilhøve til fedrane sine. At ikkje det er nok i seg sjølv, er ei fallitterklæring for ein feministisk politikk. Det beste vi kan gjere i eit samfunn, er å leggje til rette for at barna skal få det betre. Det er deira oppleving av demokrati og likeverd i familien som skaper grobotnen for oppfatninga av, deltakinga i og eventuelt styrkinga av demokrati som vaksen.

Eg er særs glad i barna mine, og eg seier det til dei òg, heile tida. Far min var nok òg glad i meg, men han sa det aldri. Er det nokon skilnad på det? Eg må anta eller gjette meg til det, at han var glad i meg. Ingen ting tyder på det motsette. Kvifor hadde eg då ei uvisse og ei så sterk kjensle av at eg var heilt åleine i verda etter at mor døydde? Og kvifor hadde eg så sterkt sinne? Eg kunne altså ikkje vere sikker. Det slepp i alle fall barna mine. Dei kan vere sinte på meg for det eg gjer eller seier, men dei vil aldri vere usikre på at eg er glad i dei. Slik verkar demokratiet. Det gir ein tryggleik, tenkjer eg.

Far min stoppar å puste. Eg blir stille og lyttar og ventar nervøst. Og så, plutseleg, byrjar han å puste att. Han søv. Eg slappar av. Slik sit vi, far min og eg.

Omsett frå bokmål ved Vegar Storsul Opdahl

 

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797