Frå Utgåve 4-15
Skrive av Eva Løveid Mølster

Fridom eller tvang

I dag er vi alle feministar. Det les eg i aviser og tidsskrifter, eg høyrer kloke folk seie det på podkastar og i radioen, og eg høyrer venner og kollegaer seie det.

Men det er noko anna eg enno ikkje har høyrt nokon seie direkte, og som like fullt blir uttrykt som meiningar i media: Nåde den som ikkje er feminist på den riktige måten.

Då eg var lita, gjorde det sterkt inntrykk på meg når noko var urettferdig. Hovudet blei varmt, halsen kald, og det var som om eg hadde eit tynt lag under huda som blei fylt med tårer.

Men det var nokre ting som på ein særmerkt måte gjorde denne kjensla av urettferd kroppsleg. Til dømes då eg fekk vite at naboen vår, som hadde flykta frå regimet i Iran, ikkje kunne vende attende til landet sitt fordi det ikkje var lov å seie det ein ville der.

– Du kan bli sett i fengsel om du seier noko stygt om dei som bestemmer, forklarte mamma meg ein gong naboen hadde vore på besøk og gråte ganske mykje. Eg var åtte år og tenkte på kor heldig eg var som kunne skrive «GRO + KÅRE = SANT» på grusplassen utanfor huset, utan at nokon kunne gjere meg noko som helst. Ingen kom til å arrestere meg, for eg levde i eit fritt land.

Barndomsminne er skjørt bombastiske og sugande vage. Dei ligg der og skaper grunnlaget for identiteten min. Eg voks opp i ein middels stor by på Austlandet på 70-talet. Guro budde på Tiriltoppen, og Thomas og Kristine var heilt like når dei leika saman, berre at Thomas stod og tissa medan Kristine sat på huk. Eg hadde to par foreldre og nesten fem par besteforeldre, kort hår, slengbukser og høghalsa genser med breie striper i gult og grønt. På barneskulen fekk vi ei ny jente i klassen, ho hadde blitt plukka opp frå ein båt i Stillehavet. Det var krig i landet deira, forklarte frøken, og eg tenkte på Hitler og atomkrafta og aller mest på dei skumle kapitalistkongane som ville stele alt frå alle for å bli endå rikare sjølv.

 

Parkdress og kvinnekamp

Då eg blei fødd, i 1972, var sjølvbestemd abort framleis ulovleg i Noreg, og p-pilla hadde vore legalisert i fem år. Foreldre fekk ikkje fri frå jobben dersom barna blei sjuke, og det fanst ikkje barnebidrag for skilde foreldre. Barnehagelova kom i 1975, og eg var allereie eit røynt barnehagebarn med kløande ulltøy rett inn på kroppen, vaggande rundt i stiv og varm parkdress. Den jula eg var fem år, såg eg Hanne Krogh baske i snøen med nissane og syngje så vakkert for kongen i Reisen til julestjernen på kino for første gong. Då var det framleis lovleg å vise kjønnsdiskriminerande reklame. Sidan eg var fødd tidleg på året, fekk eg byrje på skulen som seksåring. Den sommaren kom jamstillingslova.

I gata vår budde eit ektepar som gjekk i 8. mars-tog. Dei var alltid sinna når dei snakka om kvinnerettar. Eg forstod ikkje det sinnet då, for heime hos dei var det akkurat som hos oss, begge laga mat og rydda i huset, og begge var like flinke til å måle og pusse opp. Kva rettar var det dei sakna?

I løpet av 1970-talet greidde aktive nordmenn å bidra til vesentlege endringar i lovverket og til haldningsendringar som var med på å skape det jamstilte samfunnet vi har i dag. Men det må ha vore ei rar tid òg for dei som var vaksne. For sjølv om mykje skjedde fort, var det likevel mykje som stod att. Dei som gifta seg i 1978, måtte følgje regelen om at kvinner skulle ta ektemannens namn. Først året etter blei regelen oppheva og det vart innført full likestilling mellom kvinner og menn i val av etternamn ved giftemål. Same året fekk òg nyfødde barn automatisk namnet til mora om ikkje anna blei oppgitt til folkeregisteret.

 

Homofili og urettferd

I 1983 kom Dynastiet til Noreg. Året før hadde Sosialdepartementet fjerna homofili som sjukdomsdiagnose. Alle følgde med på den amerikanske TV-serien om dei superglamorøse, superpene mangemillionærane frå Denver i Colorado i USA. Hovudattraksjonen var kampen mellom den vonde karrierekvinna Alexis og den milde husmora Krystle. Begge var tidlegare skjønnheitsdronningar, dei brukte like mykje tid på sminke og elska den same mannen: Blake Carrington. Mamma nekta meg å sjå serien. Det hjelpte ikkje kva eg enn prøvde å overtale henne med, det var uaktuelt at eg skulle bruke tid på desse overflatiske, materialistiske menneska som ikkje gjorde noko som helst godt for pengane dei levde av.

Sjølv om eg ikkje fekk lov av mamma, følgde eg med på den kompliserte kjærleiken og dei ville intrigane i Dynastiet. Eitt år ut i serien blei det klart at son til Blake og Alexis, Steven, var homofil.

– I am a man, ropte Steven til far sin, – just not your kind! Åh, det var så dramatisk og så kult! Ikkje mange år etter stod Henki Hauge Karlsen fram som HIV-positiv og homofil. Eg hugsar han var på kino ein gong, samstundes med meg. Vi hadde lese om han i avisa, og alle syntest det var som om verda var kommen til byen vår. For no hadde òg vi ein homofil, og i tillegg hadde han HIV og var blitt kjendis.

Henki Hauge Karlsen kjempa ein lang og tung kamp i rettsstellet, mot arbeidsgivaren som hadde gitt han sparken fordi han hadde HIV. I 1988 gav Høgsterett han medhald i saka, men Henki døydde av sjukdommen tre månader seinare og rakk aldri å komme attende på jobb. Korleis kunne ein HIV-positiv bli handsama på denne måten i ei tid då jamstilling så nyleg var sett på dagsordenen? Kvifor var det ikkje ei sjølvfølgje at HIV-positive homofile skulle ha dei same rettane som kvinner?

Men noko er i ferd med å skje: Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at effekten av jamstillingslova blei merkbar allereie i løpet av 1980-talet. Talet på småbarnsmødrer med inntektsgivande arbeid auka, og fleire fedrar var heime med barna. Likevel var det framleis flest kvinner og forsvinnande få fedrar som tok ut heile eller delar av foreldrepermisjonen.

 

Kvinneregjering og innvandrarkvinner

I 1986 danna Gro Harlem Brundtland den såkalla «kvinneregjeringa»: 8 av 18 statsrådar var kvinner. Eg var 14 dette året, hadde fått puppar og blei invitert på jentefestar. Eg visste ikkje kva eg ville bli når eg blei stor, men eg visste at eg kunne bli kva eg ville, berre eg ville det sterkt nok. Det var ein tanke som eg stadig kvilte i. Heime hos naboen min frå Iran var det kaos, med ein etnisk norsk alkoholikarmann som slo både henne og barna. Dei andre naboane, ekteparet, hadde slutta å gå i 8. mars-tog og brukte meir tid på hytta eller på reiser i utlandet.

I løpet av 1980-åra bevegde kvinnekampen seg vidare frå parolar i gatene og inn i varmen på Stortinget og universiteta. Det blei starta fire nasjonale senter for kjønns- og kvinneforsking som raskt etablerte nordisk samarbeid og la vekt på at jamstilling handlar om både kvinne- og mannsspørsmål. Stadig fleire kvinner fekk framståande posisjonar i politiske utval og komitear, og kvinneregjeringa til Gro markerte eit høgdepunkt. Samstundes kjempa kvinner med innvandrarbakgrunn ein vanskeleg kamp mot etnisk norske feministar om retten til alternative ytringar på vegner av kvinnekampen. Hovudparolen til Foreign Women’s Group i 8. mars-toget var «Kamp mot rasisme er også kvinnekamp», og innvandrarkvinnene ønskte å kjempe for ei «reell samfunnsdeltaking». Kvifor var det så vanskeleg for norske feministar å akseptere kampsaka til innvandrarkvinnene? Hadde dei gløymt mangfaldet av kvinneliv?

 

Feminismen som middelklassefenomen

Medan kjønnskampen blir institusjonalisert og justert i møteromma, på talarstolane og i protesttoget, går kvardagslivet sin gang rundt omkring i landet. Heime hos folk er det framleis mor som lagar mest mat og far som snikrar, og kvinnesak er det få som bryr seg om.

Ser vi på arbeidarrørsla tidleg på 1900-talet, var det få arbeidarar, gardkjerringar eller innvandrarkvinner som kjempa fram rettar. Arbeidarane måtte jobbe på fabrikken. På gardane sysla kjerringane på med sitt slik dei alltid hadde gjort. For framleis var kvinnekampen i hovudsak dei radikale studentane og kunstnarane sin kamp, dei intellektuelle og funksjonærane, dei som hadde midlar nok til å gå i tog, skrive avisinnlegg og halde talar. Og kanskje er ikkje feminismen stort annleis i dag? Kanskje er han framleis driven av middelklassekvinner og -menn som evnar å argumentere for ein ideologi som ikkje nødvendigvis baserer seg på eige levd liv, men snarare på førestillinga om røynsler frå tidlegare tider?

Kvinnekampen blir driven fram av vissa om at kvinner ikkje har dei same rettane som menn, at kvinner tener mindre enn menn, og at det er fleire menn enn kvinner i leiarstillingar. Ein ideologisk kamp som nærer seg på spenningstilhøvet mellom to førestillingar: korleis samfunnet er, og korleis samfunnet bør vere. Men kva skjer med feminismen når skilnaden mellom kjønna blir sett på dagsordenen i pressa, når kjønns- og kvinneperspektivet er ein inkorporert del av levekårsindikatorane, og når Noreg har status som eit av dei mest jamstilte landa i verda? Kva slags kamp er det vi eigentleg kjempar når skilnadene er som kosmetikk å rekne?

Statistisk sentralbyrå sine indikatorar for kjønnsjamstilling viser at 68 prosent av menn tek ut heile fedrekvoten i 2013, og at 90 prosent av alle barn går i barnehagen. Same år har 32 prosent av kvinner høgare utdanning, medan prosenten mellom menn ligg på 26. Tala viser òg at menn i gjennomsnitt tener 150 000 kroner meir enn kvinner i året, og at to tredelar av alle leiarar er menn.

I dag omfattar jamstillingsomgrepet meir enn kjønn. Forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering blei vedteke i arbeidsmiljølova i 1998. Diskrimineringslova om etnisitet blei vedteken i 2005, to år seinare kom diskriminerings- og tilgjengelova som forbyr diskriminering av folk med nedsett funksjonsevne.

Feministane sin kvinnekamp og deira vektlegging av kjønnsjamstilling la grunnen for det utvida jamstillingsomgrepet vi har i dag. Men er det feminismen som har drive kampen mot generell diskriminering i åra som har gått? Og omfattar urettferdsomgrepet i kvinnekampen berre etnisk norske, heterofile kvinner?

 

Pappapermen og husmorfella

Pappapermen blei innført i 1993, fire år før eg fødde mitt første barn. Problemet vårt var berre at sidan eg var student, fekk ikkje pappaen tilgang på denne permisjonen. Heller ikkje med nummer to, som kom rett etter, blei det plass til permisjon for pappa. For første gong i livet opplevde eg å bli «tvinga» inn i ei rolle eg på ingen måte var førebudd på og heller ikkje ønskte. På ein blunk var eg blitt heimeverande tobarnsmor som studerte så godt det lét seg gjere, på kveldar, i helgar og på høgtidsdagar.

Eg skamma meg. Først og fremst fordi eg fall utanfor alle definisjonar. Ein student får ikkje berre barn sånn utan vidare. Det burde vel vore litt betre gjennomtenkt? Og skulle eg bli akkurat det eg ville bli? Eg ville vel ikkje vere låst fast i heimen 24 timar i døgnet. Men eg var òg skamfull fordi eg ikkje jobba som alle dei andre venninnene mine. Småbarnsdagane bestod av bleieskift og parkbesøk, matlaging og byssan lull. Eg hadde mykje tid til kos og mas med barna, og pengane eg brukte, hadde mannen min jobba for. Eg hadde gått i husmorfella!

Det tok meg fleire år å reflektere meg gjennom dette forunderlege. At eg som verken var typisk «jente» eller «feminist», men fri på min eigen måte og veg gjennom verda og livet, kunne la meg affisere av ålmenne oppfatningar og krav til moderne kvinneliv i samtida. Dessutan var det ikkje så ille likevel, viste det seg, å få mykje tid med barna. Eg var berre ikkje førebudd på at det skulle liggje nokon verdi i det. For det viste seg nemleg at eg var full av fordommar eg ikkje var klar over. Eg blei overraska over dei sterke meiningane mine som kom for ein dag då eg blei heimeverande småbarnsmor. Det viste seg at eg meinte at ei kvinne som blir heime med barna sine, er svak. Eg meinte at ei kvinne som stryk skjortene til mannen sin, er manipulert. Eg meinte òg at ei kvinne som ikkje har jobb og tener eigne pengar når ho er gift, vil døy fattig, einsam og ulykkeleg. Sett på spissen, men sant nok.

Kvar kom alle desse meiningane frå? Eg hadde aldri gått i 8. mars-tog, eg hadde verkeleg medvite teke eigne frie val og ikkje late nokon manipulere meg til verken det eine eller det andre. Kanskje meiningane mine berre var ein del av tidsånda i samtida? Det fascinerte meg å tenkje den tanken. Og kven eig definisjonsmakta i eit demokratisk samfunn? Er det berre visse utvalde, dei med solid historiekunnskap, kloke tankar og godt samvit? Eller er meiningane til alle oss andre viktige òg?

 

Å forvalte fridommen

Kjønnsjamstillinga har sett seg i det norske samfunnet. Vi som har vakse opp med kvinnefrigjeringa som bakteppe, er godt vaksne. Korleis forvaltar vi den fridommen vi har gjennom jamstillingslova? Kor frie er vi til å velje og meine og handle i eit av dei mest jamstilte landa i verda?

Vi deler – på oppgåver i heimen, på å levere og hente i barnehagen, på lekselesing, på matlaging, på handling, på oppvask og klesvask. Vi vel – kven som skal ta ut foreldrepermisjon, kven som skal sitje i kommunestyret, kva vi vil utdanne oss til, om vi vil jobbe heiltid eller deltid. Vi kjøper – vaskehjelp, barnepass, heimkøyrd mat, jenteleiker, guteleiker, jenteklede og guteklede. Vi irriterer oss – over regjeringa, kongehuset, dårleg nett og null dekning på telefonen. Vi engasjerer oss – i miljøvern, i ekstremvêr, i TV-aksjonar og flyktningar. Og vi misliker – radikalt religiøse, kverulantar og dyre klede.

Kvardagen overlèt ikkje mykje tid til å reflektere over eksistensiell motstand og kjønnsubalanse. Vi tek for gitt at jamstillingsarbeidet går sin gang. Men kvardagsvala og ‑handlingane våre er den røyndommen neste generasjon byggjer vidare på. Graden av eit felles medvit kan kanskje vere avgjerande for kor jamstilte vi er om 40 år.

 

Feministar, finn feil!

Kvinnerørsla er ei interessegruppe på line med andre interessegrupper. Feministane har naturlege skylappar for det som ikkje interesserer eller passar inn. Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner kvinnerørsla i dag langt ifrå framstår solidarisk: «Hvorfor brøler ikke feministene mot moskeer og muslimske miljøer?» spurde politikaren i VG i mars i år. Ho blei møtt med kritikk frå fleire hald, men kritikarane ville ikkje diskutere med Listhaug. Dei nytta heller høvet til å avvæpne henne ved å kalle henne «historielaus» i Politisk kvarter på NRK, «kunnskapslaus» i VG, og skulde henne for å ikkje forstå at det går an å ha fleire tankar i hovudet samstundes.

Karl Ove Knausgård filosoferte i eit podkast-intervju i desember i fjor, med den svenske avisa Expressen, over kva ein kan seie og ikkje seie om kvinner i høvesvis Noreg og Sverige.

– Alle menn, når dei treffer ei kvinne, tenkjer på korleis det ville vore å liggje med henne, sa Knausgård i intervjuet, og utsegna skapte overskrifter i Dagbladet. SV-politikar Kirsti Bergstø meinte tankegangen til Knausgård «objektiviserer alle kvinner og reduserer alle menn». Harald Eia forsvarte han i ein kronikk ved å peike på at utsegna var ein del av eit større resonnement. Både Knausgård og Eia blei kalla «mannsgriser» i den oppsummerande kommentaren til Heidi Helene Sveen: «Det er først og fremst menn som taper på at det størknede bildet av mannsgrisen reproduseres gjennom mer eller mindre uttalte holdninger», påstod Sveen, og dermed var punktum sett for saklegdommen i debatten.

Kva er det med feminismen når menn og FrP-politikarar ikkje kan meine noko om kvinner og kjønnskamp? Kvifor blir dei kategoriserte som historielause og mannsgriser? Kvifor ønskjer ikkje kvinnekampen innspel frå sidelina?

Cathrine Sandnes sommarprata i P2 i juni og fortalde om utviklinga av det norske samfunnet frå 1970-talet til det jamstilte Noreg i dag. Ho kan jamstillingshistoria si og fortel godt. Men historia hennar blei boren fram av ein svært privat kritikk av hennar eiga mor, ei FrP-røystande, heimeverande husmor som kjende seg «forakta av feministar» fordi ho ikkje hadde jobb utanfor heimen. Sandnes har gjennomgåande ei nedlatande haldning til det «livet» mora levde som «var så lite» at ho ikkje innsåg alt det Sandnes sjølv innsåg. Historia om mor og dotter verkar trist, vanskeleg og særs konfliktfull. Kvifor forstår ikkje dagens frigjorde kvinner motsetnadene og utfordringane som kvinner stod andsynes på 70-talet?

 

Framtidsfeminisme

I Cathrine Holsts oversynlege utgreiing om historia til feminismen og alle retningane i rørsla, Hva er feminisme, gjer ho greie for det ho meiner er utfordringa for feminismen framover. Sidan 1990-talet har feminismen stått litt i stampe, skriv ho. Det er behov for å revurdere feminismen for å gjere rørsla i stand til å fungere også i vår eiga individualistiske og informasjonsspekka samtid. Holst peikar mellom anna på moglegheita for å gå utanom det nasjonale, sjå på utfordringane i resten av verda der kvinnerettar på langt nær er kjempa fram slik som her heime.

På sitt beste kan feminismen vere ein arena som utfordrar blikket og skjerpar haldningane. Kvinnekampen på 70-talet karikerte slagorda med brende BH-ar og sette søkjelys på måten vi les skilnader mellom kjønna. Med BBC-serien og boka Ways of seeing frå 1972 viste den britiske kritikaren og kunstnaren John Berger korleis vi i ein tidsalder med masseproduksjon og fotografi kan sjå europeiske måleri på ein heilt ny måte.

– Ein stor del av det å sjå er styrt av vanar og konvensjonar, argumenterer Berger. Perspektivet set auga til skodaren i sentrum og gir opphav til førestillinga vår om røyndommen. Korleis vi ser bilete, fortel oss noko om oss sjølv og verda vi lever i, til dømes at den estetiske kulturen i vår vestlege verd ofte framstiller (den nakne) kvinna som objekt for mannens subjektive blikk.

Eg surfar gjennom livet i kjølvatnet av kvinnekampen. Eg har gått klar av altfor store kjønnshindringar både i yrkes- og familieliv. Eg veit at eg er heldig. Og eg vil at barna mine skal ha dei same moglegheitene til å velje sine eigne liv som eg har. Men kva om døtrene mine vel å vere heime med barna sine, og son min vil bli karrieremann med heimeverande kone? Er det greitt for meg? Kva ville feministane sagt? Er det greitt for feministar at barna deira bruker fridommen sin til å velje tradisjonelle manns- og kvinneyrke? Kor langt rekk fridommen til å velje i feminismens namn? Dersom fridommen blir brukt til å velje det som ikkje passar inn i dei feministiske kategoriane, kva skjer med feminismen då?

 

Kjelder

Berger, John (1972). Ways of seeing. Penguin.

Eia, Harald (2014). Forbudte følelser. Dagbladet 23.12.2014.

Holm-Nilsen, Sverre (2015). Kunnskapsløse Listhaug burde holde seg til landbruket. VG 5.3.2015.

Holst, Cathrine (2009). Hva er feminisme. Oslo: Universitetsforlaget.

Kristiansen, Cornelia (2014). Parodierer Knausgård: «Alle menn som spiser banan lurer på hvordan det er å ha den i rompa først». Dagbladet 20.12.2014.

Listhaug, Sylvi (2015). «Du må ikke tåle så inderlig vel …». Dagbladet 5.3.2015.

Politisk kvarter, NRK P2, 5.3.2015.

Sandnes, Cathrine (2015). «Sommer i P2» – 26.7.2015.

Schüldt, Eric (2014). Karl Ove Kaunsgård gästar 60 minuter. Expressens 60 minuter, 10.12.2014.

Sveen, Heidi Helene (2015). La mannsgrisen dø. Dagbladet 6.1.2015.

Aas, Kristin Natvig (2014). «Feminisme». Store norske leksikon 6.10.2014.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram