Frå Utgåve 3-15
Skrive av Lene Wetteland

Såret som aldri gror

Manglande oppgjer etter det armenske folkemordet for hundre år sidan hindrar framleis sårt tiltrengd vekst og utvikling i Armenia. Samstundes definerer det ein armenar på godt og vondt.

«Bjørnevatn!» ropar den skjeggete pensjonisten som nett har brukt alle sine overtalingskunster til å få meg til å ete dei to siste hermetiserte aprikosane[1] hans. «Der var det eg var i arbeidsleir hos tyskarane!» Han har tenkt lenge, armenaren som var etterkommar av ein overlevande etter det armenske folkemordet i Det ottomanske riket. Han var sovjetisk soldat teken til fange av tyskarane under andre verdskrigen, flyktning frå krigen i Nagorno-Karabakh, og no mottakar av hjelp frå Den armenske Raudekrossen i ei brakke i utkanten av Vanadzor, nord i Armenia.

Det er februar, og det går mot slutten av matforrådet, men når ein armenar har gjester, og attpåtil frå det landet Fridtjof Nansen kjem frå, då skal alt på bordet. Han orsakar at han ikkje lenger hugsar noko norsk, men pratar i veg om ymse. Sjølvsagt startar han med dei obligatoriske spørsmåla for kvar ein armenar: Kva meiner du om det armenske folkemordet? Er du gift? Har du barn? Og eventuelt – kvifor ikkje?

Familie og historie er avgjerande for identiteten til dette stolte, kristne folket som har overlevd i eit fjellområde i Kaukasus mellom ambisjonane til mongolar, persarar, ottomanar og russarar i fleire hundreår. I 2015 er det hundre år sidan folkemordet som tok livet av to tredjedelar av armenarane som budde i Det ottomanske riket på den tida, og det har vore ekstra søkjelys på det vesle landet med den store internasjonale kampanjen. Og sjølv om Armenia og armenarane er så mykje meir enn folkemordet, er det ein udeleleg del av identiteten.

 

Ikkje berre eit fjell

Armenarane ser på seg sjølve som direkte etterkommarar av Haik, oldebarnet til Noa. Noas ark stranda etter det som blir sagt, på Ararat, så fjellet og området rundt blir rekna som sjølve opphavet til alt armensk. Fleire armenske byar låg her, mellom andre Van og Ani, som var hovudstader i ulike armenske kongedøme gjennom tidene. Den anatolske høgsletta og Kaukasusfjella har samstundes vore slagmark for fleire rike og kongedøme, og armenarane fann seg ofte mellom frontane eller underlagde sigerherren til kvar tid – om det var persarar, mongolar, ottomanar eller russarar. I dag ligg storparten av dei historiske armenske kjerneområda i Tyrkia, der hundreårgamle kloster og kyrkjer forfell. Dagens Armenia har under tre millionar innbyggjarar og eit territorium mykje mindre enn det krønikene fortel om. Det mest synlege tapet, nasjonalsymbolet Ararat, ligg også over grensa til Tyrkia.

På den armenske sida av Ararat og grenseelva Araks ligg klosteret Khor Virap. Her seier legenda at den heilage St. Gregor, Lysberaren, sat fengsla i 14 år for den kristne trua si. I år 301 henta kong Tiridates St. Gregor opp att av fangeholet, blei kurert av plagene sine og erklærte kristendomen som statsreligion i landet. Klosteret ligg ein kort køyretur frå hovudstaden Jerevan og er eit populært reisemål for turistar, pilegrimar og brurefølgje. Gjestene tenner lys i kyrkja og klatrar ned den åleglatte metalltrappa til fangeholet seks meter under bakken. I eit skur på nedsida av klosteret er det lagt til rette for å ofre høns, og i eit tre på oppsida kan ein feste små tøybitar for hell og lukke. Og her, i kjernen av Armenia si kristne og før-kristne historie, får ein SMS-ar frå tyrkiske mobilselskap med meldinga «Welcome to Turkey» og tilbod om roaming.

 

Ei stolt historie

På midten av 300-talet var Armenia delt mellom Bysants og Persia, og det som heldt folket saman, var nett kristendomen og språket. Dessverre fanst det ikkje eit felles skriftspråk som kunne styrke dette samhaldet ytterlegare, noko munken Mesrop Mashtots sette seg føre å endre. I år 406 var dei 36 symbola klare, på 1100-talet blei endå to bokstavar lagde til, og den dag i dag nyttar armenarane dette særskilde alfabetet. Framfor manuskriptmuseet Matenadaran i sentrum av Jerevan sit Mashtots ved ei tavle med alfabetet og skodar ned på hovudgata som er kalla opp etter han.

Museet har ei imponerande samling av manuskript, miniatyrskrift og bøker, mellom anna Mush-preikene frå 1202 som måler 55 x 70 cm og veg 27,5 kilo. Segna fortel at to kvinner delte boka i to under folkemordet for at det skulle vere lettare å skjule henne frå dei som øydela alt armensk, og etter omvegar om Georgia og Aserbajdsjan blei delane til slutt foreinte i Armenia.

Armenarane gjev tydeleg uttrykk for kor stolte dei er over historia, folket, kulturarven, og ikkje minst hovudstaden. Når du besøker byen, merkar du dette på stemninga som ber deg fram på spaserturen frå dei syngande fontenene på Republikkplassen og opp gjennom livlege Nordre Aveny, når du tar ein krutsterk kaffi i ein av utekafeane i parken rundt Operahuset, og klatrar opp dei 572 trappetrinna i Kaskaden.

Frå Kaskaden får du utsikt over byen saman med alle kjærastepara som snik seg til ein privat augneblink her. På klare dagar ser ein tydeleg også Ararat med sine karakteristiske to toppar Sis u Masis frå fleire stader i Jerevan – ei stadig påminning om kva armenarane har mista, og kven som tok det frå dei.

 

Folkemordet

24. april 1915 blir rekna som starten på folkemordet på den armenske minoriteten i Det ottomanske riket, med arrestasjonar og avrettingar av sentrale elitar i Konstantinopel. Mange armenarar hadde høgtståande stillingar i Det ottomanske riket, men etter kvart skulda styresmaktene armenarane for å vilje slå seg saman med russarane i eit åtak frå aust, og at dei dimed utgjorde eit trugsmål mot nasjonal tryggleik. Snart blei også kvinner, barn og eldre over heile riket tvinga ut på lange marsjar i ørkenen utan mat og drikke, og utsette for vald og overgrep undervegs. Nokre blei bundne saman og kasta i elvene, andre tvinga inn i holer der bål ved inngangen skapte dødeleg røyk. Det nøyaktige talet på omkomne varierer, men dei fleste uavhengige kjelder hevdar at opp mot 1,5 million armenarar blei drepne i perioden 1915–1922. Privat eigedom, kyrkjer og annan kulturarv blei øydelagd eller stolen.[2]

Nokre kvinner overlevde ved å bli gifte bort til muslimar og konverterte, born blei sette bort til muslimske familiar eller til barneheimar der også norske misjonærar som Bodil Biørn (1871–1960) arbeidde. Nokre greidde å komme seg unna, mange av desse med hjelp av Fridtjof Nansen og hans Nansen-pass. Slik gjekk det til at rundt 10 millionar armenarar bur over store delar av verda i dag, særleg i Frankrike, USA, Argentina og Russland, der dei i dag tek vare på språket og tradisjonane og er evig takknemlege til Fridtjof Nansen og Noreg. I 1938 fekk Nansen Nobels fredspris for dette arbeidet.

Tyrkia på si side nektar for at drapa var folkemord, og hevdar at rundt 400 000–800 000 armenarar omkom som følgje av at det var krig. Spørsmålet om det var folkemord, blir brukt flittig i eit politisk og nasjonalistisk spel i Tyrkia i dag, og trass i at diskusjon dei seinare åra har blitt meir akseptabelt, er det framleis ein risiko for dei som hevdar at Tyrkia må ta ansvar. Artikkel 301 i straffelova om å «fornærme den tyrkiske nasjonen» har vore ei av hovudårsakene til at landet dei siste åra har fengsla flest journalistar i verda. Den armensk-tyrkiske journalisten Hrant Dink blei dømt etter denne artikkelen før han blei drepen i eit attentat i 2007, og den tyrkiske nobelprisvinnaren i litteratur Orhan Pamuk har også blitt tiltalt for brot på artikkel 301. Begge våga å omtale det armenske folkemordet offentleg.

Armenia brukar store ressursar på å få statar til å erkjenne folkemordet offisielt, overtydd om at dette etter kvart vil tvinge Tyrkia til å ta eit oppriktig oppgjer med ugjerningane. Tyrkia på si side legg mykje prestisje og alt landet har av si internasjonale stilling, i å hindre bruk av omgrepet. Trass i innsatsen til Fridtjof Nansen, Bodil Biørn og andre nordmenn har heller ikkje Noreg erkjent offisielt at det var eit folkemord, og nyttar ikkje det omstridde «F-ordet» offentleg. Noreg har ikkje teke stilling til om «dei tragiske hendingane» oppfyller kriteria for å bli klassifisert som folkemord, og vil heller overlate tolkinga til historikarane. Også NRK var konsekvent i å seie «det som armenarane kallar eit folkemord» i si dekking av hundreårsmarkeringa. For armenarane legg fornektinga ei ekstra bør til sorga over dei mange døde.

 

«F-ordet»

Armenarar blir overraska og skuffa når dei får vite at det offentlege Noreg verken har erkjent folkemordet eller brukar ordet i nokon samanheng. Alle kjenner til Nansen sin humanitære innsats og kan ikkje førestille seg at landet han kom frå, ikkje i det minste ville erkjenne det arbeidet han gjorde. Det offisielle Noreg hevdar at Stortinget ikkje har tradisjon for slike erkjenningar, og at det heller vil skade tilnærminga mellom Tyrkia og Armenia. All den tid noka slik tilnærming ikkje finst i nokon særleg grad, kunne Noreg heller gjere ein innsats for å overtale Tyrkia til å ta eit oppriktig oppgjer med ugjerninga forgjengarane deira gjorde seg skuldige i. Slik kan tyrkarane leggje tragedien bak seg og gå vidare, og Armenia kan bli betre i stand til å bruke sine avgrensa ressursar på ei positiv utvikling i landet.

Dessverre ser det ut til å vere viktig for Noreg at me ikkje skal skuldast for å bruke omgrepet i nokon samanheng. Statsminister Erna Solberg deltok til dømes ikkje under hundreårsmarkeringa i Armenia 24. april i år. I 2007 ville armenarar gje Noreg ein tradisjonell armensk krosstein, khachkar, til minne om Fridtjof Nansens innsats under folkemordet. Men verken Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune eller Universitetet i Bergen ville ta imot minnesteinen sidan «F-ordet» er brukt i inskripsjonen. I dag står han derfor på privat grunn hos Rekstensamlingene i Bergen og er eit sentralt møtepunkt for armenarar i området, trass i at ingen offisielle norske institusjonar såg det verdig å ta imot dette uttrykket for takksemd.

Folkemordskonvensjonen av 1948 har ikkje tilbakeverkande kraft juridisk. Likevel bør det vere liten tvil om at det armenske folkemordet kan fordømmast som dette, slik også det jødiske holocaust blir det. Begge fann stad før 1948. Konvensjonens far, Raphael Lemkin starta arbeidet med konvensjonen i 1933, opprørt over nettopp det armenske folkemordet og trongen for rettsleg vern av grupper.[3]

 

Store forventingar

Med minnet om folkemordet og dei stadige trugsmåla frå alle kantar skal ein ekte armenar vere klar til å forsvare landet og folket sitt også i dag, og føre slekta og tradisjonar vidare. Men nokre fell utanfor denne rolla – til dømes kvinner som ikkje har ambisjonar om å først og fremst vere mor og støttande kone, homofile som ikkje er venta å få barn eller krige, andre som av overtyding ikkje er venta å ta til våpen, og dei som ikkje høyrer til den armensk-apostoliske kyrkja. 

Armenia er blant dei landa i verda der det blir fødd uforholdsmessig mange gutar per jentebarn grunna kjønnsselektiv abort.[4] Vald i heimen er vanleg og forbunde med skam. I dei to første månadene av 2014 blei fem kvinner drepne av ektemennene sine, og i mangel av ei lov om vald i heimen er det få som blir dømte. Yezidi-kurdarar, som med rundt 1 prosent utgjer den største minoriteten i Armenia i dag, opplever at det ikkje er lagt til rette for morsmålsopplæring i skulen, og at religionsundervisninga i skulen forkynner den armensk-apostoliske trua.

Særleg homofile er utsette for negative reaksjonar, noko som tydeleg kom til uttrykk i etterkant av austerrikske Conchita Wurst sin siger i Eurovision i fjor. Privatpersonar som hadde diskutert songen på Facebook, fann seg brått på ei liste i ei avis over folk «…som støttar den internasjonale homselobbyen», der arbeidsgjevarar blei oppmoda om å gje dei namngjevne sparken eller ikkje å tilsette dei. Søksmål frå dei som hamna på lista, har ikkje nådd fram i retten. I staden har eigaren av avisa, som også er parlamentsmedlem, fått ein medalje av presidenten. Ein homsebar blei påtent av ei brannbombe i 2012, same året som ein mangfaldsparade blei angripen av ein mobb.

Ironisk nok viste den armenske ambassadøren til Noreg og Danmark til manglande respekt for minoritetar som eitt av problema som leidde til folkemordet og det ottomanske riket sitt fall, då han introduserte ein konsert på Holocaust-senteret i Oslo i haust. Manglande respekt for minoritetar i dagens Armenia kjente han ikkje til. For styresmaktene er det komfortabelt å leggje vekt på dei uløyste konfliktane med Tyrkia i samband med folkemordet og Aserbajdsjan over landområdet Nagorno-Karabakh – konfliktar som vekker sterke kjensler og er med på ta søkjelyset borte frå andre problemstillingar i samfunnet. Aktivistar og ikkje-statlege organisasjonar som stiller spørsmål ved det som foreiner fellesskapen, blir utsette for mistru forsterka av russisk propaganda inkorporert i armenske medium.

Trass generell skepsis og fleire tilfelle av direkte trugsmål er det framleis nokon som arbeider med rettane til minoritetar og dei som er utsette for overgrep frå staten. Som i dei fleste landa i det tidlegare Sovjetunionen slit Armenia med mykje korrupsjon, ufrie val, ufrie massemedium, tortur og misbruk frå politi og rettsvesen. Om ein samanliknar med land som Aserbajdsjan og Usbekistan, er ikkje situasjonen så galen, men det er eit dårleg samanlikningsgrunnlag – Armenia har underskrive internasjonale menneskerettskonvensjonar, og det er ingen grunn til at folket ikkje har krav på like rettar som nordmenn og britar.

 

Vanskeleg balansegang

Utan ein open diskusjon om prioriteringar bind kampanjen for erkjenning av folkemordet opp store menneskelege og økonomiske ressursar i det fattige landet. Raskt etter sjølvstendet i 1991 førte dårleg infrastruktur, manglande konkurranseevne og nye grensereguleringar til stenging av fabrikkar og stans i energitilførsel frå Russland. Barn måtte hjelpe foreldra sine med å hogge tre i skogen for å ha brensel til varme og matlaging. Arbeidsløysa og fattigdomen steig kraftig, og framleis i dag er utvandringa stor. Krigen med Aserbajdsjan over landområdet Nagorno-Karabakh i åra 1988 til 1994 tok nesten 30 000 liv og er trass våpenkvila framleis årsak til dødsfall langs grensa.[5] Den påfølgande flyktningstraumen og stengde grenser med Aserbajdsjan og Tyrkia la ytterlegare press på økonomien før 2008-krisa ramma landet særleg hardt. 

Armenia får mykje midlar frå USA, takk vere den mektige armenske lobbyen der. Slik har diaspora-armenarane, hovudsakleg etterkommarar av overlevande av folkemordet, stor innverknad på armensk politikk i dag. Dessverre er denne påverknaden ikkje alltid til det beste, ettersom dei i stor grad dyrkar fortida, og er kritiserte for å prioritere kampanjen for erkjenning av folkemordet og å halde Armenia avhengig av overføringar frå utlandet heller enn å oppmuntre til og utvikle økonomisk vekst i landet. 

Situasjonen har gjort Armenia særleg avhengig av Russland for eksport og import, og i endå større grad som tryggleiksgaranti. Det er venta at Russland vil støtte Armenia der Tyrkia vil støtte Aserbajdsjan om krig skulle bryte ut igjen over Nagorno-Karabakh. Russland har også styrkar plasserte i Armenia som del av dette samarbeidet. Trass i dette er det EU som har stått for ein fjerdedel av Armenia sin totale handel dei siste åra, og det var like før Armenia skulle gå inn i eit tettare samarbeid med EU i 2013. Men brått, slik som president Janukovitsj i Ukraina, snudde president Sargsyan heilt om og skreiv i staden under samarbeidsavtale med Russland og den kommande eurasiske unionen. 

Der denne heilomvendinga førte til store protestar i Ukraina, og Janukovitsj etter kvart måtte forlate landet, har Armenia blitt formell medlem i Den eurasiske unionen frå nyttår. Demonstrasjonane som fann stad i etterkant, avtok i omfang etter forholdsvis kort tid. Sargsyan sit framleis som president og held fram sin vanskelege balansegang mellom Russland og andre internasjonale aktørar. Berre 12 dagar etter at Armenia blei medlem av Den eurasiske unionen, drap ein russisk vernepliktig frå den russiske militærbasen ein armensk familie på sju. Sargsyan nølte lenge med utspel, og armenarane var slett ikkje overtydde over kven si side presidenten deira var på.

 

Elektriske Jerevan

Denne tvilen blei igjen vekt til live i juni i år, då det blei kjent at prisen for elektrisitet skulle aukast med 16 prosent, ein tredje auke på under to år. Straumnettet i Armenia er monopolisert av russiske Inter-RAO, eit selskap eigd av ein oligark tett på den russiske presidenten Vladimir Putin.[6] Styresmaktene er blitt kritiserte for utstrekt korrupsjon og manglande transparens i årevis, og det russiske selskapet er mistenkt for å vere på randen av konkurs grunna direktørane sine luksusliv. Ikkje overraskande reagerer arbeidslause og fattige armenarar på at det nok ein gong er dei som må ta rekninga for at dei i dei øvste laga lever over evne, og på at deira eigen president ser ut til å lytte til russiske selskap heller enn til sitt eige folk. 

Den varsla auken i straumprisane utgjorde dropen etter lang tid med generell misnøye med styresmaktene, og tusenvis av frustrerte borgarar tok til gatene i spontan protest. Dei spelte sjakk, dansa folkedans, spelte armenske folkesongar og diskuterte kva dei skulle gjere vidare. Etter fire dagar reagerte det armenske politiet med uproporsjonal bruk av makt, vasskanonar, massearrestasjonar og åtak på journalistar. Etter at ti personar omkom under demonstrasjonar etter det omstridde valet av nettopp president Sargsyan i 2008, har trugsmålet om valdelege reaksjonar frå styresmaktene vore tilstrekkeleg til å halde demonstrasjonsviljen nede. Men maktbruken frå styresmaktene tidlegare i sommar førte i dette høvet berre til at endå fleire borgarar tok til gatene allereie same kveld. Etter kvart trekte også presidenten tilbake forslaget om å auke straumprisane.

Russiske medium prøvde på si side å framstille demonstrasjonane som anti-russiske, og som styrte av CIA og USA. Men demonstrantane tok til motmæle med fakta og humor som spreidde seg på sosiale medium med emneknaggen #ElectricYerevan. Dette er vårt, og vår reaksjon på dårleg styresett i vårt land, understreka dei. I tillegg gav det armenarane ei betre forståing av korleis russiske medium vrir på sanninga, og at dette også kan vere tilfelle til dømes i dekkinga av Ukraina og aktivitetane til ikkje-statlege organisasjonar, såkalla NGO-ar.

Det sterke samhaldet mellom demonstrantar over heile Armenia og internasjonalt gav ei sårt tiltrengd innsprøyting av optimisme – eit prov om at det nyttar å stå saman for å seie frå og stille krav. Likevel er det eit stykke att til føresetnadene ligg til rette for eit aktivt demokrati og sivilsamfunn, mykje grunna minnet om folkemordet som er med på å halde utviklinga tilbake.[7] Sagt med orda til ein kjent armensk bloggar: med det engasjementet og ressursane armenarane investerer i kampanjen for erkjenning av folkemordet, kunne dei ha kurert kreft for lenge sidan.



[1]Prunus armeniaca – armensk plomme på latin.

[2] For meir informasjon om folkemordet, les til dømes Taner Akcam A Shameful Act (2007) eller R.G. Suny They can live in the desert but nowhere else (2015).

[3] Sjå til dømes www.ushmm.org/wlc/en/article.php?ModuleId=10007050

[4] Sjå til dømes Eurasianet.org: www.eurasianet.org/node/74246

[5] Ei kort oversikt kan ein finne hos BBC: www.bbc.com/news/world-europe-18270325. Thomas de Waal si bok Black Garden: Armenia and Azerbaijan through Peace and War (oppdatert 2013) er ei av få nøytrale skildringar av krigen.

[6] Ein koalisjon av menneskerettsorganisasjonar der også Den norske Helsingforskomité er medlem, har skrive ein rapport om hendingane: www.iphronline.org/uploads/9/0/2/7/9027585/armenia_electric_yerevan_final_report_july_2015.pdf

[7] Sjå gjerne Helsingforskomiteen sin rapport om sivilsamfunnet i Armenia: nhc.no/filestore/Publikasjoner/Rapporter/2014/Report_1_14_web.pdf

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797