Frå Utgåve 2-15
Skrive av Even Smith Wergeland

Ein folkeleg suksess

Ferdighusbransjen er ein pariakaste i arkitekturfaglege kretsar, men totalt dominerande i byggemarknaden. Kva bygger suksessen på?

I Noreg er det nærare 90 ferdighusprodusentar, som kvart år bygger mellom 6000 til 8000 ferdighus. Åtte av ti byggeselskap som figurerte på topp 10-lista over dei mest produktive bustadbyggarane i 2014, var ferdighusfirma. Fjorårsvinnaren Mesterhus har toppa denne lista 14 gonger dei siste 15 åra. Då dei for to år sidan måtte nøye seg med andreplass, var det eit anna ferdighusfirma, Blink Hus, som detroniserte dei. Tala er altså krystallklare: Nordmenn går for ferdighus.

I denne teksten ser eg nærare på tre av dei mest populære ferdighusa i Noreg, med det siktemålet å finne ut meir om kvifor dei er så populære, og kva dei representerer av arkitektoniske kvalitetar og manglar. Men sjølv om målsetnaden er å gå grundig inn i desse spørsmåla, kan ein enkeltståande artikkel sjølvsagt ikkje spegle ferdighuset i all si tematiske breidde og kompleksitet. Materien er ganske enkelt for stor. Derfor gjer eg som den norske arkitekturhistorikaren Hild Sørby gjorde då ho forska på ferdighus tidleg på 1990-talet[1]: Eg set søkelys på dei største produsentane, med utgangspunkt i den mestseljande modellen hos kvar av dei.[2] Men for å gje lesaren ein breiare inngang til tematikken kjem det først ei kort innføring i ferdighuset som arkitektonisk og sosiokulturelt fenomen.

 

Uniformert individualisme

Då dei første norske ferdighusprodusentane etablerte seg på 1870- og 80-talet, bygde dei på lange tradisjonar. Monteringsferdige laftehus hadde vore vanleg i Noreg gjennom fleire hundreår, og i første halvdel av 1800-talet blei prefabrikkerte hus ein stor industri i Europa. Det som skil ferdighusa frå dei prefabrikkerte, er at førstnemnde blei oppført for å vare, medan sistnemnde var temporære bygningar. Interessant nok blei dei første norske ferdighusa marknadsført i katalogar retta mot utlandet, som ledd i ei internasjonal eksponering av norsk tradisjonsarkitektur. I dag er målsetnaden mykje meir introvert: Det dreiar seg primært om å nå norske kundar.[3]

Med utgangspunkt i den målbare populariteten går det an å påstå at dagens ferdighus representerer noko folkeleg, i den forstand at eit breitt lag av nordmenn omfamnar konseptet. Men ferdighus er ikkje synonymt med éin bestemt kulturell identitet, det er snarare snakk om ulike folkelege preferansar som kjem til uttrykk i eit stilistisk spenn mellom tradisjon og modernitet. Viss ikkje ferdighusbransjen hadde vore i stand til å tilby ein viss grad av individualitet – eller i alle fall innbilt individualitet – hadde marknadsandelen neppe vore like stor.[4]

Vi lever i ei individorientert tid, konstaterer den norske sosialfilosofen Arne Johan Vetlesen, som meiner at mange knyter ordet fellesskap til «tvang om konformitet og underkastelse under en gruppes normer og anviste roller og identiteter»[5]. Denne haldninga viser att i valet av bil, hus, interiør, klede osb. – vi vil gjerne ha noko finare enn dei andre. Samstundes er Noreg stadig eit konsensusprega land, der ein ikkje skal stikke seg altfor mykje ut i nabolaget før det bryggar opp til konflikt. Eit aktuelt døme er villaprosjektet til den norske kunstnaren Bjarne Melgaard, som ynskjer seg eit konseptuelt byggverk som mildt sagt skil seg frå dei kringliggande husa. At villaen skal byggjast på Ekely-tomta til Edvard Munch, gjer saka ekstra sensitiv, men prosjektet – eit hus i svartbrent, forkola eik, eit «hus å kunne døy i»[6] – ville nok vekt oppstyr uansett kontekst.

«Ekte individualister kler seg likt» var overskrifta på ein Aftenposten-artikkel om uniformerte trendnissar på Quartfestivalen i 2004.[7] «Ekte individualistar bygger likt» kunne fint ha vore overskrifta på denne teksten. Ferdighus er perfekt for den som ynskjer å navigere trygt mellom eigne og kollektive preferansar. Det bransjen tilbyr, er ein arkitektonisk ekvivalent til normcore, ein kulturell trend som handlar om å dyrke normalitet. Den eigenrådige bygdefiguren, levandegjord av Frode Grytten i Bikubesong og Popsongar, som aktivt framandgjer seg sjølv via ein eklektisk musikk , film- og kunstsmak, er eit symbol på ein alternativisme som sannsynlegvis lever sterkare i litteraturen enn i røynda. Og det kan nok hende at fleirtalet av komforthipsterane på Grünerløkka i Oslo verkeleg trur at nettopp deira tatoveringar gjer dei til meir unike personar enn alle andre, men i praksis er det få som verkeleg skil seg ut.

Dette gjeld ikkje berre for tida vi lever i akkurat no. I ferdighussamanheng har den uniformerte individualismen vore eit kjenneteikn gjennom fleire tiår. For underteikna sin del er konseptet uunngåeleg knytt til eigen oppvekst på ein liten tettstad i Rogaland på 1980- og 90-talet. Bryne var den reinaste ferdighusjungelen, ein fysisk manifestasjon av det Sørby kallar ein «gullalder for rekkehus»[8]. Ein interessant konsekvens av denne ferdighusboomen var at det omtrent gjekk an å sortere folk sosialt etter kva byggefelt dei høyrde heime på. Ein kunne rekne med at folk som budde i område dominert av store ferdighus med prangande, klassisistiske ornament, var næringsdrivande og stemte Høgre. Like eins kunne ein rekne med at dei som budde i jamstore rekkehus med nøktern fasadedekor, var lærarar og stemte SV. Fordommar, ja visst, men ikkje heilt utan fotfeste i livsens realitetar. Vel har det vore stor variasjon gjennom ferdighushistoria, men sjeldan meir enn at ulike sosiale grupper har kunna einast rundt bestemte uttrykk, som i neste omgang sementerte visse førestillingar om kva klasse, identitet og politisk orientering desse gruppene representerte.

 

Billig, enkelt og fleksibelt

Pris og prosess er heilt klart to viktige suksessfaktorar i ferdighusbransjen. I marknadsføringa legg ferdighusprodusentane mykje vekt på at dei tilbyr rimelege løysingar, og at dei tek ansvar for heile byggjeprosessen. «Det blir som avtalt» er mottoet til Mesterhus, medan Blink Hus tilbyr «en super byggeprosess». Mange har priskalkulatorar på nettsidene, og alle har katalogar som gjer det enkelt for kunden å finne draumebustaden. Det kan vere stor spennvidde i katalogane, men ikkje meir enn at den som leiter, heile tida har god oversikt. Mange aspirerande bustadeigarar er nok takksame for den konkrete presentasjonsforma, som står i kontrast til den meir opne prosessen ein går inn i ved å hyre ein uavhengig arkitekt. Ferdighusprodusentane hevdar dessutan å kunne garantere god teknisk standard, fordi konsepta dei tilbyr, er utvikla etter gjeldande lovar og forskrifter.

Men økonomisk og teknisk tryggleik er ikkje heile forklaringa på den dominerande marknadsposisjonen. Det ligg også eit smaksretorisk apparat på lur, som på den eine sida bygger oppunder tryggleiksretorikken – ord som «tradisjonelt» og «koseleg» figurerer med høg frekvens – og på den andre sida skapar ei forventing om noko unikt, spektakulært og lokalt tilpassa. Det er viktig å tilby god standard, men samstundes unngå at kunden trur at tilbodet er fullstendig standardisert. Denne retorikken er kopla opp mot ein estetisk portefølje som kombinerer faste kategoriar – «klassisk», «moderne», «herskapelig» osb. – med ein viss grad av fleksibilitet i den endelege utforminga.

Sjølv om dei bygningsestetiske kategoriane ikkje har endra seg nemneverdig dei siste par tiåra, har det likevel vore ei betydeleg utvikling å spore. Medan katalogen tidlegare var meir statisk, er det no fleire modellar, meir tilpassing og meir arkitekt-involvering. Mange av ferdighusprodusentane har eigne sivilarkitektar og/eller samarbeidsavtalar med ekstern arkitektkompetanse, og dette blir nytta aktivt i marknadsføringa av mange bygningskonsept. At arkitektar er meir involvert, representerer både ei nyvinning og ei tilbakevending. For, som Sørby påpeiker, var det ikkje så store skilnader mellom arkitektteikna hus og ferdighus lenger tilbake i historia.[9] Men den utstrekte vektlegginga av kunden sin medverknad er ein ny trend. Kort sagt kan ein seie at ferdighusa ikkje er like ferdige lenger. Det har vore ei merkbar utvikling frå frosne standardkonsept til modulbasert bygging, der kunden blir som ein legobyggar, som innanfor visse parametrar kan velje kva for brikker huset skal formast med.

 

Dei mest populære

Når ein skrollar gjennom diverse lister på den verdsvide veven, er det enkelt å konkludere med at mange av dei mest populære ferdighusa i Noreg fell inn under kategorien «tradisjonelle». Men fullt så enkelt er det ikkje. Det er visse trendar, som mellom anna Dinside.no har rapport om,[10] som tyder på at smaken er ulik alt etter kva del av landet ein studerer. I visse delar av Nord-Noreg og Vestlandet er det fleire som går for dei «moderne» variantane, med flate tak – noko som er ganske spesielt, i og med at denne takforma slett ikkje er optimal i regntunge fylke som Rogaland og Hordaland. I aust og sør står dei tradisjonsorienterte modellane sterkast. Ein ser også at dei store, såkalla «herskapelege» modellane går unna i regionar med mange pengesterke kundar, som i Stavanger/Sandnes-regionen. Denne kartlegginga er ikkje grundig nok til å trekkje bastante konklusjonar, men tendensen er i alle fall at popularitet i ein viss grad er regionbestemt.

Dei følgjande tre husa er valde ut utan omsyn til geografisk spreiing. Dei er ganske enkelt populære.

 

Mesterhus – Mathilde

I løpet av dei siste ti åra er det Ninni som har vore det mest populære huskonseptet i Mesterhus-katalogen, men ei fersk oversikt frå firmaet syner at den gamle folkefavoritten har tapt terreng den siste tida. No er det Mathilde som ligg klart øvst, og det er ein interessant tendens. Medan Ninni blir skildra som «et hus med nostalgiske aner, med idylliske detaljer og en vennlig fasade», blir Mathilde framstilt som «en moderne tomannsbolig» på nettsidene til Mesterhus. Her har vi ein overgang frå det tradisjonelle og koselege til det moderne og effektive. Skildringa av Mathilde legg også vekt på det tekniske, at modellen er utforma i tråd med TEK10, den rådande byggtekniske forskrifta i Noreg. Ein annan vesentleg skilnad er at Ninni er ein einebustad, medan Mathilde er ein tomannsbustad. Men i areal er dei faktisk ikkje så veldig ulike, ettersom Ninni er blant dei mindre einebustadene i Mesterhus-katalogen.

Mathilde er vertikaldelt og rommar to jamstore bustader, kvar med eit samla bruksareal på 125 m2. Desse ligg spegelvendt i forhold til kvarandre, slik at begge har balkong i kvar sin ende av huset, medan dei tekniske fasilitetane (bad, toalett, kjøkken) er samla sentralt. Dette smarte trikset blei perfeksjonert av modernistiske arkitektar på 1920-talet, deriblant nederlandske Gerrit Rietveld, medlem av De Stijl. Ein sparer både pengar og energi ved å samle tekniske innretningar i midten. Eit anna trekk som kan sporast tilbake til same periode i arkitekturhistoria, er dei øvre vindauga i Mathilde, som gjev ekstra lys inn. Denne effekten er mogleg fordi huset har skråtak, noko som gir eit ekstra løft i frontfasaden, medan bakre del av huset senkar seg ned mot naturterrenget.

Vektlegginga av enkel funksjonalitet gjer det absolutt legitimt å bruke omgrepet «moderne» om Mathilde, slik produsentane gjer. Samstundes er det viktig å hugse på at dette slett ikkje er eit eintydig omgrep. Når omgrepet blir brukt i ferdighussamanheng, er det oftast fordi det aktuelle huset har visse kjenneteikn som står i stil med modernistisk arkitektur frå første halvdel av 1900-talet. Eller rettare sagt: Ein har plukka ut enkelte prinsipp, men sjeldan fylgt den subtile oppskrifta på modernistiske bygg til punkt og prikk. Det moderne ved Mathilde er såleis ein abstraksjon, og derfor temmeleg lausrive frå den konteksten det hentar sin stilistiske inspirasjon frå.

Ein meir feilaktig, eller i alle fall misvisande bruk av omgrepet er koplinga mellom «moderne» og «trendy». At Mathilde er det mest populære Mesterhus har å by, handlar nok om at ymse bastardvariantar av modernistisk arkitektur – ofte samla under det høgst uklare omgrepet «funkis» – er godt likt blant det norske folk akkurat no. Vi snakkar altså om moderne i folkeleg forstand – det folk oppfattar som trendy i tida. Men den modernistiske villaarkitekturen er jo meir enn 100 år gammal, og kan såleis ikkje reknast som moderne i tydinga «aktuell trend». Det er heilt andre ting som skjer i front av norsk samtidsarkitektur.

Suksessen til Mathilde er såleis eit interessant døme på korleis den folkelege smaken endrar seg. På 1970-talet, då Oslo kommune reiv det modernistiske meisterverket Restaurant Skansen av arkitekt Lars Backer, var arven etter funksjonalismen sterkt på hell, erstatta av figurativ postmodernisme – til dømes nye bygningar som tok i bruk dekorative element frå klassisistisk arkitektur – eller andre typar tradisjonsorienterte stiluttrykk. På den tida hadde Mathilde neppe lukkast særleg bra. Men no, når «folkefunkisen» får mykje merksemd både i dagspressa, interiørblad og diverse oppussingsprogram på TV, er det plutseleg meir enn akseptabelt med enkel geometri, varsam fasadedekor og vindauge utan sprosser. Ein annan grunn til at mange går for Mathilde, særleg i dei større byregionane, er at ein tomannsbustad ganske enkelt er billigare enn ein einebustad i ein byggemarknad prega av tomtemangel og høge tomteprisar.

 

Blink Hus – Aurdal

Medan mange av kundane til Mesterhus har fått smaken på det moderne, er det tradisjonsbautaen Aurdal som går av med sigeren hos Blink Hus. Aurdal er ein einebustad med bruksareal på rundt 176,6 m2. Ein gjennomsnittleg stor norsk bustad, altså. Bygget har saltak, ståande panel – i motsetnad til liggjande hos Mathilde – glasert betongtegl på taket, store takutstikk, krysspostvindauge og enkle prydmotiv i gavlfelta. Særleg det sistnemnde trekket, men også fleire av dei andre, får huset til å bevege seg mot eit viktig arkitekturuttrykk i Noreg på andre halvdel av 1800-talet: sveitserstilen, som var ei viktig retning innanfor nasjonalromantikken i norsk arkitektur. Aurdal går altså lenger tilbake i arkitekturhistoria etter inspirasjon, samtidig som huset er utprega typisk, i tydinga «vanleg», for korleis mange nordmenn bur i dag.

Ikkje berre er formspråket ganske annleis samanlikna med Mathilde, det same er retorikken i produsenten si skildring: «Den vakre inngangsdøren viser vei og ønsker deg velkommen inn i et hus med mange tradisjonsrike detaljer. Her kan du oppfylle drømmen om et stort bondekjøkken med grue, og rommene i 2. etasje har skråtak som skaper en ekstra god atmosfære.»[11] Her handlar det om etos snarare enn logos: Huset er ein draum, ikkje eit teknisk vindunder. Der skråtaket skapte meir lys for Mathilde-veljarane, skapar skråtaket atmosfære for Aurdal-veljarane. Effekten er nokså lik i praksis, men den språklege innpakkinga er heilt forskjellig.

Fråværet av konkrete skildringar kan tyde på minst to ting: A) at Blink Hus er fullt klar over at Aurdal ikkje er spesielt nyskapande på detaljnivå – det minner om svært mange andre ferdighusmodellar – og at det derfor er behov for å skape ein mytologi rundt den heilskaplege opplevinga. Eller B), at Blink Hus uansett let kundane stå for den detaljerte vurderinga. På nettsida kan ein både sjekke ut huset i videoformat og ta i bruk den snedige room sketcher-funksjonen, som gjer det mogleg å flytte rundt på interiør og romlege løysingar, rett nok innanfor eit avgrensa sett med valmoglegheiter.

Tiltrekkingskrafta til Aurdal handlar om kjerneverdiane i ferdighusbransjen: det trygge og enkle, ispedd ein dose fleksibilitet. «Never change a winning team», heiter det i lagidrett. «Never change a winning dream» kunne vi sagt om Aurdal. Men, som med Mathilde, er det noko spesifikt ved Aurdal som kan vere ei forklaring på kvifor akkurat denne modellen er så populær nett no. Etter ein lengre periode med norsk bonderomantikk på TV, er det kanskje ikkje så rart at ein hustype der bondeklisjeane kjem på rekke og rad, blir ekstra godt likt. Namnet Aurdal, med sine Valdres-konnotasjonar, er i seg sjølv nok til å lokke fram nasjonalromantiske bondestereotypiar. Lat oss kalle det Farmen-effekten. Aurdal er uansett ei påminning om ei rural tilbøyelegheit som ligg godt forankra i norsk kulturhistorie og i nordmenns sjølvforståing.

 

Nordbohus – Aurora

Produsenten Nordbohus, som opererer med slagordet «bygd for å vare», er så grei at han har ein eigen kategori på nettsida som heiter «Populær». Det er i alle fall greitt for ein skribent som skal melde noko om kvifor ferdighus er så populære. Dei ni husmodellane i denne kategorien ligg alle i sjiktet mellom Mathilde og Aurdal. Ingen av dei er meir radikale i det moderne uttrykket sitt. Trass i løfterike påstandar om unike stoveveggar og smarte tekniske løysingar har vi sett alt dette før – og ingen av dei tolkar tradisjonelt norsk byggeri på andre måtar enn Aurdal. Interessant nok er det ikkje i denne kategorien vi finn det mestseljande huset til Nordbohus. Det er nemleg Aurora, som har vore den mest populære hustypen deira sidan han blei lansert i 2003. Og det forklarer kanskje kvifor det ikkje er oppført som populært av produsenten sjølv, ettersom det kunne blitt oppfatta som ein stagnasjon. Aurora ligg trygt plassert i kategorien «Tradisjonell», der det absolutt høyrer heime.

Aurora er ein einebustad med eit bruksareal på 174,4 m2, altså nesten identisk i storleik med Aurdal. Eksteriøret er også nesten identisk, med sitt ny-sveitserpreg. Aurora har rett nok liggjande panel, matt betongtegl på taket og berre eitt karnapp, men samla sett ligg den visuelle profilen nær opptil Aurdal. Det same kan seiast om retorikken i marknadsføringa, sjølv om Nordbohus er meir oppteken av å få fram den praktiske dimensjonen. Aurora blir omtalt som eit romsleg familiehus, godt tilrettelagt for grilling og andre hyggjelege uteaktivitetar. Det er for all del tradisjonelt og koseleg, men det aktive bruksaspektet er mykje meir til stades i marknadsføringa enn tilfellet er med Aurdal.

Denne skilnaden kjem også godt fram i presentasjonen av interiøret, som er merkbart annleis. Medan bonderomantikken ligg tjukk som tåke i Aurdal-presentasjonen, er Aurora-presentasjonen akkurat som å sjå ein leilegheitsannonse på finn.no. Her er det ikkje mykje privatliv å skode. Som kunde kan ein surfe omkring i huset ved hjelp av ein såkalla 3D Walk, som for denne skribenten sin del tippa minnet i retning av dataspel frå midten av 1990-talet. Ikkje veldig fancy grafikk, altså, men det gjer jobben. Nesten alt er ribba bort, det er berre nokre få gjenstandar i romma, slik at søkelyset ligg på det kunden sjølv kan putte inn. Det er hendig og enkelt å innreie. Aurdal-interiøret, derimot, verkar mykje meir styrt i så måte. Du må nesten vere ekstra bondeorientert for å like det, medan Aurora appellerer til alle som vil ha det tradisjonelt, men samstundes praktisk. Forklaringa på kvifor denne varianten har vore så populær over tid, ligg nok her. Nordmenn vil gjerne ha i pose og sekk. Aurora er kombinasjonen av dei funksjonelle og tekniske fortrinna til Mathilde med det tradisjonalistiske formspråket til Aurdal. To attraktive fluger i éin smekk.

 

På lag med folket

Analysen av Mathilde, Aurdal og Aurora stadfestar det eg skreiv innleiingsvis, om ferdighusbransjen som ein arena der ulike folkelege tilbøyelegheiter kjem til uttrykk. Enkelte faktorar er nærast konstante, til dømes at tradisjonelt formspråk alltid er populært, men preferansane skiftar også over tid, i tråd med skiftande smakskonjunkturar og kulturelle trendar. Det typologiske og konseptuelle spennet er forholdsvis stort, men det meste ligg trygt innanfor velkjende arkitektoniske konvensjonar. Mange av dei same modellane går igjen over heile landet, stikk i strid med intensjonane i dei kommunale byggeskikkrettleiarane som blei lansert på 1990-talet. Desse var meint å skulle fremje lokal eigenart, men i ein byggemarknad dominert av ferdighus er monotonien påfallande stor, same kvar i Noreg ein oppheld seg.

Dette gjeld også for byggeprosjekt som ferdighusprodusentar realiserer utanom dei faste katalogane. Grunnen til dette er at bransjen er veldig avhengig av å selje ferdige identitetspakkar, der kunden sin framtidige livsstil er ferdigdefinert i form av huskonseptet. Då må den reelle valfridommen alltid innskrenkast litt. Denne framgangsmåten gjer det enkelt for kunden, men tilsvarande enkelt å stille seg kritisk til retorikken i marknadsføringa og det fysiske resultatet for alle med eit visst innsyn i estetikk- og arkitekturanalyse. I kontrast til dette står dei uavhengige arkitektkontora, som gjerne går gjennom denne identitetsskapande prosessen med kunden over tid. Dei er ikkje frie kunstnarar, dei heller, ettersom slike prosessar er styrt av det aktuelle arkitektkontoret sitt bestemte arkitektursyn, kunden sine idear, budsjettet osb., men inngangen til prosjektet er i utgangspunktet meir open.

Terrengtilpassing, altså forholdet mellom hus og natur, er eit konkret punkt der ferdighusbransjen ofte kjem til kort. Sjølv med aukande vektlegging på dette – Mathilde er til dømes meir terrengtilpassa enn mange eldre ferdighusmodellar – har ikkje utviklinga vore så stor. Det ein ofte ser i praksis, er at såkalla naturtilpassa ferdighus får naturen til å tilpasse seg, snarare enn omvendt. Sprenging og terrengplanering er ofte naudsynt i den norske naturen når standardisert byggemasse skal på plass. For ikkje å snakke om kor kostnadssparande det er for entreprenøren, som i same omgang kan sikre enkle forhold på byggeplassen. Derfor ser ein ofte at det ikkje berre er sjølve arkitekturen som blir annleis, men heile området rundt bygningen. Her skal ein ikkje leite lenge blant uavhengige arkitektkontor før ein finn langt meir subtile løysingar.

Eit tredje punkt der skilnadene er merkbare, går på omstilling. Medan ferdighusbransjen er som ein stor norsk kommune, der det kan gå lang tid før ferske idear blir omsett i praksis, er den uavhengige arkitekturbransjen meir smidig. Det fortrinnet ferdighusprodusentane har med omsyn til ferdigkomponerte tekniske løysingar, kan fort bli ei ulempe når krava til teknisk standard endrar seg, noko dei gjer temmeleg ofte. I tillegg, som Sintef-forskar Cecilie Flyen Øyen har påpeikt, så gjer dagens klimasituasjon det endå meir naudsynt å ha lokalt tilpassa bygningstekniske løysingar.[12] I framtida kan det derfor bli vanskelegare for ferdighusbransjen å levere det solide og varige produktet som populariteten står og fell på, og som i si tid gjorde at ferdighus utkonkurrerte prefabrikkerte hus på slutten av 1800-talet. Det er heller ikkje lett for sjølvstendige arkitektkontor å henge med på klimautviklinga og TEK-toget, men dei har den fordelen at kvart hus er eit nytt prosjekt, som dermed kan utformast i pakt med dei til kvar tid gjeldande standardkrava.

Det ferdighusbransjen lukkast best med, er det mange arkitektkontor lukkast minst med: å ta temperaturen på den folkelege smaken. Det er vanskelegare enn ein skulle tru, og meir komplekst enn det ofte har fått skryt for i kulturkritiske analysar av arkitektur. For ikkje å snakke om kor hard konkurransen er, med nærare 90 aktørar som i prinsippet kjempar om merksemda til den same, om enn samansette, målgruppa. Medan den arkitekturen som ligg i front på fagfeltet – den som får gjæve prisar, skulderklapp av smakseliten og oppslag i dei rette magasina – ofte driv ein slags kulturkamp ved å prøve å navigere den folkelege smaken mot det smale, gjer ferdighusprodusentane det motsette: Dei aksepterer og omfamnar det populære. Her ligg det ein viktig lærdom. Det folk likar, skal ein ikkje nødvendigvis undervurdere.

Notar:

[1] Dette arbeidet vart publisert i bokform: Sørby, Hild (1992). Klar – ferdig – hus. Norske ferdighus gjennom tidene, Oslo: Ad Notam Gyldendal.

[2] Utvalet er basert på heilt ferske oversikter frå dei tre største i bransjen: Mesterhus, Blink Hus og Nordbohus, som har rapportert direkte til underteikna pr. e-post.

[3] Dei tre første norske ferdighusprodusentane var Jacob Digre, M. Thams & Co og Strømmen Trævarefabrikk. For meir info om den tidlege norske ferdighusbransjen, sjå Sørby (1992), s. 15–31.

[4] Forskinga til Sørby slår fast at sjølv om ferdighus i utgangspunktet er populært blant nordmenn, så er det viktig for ferdighusprodusentane å unngå stempelet som masseprodusentar. Sjå ibid, s. 171.

[5] Vetlesen, Arne Johan (2009). Fellesskap i individualismens tidsalder. I Nafstad, Hilde Eileen, og Blakar, Rolv Mikkel (red.). Fellesskap og individualisme. Oslo: Gyldendal Akademisk, s. 20.

[6] På nettsida til Snøhetta, som er ansvarshavande arkitekt for villaprosjektet, er det presentert som «A House to Die In», på oppmoding frå kunstnaren sjølv. Sjå Snøhetta,”A House to Die In, Snohetta.com (snohetta.com/project/88-a-house-to-die-in). Henta 3.3.2015.

[7] Østli, Kjetil S. Ekte individualister kler seg likt, Aftenposten.no (www.aftenposten.no/kultur/musikk/Ekte-individualister-kler-seg-likt-6556142.html). Henta 1.3.2015.

[8] Sjå Sørby (1992), s. 93–115.

[9] Ibid, s. 11.

[10] Sørdal, Kristin. De mest populære ferdighusene, dinside.no (www.dinside.no/909569/de-mest-populaere-ferdighusene). Henta 6.4.2015.

[11] Blink Hus, «Vårt mest populære hus», blink-hus.no (www.blink-hus.no/blinkhus/hus/aurdal). Henta 6.3.2014.

[12] Dragland, Åse. Ferdighusene tåler ikke våtere vær i Norge, forskning.no (http://forskning.no/klima-bygningsmaterialer/2014/06/ferdighusene-taler-ikke-vatere-vaer-i-norge). Henta 12.3.2014.

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram