Frå Utgåve 1-15
Skrive av Lene Dieserud Ertner

Dagane som kjem

98 år. Tempoet er det ikkje råd å halde oppe. Men livet faldar seg framleis ut, ein dag om senn. Kva tenkjer du om livet, Bodil?

 

Bodil Margrethe Løvdal, som det blir skrive om i denne teksten døydde fredfullt fredag 27. februar i år, 98 år gamal. 

*

 

Om Bodil Margrethe Løvdal:

Fødd 6. februar 1917 i Bergen. Fyrste jobben var i Vestlandsbanken, der ho møtte den framtidige mannen sin, Alf. Etter kvart flytta dei til Oslo, Bogstadveien 30, og så til hus ved Holmendammen. I dag bur Bodil i eiga leilegheit. Ho har to barn som begge bur i utlandet. Fire barnebarn og fleire oldebarn bur i Oslo.

I Oslo arbeidde Bodil fyrst i Andresens Bank (Nordea) og så på Blindern med eksamensordninga. Ho har vore aktiv i åtte forskjellige klubbar, sunge i kor og spelt teater i Cabaret Fossile ved Røa Eldresenter. Ho har hatt stor glede av å sy klede og er «hattegalen», som ho sjølv seier. Bodil er begeistra for fullmånen! Og ho elskar dyresteik, butterdeigskjell med små fiskebollar i kvit saus og Marie-kjeks (til nattmat). No for tida går det mest i halve skiver med smør og aprikossyltetøy.

 

Om venskapen:

Venskapen vår går langt forbi dei meir enn 50 åra som skil oss i alder. Han tok til for tre år sidan då me møttest i oppgangen i blokka vår på Holmen i Oslo. Sidan den gongen har relasjonen vorte stadig vidare, djupare, meir fortruleg og mest av alt inderleg fylt av gjensidig glede.

 

Å få ein morgon i gåve

Det er fredag morgon. Eg sit og skriv på denne teksten. Eg har lova deg ein frukostkaffi. Men rekk eg fyrst ein joggetur, tru? Berre fem kilometer, den faste runden, gjennom det vesle skogholtet, langsmed bekken, den faste strekka som får tankane i sving når eg skriv. Slik som no.

Eg tek på meg kleda og smett ned trappa. Men der ser eg at du alt har sett døra på gløtt. Du ventar. På kaffien, eller på meg, på selskap. Nokon å dele songen frå i natt med. Eller den draumen, som verka som røyndomen då du kvilte mellom blundane dine. (Då eg les dette høgt for deg, blir du betenkt og seier at eg må ikkje tenkje slik, og at eg kan ta meg ein joggetur når eg vil, for, som du seier: «Eg er no her, eg». Men eg vil ikkje vere som Albert Åberg, som alltid «skal berre». Eg vil helst vere i lag med deg om du er vaken. Ja, så har me visst like mykje omsorg for kvarandre, høyrest det ut til!)

Du har sagt at det beste med frukostkaffien er hygga me deler. Eg kikar inn døra. Der sit du, i morgonkåpe, i stolen i stova og med ullteppa over deg. Og solhatten på, midt i januar, for å skjerme auga for dagslyset som snart vil sige inn gjennom glaset. Eg stikk hovudet lenger inn, tek eit par steg inn i gangen, og skjønar at du søv. Eg høyrer pusten din. Kan eg med handa på hjartet ta meg tid til å springe fyrst, tru? Før kaffien? Før me gjev kvarandre selskap. Berre fem kilometer. Vil eg rekke heim til du vaknar?

Eg smekkar att døra di og spring ut i dagen, den faste runden som tek tre minutt ekstra i dag på det glatte føret. Etterpå, og medan eg står i dusjen, tenkjer eg plutseleg på songen til Åge Aleksandersen. «Leva livet». Eit par liner går slik: «Hvis æ mesta dæ vart livet mitt / en tung og dyster sang.»

Det er best å få sett på kaffien. Eg har fått nøklar no, til heimen din. Du ville det. Og der står du i døropninga til kjøkkenet. Med fire halve skiver, med smør og med aprikossyltetøy. På asjetten, på brettet, på rullatoren. Der er du! Både du og eg lyser opp over synet av den andre. Så, no gjev me kvarandre vår morgon.

 

Ein dag om gongen

Det finst ingen måtar å kurere det som gjer at kroppen ikkje lenger lystrar slik han ein gong gjorde. Det er ikkje råd å få transplantert nye nyrer, for kroppen ville uansett ikkje tolt påkjenninga. Og så er det det såret på tåa som ikkje vil gro, då, fordi blodsirkulasjonen ned over beinet er så dårleg. Så dårleg er tåa no at det heller ikkje er mogeleg å amputere henne, seier legane. Sår må ha blod for å lækjast, og utan tilstrekkeleg blodsirkulasjon kan ein slik operasjon gjere vondt verre. Desse plagene må du leve med all di tid.

Kva gjer ein då? Når det ikkje er noko ein kan gjere med det som er problemet? Når plagene ikkje let seg fikse? Vel, det er slik at når det ikkje er meir å gjere, er det likevel uendeleg mykje ein kan gjere. I helsevesenet heiter det palliasjon. Ordet kjem frå det latinske ordet «pallium», som betyr kappe. Og sjølve verbet palliare betyr å verne, legge ei kappe omkring, lindre, fri frå det vonde og å trøyste. Når noko ikkje lenger kan kurerast, og ein må rekne med å døy med plagene, kan ein sette alt inn på å lindre, og å gjere livet så leveleg som mogeleg. Det er det som gjeld no. Å leve best mogeleg med plagene. Minst mogeleg smerte, mest mogeleg godt liv. Der er me no. «Ja», seier du, «der er me no.» Og i dag sa du for fyrste gong at «me tek ein dag om gongen». Og det er no det lindrande samværet vårt er gull verdt. Som ei av «pilledamene» dine sa: «Det er mykje god medisin i ein god prat.»

Sjølv om du har ein høg alder og livet leitar på kroppen, har du vore særs lite tilbøyeleg til å tenkje på døden. For eit par år sidan, du var 96 år, spurde eg deg om du tenkte på døden. «Nei, den tanken har eg ikkje sleppt til», svara du. Noko annleis vart det kanskje då syster di gjekk bort i fjor sommar. Det var hardt, og det går ikkje ein dag utan at du tenker på henne. De to var systrer, og bestevenninner. I tida som kom, skranta du. Då gjekk eg rett på sak og spurde: «Har du tenkt å døy no?» Det var sommar, og eg kjende at eg ikkje kunne ta ferie og vere bortreist i fleire veker om så var tilfelle. Og i alle fall ikkje på ei pilegrimsvandring for hospice-saka, som handlar om nettopp omsorg for dei som har kort forventa levetid att.

Eg tenkjer at eg ikkje vil mase meir om døden. Livet faldar seg framleis ut, ein dag om senn. Og framleis nynnar du på «Dagen i dag kan bli den beste dag». Den av Erik Bye. «Det er så sant. Det er mange vers, men det der på slutten, det er flott!», seier du med varme i blikket.

 

Med alder og sjukdom

Med alderen er det mykje som endrar seg med kroppen, som utsjånaden, til dømes. Det syner på både deg og meg. Du sa her om dagen då du gjekk forbi spegelen, at du likna ein forhistorisk skapning. Men så lakkar du negler, me rullar håret ditt, finn fram hatten, på med leppestiften, Ja, og då er du vakker som få, synest eg!

Tempoet er det ikkje råd å halde oppe. Om telefonen ringer og du sit i stolen i stova, har du han rett attmed deg, og då svarar du på ein blunk. Men om du har lagt deg tidleg ein kveld, og det plutseleg ringer, då må du ut i gangen for å ta telefonen: «Det hender at eg høyrer telefonen ringe. Eg reiser meg for å ta han, og så kjem eg nesten fram, men så stoppar ringinga. Det skjer så ofte, altså.»

Mobiliteten kan òg bli utfordra med åra. Du går framleis bra med to stokkar, men då er det umogeleg å ta med seg noko frå rom til rom – samstundes med at du flyttar på deg sjølv. Det vart med eitt lettare då du fekk deg ein rullator med brett, og slik kunne frakte med deg litt av kvart, dit du ville.

Stundom blir du tappa for krefter, seier du. Når du ikkje orkar og er sliten, kjem du i tankar om at du er vorten ramma av dovenskap. At du har blitt lat. Men du veit: Det er ikkje det. Men kreftene vantar. Det høyrde eg då eg stod utanfor døra di og nett hadde ringt på, og venta på at du skulle sleppe meg inn. Det var før eg fekk eigen nøkkel. Det var då eg høyrde han – lyden av alderdomen: «Hei, hei … Gubben Noa … ein, og to, og tre, og fire, fem, seks, sju, åtte … oi, oi, hallo, hallo … eg kjem, eg kjem … kven er det?»

Om det ilte til av smerte hjå deg, så gjorde det det hjå meg òg. Eg fekk vondt i hjartet der eg stod og venta. Du ropte, med all di kraft, mest heile vegen frå stolen til døra, heile den tida det tok å kome seg opp, og fram, som for å kalle på reservekreftene og seie «ikkje gå att, eg kjem, eg er på tur, vent på meg.» Eg ringde berre ein gong, ville ikkje mase, men venta, før eg ropte gjennom dørsprekken at det var meg, Lene. Til du nådde fram, og let opp døra.

Kanskje blir kreftene òg mindre ettersom matlysta minkar. Riktig nok har du i alle år halde vekta på 40 kg. Men alvorleg nedsett nyrefunksjon gjer også til at ein får nedsett matlyst. Skal du orke å ete det du klarar, må det vere mat du likar, laga slik han skal vere, servert slik du har vore van med at han kjem på bordet, og aller helst med godt selskap. Ja, det er mykje som skal stemme for at du i det heile skal ete det du maktar. Då nyttar det ikkje at det til dømes kjem inn ei ung jente som ikkje anar korleis ho skal varme opp rømmegrauten frå Fjordland. Eller som ikkje skjønar at oppå grauten lyt ein sjølvsagt ha både sukker, kanel og eit smørauga. Og raud saft attåt.

 

Graut og bading

Her om dagen fekk du servert rømmegraut som etter dine ord «låg og skvulpa oppi ein tallerken med mjølk». Det fekk du ikkje lyst på, og då åt du ikkje middag den dagen. Men så har du dei som skjønar seg på dette med matservering. Som hugsar at du likar kokt egg. At det går an å freiste deg med det. Som veit at du vil ha det blautkokt, 6,5 minutt. Som set egget oppi eit eggeglas, kakkar av toppen, serverer det på frukostbrettet ditt. Som set fram saltet. Legg fram ei lita skei. Som serverer to halve skiver med smør attåt. Eit glas mjølk, og kaffi. Og ein serviett finn du der òg. Slik ja. Då rimar det. Men det hender at du får hardkokt egg som er halde under kaldt vatn, og der dei har teke av skalet. Då vert jo egget kaldt, og korleis et ein eigentleg eit slikt egg då? Nei. Slike egg er knapt til å kjenne att. «At det verkeleg finst ti måtar å koke egg på!» seier du forundra.

Og dei skulle berre visst, dei som kjem og lagar mat til deg, at det du set mest pris på ved måltida, er ikkje maten, men selskapet og songen som kan fylgje med. Den festlege delen av det å vere saman, dele stunda ved bordet. Lage høgtid anten det er kvardag eller helg, med song og musikk. Du er den fyrste til å heve glaset og stemme i songen: «Så senker vi, så hever vi, og hilser på hinannen. Så svinger vi den ene vei, så svinger vi den annen vei, og skåler med hverandre.» Du held deg ikkje berre til songen, men blunkar til dei rundt bordet òg, anten det er ti eller to til stades. Og når heile måltidet er til endes, då vil du gjerne markere det òg. «Det er en skikk som vel neppe er :/: av de tomme :/: For etter måltidet ønskes du :/: velbekomme :/:»

Det siste halve året har du fått hjelp med badinga. Kvar tysdag. Det vil seie, dei tysdagane du orkar tenkje på det. Dei tysdagane dei kjem på morgonen, før du allereie har kledd på deg fordi du synest det vert for seint å kome i gang med dagen fyrst i 11–12-tida. Eller du allereie har dusja sjølv fordi dei er så seine. Men du likar det mest ikkje. Det er veldig forskjell på måten dei gjer det på, seier du. «Dessutan ser det ut som om dei skal til slakteriet, altså, og at dei skal ta livet av ein heil haug med kyr.» Du snakkar om antrekket deira: blå skotrekk i plast og plastforkle. «Då kjenner eg at eg må prøve å ta vare på meg sjølv.» Eg skjønar at det formelt sett handlar om hygiene, og at hjelparen sjølv ikkje skal bli våt i dusjen. Men du verda, det høyrest ikkje ut som ein dusj til begjær. Er dei i tillegg hardhendte, ja, då skrik du til, fortel du meg.

 

Natta som er for kort

Vaksne folk treng eigentleg berre seks timar med søvn kvar natt, seiest det. No om dagen ligg du nesten dobbelt så lenge i senga di. Men det plagar deg ikkje, seier du, at natta er lang. Du fortel om alt du driv på med då, alle planane du legg for kva og korleis du skal gjere ting neste dag. «Du skjønar, eg har veldig lyst til å vere flink neste dag. Som å rydde i skuffer og skåp, det har eg støtt lika å halde på med. Men det plagar meg at eg ikkje er standhaftig nok til å få gjort alt eg planlegg når dagen kjem. Som oftast endar eg berre opp her i stolen.»

Om natta tenkjer du òg på mange menneske. Du fortel om dama du fekk det fyrste julekortet frå, om barnebarnet som drog til fjells på sjølve julaftan, og som skulle køyre over fjellet i mørkeret midt på natta (og du seier du synest at det er mest for uansvarleg å rekne), om eit anna barnebarn som ligg med influensa, om handlelista i samband med besøket som kjem på laurdag, og kva for dag vaskedama kjem. Det er mange ting å hugse på og bere på gjennom natta.

Men det er ikkje berre træl om natta. «Natta er eigentleg litt kort», seier du – sjølv etter 11–12 timar i senga. «Du treng altså meir tid?» undrar eg. «Eg har det litt travelt om natta. Det er mange artige ting eg kjem på. Då har eg det så triveleg med meg sjølv.»

Dei siste nettene har òg vore fylt av ulike draumar: Du har vore på reise til Paris, flytta ut til barnebarnet ditt på Bekkestua, halde selskap, fått overnattingsgjester – ein heil del som handlar om å vere på reise, og å vere i lag med folk du set høgt. Og så er det alle songane som kjem til deg om natta, seier du, og som du syng for deg sjølv. For deg er det ei sann glede å ha hugsen intakt. «Så herleg det er at ein har noko som heiter hugs – og at ein kan ta opp att slike ting som skjedde før. Det er som om eg lever livet to gonger då. Eg har sunge eit vers i heile natt. Eit vers som tannlege Petland alltid song … ‘Når aftenen kommer så er det mange voksne som ønsker de var små.’ Om att og om att. Du kan vel tenkje deg at eg har det veldig artig om natta?! Eg har det så morosamt når eg finn att gode songar med gode tekstar.»

 

Kva lukka er

Eg fortel Bodil at eg las i Aftenposten kva som skal til for å vere lukkeleg, og undrar på kva ho legg i det, å kjenne seg lukkeleg. «Jau, det er å vite at familien har det bra. Og at gode vener har det bra», seier du. Eiga lukke har med dei andre å gjere. Slik ser du det.

«Og så har ein jo noko som heiter kveldsbøn, og der veit ein jo kva ein kan be om.» «Kva tenkjer du på?» spør eg. «Fyrst tek eg gjerne dei som er ute og reiser langt vekk, og ber om at det må gå dei godt, og at dei må kome vel heim. Og etter det ber eg mi eiga kveldsbøn. Den same som eg støtt har bede. Og så synest eg det er særs viktig å takke for dagen som har vore.»

Eit vers av ein av favorittsongane dine går slik: «Hvor såre lidet vil der til for lykkelig at være, et muntert sind, en piges smil, en ven som gjør dig ære. En hytte som dig skjule kan, sundt brød og kildens klare vand, så megen visdom at du vil og bruger denne lære.»

Denne songen fekk du i si tid av nokre vener, og du og mannen din Alf byrja å bruke han i heimen dykkar kvar gong de hadde folk på besøk. «Ja, då reiste me oss ved bordet og sa verset hvor såre lidet skal der til, og det var anten du åt pannekaker eller du åt fuglar eller kva det var … Altså, for å bevise at det skal ikkje all verda til for å vere lukkeleg. Så dette er veldig fine ord. Det er mange vers, men det seier veldig mykje, berre dette fyrste verset. Det er ikkje nødvendig å ramse opp meir.»

Og det er slik, merkar eg, at det er små ting du kan bli særleg glad for. Til dømes kan du bli overmåte glad over å høyre eit einskilt ord. Her om dagen då eg brukte ordet «vakker», så påpeika du det, du sa: «Du brukar ordet vakker, du. Det er noko heilt anna enn ordet pent. Eg har ikkje sagt det til deg før, men kvar gong du seier det, så kosar eg meg. Det er to heilt forskjellige ord. To vidt forskjellige ting. Å høyre det gjev meg glede.»

Eller når dei unge pilledamene kjem i nette klede, i flotte farger, i flott strikk. Då gler du deg stort. Og du seier det til dei, gjev dei kompliment for det. «Klede interesserer meg veldig. Eg har jo strikka ein heil del sjølv, så det er heilt naturleg. Alt som har med påkledning å gjere, ligg meg veldig nær», har du fortalt.

Og du gler deg over at det har vore stor byggeaktivitet nede i det gamle Rimi-bygget. Der det skal bli ein ny matbutikk. Du seier du både har høyrt og sett at det har vore mykje arbeid der i dag. Det er bra. For det var ein sorgfull dag då butikksjefen på Rimi (han du ringde til om handlelista) like før jul fortalde at dei skulle stengje. Då dei lukka dørene, var du ikkje mest bekymra for korleis du skulle få mat i hus, men kva for jobb dei der nede ville få no. Korleis skulle det gå med dei kjekke karane der? 1. mars opnar Rema 1000. Kan det bli like bra, tru?

 

Helsingane og musikken

Eller du nyt synet av treet vårt når du sit i lenestolen. Den store hengebjørka framfor blokka. Den som vaiar i vinden, eller dansar, som du kallar det. Dansar til alle tider. Med og utan blad. Med og utan fuglar på greinene. Med og utan månen over seg. Det gler du deg over.

Og den dagen før jul, då me tok turen ned på grava til Alf, mannen din. Du hadde ynskt deg den turen. Fyrst drog me innom hagesenteret og fann ein fin krans, og lys. Eit tynt snølag var kome om morgonen, sola skein, og me hadde kome oss av garde. «Ja, det var ikkje så sjølvklart at me ville kome hit …», seier du. Men slik vart det endeleg.

Lukka er òg ei helsing frå nokon du kjenner. Særleg glad har du blitt dei gongene eg har vore i Bergen og vore innom Ove og Ellen i butikken deira på brygga. Du er deira «tante Bodil». I alt slags vêr har eg teke meg fram dit, stukke hovudet inn, slått saman paraplyen for å helse dei frå deg, og fått med meg ei helsing attende til Oslo. Når det ikkje er så mange av dine kjende som lever lenger, gjer det òg godt med ei helsing frå dei som kjenner meg. Mine vener helsar òg til deg no. Den eine etter den andre seier til meg: «Hels til Bodil.» Det set du pris på. Du veit kor mykje ei helsing kan bety. Så når eg skal bort, seier du alltid: «Hels dei eg kjenner der du kjem.»

Men fyrst og fremst er det musikken som held deg i ande. Og du seier til meg at eg som har åra framfor meg, må reise ut og høyre all den musikken eg berre kan få høyrt – «lat han fylle hjartet og hjernen din. Det har stor verdi, altså. Og lær deg å spele eit instrument, kva som helst». Du kom nyleg på at me skulle lære oss å spele på kam, og no har me øvd og fått det til!

 

Når alt kjem til alt

For meir enn eit år sidan hadde me ein svært god prat der eg spurde deg kva som betyr mest i livet. Då vart du fyrst stille lenge. «For meg», sa du, «for meg betyr venskap ein heil del. Og toleranse for dei som ikkje har det så lett, i periodar, eller i livet i det heile.» Og så la du til at god helse ikkje er eit svar på dette, ettersom det heilt opplagt er viktig.

På spørsmål om kva som gjer at du kjenner at du lever med eit så stort JA til livet, svarar du at det nok må vere all songen og musikken, fordi den får deg til å kjenne at «heile kroppen skjelv». «Og», legg du til, «å vere takksam for livet.»

Ein ting er det som gjev glede i livet. Men dei fleste møter òg motgang. Så eg spør kva som skal til for å kome over smertene. Det er då du kjem inn på helse, og kor heldig du er som ikkje har vore plaga noko særleg med sjukdom. Du vonar at gode genar er det som har hjelpt deg. «Mor mi var aldri sjuk, ho vart aldri forkjølt eingong. Syskenborna mine, dei vart alle over 90 år. Eg er takksam for gode genar.» Men eg veit at du har vore gjennom kjenslemessige smerter: «Den einaste store skuffelsen er at dotter mi bestemte seg for å bli nonne, for å gå i kloster. Men ein kan ikkje styre andre sine liv. No ser me at ho likar det der og ikkje kunne tenkje seg noko anna liv.»

Frå der ho er, dotter di, er ho til stades i kvardagen din her heime på sitt vis gjennom brev til deg, til meg, til oss saman. Ho set ord på det du har framfor deg, livet kvar dag, og døden ein vakker dag. Slik er ho med, sjølv om me ikkje ser kvarandre. Eg prøver meg likevel med å ymte frampå om at det heile kanskje er litt spesielt, at ho ikkje kan kome hit på besøk. «Det er berre å akseptere det. Ho er lukkeleg, og ein har ingen rett til å øydelegge noko for ein annan», svarar du no. Og så tenkjer eg mitt: Hadde det ikkje vore slik, er det heller ikkje sikkert at du og eg hadde vore der me er no, så nær kvarandre, så godt kjende. Kanskje er det, som du seier, «ein styrelse», ein som legg til rette likevel.

«Kva har du lært av livet, Bodil?» «Veit du, eg har hatt eit spennande liv. Eg vaks opp i ein fantastisk heim. Aldri noko uvenskap om noko, heilt sidan eg vart fødd. Og eit fint ekteskap. Eg er berre takksam. Og når syster mi og eg prata saman, fortalde me ofte at me var så heldige, at det aldri var noko tull. Mykje glede, all songen og musikken heilt frå fødselen av, og det held fram enno – og så har eg møtt så mange fine folk, overalt.»

Eit problem med å bli gamal er at andre kan finne på å gjere ting over hovudet på deg. Det er ei form for såkalla alderisme. Det er eit omgrep som handlar både om haldningar til eldre og om diskriminerande praksis overfor eldre. Eg ser det hjå andre, og kan òg merke det hjå meg sjølv. Når eg ser ting med Bodil sine auge, så får eg meg ein korreks. Slik som her om dagen då eg måtte ta meg sjølv i å nesten overkøyre deg. Mikrobølgjeomnen din har vore i ustand, og måtte skiftast ut. Det var både du og fleire av oss samde om. Ein dag tenkte eg og ei anna av venninnene dine at me ville ta han med, og få kjøpt ein ny etter kvart. I det eg står med mikrobølgjeomnen i fanget og er på tur ut døra di, høyrer eg deg frå stova. «Du, du, eg vil vere med på det der altså!» Og der vart me med eitt parkerte. Du hadde dine gode grunnar. Det var ikkje berre å ta ut den gamle, du meinte det var eit poeng å vere sikker på at du ikkje fekk same slaget når den nye skulle kjøpast inn – ettersom den gamle viste seg å ikkje vere av så god kvalitet som han burde vore! Lurt det! Og kva var det eg dreiv med, fare fram på den måten der? Så frekt. Du er så absolutt hjelpetrengande, men hjelpelaus, det er du så langt ifrå. Nei, eg får begynne å tenkje meg om to gonger!

 

Epilog

Det er populært med lister. Her er mi oppsummering av Bodils uimotståelege metode i møte med menneske, kjende og ukjende:

  • Ta deg bestandig best mogeleg ut!
  • Pynt deg med smarte og fargerike klede, ta på deg smykke, rull håret, bruk hatt, ta på leppestift før du går ut døra.
  • Sjå folk rett inn i auga. Blunk gjerne!
  • Hugs namnet til folk. Får du ikkje tak i namnet med det same, spør!
  • Gjev folk ein kompliment.
  • Grip fatt i og sei noko om alt det fine, som til dømes håret, smilet, tennene eller kleda.
  • Ver rimeleg fordringsfull.
  • Våg å ynske deg det beste og gå sjølv inn for å gjere ditt beste.
  • Sørg alltid for å få to klemmar, ein på kvart kinn.
  • Får du fyrst berre ein, så blunk med auget til du får ein til!
  • Ynsk folk god fornøyelse sjølv når du ikkje skal vere med på moroa.

Eg tenkjer med meg sjølv, kva er det med deg eigentleg? Det er noko fasinerande. Eg dveler ved den tanken, og så kjem det for meg at slik eg opplever det, er du ein sann representant for pur livsglede. Du er rett og slett så totalt i stand til å glede deg over livet og vere glad for det livet bringar. Det er det eg ser i auga dine. Og eg kan merke at det gjer deg attraktiv. Alle eg kjenner, hugsar på deg, alle eg kjenner, ber meg helse til deg. Mange eg kjenner, seier når dei høyrer kva for naboskap du og eg har, «så heldig ho er, som har deg». Men eg då? Tenk så heldig eg er, som har ein slik granne. Ei slik dame, og venninne. Det er eit sant lykketreff.

Det er måndag 12. januar. Eg er nett ferdig med teksten, og har lese han høgt for Bodil. Ho har kommentert, korrigert og godkjent. Som ho sa: «Det er jo slik det er. Det er morosamt å høyre på, verkeleg altså. Men ein ting har du gløymt. Til slutt kan du skrive: Takk for livet!»

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram