Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Medisingenerasjonen

Av Ida Habbestad

Barn får i større grad medisinar for psykiske plager no enn for ti år sidan. 

Ida Habbestad (f. 1980) er redaktør for nettavisa Ballade.no, musikk-kritikar i Aftenposten og leiar i Norsk kritikerlag. Ho er òg frilansskribent for norske og nordiske tidsskrift. Habbestad er utdanna fløytist og har ein mastergrad i musikkteori frå Noregs musikkhøgskole. Foto Aleksander Andersen.

– Det er eit blanda bilete. Totalt sett har bruken av medisinar mot psykiske plager og lidingar gått opp over ein tiårsperiode, og det store utslaget kjem av medisinar til behandling av ADHD og søvnproblem. Samtidig viser undersøkingar mellom ungdom ein tendens til at unge rapporterer fleire psykiske plager no enn før, og dei oppsøker i større grad lege for hjelp, seier Ingeborg Hartz er professor i lækjemiddelepidemiologi og prodekan for forsking ved avdeling for folkehelsefag ved Høgskolen i Hedmark.

Dette betyr ikkje at bruken av absolutt alle lækjemiddel har gått opp, og ein ser ulike tendensar i ulike aldersgrupper. Til dømes har medisineringa av dei aller yngste barna gått ned, fordi ein no sjeldnare bruker det gamle allergimiddelet Vallergan som sovemedisin. Bruken av ADHD-middel har vorte tredobla i løpet av ti år, men no har han flata ut. Sidan 2010 har tala vore stabile, og stig ikkje på same måten som før.

– Den overordna tendensen er uansett ein auke. Kvifor har auken vore så stor?

– Ulike medisingrupper har ulike historier. Men generelt handlar det om at ein finn fram til betre medisinar. Antidepressiv er eitt døme. For ei tid sidan var desse lækjemiddela toksiske; dei kunne ha alvorlege biverknader, og var skumle å bruka. Men så kom dei mindre farlege lykkepillene (SSRI-preparata) på 90-talet, og bruken gjekk opp. Då det kring 2004 gjekk ut åtvaringar mot at bruken av desse kunne auka sjansen for sjølvmord blant unge, vart tala lågare, medan dei steig nokre år seinare, då nye undersøkingar nyanserte biletet og lykkepiller vart godkjent til bruk blant barn i 2009. Slike historier finst på litt ulike vis i kvar av medisingruppene.

– Om bruken av ADHD-medisin har flata ut dei siste fire åra, kva medisin er det no som aukar mest?

– Bruken av antidepressiv blant unge jenter aukar, og bruken av sovemiddel har òg gått mykje opp. Sovemedisinar har ein før vore forsiktig med å gje til barn, fordi dei potensielt er vanedannande. No har ein byrja å nytta hormonet melatonin, som påverkar døgnrytmen. Melatonin er ikkje vanedannande, og dermed er ein kanskje mindre forsiktig med å ta preparatet i bruk. Somme undersøkingar viser at preparatet kan vera nyttig ved søvnplager blant barn med andre lidingar, til dømes ADHD, autismelidingar og epilepsi. Men igjen er det viktig med kunnskap. Me veit lite om langtidsverknader, og bør stilla spørsmål ved om hormonet også kan påverka andre kroppslege rytmar.

– De veit noko om variasjonar i alder. Veit de også noko om kvar i Noreg barn blir mest medisinert?

– Generelt har ein ikkje diskutert dette mykje, men det er absolutt mogleg å finna informasjon frå spesifikke helseregionar og fylke i Reseptregisteret. Me veit til dømes at det er regionale skilnader i medisinbruken for vaksne, og at desse skilnadene har vart over tid. Slike skilnader finst òg for barn.

I januar uttalte Folkehelseinstituttet seg om ein større skilnad mellom dei to Agder-fylka når det gjeld førekomst av ADHD og bruk av ADHD-medisin. Samanlikna med Vest-Agder har tre gonger så mange diagnosen ADHD i Aust-Agder. Det er liten grunn til å tru at førekomsten av ADHD er så mykje høgare i det eine fylket enn i det andre, og då oppstår det spørsmål. I den aktuelle artikkelen vart førstelinjetilbodet skildra som betre i Vest-Agder, medan pasientar i Aust-Agder raskare vert sendt vidare til spesialisttenesta, der dei kanskje raskare får ein diagnose. Dette er interessant, for det viser at sjølv om Noreg har eit overordna sett med retningslinjer for behandling og eitt felles diagnosesystem, kan ulike tilnærmingar i helsetilbodet spela inn på medisinbruken.

– Då er det freistande å spørja om alternativa til medisinering er gode nok?

– Det som er sikkert, er at medisinering ikkje bør vera det første valet. Medisin til barn og unge bør i utgangspunktet gjevast når alle andre tiltak er prøvd. Men dette er ingen heilt eksakt vitskap. I dag vil det vera radikalt å nekta menneske med ei alvorleg liding å ta ein medisin som hjelper. Me veit til dømes at alvorleg depresjon kan ha fatale konsekvensar, og i slike tilfelle ville det radikale vera å ikkje anbefala medisinering som kan hjelpa.

– Mykje av diskusjonen om medisinering ved ADHD handlar om at samfunnet er for utolmodig, og tyr til medisinen litt for lett. Seier medisinbruken ved psykiske plager og lidingar noko om samfunnet me lever i?

– Spørsmålet handlar kanskje om kor mange reseptar som er for mange. For å svara på dette bør ein ha fatt i fleire detaljar enn dei me har i dag. Har ein forsøkt alle andre gode tiltak? Går den som har henta ut ein resept, i gang med ei kort eller langvarig behandling? Tek dei som hentar ut medisinen, denne medisinen i det heile? Dette seier ikkje Reseptregisteret noko om.

Barn er i emosjonell og psykologisk utvikling, og ein kan tenkja seg at det å påverka dei i denne fasen er eit større eksperiment enn å påverka ein vaksen. Derfor er det viktig at ein verkeleg prøver andre behandlingsalternativ først. Bruk av antidepressiv, som aukar blant jenter i ungdomsalderen spesielt, må ikkje bli ei lettvinn løysing på problemet. Eg ville ikkje gjeve melatonin til ein som ikkje får sova fordi vedkomande tek PC-en for ofte med seg i senga. Men ein kan altså diskutera om det er eit mål i seg sjølv at medisineringa skal vera så låg som mogleg, når ein for eksempel veit at ei stor gruppe barn med ADHD har alvorlege konsentrasjonsvanskar, og at mange av desse har nytte av medisinar for å få kvardagen til å fungera. Frå Reseptregisteret veit me at 1,5 prosent av alle jenter mellom 15 og 19 år, 4 prosent av alle gutar mellom 10 og 14 år og 3 prosent av gutar mellom 15 og 19 år henta ut minst ein resept for ADHD i 2013. Så reknar ein med at om lag 3–5 prosent av alle barn i skulepliktig alder har ADHD. Det er ikkje noko opplagt svar på spørsmålet om det vert medisinert for høgt eller lågt. Men all bruk må følgjast opp, og ein må heile tida gjera avvegingar med tanke på effekt og biverknader.

– Kva veit me om biverknader av medisineringa og om utviklinga til barna det gjeld?

– Ein veit at alle medisinar har biverknader. Mellom anna veit ein at Vallergan sit lenge i kroppen og gjev hangover neste dag. Det er ein av grunnane til at bruken har gått ned blant dei yngste. Men generelt er det for få studiar på psykofarmakum på barn og unge, og særleg langtidsstudiar. Dette er også grunnen til at mange lækjemiddel ikkje er formelt godkjent til bruk blant barn og unge. I dag har me ein unik situasjon i Noreg, samanlikna til dømes med situasjonen i USA, fordi Reseptregisteret har vore tilgjengeleg for forskarar sidan 2004 og kan koplast opp mot andre helseregister og helseundersøkingar. Det gjer det mogleg å gjera unike studiar på langtidseffekt av medisinar. USA har eit stort volum av forskarar, men ein har ikkje same gode tilgang på denne typen data over komplette befolkningsgrupper.

– Kva er dei viktigaste spørsmåla for framtida når det gjeld bruken av barn og medisinar?

– Generelt trur eg det er viktig med studiar som kan seia noko om langtidseffektar av det å nytta lækjemiddel til barn og unge. Her manglar det meste av kunnskap. Dernest er det viktig å få fram tendensane i den faktiske bruken, og her er det heller ikkje gjort mykje.

Me for vår del er i ein sluttfase på ein artikkel om melatonin, og me arbeider med ei undersøking som skal gje kunnskap om utviklinga i bruken av psykofarmakum i alle undergruppene, fordelt på alder. Desse tala vil gje oss tilgang på fleire detaljar. I ein annan studie me går i gang med no, forsøker me å sjå på kven som vert medisinert med antidepressiv. Me vil sjå på forholdet mellom ungdom med diagnosar frå spesialisthelsetenesta, og dei som får reseptar rett frå fastlegen sin. Dette kan gje oss meir kunnskap om kor alvorleg tilstanden til ein pasient er før helsevesenet startar på ei behandling. Å svara på slike spørsmål, som går eit hakk meir detaljert til verks, er å ta forskinga eitt steg vidare.

Reseptregisteret kan gje oss mykje kunnskap, men mykje av kunnskapen er overordna, og kan ikkje gje detaljar om kvaliteten på behandlinga. Frå registeret kan me få vita at bruken av antidepressiv i gruppa 15–19 år har auka. Men om dette tilseier betre eller dårlegare kvalitet på korleis samfunnet handterer depresjon blant unge, kan ikkje Reseptregisteret seia noko om. Samstundes gjev registeret eit godt utgangspunkt for diskusjon. Det viktigaste me held på med, meiner eg, er altså å gjera opp status om utviklinga og trendane innanfor medisinbruk, slik at ein held diskusjonen om bruken levande — og bidreg til at han blir så reflektert som mogleg.

Fakta om barn og medisinbruk:

Barns bruk av medisinar for psykiske plager har gått opp dei siste ti åra.
På ti år er bruken av ADHD-medisinar i Noreg tredobla, og i fjor brukte 34 021 nordmenn medisinar mot ADHD. Bruken blant barn og unge har flata ut dei siste åra.
Bruken av antidepressiv blant barn og unge aukar særleg blant jenter i alderen 15–19 år.
Ingeborg Hartz er professor i lækjemiddelepidemiologi og prodekan for forsking ved avdeling for folkehelsefag ved Høgskolen i Hedmark.
Ein lækjemiddelepidemiolog undersøker tendensar omkring bruk av ulike lækjemiddel i samfunnet
I tillegg har ho ei bistilling som forskar ved avdeling for lækjemiddelepidemiologi ved Nasjonalt Folkehelseinstitutt. Ho har mellom anna forska på bruken av psykofarmakum (lækjemiddel ved psykiske plager og lidingar) blant barn og unge i Noreg.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar