Frå Utgåve 4-14
Skrive av Ida Habbestad

Teflondebatten

Dette året feirar me Grunnlova, som regulerer statsforma vår. Men feiringa har ikkje innehalde den store, offentlege diskusjonen om nettopp statsform. Kvifor ikkje, Hedvig Skonhoft Johannesen?

- Eg trur det kjem av fleire ting. Dels handlar det om at mange oppfattar debatten som sårande overfor kongehuset. Dels handlar det om at kongefamilien opererer innanfor det som er opplevd som ein konsensus i Noreg. Så lenge dei jobbar med brukbare verdiar og forvaltar posisjonen godt, vil ikkje debatten ta av, trur eg. Dels handlar det om at alternativa synest få: Mange meiner me ikkje har interessante kandidatar til å vera president eller statsminister med større konstitusjonelle fullmakter. Til sist handlar det om at me er fascinerte over den vedvarande mystikken kring monarkiet. Eg, som er godt vaksen, kjenner ikkje att mange av dei som er kjendisar for ungdommen i dag. Kongefamilien, derimot, kjenner me alle. Det er noko bestandig glamorøst ved han, som treffer ein tone i det nyrike Noreg. Ein president i busserull er rett og slett ikkje like freistande.

 

- Me meiner altså at monarkiet vårt fungerer bra. Er det då behov for ein debatt om statsforma?

- Ja, det synest eg. Diskusjonar om medbestemming, demokrati i vidare forstand og korleis dette påverkar livet til enkeltmennesket, er høgaktuelle. Særleg i ei tid der ideologien er at enkeltindivid har mykje fridom, samtidig som det etter kvart finst så mange samfunnsmessige bindingar mellom anna i form av ein overnasjonalitet som gjer at me ikkje eigentleg har mykje bestemmingsrett over livet vårt.

Det er for så vidt ikkje slik at debatten ikkje eksisterer. Kjetil Alstadheim gav ut ei bok i år, Republikken Norge — om hvorfor vi fortsatt har konge, og hva vi kan få i stedet. I den går han ganske langt i å utgreia alternativ, og forsøker å få politikarar som er opne republikanarar, på banen.

I tillegg finst diskusjonar om kva kongehuset gjer. Seinast då det vart kjent at kronprinsparet har valt ein privat, internasjonal skule for den neste tronarvingen. Harald Stanghelle kommenterte i Aftenposten at ein tronarving som ikkje har vore gjennom det offentlege utdanningssystemet, vanskeleg kan forstå samfunnsutviklinga og vesentlege tankesett i samfunnet.

Men begge desse debattane er døme på at diskusjonane prellar av som vatn på teflon. Truleg kjem det av at det ikkje er særleg potensial for handling i diskusjonen.

 

- Betyr dette at du meiner det er politikarane som sviktar når det gjeld å løfta diskusjonen?

- Det er nok i alle fall slik at den store debatten neppe vil komma frå politisk hald. I den raudgrøne regjeringa som hadde makt i åtte år, sat mange erklærte republikanarar. Men me såg ikkje anna enn små blaff av debatt om styringsforma. Og dette handlar dels om den folkelege meininga. I sommar vart det gjennomført ei undersøking som seier at rundt 70 prosent av oss framleis er tilhengjarar av monarkiet. Mange sentrale kommentatorar, mediefolk og politikarar hevdar å vera prinsipielle republikanarar, men er pragmatiske til kongehuset, fordi dei synest kongehuset i dag gjer ein god jobb.

 

- Kan kongehuset sjølv ta debatten?

- Det trur eg ikkje, med mindre dei altså ønskjer ei anna styringsform. Men medlemmene av kongehuset syner at dei er medvitne om problemstillinga. Kronprinsen har fleire gonger sagt, og eg oppfattar det som retorisk, at dette må folket sjølv finna ut av. Då prins Carl vart henta inn som ein mogleg norsk kong Haakon, gjorde han sonderingar for å sjå om han var ønskt. Folket ville ha kongehus i 1905. Frå dette har det vakse fram ei slags tolking av at kongefamilien er folkevald.

 

- Du nemnde problemstillinga med ein president i busserull. Norsk presse nyttar plass på å omtala kjolane i kongehuset. Er det verkeleg så enkelt at me fell for pomp og prakt?

- Hilary Mantel har i essayet «Royal Bodies» skrive nydeleg om dette. Kvinna sin funksjon i kongehuset er paradoksal. I utgangspunktet handlar det einast om å bera fram nye tronarvingar, men samstundes er ho òg ein svært offentleg person. Det er ikkje berre kleda ein er på jakt etter. Det er også kjenslene: gleder og sorger. Dette ligg tett i monarkiforståinga vår. Dei kongelege er synlege ved store seremoniar i livet, og representerer livshendingar som dei fleste av oss opplever. Her har dei noko som politikken ikkje har, dei kongelege har meir å spela på, sjølv om politikarane har meir å seia.

Men ein kan òg snu dette på hovudet. Mange vil svara ja på spørsmålet om ein synest at kongefamilien gjer ein god jobb. Spør ein derimot om det betyr noko for folk sine liv eller politiske grunnsyn at landet har eit kongehus, vil mange svara nei. Den større debatten er fråverande, trur eg, fordi kongehuset ikkje eigentleg vekkjer så mykje engasjement. Og dette handlar om politikken sitt fråvær i ein velståande oljestat med særs velutbygde offentlege ordningar. Ein er ikkje så engasjert i politikk lenger.

 

- Men når ein faktisk debatterer, klarer ein ofte ikkje å vera prinsipiell. Ein ser heller på enkelthandlingar, eller på kleda. Kvifor?

- Eg trur det heng saman med at me diskuterer menneske som har rollene sine på grunn av den personen dei er. Då blir diskusjonane også raskt personlege og emosjonelle, og kan opplevast urimelege og pikante. I 1968, då dåverande kronprins Harald skulle gifta seg borgarleg, lurte mange på om dette var slutten på monarkiet. I etterkant har me fått vita at dette blei opplevd sårande. Då det vart kjent at den komande kronprinsessa var aleinemor og hadde ei fortid med utagerande festing og mogleg eksperimentering med narkotika, var det òg mange som tenkte at dette var spikaren i kista. Så går det seg til. Her har media eit ansvar. Dei elskar å spissformulera og teikna opp motsetjingar krassare enn dei kanskje er i realiteten.

Dette medfører at det er mange paradoks me ikkje diskuterer skikkeleg. Kongehuset skal til dømes gå i bresjen for norske næringsinteresser, samstundes som dette ikkje alltid går saman med det sosiale arbeidet dei gjer. Ein har diskutert om ikkje kleda deira er for dyre. I fjor oppstod ein kontrovers då kronprinsen skulle besøka Lockheed Martin, som produserer klasebomber, og som norske teknologinteresser frå Kongsberg har interesser i. I begge tilfella blir debatten om det snart emosjonell, og ein kjem ikkje inn i det essensielle.

Eit siste aspekt i dette er at det er ei streng kommunikasjonsavdeling på slottet, som følgjer godt med, og styrer kven som får vera tett på dei kongelege. Skriv ein noko kritisk, er ein i periferien med tanke på å få tilgang. Det er ei profesjonalisering som bidrar til at det blir vanskeleg å ha eit prinsipielt nok nivå i samtalen. Sjølv garva journalistar seier at dei blir påverka når dei er inviterte inn i varmen.

 

- Frå ein prinsipiell ståstad: Bør me behalda statsforma me har i dag?

- Eg synest ikkje det. Først fordi ein kan spørja seg kva som er den eigentlege nytten. Kronprinsparet har omdøypt rolla si til å handla om å ta sosialt ansvar, men lever samtidig liv med ekstreme privilegium. Og dei held seg unna saker som er politisk betente. Ein kan invitera narkomane eller folk med innvandrarbakgrunn, men ikkje ei gruppe som romfolket, fordi det er så motstridande meiningar om det. At kongehuset dyrkar dei sosiale sakene for oss på trygg avstand, er svært behageleg for oss.

Vel så viktig er det at ein i eit moderne kunnskapssamfunn bør kunna velja kven som representerer oss. Den funksjonen bør ikkje vera basert på kjenslene til tronarvingen. Dei som leiar oss, bør igjen og igjen måtta visa seg tilliten verdig.

Det er òg spørsmål om det er etisk forsvarleg å ha menneske i ein posisjon der me både opphøgjer dei og samstundes følgjer nøye med på korleis dei ter seg, på korleis barna utviklar seg, korleis skjørtelengdene endrar seg. Det er ein slags kikkarmentalitet i dette, som bidrar til populariteten; ein symbiose kongehuset inngår med folket og media.

 

- Om me skulle skifta statsform – kva innverknad ville det få for deg og meg?

- Det er ikkje lett å kikka i glaskula for å seia kva ein republikk ville bringa for Noreg. Sidan politikken er stadig mindre viktig som arena for makt og avgjerder i det norske samfunnet, ville det nok ikkje spela noka stor rolle frå eller til.

Men eg meiner altså at det ville ha ei moralsk betyding. Stadig finst det politiske aristokrati, ein finn fleire døme på at politikken ikkje er heilt upåverka av familie og byrd. Men med tanke på likeverd og rettferd og ikkje minst livet i framtida burde ein gå inn for at alle skal vera med på å bestemma kven som skal representera oss. 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram