Frå Utgåve 4-14
Skrive av Lene Wetteland

Paradoks i Putins bakgard

Mi overtyding om at alle menneske er like mykje verde og har like rettar, og at det som står i media, ikkje nødvendigvis er sanning, møter stadig motstand.

Eg må vedgå at eg stundom lurer på kvifor eg valde meg russisk språk og eit arbeid der eg brukar dette språket. Tanken kan slå meg når eg feirar bursdagen min i Armenia i januar, iført boblejakke, lue og vottar inne, og ikkje kan koka meg ein kopp te fordi straumen då går i heile etasjen. Eller når det snør på busstoppet til universitetet i Moskva, i mai. Eller når drosjesjåføren i Ust-Kamenogorsk, nabobyen til atomsprengingsfeltet Semipalatinsk i Aust-Kasakhstan, viser seg å vera full og meir opptatt av å sjå på oss i bakspegelen enn å sjå på vegen som skal leia oss til arbeidskolonien der menneskerettsaktivisten me skal vitja, sit fengsla. Eller når alle i landsbyen der eg bur hos familien til ei venninne i fjella i Tadsjikistan på grensa til Afghanistan, brukar eit felles do med ei rekke hol i bakken – med skiljevegg berre mellom hola på herresida og dei på kvinnesida.

 

Den russiske gjestfridomen

Men så er det alt det andre. I Velikiy Novgorod utanfor St. Petersburg kan du søke ly for regnet i ein tilfeldig restaurant og likså godt eta ein full fire rettars middag komplett med levande musikk og dans med dei som feirar femtiårsdag der. Om du så etterpå vil ta ei øl i ein meir avslappa bar, kan du oppleva å bli tvangsfora med peanøtter av tre vaksne, overtydande kvinner som ikkje kan sjå på at du drikk alkohol utan å eta noko til. Forklaringar om fire rettars middag og fulle magar slår ikkje innebygde russiske sanningar om at ein må eta når ein drikk. Leiter du etter hybel i Dusjanbe, Tadsjikistan, er det sjølvsagt at du skal bu hos familien til venninna di til alt er ordna, sjølv om ho er praktikant i ein heilt annan by. Kjem familien din på vitjing til Bisjkek, Kirgisistan, må du leggja opp reisa etter kva tid alle studiekameratane har bydd på middag.

Når du spør armenarar om vegen mellom to UNESCO-lista kloster nord i landet, lurer dei først lenge på kvifor i all verda du brukar beina, når det faktisk går bilveg opp til begge klostera, men så inviterer dei deg inn på kaffi, solmodne tomatar og valnøtt-syltetøy. Ved eit anna kloster i sør gjekk turen til ein sørvend fjelltopp. Bonden som let oss parkera på eigedomen sin, trudde først ikkje på at me hadde greidd å gå opp og ned igjen på så kort tid, men då dette først var bevist med digitalkamera, blei me inviterte inn på middag, overnatting og heimelaga bærkompott og fruktvodka. Det var ikkje snakk om å ta imot ei flaske norsk akevitt som takk for gjestfridomen. I desse glisne traktene et me potet til frukost, lunsj og middag både til kvardags og fest, sa bonden, så det var ikkje snakk om å drikka potet i tillegg. Men han tok sjølvsagt ein smak, som den gode verten han var. Gjestfridomen har ingen grenser trass i trong økonomi og vanskelege levekår for dei fleste.

I fjor sommar var eg i Kirgisistan. Etter tre dagar med seminar ved innsjøen Issyk-Kul på 1600 moh., heilt nord i landet, i grenseområdet mellom Kirgisistan, Kasakhstan og Kina, tok eg meg eit par dagar fri før eg drog tilbake til Noreg. Veret ved Issyk-Kul i månadsskiftet juni/juli er eigentleg akkurat som norsk sommar – rundt 18 grader, sol ein dag og regn den neste.

Men i kantina speler dei gammal sovjetisk pop frå den gongen då alle sovjetborgarar hadde råd til å dra på ferie, og alle fekk den same maten. På stranda går fattigare, lokale innbyggjarar rundt og tilbyr varme maiskolbar, røykt fisk eller kaldt øl til dei ferierande. Brått, døsande i sola, kan du sjå rett opp på ein kamel klar for ein ridetur. Ei ferierande dame kan ta bilete av mannen sin, iført berre Speedo, kulemage og ørn, mot ein liten sum til den ti år gamle ørneeigaren. Rett nok var det nokon som stal bikinien min som hang til tørk, men eg fekk behalda handkledet. Medan seminaret framleis gjekk føre seg og me var samla til bursdagsfeiring ein kveld, fekk eg ei rose av den eine politimannen som var til stades. Takk, seier eg, kor har du fått tak i denne her i dette aude området så seint på kveld? Jo, den hadde han tatt frå eit bed på hotellet sitt område, sa han og såg bekymra bort på representanten frå påtale-advokaten. Ikkje noko problem, sa denne overtydande, det er greitt å ta ei rose frå annan manns eigedom når det ikkje er nokon stad å kjøpa ei rose. Det er rett mykje som kan gå føre seg om sommaren, før kvardagen og skulen tek til att 1. september.

 

Russisk verdsforståing

September 2014 markerer for min del at det er ti år sidan første gongen eg drog til Russland for å arbeida for menneskerettar. Eg hadde nett mottatt bachelor-beviset i samfunnskunnskap – russisk og menneskerettar. Veldig nyttig, tenkte eg. Framifrå val av studieretning. Veldig hendig. Jobbane står sikkert i kø. Liksom. Men så fekk eg høve til å vera praktikant i stiftinga Chechnya Justice Initiative. Der skulle eg arbeida i seks månader med dei klagene advokatane førebudde til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Eg skulle sjå gjennom dokument, kopiera bevismateriale og laga vedlegg i klagene til tsjetsjenarar som ikkje hadde nådd fram i det russiske rettsvesenet etter at familiemedlemmer var blitt kidnappa, torturerte eller drepne.

3. september 2004 kom eg difor spent til Moskva. I drosjen frå flyplassen høyrde eg på radioen at russiske anti-terrorsoldatar gjekk inn i ein barneskule i Beslan i Nord-Kaukasus med grovt skyts og materiell. 334 barn og lærarar som hadde vore gislar i tre dagar, blei drepne i denne operasjonen, i tillegg til gisseltakarane. Eg lytta, men trudde ikkje russisken min var bra nok, dette måtte jo vera feil? Og drosjesjåføren si støtte til den harde framferda måtte jo også vera feil? Men det var det dessverre ikkje. Det skulle visa seg at drosjesjåføren si haldning og styresmaktene si framferd i samband med Beslan-tragedien berre var det første møtet mitt med den forvrengde verdsforståinga som mange russarar er offer for – etter årevis med krigføring særleg i Tsjetsjenia, konspirasjonsteoriar og statleg propaganda.

Etter mykje leiting flytta eg omsider inn i eit husvære som eg skulle dela med to gutar – russiske Mikhail frå Kviterussland, og tyske Michael frå Tyskland. Utifrå det Mikhail sa om Russland og russarar, skjønte eg raskt at skulle me bu i lag, var det best om eg ikkje fortalde direkte kor eg arbeidde hen. Dette var Michael einig i, dei hadde allereie budd saman ei stund. Så på alle spørsmål svarte eg upresist: Eg er praktikant. Det er ein juridisk organisasjon. Det er ein ikkje-statleg organisasjon, NGO. Og slik gjekk no dagane, til han ein dag spurde meg som NGO-arbeidar om eg visste om nokon humanitære organisasjonar som trong frivillige i Afrika, han ville så gjerne gjera noko for dei stakkars barna der.

 

Afrikanske barn kontra tsjetsjenske

Hm, kanskje eg har tatt feil av han likevel, tenkte eg, og gav han nokre lenker til organisasjonar eg tilfeldigvis visste om. Så ein dag me åt frukost, eg mine tørre brødskiver med tomat, han kornblanding, spurde han meg om namnet på organisasjonen der eg jobba. Så langt hadde eg kome meg unna utan å lyga, men no … Oppmuntra av den siste samtalen vår valde eg å svara som sant var: Stichting Chechnya Justice Initiative. Handa hans med ei skei full av kornblanding stoppa halvvegs til munnen. «Kva?» nærast ropte han. «Korleis kan du forsvara slike terroristar, bandittar og forrædarar, som ikkje vil Russland noko godt? Dei er alle terroristar – menn, kvinner og barn, det er ikkje synd på dei. Kvifor skal alle frå Vesten komma hit og fortelja oss kva me skal gjera og korleis me skal passa på vårt eige land – kvifor er det ingen som drar til Irak, til dømes?» Og slik heldt han fram.

Eg prøvde å fortelja at her var poenget manglande etterforsking av lovbrot og menneskerettsbrot. At ingen veit kva som har skjedd med folk som er forsvunne, drepne eller kidnappa. Om det er tsjetsjenarar eller russarar som er offer eller gjerningsmann, er ikkje saka, problemet er at det ikkje blir etterforska, og at det er lovlause tilstandar i regionen, sa eg. Eg tok med fleire brosjyrar og sende han lenker til informasjon på nettet, tyske Michael fann også ei nettside som viste det overraskande store talet på humanitære vestlege organisasjonar som var til stades i Irak, mange fleire enn i Russland. Etter kvart blei me einige om at me var ueinige, og feira til og med nyttår i lag med hans kjærast og min familie. Men vissa om den openberre skilnaden på afrikanske og tsjetsjenske barn blei eg ikkje kvitt.

 

Modige aktivistar

Ettersom det moderne Russland har om lag like stor påverknad på dei fleste tidlegare sovjetstatane som Sovjetunionen hadde det, har ei slik verdsforståing forankra seg med urovekkande resultat i heile regionen. Ho har særleg kome til overflata i samband med konflikten mellom Ukraina og Russland dei siste månadene, der dei russiskspråklege versjonane av kva som «eigentleg» skjedde med Malaysian Airlines-flyet og «Vesten» sin utspekulerte plan med «oss» har fått god grobotn.

Mi overtyding om at alle menneske er like mykje verde og har like rettar, og at det som står i media, ikkje nødvendigvis er sanning, møter stadig motstand. I løpet av dei siste åra har eg difor funne meg sjølv i fleire situasjonar der eg er blitt utfordra av tallause drosjesjåførar, kjenningar, politikarar, byråkratar, medpassasjerar, jamvel av andre menneskerettsaktivistar. Det er ikkje alle som ser det paradoksale i at den berømte gjestfridomen tydelegvis ikkje alltid inkluderer folk med anna livssyn, hudfarge, seksuell orientering eller dei som stiller spørsmål ved utsegnene til autoritetspersonar som lengesitjande presidentar eller religiøse leiarar. Då er ein brått utanlandsk agent, øydeleggjar av tradisjonelle verdiar, forrædar av folket eller landet sitt, eller endå verre: naiv som ikkje ser den store samanhengen.

Men med dette har eg også fått endå sterkare motivasjon for å arbeida for at valden, straffefridomen og alt det nedverdigande som følgjer av krigføring og propaganda i det russiske samfunnet, skal få kvalifisert motstand. Eg er djupt imponert og i nasegrus beundring for dei lokale aktivistane som trass alle merkelappane over og straffeforfølging, trugslar og vald held fram med arbeidet sitt for tryggleik og rettferd for alle menneske i landet der dei bur – ikkje berre dei som har nok pengar og dei riktige nettverka. Mens styresmaktene diskuterer sanksjonar og motsanksjonar, propaganda, vestleg dobbeltmoral og såkalla historiske sanningar, arbeider desse folka på bakken i Tsjetsjenia, Aust-Ukraina, Aserbajdsjan og Kirgisistan med å dokumentera statlege overgrep og hjelpa offer. Men vel så viktig er innsatsen deira for kritisk tenking og menneskeverd i samfunn som lenge er blitt fortalde av skrekkvelde kva dei skal tenka og gjera, og kven som ikkje får vera med i fellesskapet.

 

Russisk beundring

I mai sat eg på eit hotellrom i Kiev med tårer nedover kinna. Eg var omkransa av russiske valobservatørar som nettopp hadde returnert frå store delar av Ukraina, og som delte sine erfaringar frå vallokala. Fleire og fleire fortalde om møte med ukrainarar som først, halvt på spøk og halvt på alvor, spurde kor automatvåpenet deira var. Men så, etter at dei forstod at dette var russiske aktivistar som var komne for å læra av det ukrainske valet og samarbeidet med ukrainske kollegaer, og at ukrainske medium kanskje ikkje yter alle russarar rettferd, blei det klemmar, tårer og gode utvekslingar. 200 russiske aktivistar kom tilbake med eitt ord som skildra erfaringane deira med det ukrainske presidentvalet og ukrainarane: beundring. Det var dette ordet dei delte over sosiale medium og med vener, familie og kollegaer då dei kom tilbake til Russland, og denne gleda over gjensidig forståing og beundring som fekk tårene fram hos meg.

Plutseleg er det litt greitt å kunna reisa rundt og snakka med folk i desse landa likevel, og vita at desse modige aktivistane og menneska rundt dei set stor pris på støtte og samarbeid med meg og kollegaene mine i Den norske Helsingforskomité. Når ugrunna informasjon og provoserande påstandar blømer i sosiale nettverk og statlege medium, er det berre å bita tennene saman og leggja vekt på det vidare arbeidet vårt med dokumentasjon av hendingar og oppfølging av dei uskuldige som lir når styresmaktene prioriterer feil. Studievalet mitt viste seg vel å vera godt for noko, trass alt.

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram