Frå Utgåve 4-14
Skrive av Knut Aastad Bråten

Kva heiter du?

Eg har alltid likt herma om Ufysa – denne skitne, og ikkje minst munnrappe eitt-eller-anna som illustrerer eit vakkert poeng: Kva du heiter, er ikkje avgjerande for kven du er som menneske.

Eit namn er altså berre eit namn, seier Ufysa – men er det samstundes ikkje. Namna våre fortel også noko meir: om sosialt tilhøyr, om motar og trendar, om gardar og landsdelar, fattigdom og velstand. Nokre namn er vanlege og kjente, andre att skil seg ut i floraen. Dei fleste av oss nikkar attkjennande til Mari, Marte eller Anita. Neri, Ånund og Kjellbjørn er meir sjeldne. For ikkje å snakke om Helleborg og Finkjell.

Kvart år blir det fødd 60 000 ungar i landet. Og kvart år presenterer avisene dei mest populære namna. Trenden er enkle og korte namn, og dei kjem gjerne frå Sverige. I 2013 skulle gutane heite Filip, William, Lukas eller Matias, til dømes. Jentene fekk namn som Emma, Sara, Sofia, eller Nora. Ti-på-topp-lista inkluderer inga Rønnaug eller Gerd. Heller ikkje Agnar eller Birger, diverre.

Nybaka foreldre følgjer trendane i tida, og finn namn som dei likar. Men kvifor vel vi som vi gjer? Er det lyden av namnet, eller samansetningane av bokstavane som appellerer? Kanskje var det opphavet til namnet som fekk deg til å velje til dømes Ingeborg? Erik betyr eineståande og mektig, Ole tyder arving. Ein simpel knute er visstnok utgangspunktet for Knut.

Dei populære ti-på-topp-namna er fine, for all del. Men det er noko uskuldsreint over fleire av namna (utan æ, ø og å). Dei skremmer oss ikkje, akkurat, og gjev i staden assosiasjonar til mote, make-up og perfect life. Kanskje seier det noko om å gå i flokk når tre av klassejentene alltid heiter det same. Tør vi ikkje å skilje oss ut? Er vi redde for mobbing og utfrysing om ungane får sjeldnare og gamaltante-aktige namn? «Det lyste Sofia av henne då vi såg henne fyrste gongen», seier nybaka mor X og far Y. Skal namnet kle oss berre medan vi er barn?

Nokre går for dei trygge og populære namna. Andre følger sidetrendane, og etablerer nye namn etter eige hovud. Jørgen Ouren, namneforskar i Statistisk sentralbyrå (SSB), skriv i ein e-post at han ser ein tendens til at dei vanlegaste nyføddnamna har lågare oppslutning enn tidlegare. Og kanskje seier det noko om tida vi lever i? Vi er – trass i mote og trend – også individualistar og sjefar i eige liv. Vi ynskjer sjølvrealisering og kreativ utfalding 24 timar i døgeret. Og det gjev seg utslag i kva ungane skal heite.

Sjølv fekk eg namnet Knut. Nokså stutt, og litt gamaldags. Det passar meg heilt utmerkt. Eg kjenner fåe Knutar på min eigen alder. Og langt færre yngre. Namnet var svært populært rundt 1800, og på midten av 1960-talet, skriv Jørgen Ouren vidare, men har mista popularitet sidan. I 2013 var det 25 777 menn med Knut som fyrste fornamn, medan 9 907 menn hadde Knut som einaste fornamn.

Men det var ikkje Knut eg skulle heite. 70-talet var ikkje Knut si tid. Motane var annleis den gongen: håret, kleda, bilane – og namna. Eigentleg skulle eg heite Chriss. Det vil seie: Frisørdama til mor meinte namnet ville passe den nyfødde odelsguten. Inntil namnet vart presentert for dei eldste i familien, som gjorde motstand – og som vann.

Knut, derimot, er enkelt og kjent for dei fleste. Eg slepp (heldigvis) spørsmål om namnet blir skrive med h eller utan, eller dobbel t eller dobbel u, eller … Dei fleste uttalar også namnet likt. Nokre dialektiske variantar finst, som Njut, ein slags angelsaksisk rest, kanskje. Verre er det med den nasale varianten Hngut, som blir uttala med ein nasal klang i dei fyrste bokstavane og med eit klart trykk på u’en. Ein slags forkjølt uttalevariant. Snålast er det med utlendingane som seier Kanuti, Kant, og verst av alle: Kunt.

Namn er aldri nøytrale eller isolerte frå omverda. Dei står i ein samanheng, ber med seg forteljingar om historiske namnebrør og -systrer, og gjev (alltid) gode eller dårlege assosiasjonar. At Vidkun var ein grueleg mann, er vi kanskje samde om? Kanskje kom du aldri overeins med nabojenta – og slik fekk namnet hennar ein sur etterklang for resten av livet? Og kven vil gje den vesle dokka namnet til Lorte-Berte, ho som sjeldan vaska seg? Lyte og andre kjenneteikn er ikkje sjeldan fast namnefølgje, om enn ufrivillig. Slik får namna dobbel tyding.

Kongelege og superkjendisar er rollemodellar på så mange måtar – også på namnefronten. Dei er alltid først ute, sjølvsagt, og sidan sig namna sakte nedover og blir allemannseige. Ingrid er populært, faktisk det fjerde mest populære blant nyfødde i 2013. Er det arveprinsessa som skapar moten? Også namnet Sonja fekk eit veldig byks fram mot slutten av 60-talet.

Apropos Sonja. Dronninga har vore til inspirasjon på så mange måtar. Heime var Sonja fyrst og fremst den staselege og blanke kua. Bjøllekua heitte rettnok Laila. Men etter kven? Cowboy-Laila? Artistar og kongelege er så visst førebilete for dyra på båsen, og er rykta sanne, beiter fleire eksemplar av Norsk Raudt Fe med namnet Mette-Marit langs norske fjordarmar.

Men tilbake til Knut. Kvifor kom aldri Knut på moten att? Må forfattaren (og nazisten) Knut Hamsun ta noko av skulda for popularitetsfallet? Var det alle dei ugifte og illeluktande grandonklane med det stutte namnet som var utslagsgjevande for at ingen ville døype ungane Knut? Eller er namnet uforståeleg i ei tid der alt skal seiast på engelsk?

Namnetrendane skiftar. Mange ynskjer fleire fornamn, fleire etternamn. Nokre gonger flyt namna godt i hop. Andre gonger endar namnemangfaldet i eit endelaust namnevirvar. Kvifor pyntar vi oss med så mange namn? Er det eit ønske om å snobbe oppover, ape etter borgarskapet sine namneskikkar? Er dei enkle namna ikkje lenger gode nok?

Sjølv likar eg det fenomenet dei norske namnetradisjonane er, korleis namna bind seg fast frå generasjon til generasjon, som eit arvesmykke vi ikkje ynskjer skal forsvinne. Det dreier seg om sterke kulturelle og identitetsskapande liner. Eit medvite forhold til namna og kulturen dei står i, er enno relevant i sosiale miljø i dag. På same måten som det finst medvitne – og gode – grunnar til å endre namneskikkane, byrje med blanke ark, fri seg frå familietradisjonar ein ikkje lenger ynskjer å vere del av.

Og slik er herma om Ufysa aktuell og relevant – i dag som i tidlegare tider. For når alt kjem til alt, spelar det inga rolle kva du heiter – Ufysa eller Sofia – men kven du er som menneske.

 

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram