Frå Utgåve 4-14
Skrive av Sanna Sarromaa

Draumen om Finland

I Noreg skal alle med, i Finland behøver ikkje alle vere med. Det er faktisk heilt ok å sleppe å vere med!

Flytter ein til eit nytt land, startar det gjerne med ein intens forelsking og ein slags lang og tilfredsstillande kulturorgasme. Eg hugsar då eg kom til Noreg. Dei første tre månadene ville eg berre sjå på fjella og minne meg sjølv om kor utruleg heldig eg var som fekk bu i dette vakre landet, i trolla sitt rike, med alle desse overjordisk pene, høge, lyse menneska. Eg hadde fått barndomsdraumen min oppfylt – eg hadde funne meg ein utanlandsk mann og fekk snakke eit anna språk dag ut og dag inn. Livet kjendest som eit eventyr – og eg var prinsessa!

No er det elleve år sidan dette skjedde. Eg sa opp den faste jobben min på kommunikasjonsavdelinga i ei stor finsk metallbedrift, selde ungkvinneleilegheita mi på 23 kvadratmeter i sentrum av Helsingfors, pakka elleve hyllemeter med finske bøker og flytte frå Finland til Noreg. Alle veit at ein ikkje kan ha stemnemøte med ein som bur i eit anna land. Ein må berre hoppe i det og sjå korleis det går.

Ja, eg kom av romantiske årsaker. Eg var i ein hormonell alder, 23 år, eg hadde møtt ein døl, og eg tenkte at alt anna ville falle på plass og ordne seg. Når ein er ung, heilgarderer ein seg ikkje. Ein berre hoppar i det og tenker at kjærleiken ber.

Kjærleiken har bore. Så langt, iallfall. Det meste av det praktiske og det økonomiske har ordna seg. Vi har ei rekke med ungar, to bilar (den eine elektrisk, sjølvsagt) og ei hagestripe med gulrot og mais på toppen av ein Kiwi-butikk på Lillehammer. Eg har framleis ikkje fast jobb, men det har heller ikkje etniske nordmenn i postdoc-stillingar i akademia. Eg har ikkje mykje å klage over. Kulturorgasmen har gått over til ein kulturell balanse. Nesten.

For eg har denne uroa, denne lengselen og denne draumen. Draumen om Finland.

Den første forelskinga i Noreg er for lengst over. Det er kvardagen no. Dei same fjella som eg fall for i 2003, er no min eigen catch-22. Det er dei som held meg her. Eg gifta meg med ein døl, og dølane er ikkje flyttbare. Ifølgje ei undersøking nyleg trivst 90 prosent av dølane der dei bur – i dalen sin. Eg trivst til tider, men draumen om Finland blir sterkare for kvart år som går.

Eg har huset mitt fullt med mummitroll og Marimekko, melankolsk finsk prosa i bokhylla, tango i CD-spelaren og postkort frå Suomi, Finland på veggene. Heimen min kunne vore eit mausoleum for Finland eller eit heimefrontsmuseum for finsk kunnskap, kultur og litteratur. Eg kunne drive eit finskspråkleg barnebibliotek på Lillehammer, heime hos meg.

Men barna mine er – sukk! – alt blitt små nordmenn. Dei sløkker ikkje lysa etter seg, dei seier «vi kjøper ein ny ein» når dei har tulla bort eller knuser noko. Dei trur at pengane aldri tar slutt, og dei snakkar finsk med ein morosam, syngande aksent. På finsk går nemleg tonefallet alltid ned, aldri opp, på slutten av ei setning. Sjølv spørsmåla på finsk er like monotone som konstateringar. Det er slik eg snakkar norsk. Som ein finne.

For det er finne eg er.

 

Den finske skolen og læraren

Eg saknar Finland kvar morgon når eg sender ungane på skolen. Eg saknar lærarar som kan faga sine. No sender eg ungane mine til halvstuderte røvarar som manglar fagkunnskap i fleire av dei faga dei underviser i.

«I Finland presenterer lærarane seg med namnet og med faget dei underviser i», sa ein skolesjef til meg i Noreg.

«Ja», sa eg. «Dei er fagpersonar. Dei er lektorar.»

Eg er også lektor. Då eg jobba som lærar i norsk skole, med hovudfag i historie, vart eg sett til å undervise i fransk og engelsk – fag som eg berre hadde grunnfag i. I Finland hadde eg ikkje fått lov til å undervise på ungdomsskolen med så lite fagkompetanse! Her duger eg jamvel på gymnaset med berre årsstudium.

Det er ikkje rart då at eg saknar lektorane i den finske skolen. Eg saknar dei faglege autoritetane. Kvar gong eg skriv ein tekst, sånn som denne, sender eg ein liten takk til finsklektoren min på ungdomsskolen og ein liten takk til finsklektoren min på gymnaset. Ho på ungdomsskolen lærte meg alle reglane, metaspråket og grammatikken. Han på gymnaset lærte meg å designe, strukturere og disponere ein tekst utan å drepe mi eiga stemme.

Eg tenker på kor vilt det er at det her i Noreg blir diskutert om karakteren 3 i matte skal halde for å komme inn på lærarskolen, mens ingen finske lærarar har hatt i nærleiken av så svake karakterar på gymnaset.

SV-arane hyler at ein kan vere ein god lærar utan å kunne noko, berre ein kan lære bort noko, men kva er det ein då lærer bort? Feil?

 

Alle like middelmåtige

I Noreg blir det snakka om fagkompetanse og formidlingsevne som om dei var to motpolar – kan du faget ditt, er du truleg ein idiot som ikkje ser og forstår barna. Rart at det i Finland då er 18 000 lektorar som både er kapable til å meistre faget dei underviser i, og samtidig til å lære bort det dei meistrar. Er det eit særfinsk trekk? Neppe. Som om nokon vart ein dårlegare formidlar av å kunne meir av faget sitt!

I Noreg manglar seks av ti engelsklærarar fagkompetanse i engelsk. Gode lærarar, skal tru?

Eg saknar den finske skolen også når eg smør endelause matpakkar. Ein pakke til skolen, ein til SFO. Det er seks matpakkar om dagen, berre for ungane. I Finland hadde dei fått varm mat! I det rikaste landet i verda får dei sveitte osteskiver.

Eg saknar vitnemål til jul og sommar med karakterar. Eg saknar at det blir stilt krav til elevane. Eg saknar heilt elementære ting. At skolebøkene blir sende heim slik at elevane kan pugge ord. Eg saknar prøvar og karakterar på prøvane. I Noreg har eg ikkje peiling på kor bra eller dårleg ungane mine gjer det på skolen. Dei får alle høyre at dei er flinke, uansett kor flinke dei er.

Og det blir verre. Alle seglar vidare til vidaregåande opplæring. Alle består og strøymer gjennom, for det er ånda i det norske sosialdemokratiet. Alle skal med, uavhengig av innsats og resultat. Null krav betyr null fråfall. I Noreg er vi alle like flinke!

I Finland kjem ein inn om ein har gode nok karakterar. Om ein er flink nok!

Eg saknar også skolebilde av barna. Venner og slektningar vil ha portrett av go’ungane, men skolen tillèt dei berre å ta skolebilde kvart fjerde år. Også dette er eit mogleg utslag av den norske sosialismen – ingen skal få kjøpe portrettbilde, fordi det alltid er nokon som ikkje har råd til dei. Portrettbilde skaper kjøpepress, meiner dei sosialistiske oppvekstutvala i dette landet.

Ein liten barneskole i nabokommunen brukte den same grunngivinga for skolebøkene. Skolebøkene blir haldne på skolen for at ingen skal kunne øve, og bli flinkare, heime. Velkommen til kunnskapsnasjonen: I Noreg skal alle helst vere like middelmåtige!

 

Den leseglade, stille finnen

Finnane lever med bøker. I heimlandet mitt har forbruket av bøker per innbyggar lenge vore på toppen i internasjonale samanlikningar. Statistisk sett er bokproduksjonen målt i titlar per innbyggar høgast i verda. Å lese bøker er den vanlegaste hobbyen blant finnar. Finsk kultur er ein lesekultur. Finnane låner bøker på biblioteket i større grad enn innbyggarar i noko anna land – 18 bøker per innbyggar per år. Ein finne går gjennomsnittleg på biblioteket ti gonger i året.

Det er slik eg voks opp, og det er slik eg skulle ønskje mine ungar òg kunne vekse opp. Vi var på biblioteket kvar veke: eg, mamma, pappa og broderen. Vi lånte bøker og las aviser. Eg likte biblioteket så godt at eg hadde PRYO-vekene mine (praktisk yrkesorientering) der både i åttande og niande klasse, i nærbiblioteket mitt. Når det ikkje var kundar ved skranken, slik som det ofte ikkje var, fekk eg lese. Kva anna kan ein ønskje seg?

Eg voks opp i Lahti med 90 000 innbyggarar. Det er åtte bibliotek og éin bokbuss i Lahti. Biblioteka held ope til klokka sju eller åtte på kvelden, bokbussen køyrer like seint. No bur eg på Lillehammer med 26 000 innbyggarar. Lillehammer har eitt bibliotek. Det er ope til seks på dei lengste dagane – og det er bråkete inne. Er ein ikkje stille på norske bibliotek, eller er det berre dølane som bråkar?

I Oslo og Helsingfors bur det omtrent like mange menneske, men den finske hovudstaden har dobbelt så mange offentlege bibliotek – 37 stykke. I Oslo må 37 000 menneske dele eitt bibliotek, i Helsingfors er talet 16 000. Og det beste? Helsingfors har søndagsopne bibliotek!

Tilgang til bibliotek er ein allemannsrett i Finland. Retten til danning tilhøyrer alle. Det er den typen sosialisme eg liker. Det er klart eg saknar det! Eg saknar stilla, stemninga og opningstidene på eit finsk bibliotek.

 

Den shabby, sparsame finnen

Eg er ofte i Finland. Eg føler at eg må. For å hente meg inn, for å flanere blant likesinna, landsmennene mine.

Sjela mi slår seg over i kvilemodus med éin gong flyet landar på Helsinki-Vantaa. Det er minst éin, men som oftast fleire av medfinnane mine som luktar gammal sprit i flybussen til sentrum. Det er lukta av heim for meg! Lukta av barndommen min! Lukta av far min! Lukta av gårsdagens Koskenkorva! Lukta av Finland! Når var det sist eg lukta gammal sprit i Noreg? Eg kan ikkje eingong hugse det! Menneske er så siviliserte i Noreg. Folk i Noreg luktar godt.

Det er det imperfekte som fascinerer og tiltrekker meg med Finland. Det er det eg tilhøyrer. Lillehammer er ein stor, perfekt fasade og ei besteborgarleg, røyndomsfjern boble for folk med høge fylkeskommunale lønner og dyrt skiutstyr. Det er det shabby og halv-tolv-prega eg føler tilhøyrsel til. Når eg drar til Finland, kan eg komme sånn som eg er. Med feitt hår og rynkete klede. På Lillehammer må ein heile tida vere så himla pen og velstelt! Berre ta ein tur i gågata på ein gjennomsnittleg laurdag om du tør. Eg tør ikkje, så eg held meg heime – eller drar til Finland i staden.

Der gågata på Lillehammer framstår som ein einaste lang catwalk på ein laurdag formiddag, er finnane i fødebyen min Lahti ikkje så nøye på om dei handlar utan sminke og i joggebukse. Kom og gå sånn som du er – tenk, så herleg frigjerande!

Den eine sitt skrap er den andre sin skatt, er mottoet til nesten tusen loppemarknader i Finlands rike. Finnar bruker årleg nesten 200 millionar euro på loppemarknader. Der nordmennene bruker og kaster, tar finnane vare på – og sel vidare.

Dette er sjølvsagt nødvendig i eit land som ikkje sym i olje, men også ein verdi i seg sjølv.

«Alle finnar eg kjenner, er sparsame», sa den norske mannen min og begynte å ramse opp vennene og slektningane mine. «Veit du kor mykje gjeld Rune har?» var det første spørsmålet den finske bror min stilte då eg sa at eg skulle gifte meg med studiekameraten hans, Rune. Eit studielån på 200 000 kroner var ikkje medgifta han ønskte seg for meg.

Eg, og bror min, er barn av den økonomiske depresjonen som rasa over Finland då Sovjetunionen fall og austhandelen tok slutt. Då heimbyen vår Lahti hadde ei arbeidsløyse på 20 prosent, var studielån det siste vi torde å ta opp.

 

Den direkte finnen

Eg har komme meg til Gudbrandsdalen, kanskje til den finskaste delen av Noreg. Her er det taust og lågmælt, akkurat slik som heime ved dei tusen sjøane. «Har vi komme hit for å drikke eller for å prate?», som Pekka spør Toivonen i ein av dei berømte vitsane.

Alt går fint for seg, stille og roleg, med unntak av når eg bannar og snakkar om sex. Det går nemleg ikkje her i dalen over dalane. Ordføraren klubba meg då eg sa «jaggu» frå talarstolen i kommunestyret. Då eg kalla runkarar for runkarar i lokalavisa på Lillehammer (med god grunn!), vart eg omtrent kasta ut frå det pripne selskapet i denne besteborgarlege bobla. «Eg beklagar om eg har vore ein kuk», sa den finske statsministeren, Alexander Stubb, i Finlands (og heile Nordens) største avis for nokre månader sidan. Ein norsk statsminister hadde neppe sagt det same.

Sist veke var eg hos frisøren. Vi prata laust om diverse tema som eg ikkje lenger hugsar – slik som ein plar gjere hos frisøren. I etterkant fekk eg jammen vite på byen at eg hadde brukt ordet «pule» i den lette konversasjonen med frisøren. Dette hugsar eg ikkje sjølv, men dama med den nye sveisen i nabostolen hadde visst reagert – og hadde, etter at eg var gått, rost frisøren som ikkje hadde late seg vippe av pinnen av språkbruken min. Ei interessant tilnærming.

 

Det blir brukt leiing

Noreg er tvers gjennom eit demokratisk land, litt i det meste laget for ein finne. Demokrati i Noreg betyr at alle skal seie sitt, også dei som ikkje har peiling. Det finst alltid ein komité, eit råd eller eit ombod. Noreg er så demokratisk at det til slutt ikkje er nokon som tar avgjerder. Alle skal seie sitt, også dei som ikkje har noko å seie. Det finst alltid ein komité, eit råd eller eit organ der ein kan få brukt stemma si. Viss ikkje, blir det sett ned ein komité. Råd og nemnder er uskyldige og trygge – dei har inga makt, men det går jo pengar på å drive dei. Møtegodtgjersler og møteservering, det har ein råd til fordi ein er i Noreg.

Ein skal helst alltid oppnå konsensus, elles skjer det ikkje noko, fordi det ikkje er nokon som tør å skjere gjennom. Viss nokon bestemmer noko, kan einkvan annan bli lei seg – og det vil vi jo ikkje i Noreg.

I Finland blir det brukt leiing. I politikken og på arbeidsplassane. Det er faktisk nokon som bestemmer noko, og skattepengar blir ikkje brukte på unødvendige råd og nemnder. Det saknar eg. I Noreg tar alt så lang tid, fordi prosessane blir så krevjande når alle skal medverke. «Prosessen rundt denne prosessen har vore lang», sa partikollegaen min frå talarstolen i kommunestyret i september. Der oppsummerte han essensen i norsk saksgang og avgjerdstaking.

I Noreg skal alle med, i Finland behøver ikkje alle vere med. Det er faktisk heilt ok å sleppe å vere med!

 

Den språklege einsemda

Eg saknar språket. Eg saknar finsk rundt meg. Eg saknar meir finsk, og meir variert finsk, rundt barna mine. Morsmålet er hjartespråket, og hjartet treng nyansane.

Språk er identitet. Språk er kjærleik. Wittgenstein sa så klokt at «Die Grenzen meiner Sprache bedeuten die Grenzen meiner Welt», altså «grensene for språket mitt er grensene for verda mi» – eller noko slikt. Eg skriv ikkje dette på morsmålet mitt. Eg skriv dette på bokmål som eg lærte på norskkurset. Ein omsetjar skal omsetje teksten til ditt hjartespråk.

Du veit og eg veit at vi aldri er heile på eit framandspråk. Det er berre på morsmålet vi har tilgang til heile verda med alle nyansar ho har å by på. Dei nyansane manglar eg på norsk, men eg har dei på finsk. Det er dei eg prøver å lære bort til barna mine, slik at dei også skal kunne ha finsk langt inni hjartet sitt. Slik som eg har det.

Eg bannar på finsk, eg blir sint på finsk, eg har sex på finsk. Når eg vaknar midt på natta, snakkar eg alltid finsk. Dei djupaste og dei sterkaste og dei mest spontane kjenslene – kjærleik, lidenskap, hat, forbanning – kjem alltid på finsk. Morsmålet er språket til dei mest autentiske kjenslene. Finsk er mitt hjartespråk. Eg hadde aldri klart å elske barna mine på norsk.

Men det er ein enorm jobb og eit stort prosjekt å elske barna på finsk når det berre er eg som elskar dei på finsk. Det sklir så lett over til norsk. Kor mykje lettare det er å forklare til pappaen kva som skjedde på skolen i dag!

Eg skulle ønskje barna mine hadde finske besteforeldre som eg kunne sende dei til i feriar. Eg skulle ønskje dei arva kjærleiken til den finske jorda, skogen og sjøane, men det er ikkje lett når ein må bu på hotell. Vi les på finsk, og vi ser på finsk barne-TV, og vi tar ein tur til Finland i ny og ne, men hovudvekta av livet vårt er norsk. Det smertar det finske hjartet mitt.

Finsken min er blitt arkaisk. Eg snakkar finsk slik som ein gjorde i Helsingfors på byrjinga av 2000-talet. Barna mine høyrest veslevaksne ut. Dei leikar på finsk, men snakkar som vaksne. I mangelen på jamaldrande finske leikekameratar har dei ikkje leikespråk på finsk. Påverka av litteratur som dei er, snakkar dei ofte skriftspråk.

 

Ein utakknemleg introvert

Det verste med å bu i eit anna land er ting som alle andre veit om, det som blir teke for gitt fordi alle veit om det. Alle med unntak av utlendingane. For innfødde fell desse tinga naturleg, for oss utlendingar er det alt anna enn naturleg, men krev tvert imot øving.

Eg kjem i kontakt med utanforskapen min i Noreg når folk begynner å synge. Saman! Allsong er noko av det norskaste, og pinlegaste, eg veit om. Allsong kan oppstå når som helst og kvar som helst, for eksempel i eit politisk møte. Allsong kjem alltid som eit lyn frå klar himmel for meg. Dette skjer aldri i Finland (eller berre hos finlandssvenskar, men dei tel ikkje). Eg vart heilt paralysert då svigermor sette allsong på programmet i bryllaupet vårt. Ho trudde nok oppriktig at dei finske gjestene ville sitte der, kose seg og synge Love me tender. Det gjorde dei sjølvsagt ikkje. Dei måpte taust. Finnar syng på barneskolen og når dei er dritings. Nordmenn syng heilt edru og tilsynelatande spontant.

Ein annan ting som får meg til å føle meg ekstremt finsk, er når ein nordmann takkar meg for noko. Som oftast er det ikkje noko å takke for, men det blir takka likevel. «Takk for sist» er den mest absurde takken. Du kan takke for sist, sjølv om det er fleire år sidan «sist» og du slett ikkje gjorde noka teneste for den andre som takkar. Som oftast hugsar ikkje folk eingong kva denne «sist» var. Det held at ein har helsa på kvarandre éin gong i ei fjern fortid.

I Finland blir det ikkje takka i hytt og vêr. Takk for maten, kanskje, men ikkje takk for at de kom, takk for at vi fekk komme, takk og takk, sjølv takk, mange takk, takk for at eg fekk skrive dette – takk for at du las! Kvar gong nokon takkar meg for noko som eg meiner ikkje fortener ein takk, har eg lært å seie: «Sjølv takk.» Men då føler eg meg så falsk, så norsk. Det er jo ingenting å takke for!

Fordi eg er ein finsk introvert, vaksen opp i dei djupe skogane ved dei tusen sjøane, langt frå folk, er eg sjeldan på fest. Når eg ein sjeldan gong er på fest, sørgjer eg for å finne eitt interessant menneske, maks to, som eg kan prate med. Eg kan tilbringe heile festen pratande med det same mennesket, dra heim og tenke at det var jammen ein god fest. Som finne treng eg ikkje vere sosial. Å nettverke og prate med alle er litt suspekt – kynisk, kalkulerande og uærleg – for oss finnar.

 

Ovmodig rett fram

Som utlending representerer ein gjerne heile landet sitt og heile kulturen sin heile tida. Gjer eg noko, eller lar eg vere å gjere noko, er det rett og slett finnar som er slik. Heilt enkle ting kan tolkast som spesifikke for den kulturen og nasjonen ein alltid representerer. Men eg er ikkje heile Finland, eg er Sanna, éin av fem millionar.

Det er likevel noko som er grunnleggande finsk ved meg. Det er noko utvilsamt finsk eg saknar når eg er i Noreg. Noko som eg vil at barna mine skal arve. Det er minst éin ting vi finnar er som gruppe – nemleg direkte. Iallfall meir direkte enn nordmenn. Å kalle ein spade for ein spade er eit uttrykk for nordmenn. For finnar er det røyndommen.

Nordmenn er vaksne opp med å pakke ting i bomull. Det er derfor ein ikkje kan snakke om puling heller, iallfall ikkje hos frisøren, og ikkje sør for Alta. Eg har gjennom åra mine i Noreg brukt mykje tid på å analysere og tolke folks eigentlege meiningar og hensikter – dei blir så sjeldan artikulerte direkte, iallfall her på Austlandet.

Det ligg også i den finske folkesjela å kunne tulle med og om alt. Uvørden humor er kulturell kapital på sitt beste. Humoren har ei heilande kraft. Nordmenn, eller iallfall austlendingar, er meir pripne, meir politisk korrekte, meir nærtakande. Det finst ting ein ikkje kan tulle med i Noreg, og det er alltid nokon som føler seg støytte. Offentleg debatt er snill, konsensusprega og platt. Dei som tråkkar litt utanfor den hegemoniske diskursen, må straks unnskylde seg og legge seg flate. Å legge seg flat er den norske folkesporten. Tonen er tøffare, men også mykje morosamare, i Finland.

Alt dette er den kulturelle arven og det kulturelle saknet mitt. Alt dette er min draum om Finland.

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram