Frå Utgåve 3-14
Skrive av Eskil Skjeldal

Klimaoptimisten

Den nye direktøren for CICERO, Kristin Halvorsen, har vorte meir klimaoptimistisk med åra. Klimaendringane har no vorte oppjusterte frå å vere omdiskuterte til å vere fakta, meiner ho. Men skal Noreg vere leiande, må den nye regjeringa vere langt meir aktiv.

 

– Ei oppsummering frå deg: Kva fekk SV til som regjeringspartnar i åtte år?
– Det som ruver mest etter SV si deltaking i regjeringa, er barnehagesatsinga. Ungar treng ein god start, og dess fleire som får det, dess betre. Vi tredobla barnehagebudsjettet. Resultatet var nesten 65 000 nye barnehageplassar. Det har eg tenkt på mange gonger: 65 000 born har fått ein betre start. Her om dagen stoppa ein kar meg på veg til jobb, og takka meg. Eg er òg stolt over å ha vore med på å leie landet gjennom finanskrisa med den lågaste arbeidsløysa i Europa. Vi nytta godt det politiske handlingsrommet vi hadde, vi sikra bankane og la inn ein stor tiltakspakke som var orientert kring miljø- og klimaspørsmål. Og i 2006 reduserte vi avgiftene på bilar som var utsleppsvennlege. Utsleppa frå nye bilar har minka med 40 %. Dette synte seg å vere eit godt verkemiddel. Eg er òg stolt over den nye ekteskapslova: at alle har lov til å gifte seg. Det kosta ikkje ei krone, men det er viktig at homofile og lesbiske er likeverdige med heterofile. Ja, og så Lofoten og Vesterålen, då! Om ikkje vi hadde vore i regjering, hadde dette feltet vore utbygd. Ein gamblar ikkje med dei fornybare ressursane. Der var vi knallharde.

– Halvparten av alle ungane som SV har fått barnehageplass til, nyttar private barnehagetilbod. SV er vel ikkje eit parti for styrking av private barnehagar?
– Eg var sjølv med på å starte ein privat barnehage, då det ikkje fanst kommunal plass til sonen min. Det var heilt naudsynt at private aktørar òg var med, for å få til full barnehagedekning.

– Kva fekk SV ikkje gjennomslag for?
– Vi fekk politisk sett mykje større gjennomslag enn kva styrken vår tilsa. Men vi fekk ikkje igjennom at Noreg skulle trekke seg ut av Afghanistan tidleg nok.

– Det var meir enn det de ikkje fekk gjennomslag for. Nemn fem ting du ikkje er nøgd med!
– Dei aller fleste områda fekk vi drege i rett retning. Det var størst usemje mellom regjeringspartia om miljø- og klimaspørsmål, så eg skulle gjerne ha kome lenger i omstillinga til fornybarsamfunnet.

– Det var ikkje fem ting. Kva skulle du ha arbeidd meir med i løpet av dei åtte åra?
– Å vere statsråd i åtte år betyr at du arbeider døgeret rundt. Eg trur ikkje eg kunne ha arbeidd noko meir i desse åra. I ettertid skulle eg ynskt at vi tre partia var meir romslege oss imellom. Vi nytta mykje tid på forhandlingar. Om vi hadde vore meir romslege, hadde vi raskare kome til konklusjonar, og kunne vore eit meir offensivt lag. Det har eg notert meg som eit moment til neste gong SV skal i regjering.

– Men SV har køyrt klima og miljø som viktige saker i alle år, og de tapte. Trudde ikkje veljarane på miljøsnakket dykkar?
– Ved dei siste vala er det for få veljarar som har hatt miljø som si viktigaste sak, det har òg dei andre miljøpartia fått merke. Så den utfordringa får gå til veljarane, dei har makt som kan nyttast i val.

– Ja vel. Desse veljarane ynskte ei ny regjering i 2013, og fekk det. Korleis synest du regjeringa har klart seg til no?
– Så langt har det skjedd mykje mindre enn det eg frykta. Men på barnehageområdet er løyvingar og ambisjonar kutta. Vi foreslo at fleire barn enn dei som er fødde før 1. september, skulle få rett til barnehageplass, men dette har regjeringa sett i revers. Eg ser òg snev av meiningsløyse: Gje meg ein grunn til å selje flytoget! Eg kan ikkje forstå grunngjevinga. Det eg er mest overraska over, er at FrP-arane er så smålåtne.

– Kva legg du i «smålåten»?
– Om du ser på kva regjeringa har gjennomført så langt, er det få ting som Høgre ikkje ville gjennomført åleine. FrP-politikarane har lagt seg i stabilt sideleie i kvar sin regjeringsbil. Med eit såpass lågt ambisjonsnivå er eg overraska over at partiet som heilskap er så roleg. Det er vanskeleg for FrP-veljarar å sjå kvifor dei skal stemme FrP og ikkje Høgre.

– Du er no ute av politikken, og byrja før sumaren som direktør i CICERO. CICERO driv forsking på internasjonale klima- og miljøspørsmål, og spreier informasjon om klimaproblemet. Er du imponert over regjeringa si satsing på miljø?
– Eg har fyrst og fremst merka meg at det ikkje er eit prioritert område. Eg ventar på høgare ambisjonar. Men dette er eit felt som statsministeren har synt lita interesse for så langt.

– Korleis merkar du at miljø ikkje er eit prioritert område?
– Ved at eg ikkje har registrert nokon initiativ eller noka særleg interesse frå regjeringa på dette området.

– Du skal leie ein kunnskapsinstitusjon. Kan du seie noko om kva miljøkunnskapen har å seie i Noreg i dag?
– Det viktigaste er at vi i CICERO skal skaffe kunnskapsgrunnlag for handling: Enten det er for Statoil, kraftselskapa, for dei interne forhandlingane i regjeringa, Stortinget, transportsektoren eller for deg og meg, så skal CICERO bidra med kunnskapsgrunnlag for handling.

– Betyr kunnskapen noko for politikarane og for folk flest?
– Sjølvsagt. Klimaskeptikarane er no marginaliserte. Dei har like lite å fare med som dei som meiner det er ufarleg å røyke.

– Kva ambisjonar har du for CICERO og arbeidet de skal gjere?
– CICERO er eit tverrfagleg forskingsinstitutt. Vi har forskarar som forskar på korleis ulike gassar påverkar klimaet, vi har meteorologar og astrofysikarar, vi har økonomar som kan analysere ulike oppvarmingsscenario på makronivå, økonomar som forskar meir på åtferd dersom avgifter aukar, forskarar som forskar på oppslutning om klima og internasjonale forhandlingar. Dette tverrfaglege arbeidet er ein styrke ved CICERO: Vi har kunnskap som kan settast saman slik at det er relevant for dei som tek avgjersler, som politikarar, næringsliv eller forbrukarar. Ynsket mitt er at vi skal opplevast som endå meir relevante for dei som ynskjer å gjere noko for klima.

– Vi har hatt ein varm sumar. Har vi forureina oss til varmen?
– Ja. Eg klagar ikkje på varmen. Men: Det som i dag er unormale sumrar, vert normale rundt 2040. Verknadane med tanke på nedbør og tørke betyr at vi må førebu oss på meir ekstremt vêr: meir regn, meir tørke, fleire skogbrannar, meir flaum. Alt dette skjer uansett, av di det tek tid å snu utsleppa. Då den fyrste klimarapporten kom i 1995, sa forskarane at det var 50 % sjanse for at endringane var menneskeskapte. No er usikkerheita nesten ikkje-eksisterande. Forskarane er så sikre som forskarar kan bli, unisont verda over. Eg er ganske sikker på at merksemda på korleis vi lever – på å redusere utslepp, og effektar av klimaendringar – vil vere stigande. Konsekvensane vert tydelegare, og det bør bli eit handlingsrom for politikarane som tek avgjersler.

– Men no er du ikkje politikar lenger.
– Nei, og mitt arbeid er ikkje å agere politisk, men å skaffe kunnskapen som trengst for å handle. Denne kunnskapen handlar om å forstå og føreseie endringane, men òg korleis vi kan få merksemd på handling, kva vi må gjere. Vi har akkurat laga ein stor rapport om transport saman med Transportøkonomisk institutt. Kva skal til for at folk aksepterer auka avgifter? Kombinasjonen av økonomar, naturvitarar og andre samfunnsvitarar er fantastisk for å kunne skaffe grunnlag for å handle riktig og handle meir. Der skal CICERO vere sentral.

– Slik du ser det: Kva er den største miljøutfordringa i dag?
– Vi må fase ut fossilt brensel, særleg kol, men òg olje og gass. Kol er spreidd omkring i verda og er billeg, og befolkningsveksten i Kina og India krev energi. Om dette blir løyst ved at landa investerer i kolkraftverk, lever desse kraftverket i 40–50 år. Det betyr at vi då har valt den verst tenkjelege løysinga på deira energibehov. Årsaka til at kol er billeg, og at bruken av kol aukar, er at ein ikkje har sett ein global pris på det å forureine. Dette er eit verkemiddel som ville fått utsleppa ned. Det krev ei internasjonal einigheit. Men det skjer interessante ting fleire stader: Eit nytt forslag frå president Barack Obama pålegg kraftverka å kutte utsleppa med 30 % innan 2030. Kina prøver ut kvotesystem sju ulike plassar i landet. Eg trur vi er i ei brytningstid. Eg merkar at fleire næringar no ser klimaendringane som ein realitet, i bank og finans, til dømes. Det betyr at det vil få innverknad på investeringar, plassering av pengar, forsikringar. Denne erkjenninga av klimaendring som eit faktum er mykje tydelegare no enn berre for fem år sidan.

– I eit intervju i førre nummer av Syn og Segn sa Gro Brækken, administrerande direktør i Norsk olje & gass, at det er politikarane som må setje prisen på å forureine. Kvifor klarar ikkje politikarane dette?
– Nokre tør, men fleirtalet vegrar seg. Her er det sterke motkrefter. Dei trur nok at veljarane vil straffe dei ved neste val.

– Olje- og gassutslepp er klimaverstingane. Dei høge havtemperaturane i Stillehavet kjem av utslepp. Er Noreg medskuldig i stormane på Bali?
– CO2-utslepp har global verknad, du kan ikkje setje ei avsendaradresse på den måten. Men det vi veit, er at om dei resterande reservane av olje, gass og kol blir henta opp og nytta, då har vi ingen sjanse til å nå togradarsmålet. Om vi skal nå togradarsmålet, kan vi nytte om lag ein firedel av dei fossile ressursane vi veit finst på jorda. På vegen mot å fase ut olje og fossilt brensel må vi hindre utbygging av nye kolkraftverk. I den samanhengen kan norsk gass erstatte kol.

– Meiner du at norsk olje- og gasspolitikk og norsk klimapolitikk går i same retning i dag?
– Det er ei betring, men oljeselskapa har mest å tape på ein offensiv klimapolitikk. Det er rart at dei då ikkje har ein sterkare innsats på fornybar energi. Skifta kan kome fort, det tyder at marknadsendringane kjem til å verte raske. Mykje av teknologien knytt til Nordsjøen kan nyttast til fornybar energi, det er innlysande. Her må tinga skje raskare.

– Gro Brækken påpeika i det same intervjuet at næringa ikkje vil hindre omstillinga. Næringa arbeider for å få høgare CO2-prisar og meir bruk av naturgass, og for å utvikle løysingar for fangst og lagring av CO2. Vitnar ikkje det om at olje- og gassnæringa prioriterer det du etterlyser?
– Naturgass må òg på lengre sikt verte erstatta av fornybar og utsleppsfri energi. Næringa må orientere seg i retning av fornybare energiformer.

– Så næringa held att tempoet, er det det du seier?
– Vi kan ikkje forvente at olje- og gassnæringa går i front for å fase ut seg sjølv, det er eit politisk ansvar. Men næringa kan vri investeringar og innovasjon i fornybar retning.

– Fossil energi er klimaverstingen. Om olje- og gassnæringa stogga utvinninga, ville jo etterspurnaden minke naturleg. Ville det ikkje vere etisk ansvarleg om næringa stogga tempoet i oljeutvinninga?
– Dette er fyrst og fremst eit politisk ansvar. Det som er uetisk, er om vi har ein strategi om å pumpe opp alt og pøse det ut. Det som vil vere etisk, er å skifte til fornybar energi, og vere aktiv på veg mot eit nullutsleppsamfunn.

– Meiner du at regjeringa i dag er aktiv nok, eller synest du ho somlar med å presse olje- og gassnæringa?
– Denne regjeringa har ikkje tilstrekkelege ambisjonar for miljø- og klimapolitikken.

– Kor langt skal regjeringa gå?
– Staten har fleirtal i Statoil, og olje og gass er dominerande i norsk økonomi. Det hadde vore ein stor fordel å førebu seg på fornybar energi og å stanse tempoet i oljeproduksjonen. Regjeringa kunne til dømes la vere å dele ut nye konsesjonar.

– Gro Brækken gjorde eit poeng av at oljeproduksjonen er halvert sidan år 2000. Men du vil at tempoet skal senkast ytterlegare?
– Reduksjon av oljeproduksjonen kjem vel fyrst og fremst av at vi har funne mindre olje og meir gass, og er ikkje eit aktivt val av lågare tempo i oljeutvinninga.

– Er det i det heile mogeleg å gjere seg mindre avhengig av olje og gass i framtida?
– Absolutt. For det fyrste skjer det mykje interessant med andre energikjelder. Men det manglar ekstra fart på det å prise CO2-utslepp, slik at det blir ein marknad for alternativa. Sist gong eg fylte bensin, måtte eg betale 900 kroner for ein tank. Eg tenkte: Kor er Siv Jensen no? Burde ikkje ho stå ved pumpa og skrike? Men FrP var no med på å sette opp drivstoffavgiftene for å få budsjettet til å gå i hop. Det er jo berre bra, for på denne måten har det verkeleg vore eit miljøgode at FrP kom i regjering. Dei er no i posisjon, og må te seg.

– Ei av hovudårsakene til at klimasaka har stått stille i 20 år, er at vi ikkje finn ut av korleis vi skal få til ei rettferdig fordeling av goda. Dei rike landa har eigeninteresse av å dysse ned rettferdsdimensjonen. Dette handlar om rettferd: Kven har rett til å utvinne olja og brenne opp den fossile energien, dei rike landa i Vesten eller dei fattige landa?
– Ja, det store klimaparadokset er at vi som står for dei store utsleppa, er dei som vert minst ramma av vêrendringar og at havstanden aukar. Dei fattige landa har eit legitimt krav om å få betra sin levestandard, og kan faktisk peike på oss og seie at det er vår skuld. Dei rike landa må stille opp slik at dei fattige landa sine ynske om auka levestandard kan skje på ein miljøvennleg måte. Vi må kunne forvente meir av dei rike landa, dette handlar om solidaritet. Dette er noko av det klimaforhandlingane burde løyse: Kven skal betale for omstillingskostnadane? Dei landa som betaler mest for klimaendringane, er land der innbyggjarar må flytte, der avlingane tørkar og klimaendringane forsterkar konfliktar mellom ulike grupper. Dei har ikkje handlingsrom, og det er vesentleg at vi stiller opp for å gje dei dette.

– Kva kan og bør Noreg gjere?
– Regjeringa burde få klimaspørsmål høgare på dagsordenen. Vi må få ein plan for å fase ut fossilt brensel. Vi må vere med på å betale for å verne regnskogen. Vi må òg vere leiande på å få prising på CO2-utslepp. Vi må forske meir. Og så må vi stille solidarisk opp for dei som er hardast ramma. Noreg kan gå framfor og vere eit godt eksempel ved både å halde ein høg levestandard og samstundes redusere eigne utslepp.

– Synest du det er vanskeleg å anerkjenne miljø- og klimaspørsmål som etiske spørsmål i Noreg?
– Den etiske merksemda manglar ikkje. Tenk på barna og barnebarna våre: I eit generasjonsperspektiv er verknadane av manglande handling i dag ikkje langt fram i tid. Dei varmaste sumrane våre i dag vert gjennomsnittet rundt 2040. Dette er ikkje langt fram. Det er likevel lenge nok for dei som tek avgjersler i dag. Har vi lov til å etterlate oss ei jord med større utfordringar enn den jorda vi fekk av forfedrane våre? Nei, der må vi skjerpe oss. Så til spørsmålet ditt: Eg opplever at klimaendringane er ein realitet for alle som tek avgjersler. Dette er ein risikofaktor som alle veit om. Men det manglar fullt trykk på handlingar, og du får ikkje handling utan innsikt. Eg trur at handlinga kjem snart, og er klimaoptimist. For CICERO er det då viktig å få fram kunnskap og forsking som viser oss korleis vi kan få til endringar som må til.

– Så veljarane må presse fram handlinga?
– Ja, folk har større verknad på politikken enn folk tenkjer over. I klimaforliket i 2007 auka vi bensinavgifta med 10 øre. Det vart eit spetakkel. Ei pottesur Siv Jensen stod ved pumpa og sa dette var frykteleg. Dei færraste synest det er stas å betale meir. Men om ein er med i hylekoret eller etterspør ein meir offensiv klimapolitikk, er ein viktig skilnad, for det politiske handlingsrommet. Vi veit vi må reise kortare, sykle meir og nytte mindre fossilt drivstoff om vi skal klare oss. Vi må vere meir utolmodige. Men veljarane har enno ikkje straffa dei partia som er minst klimavennlege, ved vala. Eg er spent på om dei mest miljøoffensive partia kan få auka oppslutnad. Dette vil vere eit viktig signal inn i politikken.

– Privat forbruk av energi må reduserast: Kor radikale bør vi verte?
– No skal eg sjå meg i spegelen og ikkje spissformulere meg slik eg gjorde for eit halvt år sidan. Vi i CICERO skal skaffe grunnlaget for å få oppslutnad om klimaendringar.

– Men kva kan gjerast?
– I tillegg til alt eg allereie har sagt om olje og gass, kan forbrukarane gjere mykje: Ein forskar hos oss bytte ut alle tallerkane på kaldtbordet med mindre tallerkar. Det vart sjølvsagt kasta mindre mat. Dette er eit klimatiltak. Vi kan verte betre med gjerrigare bilar, elbil-marknaden i Noreg er i positiv utvikling. Vi har òg forskarar som forskar på om biokol som bind mykje CO2, kan gravast ned i jorda, eller spreiast med gjødsel: Då driv du CO2-lagring på jorde. Eller ta straum: Vårt forhold til straum er at dette er noko du kan kjøpe. Men no får du hus som produserer straum og ikkje brukar straum. Dei som bur i desse husa, vert nullforbrukarar, av di straumen går andre vegen. Du kan leve på ein måte der du leverer fornybar straum i eit nett, i staden for å tappe det ut. Om vi skal kome i mål med ei verd som ikkje er kokt og inntørka, må du ha radikale endringar på mange område, ikkje berre eitt.

– Men miljøpolitikken som blir ført, skapar jo ikkje mindre miljøforureining: Vi forureinar meir og meir. Med andre ord: Miljøpolitikken fungerer ikkje.
– Eg er eigentleg meir optimistisk enn tidlegare. Eg ser mykje kunnskap, eg ser mange små og store handlingsendringar som ikkje kostar så mykje, som faktisk verkar, og du ser at dette med vurdering av klimarisiko no finst i dei fleste bransjar. På ein del område har utsleppa gått ned, men vi må få ned utsleppa meir.

– Kva skal til for å skape eit folkeleg engasjement for miljø og miljøvern, og kva må til for å få oss til å innsjå miljøalvoret?
– Vi veit frå forsking at folk er viljuge til å forsake om det finst ei gulrot der. Ta rushtidsavgift: Om det finst eit alternativ, så er folk viljuge til restriksjonar på privatbil. Dette har det vore forska på: Gulrot og pisk er mest effektivt. Berre gulrot har liten innverknad. Noko må bli dyrare samtidig som noko blir billegare. Eit godt kollektivtilbod er viktig, men endå meir effektivt når det skjer samstundes med dyrare parkering og at det blir dyrare å kjøre bil. Samstundes veit vi at når åtferda endrar seg, endrar òg haldningane seg. Røykelova synte oss dette, til dømes.

– Det kostar 500 kr å fly frå Oslo til København. Fly er det mest forureinande framkomstmiddelet som finst: Kvifor gjer vi ikkje noko for å hindre til dømes halvtomme flygingar mellom dei store byane? Bør det ikkje koste noko å forureine?
– Jau, det er naudsynt med ein betydeleg høgare pris på desse utsleppa. I så fall ville mange aktørar ynskje å finne meir miljøvennlege alternativ. Dei store landa må ta grep på interne utslepp, og så må ein vurdere andre nasjonale tiltak. Konsesjonar må sjåast på ny, du må regulere flytrafikken. Det er ei gåte for meg at Norwegian og SAS har avgangar på same tid, til dømes.

– CICERO kjem med ny kunnskap. Men kor mykje kunnskap treng vi eigentleg? Vi veit vel nok om miljøutfordringane? Det vi manglar, er politikarar som innser at vi alle må gjere noko.
– Vi veit meir enn nok til å handle, ja. Vi treng meir kunnskap for å forstå korleis utsleppa påverkar kloden. For eksempel korleis flygemønster, høgt eller lågt, påverkar global oppvarming. All kunnskap er nyttig, men eg er einig: Vi veit meir enn nok til at dei som har politisk ansvar, bør handle.

– Så kva vert avgjerande no?
– At det vert trykk bak kunnskapen. Det er ofte ein vekselverknad mellom politikarar som vil noko, og veljarar som krev. Nett no må veljarane stille høgare krav til politisk handling for klima og miljø.

– Kva arbeider du med akkurat no?
– Eg har hatt jobben sidan midten av mai. Så langt har eg nytta tida til å setje meg inn i kva CICERO er og skal vere, tale med forskingsteam, å bli kjent med forskarane og kva dei tenkjer på og arbeider med. Det er vilt moro, for eg kan få topp forskarar til å fortelje meg kva dei driv på med. Eg er oppteken av at CICERO skal ha fleire samarbeidspartnarar, enten det er kommunar som må tilpasse seg, eller andre bedrifter og organisasjonar. Vi kan gjere mykje for å redusere CO2-utslepp. Her ligg mange spennande forskingsoppdrag til oss. Eg vonar òg at vi kan bidra til å få understreka alvoret i klimaspørsmåla, men med ein optimistisk og handlingsretta tone. Vi må òg få sett søkelys på individuelt ansvar.

– Saknar du rikspolitikken?
– Nei. Eg har vore svært heldig som har fått bruke alle kreftene mine på politikk. Men alt til si tid. Eg vil heller stemple ut godt brukt enn pent brukt.

– Og ei sjuande mor i hornet på SV-veggen, det vil du ikkje vere? Eller kan eg stille nokre spørsmål om SV i framtida?
– Nei. Eg har sett for mange kollegaer liksom pensjonere seg, men som ikkje klarar å
halde kjeft.

– Så ingen spørsmål om SV og vegen vidare?
– Nei, ring Audun.


Dette er Kristin Halvorsen
• Fødd 2.9.1960 i Horten.
• Oppvaksen i Porsgrunn, busett i Oslo sidan 1980.
• Gift, to vaksne born.
• Mellomfag i sosialpedagogikk, grunnfag i kriminologi frå UiO.
• Stortingsrepresentant for SV frå 1989, med i finanskomiteen, kontroll- og konstitusjonskomiteen og utanrikskomiteen.
• Partileiar i SV frå 1997 til 2012.
• Finansminister 2005–2009 i regjeringa Stoltenberg.
• Kunnskapsminister 2009–2013 i regjeringa Stoltenberg.
• Direktør i CICERO frå mai 2014.
• Leiar i Bioteknologirådet og styreleiar ved Naturhistorisk museum.

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797