Frå Utgåve 3-14
Skrive av Steinar Opstad

Å kjenne einsemda

Etter ei diktopplesing på Litteraturhuset i Oslo for nokre år sidan kom ei middelaldrande kvinne opp til meg, stilte seg framfor meg og såg lenge granskande på meg før ho utbraut: Sei meg, har du kjent einsemda?

Det overrumpla meg at ein tilhøyrar tok kontakt på ein slik måte utan å presentere seg eller ty til noka form for innleiande høflegheiter. Ho gjekk rakt på det ho truleg meinte var essensen i den opplesinga ho hadde lytta til: einsemd. Og dette samanfatta ho i dette for meg særs merkelege spørsmålet; der og da klarte eg ikkje å finne ut om det var stilt i ei venlegsinna hensikt eller djupast sett inneheldt ein kritikk.

Eg vart ståande noko forfjamsa. Kanskje sette eg opp ein mild latter. Eg brukar å gjere det når eg er freista til forsiktig å avvise eit spørsmål eller kjem i stuss om kva eg skal seie. Men så, ved eit hugskot, svara eg: Sei meg, har du?!

Ja! svara kvinna høgt og tydeleg, nesten gledesstrålande, og så strekte ho fram handa si, presenterte seg med fullt namn og lo godmodig, som for å vise meg at ho ikkje hadde vilja meg noko vondt med det bråe og uvanlege spørsmålet sitt. Vi utveksla ingen ord utover dette. Etterpå snudde ho seg og gjekk ut av lokalet. Eg lyfta hovudet over dei som stod ikring meg for å sjå etter ho, men ho var borte før eg visste ordet av det.

Etter ei opplesing hender det at nokon vil slå av ein prat med meg. Det var det også den her gongen, men etter at den framande kvinna var gått, var ho og det forunderlege spørsmålet hennar alt eg klarte å konsentrere meg om.

Sei meg, har du kjent einsemda?

 

To slag einsemd

I dagane etter heldt denne setninga fram med å gjalle i meg, som eit evigvarande ekko, og ekkoet blanda seg med dei stadige revisjonane av mitt eige liv og mi eiga skrift. Kva var det som hadde motivert den framande kvinna til å kome opp til meg og gå rakt på dette spørsmålet og ikkje eit av dei hundre andre mogelege?

At den typen dikt eg skriv, vert knytt til einsemd og det inderlege, kjem ikkje overraskande på meg, og mitt eige liv har i stor grad vore levd i einsemd, ei delvis sjølvvald ei. Det vil ikkje vere så underleg om ein som les dikta mine eller er til stades på ei opplesing av meg, anar eller skjønar dette. Men det var måten spørsmålet blei stilt på, like mykje som situasjonen og den merkelege framferda, som overrumpla meg. Kvinna snakka som om einsemda var eit vesen eller eit menneske av kjøt og blod. For å ha kjent einsemda kan bety to ting, slik eg tolkar det: å kjenne seg einsam og det å ha røynt einsemda som eit grunnvilkår i tilværet. Det første er knytt til augeblinken, gjerne til ei kjensle som ein brått kan bli råka av, det andre til ei meir vedvarande eksistensiell røynsle. Eg vil tru det var det siste kvinna sikta til. Men ho stilte spørsmålet i preteritum – har kjent – som om det var noko som høyrde til fortida. Sjølve den grammatikalske oppbygginga av spørsmålet heftar eg meg ved fordi ho for meg seier noko sant, nemleg at einsemda idet ho skal uttrykkjast, må vere noko ein står i, men er på veg bort ifrå på same tid. For einsemda i seg sjølv er ingenting, einsemda er djupast sett relasjonell, ja, nokre gonger attpåtil selskapeleg, slik ho blir framstilt i Gunnar Ekelöfs kjende linjer: «Är du ensam / så var det. / Du kommer att få stort sällskap / omsider» (frå Diwán över Fursten av Emgión (1965)).

Einsemda er grunnvilkåret for kanskje all skrift, og særleg for den poetiske skrifta, den som alltid står framfor det ukjende og grenselause nettopp av den grunn at det er der ho har interesse av å opphalde seg. Arbeidet med den poetiske skrifta krev ei opplyst einsemd, det vil seie ei einsemd som ikkje fornektar seg sjølv eller skammar seg over seg sjølv. Den siste forma for einsemd vil berre tappe skrivaren for kraft. Den skapande einsemda har eit ljos i seg, sjølv om ho eller han som ber på ho, skulle gjennomleve dei mørkaste dagane og nettene sine. Men det vesle håpet som ligg i skrifta, kan redde livet hans – og dermed også livet til lesaren ved at han blir innvigd i den same einsemda. Denne innviinga inneber den største form for tillit, for når den poetiske tiltalen er som nærast, kan det liknast med å liggje naken bak ryggen til den ein elskar, og kviskre trumålsutsegner inn i hans eller hennar øyre.

 

Einsemd grunnlag for god litteratur

Å skrive er ei handling som alltid inneber eit ynske om å knyte seg til verda, også den autistiske og koda skrifta er ei ytring, om enn aldri så bortvend, og rundt denne forma for verksemd blir det bygd ein måte å vere i verda på som venteleg kjem til å bli synleg for omgjevnadane før eller sidan. Handlinga å skrive er i seg sjølv eit språk overfor verda, og særleg det å ytre seg til omgjevnadane med jamne mellomrom: Eg skriv. Å kome med den fråsegna, særskilt som ung gut eller mann, innebar for meg det same som å bryte ein barriere. Det gjorde at ein uttrykte ein ambisjon offentleg, samstundes som ein stod fram med noko sårbart og smertefullt, for kven byrjar vel å skrive dikt, noveller eller romanar utan å ha kjent avgrunnsdjup smerte, einsemd, fornedring eller skam? Eg trur ingen verkeleg kan skrive utan å ha kjent ein av delane.

Er den litteraturen som ikkje har einsemda som sin grunn, dermed verdilaus? Svaret er nesten alltid ja. Sjølv dei største fabulerande epikarane, som Cervantes, Holberg, Blixen, Márquez, Fløgstad har den menneskelege einsemda som grunn i arbeida sine. Altså er ikkje einsemd eit spørsmål om litterær askese, i tydinga «slanke bøker» som går rett inn til kjernen av det eksistensielle, à la Beckett, Askildsen, Norén eller Ulven. Den litterære førestillingskrafta overskrid alle måtar å vere i verda på, og det same gjer einsemda. Det finst ikkje eit litterært verk av stort verd som ikkje har ei einsam utstråling, noko som kan verke som eit paradoks sidan desse verka både har vorte kanoniserte og i dag blir rekna som klassikarar, ja, dei har vorte såkalla folkelesnad. For han eller ho som identifiserer seg med å vera ein intellektuell lesar, er Joyce, Proust og Woolf eit innlysande følgje på danningsvegen. Og dei fleste menneske med ei søkande haldning til livet har lese Det gamle og Det nye testamentet og dei gåtefulle skriftene deira i einsemd, ja, i einsemd, for berre i den kan det visjonære språket, profetane og røystene til dei galne trengje gjennom og bli fatta. Som sanne lesarar av slike skrifter må vi alle for nokre veker av gongen bli som ordensbrør eller -søstrer i eit kloster med den strengaste klausur: sjølv det å stikke hovudet ut av porten kan føre til at meininga går tapt. Til sist vert det heile så uuthaldeleg – og einsamt – at vi må lukke boka hardt, ja, så hardt som berre ein bibel kan lukkast.

 

Einsemda ved skrivinga

Å leve med det å skrive handlar for meg mykje om å finne balansen mellom det å vere åleine, i skapande einsemd, og det å oppretthalde eit nokolunde godt sosialt liv. Å finne denne balansen har ikkje alltid vore enkelt, og nokre gonger er det som om den einsemda som skrifta krev, også har gjort sjølve livet meir einsamt. I slike stunder har eg måtta leggje pennen bort i periodar for å finne ut kva som er kva: Å skrive seg einsam er ingen god formel verken for det å skape eller å leve. Men å skape er essensen av det å leve. Dermed skriv einsemda seg sjølv i diktet, ho gjev seg til kjenne i hjarteslaget, prosodien, rytmen. Eg har vel aldri tenkt at no skal eg skrive eit dikt om einsemd, men eg skriv alltid i einsemd og frå ein einsam stad.

Den franske forfattaren Marguerite Duras er i Å skrive (Écrire, 1993, omsett av Silje Aa. Fagerlund, TransFe:r 2014) oppteken av den einsemda som må skapast for å skrive, det ho kallar for einsemda ved skrivinga: «Det skrevne kan aldri bli til uten skrivingens ensomhet. Uten ensomhet smuldrer det opp, blir blodfattig i sin søken etter hva som skal skrives. Uten blod er det ikke lenger gjenkjennelig for den som skriver» (s. 6). Duras skriv om livet etter at ho kjøpte seg eit over to hundre år gamalt hus i Neauphle-le-Château nord i Frankrike, og om korleis dagane er fylte med det å skrive, og om den avstanden til verda som denne verksemda og dette kallet krev. Likevel tek ho imot gjestar og lever eit sosialt liv, ikkje minst har ho alltid ein elskar buande hos seg – og ho går til stampuben og sit ute til seint på nettene, pratar og drikk i lag med den lokale befolkninga. Også heime er alkoholforbruket høgt, ja, opp til sju–åtte flasker med raudvin for dagen. Men heile tida, trass i dei ytre faktorane som indikerer at eit liv blir levd, er ho i einsemda ved skrivinga, ja, ho er så å seie trulova med ho.

Den skapande einsemda og den sjølvdestruktive lèt til å blande seg med kvarandre, dei er så å seie uskiljande. Den einsemda ho har skapt seg, blir til slutt lagnaden hennar: Det finst ikkje nokon retrett, ho er nøydd til å halde fram med å vere i ho for å fullføre det som er livsprosjektet hennar: bøkene. Denne lagnadsforståinga av einsemda uttrykkjer ho til dømes slik: «Å befinne seg i et hull, på bunnen av et hull, i en nesten total ensomhet, og oppdage at det kun er skrivingen som kan redde en. Å ikke ha noe som helst tema for en bok, ingen idé til en bok, det er å befinne seg, nok en gang, foran en bok. En enorm tomhet. En mulig bok. Foran ingenting». Å stå framfor det ukjende, som er den boka ho enno ikkje har skrive, inneber nødvendigvis den største einsemda, og det er der ein må opphalde seg om noko av verdi skal bli til.

 

Einsemda – ven og fiende

Nokre diktarar får innimellom epitetet einsam knytt til namnet sitt. I Noreg gjeld dette til dømes diktarar som Tor Jonsson og Gunvor Hofmo, i Sverige kan hende Karin Boye og Hjalmar Gullberg. Grunnen til at dei har fått dette epitetet, er at dei har klart å skrive ugløymande verseliner om einsemd, lengsle og sakn som held fram med å leve vidare i folk gjennom generasjonar. Deira ord om einsemd blir siterte i fortrulege samtalar, eller dei blir deklamerte i sosiale samanhengar, som Tor Jonssons liner frå diktet «Når du er borte»: «Nærast er du når du er borte. / Noko blir borte når du er nær. / Dette kallar eg kjærleik – / Eg veit ikkje kva det er» – eller Karin Boyes evig aktuelle liner om den pubertale og hjarteskjerande einsemda: «Ja visst gör det ont när knoppar brister».

Det er noko forunderleg med slike romantiserande epitet som blir ulike diktarar til del etter at dei er borte, dei inneber både ein reduksjon av ein forfattarskap – som om einsemda er den einaste dimensjonen ved det – og ei form for heilaggjering, da einsemda har ein tendens til å bli knytt til det heilage, iallfall om ho er stor og lagnadstung nok. Men einsemda kan aldri vere det einaste, einsemda må alltid stå i motsetnad til noko for at ho skal gje seg til kjenne.

At dikt blir knytte til eit einsamt eg som uttrykkjer seg i fråværet av ein annan – det vere seg ein kjærast eller ein avliden – , er ei utbreidd førestilling, men det er knapt eit kriterium for kva eit dikt er eller bør vere. Likevel vil det alltid bli skrive slike dikt der eit einsamt eg vender seg til ein mogeleg lesar, ein lesar som er som eit kjært menneske som søv i rommet attmed eller i eit rom langt borte, som i dette diktet av den svenske poeten Marie Lundquist frå Brev till de sovande (Bonniers 1993):

 

Bara dårar skriver brev till de sovande.

Jag är en sådan dåre. Den jag skriver till

sover vänd från mig, långt borta från där vi var.

Jag har alltid tyckt om att sitta uppe och vaka

hos någon som sover i nästa rum. Eller tvärtom.

Att somna långsamt med vetskapen om att en annan

finns i nästa rum. Du finns i mitt nästa rum.

 

Nokre dikt har i seg den direkte og fortrulege tiltalen som finst i brevforma, gjerne slike brev som blir skrivne om natta. Der det eksisterer ein grenselaus tillit, lèt den største einsemda seg uttrykkje, som når vi får liggje i ei seng bak ryggen til kjærasten vår og kviskre han eller ho livsløyndomane våre inn i øyret, dei som berre kan bli fortalde der – i senga. Å skrive i einsemd om natta vil alltid innebere å vake over noko eller nokon, slik som i Lundquists dikt. Iallfall har eg titt og ofte den kjensla når eg merkar at klokka har passert midnatt og det er blitt stilt i alle naboleilegheitene. Brått er det berre lyden av min eigen kropp som rører på seg på stolen, og røysta mi som mumlar det eg har skrive, som fyller romma.

Sei meg, har du kjent einsemda?

Framleis høyrer eg røysta til kvinna som kom opp til meg etter at eg hadde lese opp i ein av salane på Litteraturhuset. Kan hende meinte ho å kunne høyre av dikta mine at eg ikkje hadde kjent ho godt nok, eller kan hende låg det ei anerkjenning i hennar måte å ta kontakt på, ei anerkjenning av at ho og eg mogelegvis delte nokre røynsler?

Akkurat det får eg nok aldri noko svar på. Eg får nøye meg med å konstatere at eg har kjent einsemda, og at ho har veksla mellom å vere ein fiende og ein sæl ven.

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram