Frå Utgåve 2-14
Skrive av Jon Kværne

Kosovos framtid

Fattigdom. Korrupsjon. Etniske konfliktar. Svake demokratiske tradisjonar. Korleis ser så folk sjølv på framtida – i eit land med så mange problem?

Tekst: Jon Kværne

Kosovo, Europas yngste stat, eit lite land midt på Balkan. Er vi på køyretur, er vi igjennom på eit par timar. På desse timane har vi sett fjell og åsar, så eit stort flatt landskap med jorde, enger og landsbyar, og så fjell og åsar igjen når vi køyrer ut. Kanskje sit vi igjen med kjensla av at vi eigentleg ikkje har sett noko veldig spennande – bortsett frå ei og anna uvanleg dristig forbikøyring.

 

Smug, sol, soul

La oss begynne med det viktigaste, nemleg oss sjølv. Burde vi droppe langhelga i Barcelona, og ta tre dagar i Kosovo i staden? Kosovo har flotte fjellterreng, og om vinteren kan ein stå på ski i bakkane i Brezovica, men Kosovo kan ikkje skilte med attraksjonar som Kroatias øyar, Albanias strender eller Athens ruinar. Likevel, Prishtina, Kosovos hovudstad, har sin eigen sjarm. Sjølv om byen ikkje er veldig stor, får ein lett den gode bykjensla der. Det er menneske i gatene frå morgon til kveld, unge og gamle.

I Kosovo er ikkje sola like sjenert som her i Noreg, så mykje av livet føregår ute, utanfor husa i nabolaget, på marknaden full av fargerike grønsaker, ved kaféborda. Og kanskje gir mangelen på attraksjonar rom for å nyte augneblinken? Sitje på terrassen til restaurant Pinocchio i åssida over byen og ete ein framifrå biff til lunsj, utan å skulle rekke noko bestemt etterpå. Labbe mellom blokker og gjennom smug som røper at byplanlegging ikkje har hatt veldig høg prioritet. Uventa ende opp i ein bydel der ein ikkje har vore før, og finne ein nabolagskafé der ein tek endå ein espresso eller macchiato i sola.

Seinare kan ein ta eit par Birra e Pejës på klubben «Hos Johny» – dersom ein finn han. Eit hol i veggen med plass til 15 menneske, kanskje 20 viss folk er i godt humør. Lydanlegget består av to platespelarar, og det finst ikkje ei plate i samlinga frå etter 1980. Kos for dei som liker soul, funk og disko. I denne sardinboksen blir ein fort kjend med folk, og kan få høyre nokre nye historier, og kanskje litt historie …

 

Eit dødeleg eventyr

Historia, ja: «Kosovo er den serbiske statens vogge, Serbias hjarte, den serbiske ur-provinsen» – det er ingen ende på journalistar som tek opp att slike utsegner, og ser ut til å meine at dei er relevante for situasjonen i dag. «Balkan produserer meir historie enn dei kan konsumere», sa Winston Churchill. Men sanninga er nok snarare at hendingane og prosessane som pregar Balkans historie, er dei same som for resten av Europa.

Grunnen til at ein kan trenge ein liten historietime før ein gir seg i kast med dagens Balkan, er først og fremst at historia er favorittreiskapen til autoritære regime som ønskjer å kontrollere si eiga befolkning. Så folk ikkje skal klare å konsentrere seg om leiarane sitt skamlause tjuveri frå fellesskapet. Skinet av fortida dekkjer over kvardagens søle: Dei eventyrlege forteljingane med deg som helt gjer at den traurige kvardagen kan aksepterast. Avisene, TV og skulen tvingar eventyret på deg utan stans. Slik veit du at fattigdommen din kjem av hatet frå naboane og omverda. Og du veit at sjølv om du er fattig, er du i alle fall betre enn dei andre.

Ideen om at Kosovos «naturtilstand» er å tilhøyre ein bestemt stat eller ei etnisk gruppe, er sjølvsagt meiningslaus. Frå slutten av romartida til slutten av mellomalderen var Kosovo i tur og orden styrt av: Bysants (–850), så eit bulgarsk keisarrike (850–1000), så Bysants igjen (1000–1180), så eit ekspanderande serbisk kongerike (1180–1370), så lokale stormenn (1370–1450), så osmanane (1450–).

Det som skjedde på 1900-talet, er langt viktigare for å forstå Kosovo i dag. I 1912 angreip Bulgaria, Hellas, Montenegro og Serbia det osmanske riket og delte dei europeiske territoria til riket mellom seg. Serbia og Montenegro fekk Kosovo. I mellomalderen hadde området hatt slavisk majoritet, men no utgjorde albanarane majoriteten. Dei neste 50–60 åra prøvde sigerherrane å gjere om på denne situasjonen. Mange albanarar vart drepne og mange fordrivne, slavarar utanfrå vart henta inn og fekk tildelt jord. Styresmaktene kunne sjølvsagt ha prøvd å gjere albanarane til likeverdige borgarar, men valde i staden undertrykking. Først rundt 1970 vart situasjonen betre. Kosovo vart ei eiga føderal eining i Jugoslavia, fekk regionalt sjølvstyre, eige universitet, og meir fridom.

I 1989 surfa Slobodan Milošević til makta på ei bølgje av serbisk nasjonalisme. Under eit folkemøte i Kosovo lova han den begeistra mengda at væpna kamp ikkje kunne utelukkast. Serbiske medium fløymde over av forteljingar om at serbarar var trua overalt der dei var i minoritet. Så kom krigane på rekkje og rad. Rundt 130 000–140 000 menneske vart drepne mellom 1991 og 2000, meir enn halvparten sivile.

Skal ein trekkje éin lærdom av krigane på Balkan, så er det at alle desse menneska døydde fordi heile nasjonar var lærte opp til å tru på eventyr. Derfor er det skremmande å sjå korleis Putin-regimet i dag innstendig tvingar den same type eventyr på Russlands befolkning når det gjeld Ukraina.

 

Kosovo blir eige land

Milošević-tida var prega av ei stadig aukande undertrykking i Kosovo, men også motstand. I 1998 vart den kosovoalbanske geriljaen, som alt hadde eksistert nokre år, sterk nok til å begynne meir omfattande motstand. I den albanske befolkninga var det også eit aukande utolmod med ikkjevaldslinja til Ibrahim Rugova, som fram til då var den samlande figuren deira. Serbiske styresmakter sette inn hæren, og snart var 3000 menneske drepne og fleire hundre tusen drivne på flukt internt i Kosovo.

Det internasjonale samfunnet prøvde å finne ei løysing: Ein FN-resolusjon kravde stans i kamphandlingane, 2000 OSSE-observatørar vart utplasserte, partane vart tvinga til å forhandle. Men stridane og overgrepa mot sivilbefolkninga heldt fram, og i mars 1999 gjekk NATO til angrep på serbiske styrkar og infrastruktur. Samtidig med luftangrepa sette det serbiske regimet i verk ei veldig opptrapping av massakrar og tiltak for å fjerne heile den albanske befolkninga frå Kosovo. I ein velorganisert kampanje vart titusenvis av menneske sette på tog som tok dei til den makedonske grensa. Der vart dokumenta deira tekne og brende, og dei sjølv sende over grensa. Andre stader vart befolkninga samla i kolonnar og sende over grensa til Albania.

På det meste var rundt 800 000 menneske fordrivne. Etter ei stadig meir omfattande NATO-bombing trekte Milošević dei serbiske styrkane ut av Kosovo. Dei fordrivne albanarane strøymde tilbake over grensa, tilbake til heimane sine. Det følgde hemnangrep mot den serbiske befolkninga som var att. Rundt tusen vart drepne, og mange flykta til Serbia.

Frå 1999 vart Kosovo sett under FN-administrasjon, og i 2005 starta ein FN-leidd prosess som skulle avklare Kosovos framtidige status. I 2008 erklærte Kosovo seg uavhengig, og i dag er landet anerkjent som uavhengig stat av 106 av FNs medlemsstatar, deriblant Noreg.

 

Når fakta ikkje tel

Kva kan vi lære av Kosovo? Vel, ein viss autoritær regimeleiar og fleire heimlege tankesmietenkjarar ser ut til å einast om at ein kan trekkje ei linje mellom Kosovo og Krim. Dei har eit poeng når dei peikar på at dei vestlege demokratiske statane ikkje sjeldan driv politisk hykleri og gjer feil. Men det er eitt problem med denne samanlikninga: Ho ser fullstendig bort frå det som faktisk skjedde i Kosovo. Forskjellen består i fleire tusen sivile drepne, neglisjerte FN-resolusjonar, utplassering av OSSE-observatørar og internasjonale meklingsforsøk, før NATOs angrep på Serbia skjedde. Den påfølgjande prosessen som leidde fram til Kosovos sjølvstendeerklæring, var altså FN-leidd, og varte i fleire år. Berre dersom ein ser bort frå dette, liknar Krim og Kosovo på kvarandre.

Det finst derimot eit interessant fellestrekk mellom Ukraina og Kosovo: ein ekstremt vanskeleg økonomisk situasjon for innbyggjarane. Begge landa har ein GNI (gross national income, det vil seie samla verdi av produserte varer og tenester) per innbyggjar på rundt 3 500 USD, ein tidel av EU-gjennomsnittet på 33 600 USD. Noregs GNI er på 98 900 USD, USAs på 52 300 USD, Russlands på 12 700 USD. Det viktigaste spørsmålet for menneska i Kosovo i dag er: Korleis kan livet mitt bli betre? For å få til dette treng Kosovo fråvær av vidare konflikt, eit fungerande rettsvesen, ein fungerande administrasjon og ein systematisk plan for økonomien. Tre grupper er med på å forme utviklinga her, og dermed Kosovos framtid: dei lokale politikarane, det internasjonale samfunnet og Beograd.

 

Armani, asfalt & privatisering

Etter krigen gjekk det ikkje lang tid før geriljaleiarane bytte ut kamuflasjeuniforma med dress. Dei veksla inn den opphavlege tiltrua og beundringa hos befolkninga i politisk makt, og i eit samfunn der både sivilsamfunnet og rettsvesenet stod svakt, betyr dette økonomisk makt. Kontraktar blir inngått for bygging av vegar og motorvegar, og statlege selskap blir privatiserte. Det dreier seg om store pengar, og alt tyder på at ein ukjend del av desse pengane endar opp i lommene til politikarane.

Administrasjonen er overfylt av Petter Spretts slekt og venner med uklare kvalifikasjonar, og saksgangen er uryddig og treg. Tregleik er i det heile ein viktig reiskap for å generere korrupsjon: Fortvila borgarar blir freista til å betale stikkpengar, jamvel når dei skaffar seg tenestene dei faktisk har krav på, som medisinsk behandling eller eit byggjeløyve. Korrupsjonen finst overalt. Rektor ved Universitetet i Prishtina måtte nyleg gå av, då det viste seg at fleire av artiklane som gjorde han kvalifisert til jobben, var publiserte i falske tidsskrift i India. Ein kan sjølv tenkje seg kor øydeleggjande det er for Kosovos framtid at studentane får utdanninga si prega av ukvalifiserte og uærlege lærarar.

I dag, berre 15 år etter krigen, ser ikkje folk lenger på dei tidlegare geriljaleiarane berre som frigjeringsheltar, men òg som tjuvar, eller endå verre, som mafialeiarar. Dei har med andre ord vore raske til å følgje eksempelet til den politiske klassen i nabolanda.

 

Desentralisering eller destabilisering?

Kosovos grunnlov vart til i den FN-leidde statusprosessen. Ho gir store rettar til kosovoserbarane og styresmaktene i Beograd gjennom ein omfattande desentraliseringsprosess. Men mange albanarar er skeptiske til kva Beograd eigentleg ønskjer med desentraliseringa. Beograd insisterte konsekvent på at ein serbar i Kosovo ikkje kan dømmast av ein albansk dommar, gå til ein albansk lege, gå på skule med albanske lærarar – med andre ord at det er umogleg for serbarar og albanarar å leve saman.

Serbias statsminister Ivica Dačić uttalte i eit TV-intervju så seint som i 2011: «Der folk er oppdregne til å hate kvarandre, kan ein ikkje ha ein multietnisk stat» (men utan å anerkjenne si eiga rolle i denne «oppdraginga»). Han gjekk inn for at Kosovo – og resten av Balkan – måtte få nye, etnisk definerte grenser – sjølve kjerneideen bak den etniske reinsinga på 90-talet.

«Minoritetsrettar» og «lokal sjølvbestemming» er fine ord, men realiteten er at Beograd misbruker slike prinsipp til å auke si makt i Kosovo. Dei nøler ikkje med å presse også dei lokale serbarane, så til sjuande og sist er det Beograd, og ikkje den lokale minoriteten som bestemmer. Paradoksalt nok kan det i dette tilfellet vere slik at dess fleire rettar ein gir, dess mindre blir sjansane for reell integrering.

 

Oppgjerstimen

Å få luka ut dei ansvarlege for krigsbrotsverka frå dagens samfunnsliv er svært viktig både for Kosovo og Serbia: Offera treng rettferd, og krigsforbrytarar ønskjer i realiteten neppe noko godt for eiga etnisk gruppe heller. Sidan 2008 har EU hatt eit enormt sendelag, EULEX, i Kosovo for å hjelpe til med å etablere eit fungerande politi og rettsvesen. EULEX har også utøvande makt i dei mest alvorlege sakene. Men på grunn av politisk hestehandling med dei lokale elitane i Beograd og Prishtina er resultata ikkje så gode som ein skulle vente, og Kosovo har i dag eit svakt og etnisk delt rettsvesen. Likevel er ein del saker om krigsbrotsverk behandla, og snart blir det etter alt å dømme oppretta endå ein EU-leidd domstol som berre skal sjå på skuldingar om overgrep som er utførte av den kosovoalbanske geriljaen.

Serbia, på si side, har til dags dato ikkje teke eit oppgjer med overgrepa som statens politi- og militærstyrkar utførte i 1998–99, då 8000 albanske sivile vart drepne. Mange av offera vart frakta til Serbia for å skjule spora, og ein har grave fram hundrevis av lik på treningsområda til politiet nær Beograd. Transporten føregjekk med frysebil: Ein av desse flaut opp frå botnen av Donau med over 80 lik i kjølekonteinaren. Framleis er rundt 1700 menneske sakna, men Beograd motarbeider i realiteten forsøka på å oppklare lagnaden deira. Dei som utførte overgrepa, finst framleis på alle nivå i serbisk militær- og politivesen. Sidan 2003 har den serbiske statsadvokaten for krigsforbrytarsaker reist tiltale mot mellom 20 og 30 personar for massakrane i Kosovo, eit skuffande tal som fortel sitt. Ofte blir klagemålet reist først når kompromitterande materiale dukkar opp, eller etter at den serbiske ikkje-statlege organisasjonen Humanitarian Law Center leverer fullstendig dokumentasjon om ein enkeltmassakre, og så krev at det blir reist sak.

 

Gode hensikter – feil modell

I Kosovo, som i Bosnia, prøver det internasjonale samfunnet å sikre seg innverknad gjennom å akseptere ein samfunnsmodell basert på etnisk deling, kombinert med støtte til føretrekte enkeltpolitikarar. Men erfaringane etter 20 år i Bosnia støttar ikkje denne tilnærminga. Trass i massivt internasjonalt nærvær og innsats ligg Bosnias økonomi i ruinar, arbeidsløysa er skyhøg, og ein forvaksen, parasittisk elite av politikarar og funksjonærar blokkerer alle forsøk på å skape fungerande institusjonar. Våren 2014 var det massive demonstrasjonar, men det er tvilsamt om dei kjem til å resultere i noka betring.

Kosovos befolkning er svært provestleg og takknemleg for hjelpa dei faktisk har fått frå det internasjonale samfunnet. Men når representantar frå det internasjonale samfunnet prøver å manipulere Balkan-politikarar, overser dei faren for at det er dei sjølv som endar opp med å bli manipulerte. Og når ein møter Kosovos politikarar, er det ofte tydeleg at dei ikkje har noko anna program enn å halde seg ved makta. Nyleg fann Kosovos statsminister, Hashim Thaçi, det for godt å love ein generell lønnsauke i det offentlege på 25 prosent – hokus pokus! Då han vart spurd om kvar desse pengane skulle kome frå, svara han ganske enkelt: «Vi har spart.» Det finst ei enkel forklaring på at statsministeren plutseleg er så raus, sjølv om det økonomisk sett er uforsvarleg, nemleg at 2014 er eit viktig valår i Kosovo. Politikk på Balkan dreier seg om å vinne valet. Kva du har tenkt å gjere etter at minister- og direktørpostar er fordelte, blir det snakka mindre om. Lite tyder på at Thaçi har nokon plan for korleis økonomiske – eller andre – verdiar skal skapast i Kosovo.

 

Meir enn ein lapp i ein boks

Demonstrasjonane i Bosnia får neppe særleg effekt. Dei var massive, men uorganiserte. Kosovo skil seg i så måte frå resten av Balkan-regionen, ved at landet faktisk har ei rørsle som prøver å omsetje den jamne befolkninga si oppleving av eigen situasjon til politisk handling. Rørsla Vetëvendosje! (Sjølvbestemming!) starta som ei protestrørsle som organiserte demonstrasjonar mot den FN-leidde statusprosessen, men etter kvart vart rørsla også eit politisk parti. Då Vetëvendosje! stilte til val i 2010, fekk partiet 13 prosent av stemmene. I haust vann kandidaten deira ordførarvalet i Prishtina. Han har sett i gang ein kampanje for å rydde opp i kommuneadministrasjonen: Dokument i vill uorden blir arkiverte og digitaliserte, ulovlege bygningar blir rivne, tvilsame kontraktar blir oppsagde og politimelde. Nyleg kom dei første arrestasjonane.

Det som skil Vetëvendosje! frå Kosovos andre parti, er at partiet legg vekt på at medlemmene skal delta og utdannast, og at det faktisk har eit program, der ein prøver å finne svar på Kosovos utfordringar. Leiaren, Albin Kurti, framheva nyleg behovet for å gå frå konseptet «asfalt og privatisering» (altså ein korrupt økonomi der ein legg vekt på å skumme statens ressursar) til «produksjon» som skal aukast gjennom innovasjon og forbetra utdanning. Vetëvendosje! vil i større grad bruke statssubsidiar, spesielt i jordbrukssektoren, der størstedelen av Kosovos befolkning har arbeidet sitt, for å dytte økonomien i gang.

Det internasjonale samfunnet er ikkje begeistra for Vetëvendosje!, noko som kjem av at partiet er langt mindre villig til å inngå dei kompromissa det internasjonale samfunnet er vant med frå lokale leiarar. Men rørsla minner oss om noko viktig: Demokrati er meir enn berre å putte ein lapp i ein boks med jamne mellomrom, det krev deltaking og ansvarleggjering av befolkninga.

Korleis ser så folk sjølv på framtida i Kosovo, i eit land med så mange problem? Er det fortviling og depresjon som pregar kvardagen? I 2011 utforma Universitetet i Oslo og Universitetet i Rijeka prosjektet Strategies of Symbolic Nation-building in South Eastern Europe, ei stor regional spørjeundersøking om korleis innbyggjarane ser på staten dei lever i. På spørsmål om korleis dei ville beskrive Kosovo som ein stad å leve, svarte 61 prosent at det var ein fantastisk stad. Kosovos befolkning var faktisk den mest positive i heile regionen, trass i at levestandarden er lågast. Rettnok ønskjer 40 prosent av aldersgruppa 18–29 å emigrere viss dei får sjansen, men sjølv dette er lågast i regionen.

Det viser seg at menneska i Kosovo er overraskande motstandsdyktige, og slett ikkje legg seg ned og græt når dei møter problem. Dersom Kosovo får bukt med korrupsjonen, unngår undergraving utanfrå, og politikarar faktisk utarbeider ein realistisk plan for økonomien, kan ting gå betre enn ein kanskje skulle tru i dag.

Omsett frå bokmål til nynorsk av Aud Søyland

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797