Frå Utgåve 1-14
Skrive av Pål Veiden

Ein by - fleire byar

Wien: Keisarbyen. Turistgatene. Sachertorte. Og dei nye borgarane.

Tekst: Pål Veiden. Foto: Bob Krist/Corbis

 

Austerrikaren var alltid kosmopolitisk. Frå Spania, Holland, Italia, frå Frankrike, Belgia, Böhmen og Polen, frå Balkan og frå Tyrkia har mange av forfedrane våre kome, og i den austlegaste hovudstaden i Vesten er dei blitt til wienarar.

Oskar Kokoschka

 

Dei siste åra har det vore sett søkjelys på integrasjonsproblem i europeiske storbyar. Uttrykt på godt norsk har dette handla om problem med innvandrarar frå ikkje-vestlege land. No er omgrepa «innvandrar» og «ikkje-vestleg» alt anna enn eintydige, og det er for den saks skuld ikkje ordet «integrasjon» heller. Som sosiolog betraktar eg integrasjon som den sentrale problemstillinga. Det er ein slags grunnlærdom – eller dogme – i sosiologifaget at integrasjon i det moderne samfunnet ikkje lenger følgjer automatisk, noko det tilsynelatande gjorde i det som blir kalla «tradisjonelle samfunn».

Urfaderen i europeisk sosiologi, franskmannen Emile Durkheim, uttrykte dette som skiljet mellom mekanisk og organisk solidaritet: Den mekaniske skjer ureflektert, automatisk, gjennom standen din, arbeidet og ikkje minst slekta. Den organiske solidariteten, derimot, er prega av sterk arbeidsdeling – berre tenk på dei uendeleg mange yrkesmoglegheitene eit moderne menneske har – og korleis skal då samfunnet henge saman? Kva for mekanismar sørgjer for ein slags intakt samfunnsmessig heilskap i ei verd av globalisering? Skule? Jobb? Språk?
Wien har fire pilarar i integrasjonspolitikken sin: språk, utdanning, arbeid og å leve saman; dessutan skal alt dette evaluerast. Og det er tema i det følgjande.

Frå stor til mindre til …?
Wien har i underkant av 1,8 millionar innbyggjarar. Det var ein del av barnelærdommen i austerriksk skule: Talet på innbyggjarar i Wien gjekk ned. Andre storbyar voks, Wien hadde kursen nedover. Byen hadde under 1,5 millionar innbyggjarar i 1988, tida då pila atter peika oppover. I 1910 hadde Wien over 2 millionar innbyggjarar og var sentrum i det store habsburgske riket. Her låg sentraladministrasjonen for over 50 millionar menneske, frå dagens Vest-Ukraina til Trieste, Praha og til Krakow og dei vidgjetne Dracula-traktene i Transilvania.

Det vart snakka minst 15 forskjellige språk i riket, der tysk likevel hadde ei særstilling. Wien var keisarstaden der håpet til mang ein emigrant var. Byen hadde altså fleire innbyggjarar for 100 år sidan enn i dag. Og innbyggjarane fekk betale prisen for det i 1918: Etter at habsburgarriket tapte krigen og fall, var Wien ein overdimensjonert by. Wasserkopf vart byen kalla, det store hovudet i det vesle landet. Kriseår følgde. Wien var lutfattig, titusenvis av offentleg tilsette mista arbeidet, mange tsjekkiske arbeidarar emigrerte heim til den nye staten Tsjekkoslovakia. Wien vart mindre multikulturell, mindre tiltrekkjande og kunne by innbyggjarane sine svært lite. Det var tilfellet i 1918, og det var tilfellet i 1945: tapte krigar og trøysteslause utsikter.

Begge gongene løyste det seg bra, første gong for nokre tiår – det «raude Wien» i mellomkrigstida var ein stor suksess – og andre gong? Ja, andre gong er tema her. Wien etter andre verdskrig, Wien i dag: ei suksesshistorie av ei anna verd. Wien har utvikla seg til ein av dei beste, rikaste, mest integrerte og vakraste byane i Europa. Og eit fleirtal er også fornøgde når det gjeld integrasjon: Avisene melder at eit fleirtal av austerrikarane – 61 prosent – synest integrasjonen er vellykka. Likevel meiner fleire at ein bør bli flinkare til å integrere via språk, og at ein forventar toleranse frå innvandrarar når det gjeld den heimlege kulturen.

Ein vellykka ny wienar
Vi trefte nyleg ein hyggeleg drosjesjåfør frå Kurdistan, som hadde budd i Wien lenge. Ein fantastisk by, sa han, med eit strålande skulesystem. Her får barna hans flott utdanning, og det kostar ingen ting. Noko så sjeldsynt som ein fornøgd innvandrar? No ja, han la til at Wien sjølvsagt var ein korrupt by, at sosialistpartiet styrte som dei ville, og at han sjølv sjølvsagt stemde på kommunistpartiet, og «det har eg fortalt barna mine at dei skal gjere også».

Ein meir harmlaus kommunist skal ein vel leite lenge etter, og det uttrykker det doble i mang ein wienars liv, inkludert innvandrarar: Dette er sannsynlegvis den beste byen i verda, men på den andre sida … Og så følgjer alle klagene. Typisk wiensk, vil nokre seie, og eit eksempel på korleis utlendingar blir wienarar: ha det ganske OK, men ikkje gløym å klage. Som den legendariske skodespelaren og artisten Helmut Qualtinger (1928—1986) uttrykte det: Problemet for alle wienarar er at ein ikkje lenger kan halde ut i Wien, men ikkje nokon annan stad heller.

Wien, Wien, nur du allein
Overskrifta er henta frå ein populær slager frå altfor lenge sidan. Ho framstiller den haldninga at jau, det kan nok vere mange flotte byar her i verden, men til sjuande og sist berre eitt Wien. Kynikarar vil seie at det finst jo berre eitt Berlin eller eitt Paris, eller for den saks skyld eitt Moss, men wienarane har nokre betre kort på handa. I målingar over livskvalitet og meir eller mindre seriøse kåringar av verdsens beste byar å leve i kjem Wien alltid i toppen. I konkurranse med byar i Sveits, Canada og Australia, ein og annan slengar frå andre stader, men i det store og heile: Wien skårar alltid høgt. Og med god grunn. Dei har fått til mykje: kollektivtransporten er strålande, lufta er god, friluftsmoglegheitene rundt byen er glimrande, bustadpolitikken er – noko eg kjem tilbake til – kjend for å skaffe vanlege folk grei bustadstandard, og kriminaliteten har tradisjonelt vore låg. Legg til kulturlivet, så har du ein svært attraktiv by.

Wien er blendakvit samanlikna med Oslo, skreiv den erfarne journalisten Terje Svabø. Det beviser nok ein gong at mennesket generelt og kanskje journalistar spesielt har problem med å sjå utover eigen nasetipp. Svabø budde i 19. distrikt i den nemnde byen, eit borgarleg strøk av velståande menneske og turistar. Rettnok har bydelen – som heiter Döbling – også nokre meir proletære strøk, ned mot det vidgjetne Karl Marx-Hof, men sjølv det har noko gammalmodig over seg. Verden av i går, som Stefan Zweig kalla den vakre minneboka si. Nei, Wien er ikkje blendakvit. Wien er ein innvandrarby.

Skule = integrasjon
På same måten som Noreg og andre velståande vestlege land legg Austerrike vekt på utdanning. Det handlar sjølvsagt om den vanlege, litt slitsame næringslivsretorikken om «kva skal vi leve av i framtida», men også meir og i denne samanhengen viktigare: Skule er integrasjon. Skulen er ofte ein meir effektiv integrasjonsmekanisme enn familien. Her er statistikken for Wien som gjer påstanden om den blendakvite byen noko underleg: Rundt halvparten av barneskuleelevane har ikkje tysk som morsmål. Og det er ikkje engelsk eller fransk som dominerer, men språk frå Eks-Jugoslavia, Tyrkia og mange andre land og kulturar. Dette viser ganske dårleg når ein spradar rundt i byens 1. distrikt, med praktbygga, musea, kafeane og dei elegante butikkane og ei befolkning på ca. 15 000 menneske. Her er det kanskje blendakvitt, hadde det ikkje vore for mange turistar frå nær og fjern.

Talet på elevar som ikkje har tysk som morsmål, varierer frå 81 til 20 prosent i dei 23 bydelane i byen. I bydelen Margareten har over 80 prosent av elevane eit anna morsmål, i Ottakring og Rudolfsheim-Fünfhaus er det 75 prosent. Også i andre tradisjonelle arbeidardistrikt har godt over halvparten eit anna språk enn tysk som morsmål. I det atskilleg meir velståande Hietzing er prosentdelen nede på ikring 20 prosent.

Wienarane har vore og er gode på skuletilbod til alle, for tilrettelegging av språkkurs og tilpassa undervisning. Den ansvarlege ministeren for integrasjon – den 27 år gamle nyutnemnde utanriksminister Sebastian Kurz – seier i ein kommentar at det blir lagt vekt på forpliktande opplæring i tysk i barnehagen, så barna er klare for skulen når den tid kjem. Det vil vise seg om dei mange velmeinte tiltaka og planane får den ønskte effekten.

Krone! Kurier!
Den mest brutale utlendingspolitikken i Wien kan ein observere ved å sjå på og snakke med dei som sel aviser på gata og i kafear. Som nyinnflytt nordmann hugsar eg det var flott å få morgondagens avis på gata på veg heim frå jobb, for ikkje å seie på vertshuset om kvelden. Og det var altså laussalsavisene Krone Zeitung og Kurier som vart og blir mest selde, etter kvart også kvalitetsaviser som Der Standard og Die Presse, pluss ymse tidsskrift. Ei fin ordning for oss lesarar. Kanskje mindre fint for seljarane. Alle er ikkje-vestlege innvandrarar eller asylsøkjarar. Slik sett har dei det kanskje betre enn i landet dei kom frå, men nokon fest i Vesten er dei ikkje inviterte til.

Ein avisseljar fortalde til den nemnde avisa Die Presse at han hadde selt aviser ved T-bane-stasjonen Kagran i 40 år. Til den jobben trong han ikkje noko arbeidsløyve, berre ei offisiell stadfesting på at han var i byen, og dessutan eit pass. Han kom med visum frå Egypt og vart verande i Wien. Nokre år til, og han har rett på ein dårleg pensjon. Han er utdanna kjemiingeniør, men fann ikkje noko anna. Som om ikkje det var nok: Det var betre betalt tidlegare, då folk las meir aviser, då det ikkje fanst gratisaviser og Internett. Også denne avisseljaren peika på at barna hans får ei fin utdanning. Sjølv blir han ofte betrakta som eit tredjeklasses menneske.

Det finst ca. 600 avisseljarar i Wien, berre ikkje-vestlege personar. Det er ein måte for asylsøkjarar å få jobb på, legalt er dei ein del av ein lang juridisk diskusjon om rettar og arbeidsforhold. Avisseljarane er sjølvstendig næringsdrivande. Dei kjøper sjølv avisene dei sel vidare. Hadde dei derimot vore lønnstakarar, hadde dei hatt fleire rettar, men då må ein ha ei «Arbeitsbewilligung» – arbeidsløyve, og det får ikkje for eksempel asylsøkjarar. Og egyptaren vår fortel at han har ei timelønn på ca. 3 euro, noko som tilsvarer 25 norske kroner. Det er brutalt, men kva er alternativet for desse folka? Det positive: Dei får arbeid. Det negative: Ville du teke ein slik jobb?

Ei undersøking frå Wiener Arbeiterkammer viser at kvar tredje innvandrar har arbeid under utdanningsnivået sitt. Sjølv med anerkjend akademisk utdanning er det vanskelegare for dei enn for innfødde å få adekvat arbeid. For austerrikarane sjølv gjeld dette berre 11 prosent. Og det stoppar ikkje der: Innvandrarar tener i gjennomsnitt vesentleg dårlegare, og dei er i større grad arbeidslause. Eit av krava frå det nemnde Arbeiterkammer har vore meir etterutdanning og betre rådgiving til innvandrarar om arbeidsmarknaden. I og med at det er generelt betre tider i Wien enn i dei fleste europeiske storbyar, har mange innvandrarar funne greitt arbeid og bustad i byen, men statistisk sett er dei langt frå likestilte med den heimlege befolkninga.

Wohnen, Wohnen, Wohnen!
Nei, heller ikkje den overskrifta er mi. Ho er frå ein kjenning, ein anerkjend økonom som kort skulle oppsummere den sentrale politikken i Wien i etterkrigstida: Det handlar om å bu. Det handlar om å skaffe «vanlege folk» ei skikkeleg leilegheit. Kommunen Wien er ein av – om ikkje den – største bustadeigaren, hundre tusenvis av menneske bur i kommunale leilegheiter. Det å leige er normalt, og ikkje som i liberalistiske Oslo som avvik å betrakte. Ei trygg husleige, livstidskontrakt. Punktum. Men så følgde spørsmålet: Skal utlendingar sleppe til i desse bustadene? Er dei ikkje bygde for «våre eigne»? Bustadpolitikken er midt i den ikkje alltid vellykka integrasjonspolitikken i Wien. EU-borgarar slepp til, dei har same rettar som austerrikarane. Det rettslege er atskilleg meir uklart når det gjeld andre utlendingar, og det er ingen valvinnar for det regjerande sosialdemokratiske partiet å sleppe til alle.

Det høgrepopulistiske Friheitspartiet veit å spele på skepsisen mange har mot ikkje-vestlege innvandrarar i burettslaget. Verst ut kjem dei av dei nye wienarane som er overlatne til den private leigemarknaden, der dei kan hamne som «Untermieter», dvs. at dei leiger av ein som leiger. Då har du ingen rettar, berre ei høg husleige. Ein regulert kontrakt er ofte ein fjern draum for mange.
Det finst knapt eit område som styresmaktene i Wien skryter oftare av enn bustadpolitikken, ikkje alltid med rette. Det kan verke som om bustadpolitikken integrerer dei «gamle» wienarane meir enn dei «nye»: Mange ikkje-vestlege er avhengige av private avtalar som er lite forpliktande for den som leiger ut. Desse leigene er heller ikkje regulerte. Kort fortalt: Den delen av bustadmarknaden som er «fri», er det minst attraktive for folk med dårleg råd, og det har ofte ikkje-vestlege innvandrarar.

Forskjellane mellom skuledistrikt er dei same når det gjeld bustad: Innover i distrikta – eller bydelane – finst gode og dårlege strøk. I Wien er det påfallande kor nedslitne strøka rundt Gürtel – trafikkåra som skil dei indre bydelane frå dei ytre – er. Ergo er det ikkje-vestlege som bur der. Der er mykje trafikkstøy og dårlegare luft. Integrasjon betyr ikkje at alle slags menneske bur saman i same strøk. Integrasjon betyr snarare at du er velkomen til å leite etter strøk der likesinna bur.

Ein snakkar wiensk – eller?
Dårleg tysk høyrer ein over heile byen. Kelnerar, ekspeditriser, bussjåførar, seljarar på diverse marknader. Alle vi som ikkje er fødde i Wien, som ikkje eingong er austerrikarar, vi møtest i vårt felles dårlege tysk, vårt meir eller mindre avslørande ikkje-wiensk. Dei wienske språkkodane er ganske subtile, men samtidig er jo byen delt her også: lyden av 13. distrikt har lite med 10. å gjere.

Men det er ein klang som kanskje irriterer mest: lyden av nesten-austerrikarar, dei som ikkje lèt seg integrere. Kven? Tyskarane, sjølvsagt. Dei som heilt utan vidare forsyner seg av studieplassane og dei interessante jobbane. Dei som snakkar ein tydeleg skarrete tysk, noko som fører til at wienaren ved nabobordet lirer av seg ei spydigheit om «Piefke,» ei nedsetjande nemning om tyskarar, kanskje med unntak av folk frå Bayern. «Piefke» kan også sikte til ein viktigper, ein litt overlegen type.

Og då er vi inne i diskusjonen om forholdet mellom austerrikarar og tyskarar. «Dei er åtskilde berre gjennom eit felles språk», som ein vittig kar uttrykte det. «Dei lèt seg ikkje integrere», skreiv tidsskriftet profil – ja, det blir skrive med liten p – på framsida for nokre år sidan. Det var meint som ein spøk, men ikkje berre det. Tyskarane er dei som også kan utkonkurrere den heimlege befolkninga, samtidig som Austerrike og Wien er ekstremt integrerte i tysk økonomi. Kort sagt: eit gjensidig avhengigheitsforhold, ikkje berre basert på kjærleik. Men dette fornuftsekteskapet skaper få problem når det gjeld integrasjon, berre ei påminning om at wiensk nok er tysk, men ikkje berre det.

Språket inneheld ord og slang frå fransk, tysk, jiddisch, hebraisk, tsjekkisk og ungarsk, for å nemne dei mest påfallande. Ord som «mies» for «schlecht» er for eksempel frå hebraisk, og staden der mange wienarar gjerne bruker tid, i kneipa på hjørnet, kjem frå jiddisch og heiter «Beisl», av ordet «bajes», som betyr hus. Språket er ein integrasjonsmekanisme, men integrasjonen forandrar også språket. Tidlegare sa ein alltid at du kan sjekke telefonkatalogen for Wien, så ser du at mange av namna har austeuropeisk bakgrunn. Det gjeld jo enno, men kven sjekkar ein telefonkatalog i dag?

Wien og jødane deira
I 1910 hadde byen nesten 200 000 borgarar av jødisk opphav. Drapsmaskineriet til nazistane tok mange, og mange flykta. Ingen andre etniske grupper har som jødane sett preg på byen. I dag er det få jødar att, men gruppa har vakse. Kanskje kan det dreie seg om 15 000 personar. Dei ortodokse viser framleis att i bybiletet, særleg i det tradisjonelle jødiske området i 2. distrikt. Det står væpna vakter ved synagogen. Antisemittismen er ikkje borte, men han er svekt, og han er heldigvis ingen valvinnar.

Eit jødisk museum vart opna på 1990-talet, ein tradisjonell jødisk sportsklubb såg atter dagens lys, og det finst jødiske barneskular og gymnas. Det jødiske kulturlivet blomstrar meir enn på lenge, ikkje minst takka vere innvandring frå tidlegare Sovjetunionen.

Då var det andre tider den gongen for over hundre år sidan då den populære borgarmeisteren Karl Lueger uttala: «Kven som er jøde, bestemmer eg.» Framleis heng portrettet hans på veggen i eit populært vertshus i sentrum. Men så lenge han forblir veggpryd, er det meste i orden. Det multikulturelle Wien har overlevd, og det lever enno.

Lever ved sida av kvarandre
Wienarane gjer det ikkje lett for seg sjølv: Multikulturell begeistring frå politikarane skal omsetjast i bustad, arbeid, utdanning og fredeleg sameksistens. Det største problemet er tendensen til gettoskular, i strøk der austerrikarane flytter frå eller søkjer til privatskular.

Integrasjon betyr sterk vektlegging av tyskopplæring, men viss ein heil skule i utgangspunktet er ganske dårleg? Det betyr at folk lever ved sida av kvarandre, at dei lever i same by, men ikkje nødvendigvis saman. At integrasjon i Wien er eit velmeinande og relativt godt fungerande prosjekt, men at sosiale forskjellar og ulikskapar består. Arbeid? Wien er som europeiske storbyar flest: klassedelt. Det kjem framleis til å bli gjenspegla i arbeid, og i bustad. Og siste punkt, samlivet? Folk lever ved sida av kvarandre, ikkje saman. Integrasjonen i Wien verkar bra i tydinga at folk kjem dit og i det store og heile får det betre enn der dei kom frå. Noko multikulturelt paradis blir det ikkje, men dei fleste vil nok stemme i med den kurdiske drosjesjåføren vår i at det er ein strålande by. Trass alt.

Omsett frå bokmål av Aud Søyland

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram