Frå Utgåve 1-14
Skrive av Ragnhild Eikenes

Men frykta lever vidare

Mange forstod det då Radio Rwanda byrja å spele klassisk musikk seint på kvelden 6. april 1994. Musikken fortalde at det var skjedd noko ekstraordinært. Det var eit varsel om død.

Denne våren har Rwanda markert dei apokalyptiske hendingane som knuste landet og folket for 20 år sidan. Med nedskytinga av flyet som bar Rwandas president Juvénal Habyarimana og presidenten i nabolandet Burundi, Cyprien Ntaryamira, starta folkemordet der mellom 800 000 og 1 000 000 tutsiar og såkalla «moderate» hutuar vart drepne i løpet av 100 dagar. 

 

Verdssamfunnet svikta kapitalt og trekte ut nesten alle FN-styrkane i staden for å forsterke dei, medan spedbarn og besteforeldre, mødrer, fedrar, systrer og brør vart lemlesta, valdtekne, torturerte og drepne. Heile familiar vart utrydda, og ingen i det vesle sentralafrikanske landet var umerkte av valden. Det er dei framleis ikkje. 20 år etter sit tusenvis av vanlege menneske – skuldige eller uskuldige – fengsla for drap i Rwanda. Trauma sit framleis fastskrudde i kroppane til mange av dei som lever og hugsar, og mangelen på ei gjennomgripande forsoning i det rwandiske samfunnet gjer at mistru og frykt lever vidare og får næring.

Kva var det som hende? Var det urgammalt stammehat som eksploderte i ein drapsorgie ute av kontroll? Slike forklaringar har til dels prega forteljinga om folkemordet. Og her ligg både ei av dei grovaste og mest stereotypiforsterkande skeivframstillingane av folkemordet i Rwanda og fleire andre såkalla «stammekonfliktar» i Afrika. Rett nok hadde det utvikla seg djupe motsetnader mellom hutuar og tutsiar, og gruppetilhøyrsle var avgjerande for liv eller død under folkemordet. Men urgammalt stammehat var ikkje hovudforklaringa på det mest effektive massedrapet i verdshistoria. Det eksisterte i høg grad eit klassisk politisk og økonomisk bakteppe for intern konflikt, som eg skal komme attende til. Først er det likevel grunn til å sjå nærare på stammeomgrepet i rwandisk kontekst.

 

Hutuar og tutsiar

Dei færraste Rwanda-kjennarar vil i dag meine at det i det heile dreier seg om to ulike «stammar». Frå gammalt av var Rwanda eit tutsistyrt kongedømme med føydalt preg, der tutsiar tradisjonelt var kvegeigarar, medan hutuar gjerne arbeidde med jorda under noko som minte om leiglendingstilhøve. Men gruppetilhøyrsla var ikkje statisk. Folk gifta seg på tvers, og både gjennom giftarmål og eigedom kunne enkeltmenneske endre status og gruppe. Det som ofte skil ein såkalla «stamme» eller etnisitet frå ein annan, er ulikskapar i levesett, språk, religion, historie og kultur. I Rwanda delte hutuar og tutsiar same språk, dei delte i stor grad same levesett, og dei delte fleire hundre år med felles historie. Enkelte meiner difor at motsetnadene mellom hutuar og tutsiar tradisjonelt hadde form av eit klasseskilje snarare enn etnisitet.

Men som i dei fleste andre afrikanske land gjorde koloniseringa stor skade. Om det ikkje hadde eksistert eit medvit om «etniske» motsetnader frå før, så vart eit slikt medvit skapt, forsterka og dels sementert. Kolonimaktene, først den tyske, så den belgiske, spelte dei to gruppene opp mot kvarande i eit klassisk kolonistisk splitt-og-hersk-mønster. Gjennom kvasivitskaplege metodar vart hutuar og tutsiar vurderte på utsjånad og eigenskapar, som så la grunnlaget for å karakterisere tutsifolket som ei høgareståande gruppe som eigna seg til å styre over hutumajoriteten. Den såkalla «reine» tutsien vart sett på som vakrare og meir lik europearane med høg panne, smal nase, lysare hudfarge og høgreist kropp. Hutumajoriteten, som etter europeiske parametrar vart vurdert til å ha meir «negroide» trekk (brei nase og store lepper), vart dømd som lågareståande.

Dei dels konstruerte gruppemotsetnadene vart kraftfullt utnytta til politiske føremål både under kolonitida og i ettertid. Allereie sidan før frigjeringa, i maktkampen som gjekk føre seg seint i 1950-åra, og som enda med den såkalla revolusjonen der hutumajoriteten vann makta, vaks det gradvis fram ein etnisk basert ideologi, Hutu Power. Ideologien gjekk ut på at tutsifolket var inntrengjarar som ikkje høyrde heime i Rwanda, og at dei såleis måtte drivast ut før dei igjen la hutufolket under seg. I fleire omgangar etter frigjeringa har det vore massedrap på tutsiar, og mange flykta til nabolanda.

Ekstremismen vart gradvis dempa, for så å bli henta fram att og finslipt i byrjinga av 1990-åra og kulminerte med «Hutu Ten Commandments» – tydeleg rasistiske bod som dels kunne minne om den propagandaen nazistane dreiv mot jødane i mellomkrigstida. 

 

Folkemordet og det politiske bakteppet

Allereie om morgonen 7. april 1994 var vegsperringane på plass i hovudstaden Kigali, bemanna av både soldatar og sivile drapsmenn. Natta hadde vore redselsfull. Soldatar og ungdommar frå Interahamwe – ein milits som var knytt til presidentens eige parti – jakta frå hus til hus med førehandsproduserte namnelister; dei leitte etter tutsifamiliar, og dei drap for fote. Militsen hadde, saman med hæren, ei instrumentell rolle i gjennomføringa av folkemordet.

Vegsperringane spreidde seg etter kvart til resten av landet. Rwanda er eitt av Afrikas minste land i utstrekning og det tettast befolka. Både topografisk og sosialt var – og er – landet ekstremt oversiktleg. I tillegg hadde drapsmennene eit uvurderleg hjelpemiddel. Koloniherrane frå Belgia hadde innført obligatoriske identitetskort som fortalde kva gruppe eigaren høyrde til; hutuar (ca. 85 %), tutsiar (ca. 14 %) eller pygméfolket twa (ca. 1 %). Ved vegsperringane var kortet anten ein billett til vidare liv eller eit dokument stempla med den uvilkårlege dommen: Å vere tutsi var i nær alle tilfelle det same som døden.

President Habyarimana hadde vore på veg heim frå Arusha i Tanzania, der han hadde sete i forhandlingar om maktdeling med opposisjonen og med hovudfienden, Rwandas Patriotiske Front (RPF). RPF var ein tutsidominert geriljahær som frå sitt langvarige eksil i Uganda hadde invadert Rwanda fire år tidlegare. Borgarkrig, saman med økonomiske nedgangstider, jordmangel og massearbeidsløyse, særskilt blant unge menn, auka spenningane i landet. Mange i eliten kring president Habyarimana, dei såkalla Akazu, var difor, med rette, redde for at makta deira var i ferd med å forvitre. Dei var sterkt kritiske til Habyarimanas «flørt» med fienden, og mange høyrde til Hutu Power-ideologien. Som ofte elles når makta er truga, vart retorikken mot fienden dyrka og gjødsla.

Det er velkjent at enkelte medium vart katalysatorar for spreiing av hatpropaganda der bodskapen i korte trekk var «drep fienden, før fienden drep deg». Særleg var radiostasjonen Radio et Télévision Libres des Mille Collines (RTLM) og avisa Kangura talerøyr for Hutu Power-propagandaen som bidrog til å framandgjere og dehumanisere alle menneske med tutsibakgrunn, anten dei hadde tilknyting til RPF eller ikkje. Kinyarwanda er eit biletleg språk, og gjennom RTLMs eter vart tutsifolket omgjort til skremme- og skadedyr som slangar og kakerlakkar, eller «dei høge trea» som skogen måtte ryddast for før ugraset tok overhand.

Det som er viktig å få fram med denne bakgrunnsskissa, er følgjande: At nabo hadde drepe nabo, og at prestar gjekk god for massakrar i kyrkjene sine, kan ikkje forklarast av urgammalt stammehat. Dette var eit folkemord som var planlagt og styrt av samfunnstoppar, og summen av frykt og mistru, ordrar og press, suggesjon og ein ekstremt spent politisk og økonomisk situasjon gjorde at vanlege menneske vart drapsmenn. Den internasjonale FN-domstolen i Arusha i Tanzania har jakta på, og dømt, ministrar, biskopar og redaktørar for nettopp å syne at ansvaret låg hjå dei mektige.

 

«Aldri meir Rwanda»:verdas svik

I samband med folkemordsmarkeringa er det blitt drege parallellar til krigen i Syria, og den handlingslamminga som har prega verdssamfunnet i dei tre åra krigen har herja. «Aldri meir Rwanda» lyder det førebels tomme mantraet, og det baserer seg på eit svik som ei rekkje av dei mektigaste i verda har beklaga offentleg i sterke ordelag.

Det internasjonale samfunnet gjorde i praksis nærast ingenting for å hindre eller avgrense folkemordet i Rwanda, sjølv om den kjende kanadiske FN-generalen Roméo Dallaire hadde åtvara verdssamfunnet om den hatefulle propagandaen. Dallaire var leiar for den fredsbevarande FN-styrken UNAMIR som allereie stod i Rwanda, og under folkemordet bad han gjentekne gonger Tryggingsrådet i FN om styrkar og mandat til å gripe inn. Men på dagsordenen i Tryggingsrådet stod det lenge ein semantisk diskusjon om hendingane i det heile kunne kallast folkemord etter folkeretten, og til slutt var det RPF som rykte fram og stansa folkemordet. Rett nok vart den franskleidde Opération Turquoise sett i verk i slutten av juni for å opprette ei «sikker sone» vest i landet, men på dette tidspunktet var majoriteten av dei menneska som skulle drepast, allereie døde. Den sikre sona sørgde tvert om for at mange av dei verste drapsmennene frå Interahamwe kom seg trygt over til nabolandet Kongo, godt gøymde blant hundretusenvis av sivile hutuflyktningar som no rømde frå RPF.

Trykkokar eller naudsynt kontroll – kvar står Rwanda i dag?

Han som var hærsjef i RPF i 1994, og som dreiv drapsmennene på flukt, er Rwandas mektige president Paul Kagame. Han inntok presidentvervet først i 2000, men RPF og Kagame har, de facto, sete med makta i Rwanda sidan 1994. Regimet, som mislikar å bli omtala som eit regime, held landet i eit stadig meir autoritært grep.

Dei fremste Rwanda-kjennarane i verda er skarpt usamde om kor vidt dette jerngrepet er legitimt og naudsynt, eller om det snarare held lokket over ein trykkokar som før eller seinare vil eksplodere.

Den første leiren argumenterer med at sterk kontroll er ein føresetnad i ein overgangsperiode (som no har vart i 20 år) for å unngå nye valdshandlingar mot minoriteten. Her blir det også peika på at Kagame, i motsetnad til mange av sine afrikanske kollegaer, har slått hardt ned på korrupsjon, sikra landet økonomisk vekst og gjort imponerande framsteg når det gjeld infrastruktur, skulevesen, helsestell og likestilling. Men sjølv om Kigali glitrar etter afrikansk målestokk, lever majoriteten på landsbygda framleis i djup fattigdom, og fattigdom er alltid ein farleg faktor for dei som vil undertrykkje misnøye.  

Også den andre leiren fryktar oppblussing av vald og overgrep, men snarare på grunn av den gjennomgripande kontrollen. Kagame har hardnakka teke opp att mantraet «vi er alle rwandarar». Å bruke omgrepa hutu og tutsi er forbode, og eit omfattande lovverk har i praksis hindra både media og publikum offentleg å debattere årsakene til og verknadene av folkemordet, fordi ein uforvarande kunne bryte lovene som forbyr ærekrenking, oppmuntring til folkemord eller omtale av folkemordsideologi. Men ei rekkje undersøkingar har avdekt at motsetnadene blir diskuterte i privatsfæren, og at ubearbeidd, gjensidig mistru er tungt til stades. Sommaren 2011 gjorde eg sjølv eit feltstudium blant journalistar både i statlege og delvis frittståande medieinstitusjonar, blant kjelder i internasjonale nyheitsbyrå, diplomatiske kjelder og kjelder frå frivillige organisasjonar. Alle saman gav uttrykk for at sjølvsensuren i landet er omfattande, i frykt for straff og represaliar. Alle saman, også journalistar i dei statlege media, meinte at det folkemordsrelaterte lovverket vart brukt som påskot for å unngå kritikk på dei fleste samfunnsområda.

I litteraturen er det lett å finne argument for at fråvær av konstruktiv offentleg debatt hindrar sann forståing og forsoning. Tilsvarande er det lett å forstå at sensur, kontroll og sanksjonar er naudsynte verkemiddel dersom makthavarane frå ein liten minoritet skal behalde makta. Sjølv den inste krinsen kring Kagame er blitt mindre og mindre, ikkje minst fordi avhopparar og politiske motstandarar har ein tendens til å ende opp i fengsel eller likskjorte. Ytringsrommet i Rwanda er eit uføreseieleg minefelt, og regimet har auge og øyre overalt. Det tett befolka, oversiktlege samfunnet som gjorde folkemordet praktisk mogleg, gjer også livet farleg for alle dei som skulle våge å heve stemma. Éi av mine internasjonale kjelder sa kort og godt: «This is a country ruled by fear.»

Vestlege makter har med rette dårleg samvit for mangelen på innsats for å hindre og avgrense folkemordet i 1994. Dårleg samvit er også brukt som forklaring på at mange land har hatt vanskar med å kritisere regimet og har pumpa inn enorme bistandssummar nærast utan vilkår. Tjue år etter folkemordet er det likevel på tide at det dårlege samvitet blir supplert med krav om reelle reformer, og at bistand i større grad blir gitt som prosjektstøtte snarare enn direkte budsjettstøtte (noko mellom anna Sverige innsåg for nokre år sidan). Om konstitusjonen blir verande uendra, må Kagame forlate presidentembetet i 2017. Det avgjerande spørsmålet er kva vakuumet etter Kagame skal fyllast med.

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram