Frå Utgåve 1-14
Skrive av Hans Olav Lahlum

Den tvisynte

– På noko vis er eg misunneleg på dei som klarar å tru fullt og fast på noko, anten det er ein religion eller ein politisk ideologi. Eg sjølv har aldri klart det. Eg er for tvisynt og stiller for mange spørsmål.

Tekst: Hans Olav Lahlum. Foto: Steffen Oftedal

 

Å bla gjennom skriftstyrar Andreas Skartveit sitt Syn og Segn frå våren 1974 er i seg sjølv ei lita tidsreise i moderne norsk mediehistorie. Alle artikkelforfattarane i utgåve tre og fire er menn, og dei fleste godt tilårskomne menn. Klart yngst er ein den gong ukjent 18-åring frå Vaksdal ved namn Harald Stanghelle. Han skriv i nummer 3/1974 artikkelen «Høgre ved ein skiljeveg?» og i nummer 4/1974 «Mot ein betre gymnaskvardag?».

40 år seinare sit den same Harald Stanghelle overfor meg på Kaffistova i Oslo. Det er ei anna tids Noreg, med betalingsautomat i kassa og mobiltelefonar med internettkopling på nesten alle bord. Nesten alt rundt oss er annleis enn det var den gongen i 1974, då han var ny i Oslo og eg ny i verda. 

Mannen er likevel den same. Harald Stanghelle har nettopp fylt 58 år. Han står som leiar i Norsk Redaktørforening, er avtroppande politisk redaktør i Aftenposten, no kommentator, vikar og avløysar for sjefredaktøren i Aftenposten på eit toppunkt av ein lang karriere i norske medium. Han tener over ein million kvart år no, og blir kjent igjen på gata av vilt framande lesarar og fjernsynssjåarar. Likevel er han visst i botnen den same. Stemma er frå start lågmælt og nøktern. Og han vedkjenner seg straks begge ungdomsartiklane frå 1974.

– Høgre utvikla seg utover 1970-talet nett slik eg den gongen skreiv at dei måtte, og gymnasartikkelen trefte ganske godt på kva som vart stridsspørsmål i skulepolitikken seinare. Eg har aldri hatt noko godt arkivsystem for eigne artiklar, men desse to har eg likevel teke vare på. Eg skreiv ikkje meir i Syn og Segn på 1970-talet, men det var likevel ei viktig erfaring. Som ny i Oslo vart eg rekruttert inn i eit miljø av unge nynorskbrukarar rundt Andreas Skartveit. Eg lærte mykje av det som eg fekk bruk for seinare. Hugsar eg var stolt av å bli køyrd heim til hybelen av ein så namngjeten journalist og forlagsmann.

Forventningar
Harald Stanghelle er i gang med si mediale tidsreise frå 1974 til 2014. Men historia startar jo ikkje i Oslo våren 1974. Ho startar 13. januar 1956 i andre etasje i ein landhandel på Stanghelle, i vesle Vaksdal kommune i Hordaland. Foreldra var begge oppvaksne i eit pietistisk indremisjonsmiljø på Vestlandet og var for den tida svært godt vaksne då dei gifta seg. Harald kom til då faren var 45 og mora 36. Han var det første barnet deira, men før 1950-talet var over, hadde det blitt to gutar og ei jente til.

Kva yngsteguten på garden kunne blitt til i livet, fekk dei aldri vite. Han skal ha vore frisk frå fødselen, men vart sjuk og døydde alt i det første leveåret. Helsevesenet var mykje dårlegare mange stadar i Bygde-Noreg den gongen, og terskelen for å gå til legen dessutan mykje høgare. Harald var sjølv eit lite barn då yngstebroren døydde, og hugsar ikkje mykje av det.

Oppveksten seinare skjedde i for tida trygge økonomiske kår: Faren gjorde det bra som handelsmann og dreiv saman med søskena sine også eit småbruk. Han sat i formannskapet for Kristeleg Folkeparti og abonnerte på «om lag fire aviser» i tillegg til «alt som var av misjonsblad». Heile familien høyrde i høgtideleg tausheit NRK sine dagsnyttsendingar på radio kvar dag. Det var ein opplyst og verdsinteressert heim. Men atmosfæren der var prega av den sterke religiøse trua til foreldra. At ein ikkje hadde fjernsyn, kom ikkje av økonomi, men av frykt for negativ påverknad på ungane.

– Vi vaks opp i eit slags alltid nærverande evigheitsperspektiv – frå skapinga og til dommedag. Den eine store forventninga mor og far hadde, var at vi skulle leve som gode kristne og dermed sikre oss frelsa. Eg kunne ikkje leve opp til den forventninga etter barneåra. På noko vis er eg misunneleg på dei som klarar å tru fullt og fast på noko, anten det er ein religion eller ein politisk ideologi. Eg sjølv har aldri klart det. Eg er for tvisynt og stiller for mange spørsmål.

Viss vi sest igjen
Historia om familien frå Stanghelle vart stadig meir krevjande. Harald si søster tok sitt eige liv i 1984, kort tid etter at faren døydde. Dei to attlevande borna Harald og John hadde då begge flytta frå Vaksdal og valt journalistikken som leveveg. Harald hadde dessutan gitt opp den kristne barnetrua. Forholdet til mora vart prega av det. Harald tenkjer uvanleg lenge når eg spør kor lenge mora levde.

– Eg trur ho må ha døydd i 2007 … Eg brukte delar av arven til eit lengre opphald i USA, og det var under Obama sin valkamp i 2008. Forholdet til mor var i seinare år greitt. Men nært var det aldri, eg kan ikkje seie det.

– Korleis vart det med forholdet til far din, då?

– Det vart krevjande. Det måtte bli ei stor sorg for han at eldstesonen ikkje vart kristen. Eg forstod jo det, men kunne ikkje kome han i møte der.

– Men John var eg veldig nær, seier Harald plutseleg – og blir sittande tankefull litt. 

Den delen av familiehistoria som handla om dei to overlevande brørne frå Stanghelle, var lenge den lukkelegaste, men slutta trist, den og. Fredag 8. september 2006 heldt John ein overstrøymande tale til Harald si kone i 50-årsdagen hennar. «Takk til deg, Anne», avslutta John talen. Så tok han eitt skritt til side – og fall over ende på golvet. John Stanghelle døydde midt for auga på storebroren og resten av selskapet i løpet av få sekund, truleg av hjartesvikt.
Harald har i sju år no vore den einaste attlevande av dei seks i familien frå Stanghelle. Han har sett den siste av dei tre yngre søskena døy. Og han har sjølv hatt hjarteproblem. Stemma blir endå meir lågmælt nøktern når han snakkar om det.

– Det kom tidleg og uventa. Eg var 33 år då eg plutseleg ein dag heime i Oslo fekk sterke hjartesmerter. På legevakta sa dei at det berre var ufarlege muskulære smerter, og eg reiste vidare på eit oppdrag til Vestlandet. På toget opp Hallingdal var eg så dårleg at eg trudde eg skulle døy der. Den gongen kunne ein jo ikkje få ringt frå toget. I Oslo hadde dei i mellomtida oppdaga feildiagnosen og konkludert med at eg hadde hatt eit hjarteinfarkt. Feilen vart heldigvis oppdaga i tide, og eg kom meg raskt til Haukeland. Operasjon var nødvendig, men den gjekk bra. Eg måtte sjukmeldast for ein lengre periode, men kom godt frå rehabiliteringa. Sidan har det gått overraskande bra med hjartet mitt.

Harald Stanghelle smiler livsnøgd medan han seier det siste, men det ligg eit alvor under. Korleis pregar tidleg tap av fleire søsken og eigne hjarteproblem livet hans i dag?

– Ein ting er at eg har teke dei fysiske faresignala i tide: Eg slutta å røyke etter infarktet og har i alle år sidan vore mykje meir bevisst på kosthald. Det mentale er kanskje likevel meir merkbart. Positivt sagt set ein kanskje meir pris på dei næraste og livet elles, og vert meir utolmodig på å få gjort det ein vil ha gjort her på jorda. Negativt sagt ligg det alltid ein utryggleik for framtida der. Eg seier aldri «når vi sest igjen», alltid «viss vi sest igjen».

Stigande komet
Lange arbeidsdagar som pressemann har dominert Harald Stanghelle i det vaksne livet, og eit langvarig sambuarskap frå yngre år var barnlaust. Han vart far for første og einaste gong i eit nytt forhold då han var godt over 40.

– Det var eit stort skilje i livet, ja. Det var litt alle dei praktiske tinga med bleieskift og barnehagehenting, men igjen mest eit mentalt skifte. Det var ei merkeleg kjensle å sjå eit eige lite menneske som no var heilt avhengig av foreldra. Mor mi var og glad for å få oppleve det. Jo, det å bli far sjølv er nok det største eg har opplevd.

Så langt om mennesket Harald Stanghelle, som altså har hatt ei tankevekkande livshistorie. Resten av denne samtalen skal handle om pressemannen.
Harald Stanghelle reiste etter opphaldet i Oslo i 1973–74 attende til Vaksdal, der han i alderen 19–20 var eigar og redaktør av lokalavisa Vaksdalsnytt. Tre års tid var han sidan ute av bransjen – først som fiskar på Grønland og sidan som soldat mellom anna i Libanon. Men det var journalist han ville bli. I 1980–81 var han attende i Oslo, som vikar i Dag og Tid. Sidan fekk han etter nokre månader som arbeidslaus jobb i Arbeiderbladet. Etter ti år der melde han overgang til Aftenposten, der han i åra 1991–95 gjekk frå krimredaksjonen via politisk avdeling til å bli nyhenderedaktør. Harald Stanghelle var blitt eit kjent fjernsynsandlet og ei markant avisstemme og var framleis ein stigande komet i norske medium på 1990-talet. Frå 1995 til 2000 var han sjefredaktør i Dagbladet. Sidan har han inntil nyleg hatt stillinga som politisk redaktør i Aftenposten.

Spørsmålet melde seg naturleg då han slutta som sjefredaktør og gjekk attende til Aftenposten i 2000: Vart han tvinga ut – eller gjekk han fordi han var blitt for betenkt over utviklinga av Dagbladet?

– Ingen av delane. Eg er stolt av ein del ting vi utretta medan eg var sjefredaktør i Dagbladet, mellom anna utviklinga av nettutgåva og eit helgemagasin som vart banebrytande i norsk presse. Men eg fekk i den rolla for lita tid til å skrive – det kjentest som 90 % av tida gjekk med til administrasjon og økonomi. Eg var blitt småbarnsfar og ønskte meir tid til å skrive og mindre arbeidspress med andre ting.

Den liberale stemma
Harald Stanghelle kom inn som journalist i den siste fasen av partipressa i Noreg. Han har som ein typisk representant for den nye tida hatt lengre engasjement i tre av dei store avisene, og hatt ein direkte overgang frå Arbeiderbladet til Aftenposten som ville vore utenkeleg eit par tiår tidlegare. Norsk presse har openbert endra seg sterkt sidan 1974. Harald sjølv har gått frå journalistkrakk til redaktørlenestol, men kva har han elles opplevd som dei største endringane av pressa?

– Eg såg slutten av partipressetida, men opplevde ho eigentleg aldri sjølv. Arbeidarpartiet var i opposisjon då eg byrja i Arbeiderbladet, og eg opplevde aldri noko politisk lojalitetskrav i arbeidet mitt der. Men min generasjon har opplevd revolusjonære endringar. Det var ein geopolitisk revolusjon då muren fall og den bipolare orden frå den kalde krigen forsvann, til fordel for ein ny, meir open og samtidig meir komplisert multipolar orden. Samtidig har vi opplevd langt større flyttebølgjer enn tidlegare og sett Noreg bli eit multikulturelt samfunn. For det tredje har vi med digitaliseringa og internettet opplevd ei kommunikasjonsreform. Som barn var eg med på å køyre varer rundt til folk i bygda med hest og vogn, og som redaktør i Vaksdalsposten midt på 1970-talet vart avisa sett med bly. Det var ei anna tid levd i ein annan fart. Endringane i kommunikasjon har, i og utanfor media, prega folk meir enn dei fleste forstår. Samtidig, og til dels i forlenginga av dette, har vi også opplevd revolusjonære endringar i mellommenneskelege relasjonar. Der har utviklinga i eit 40-årsperspektiv klart gått mot liberalisering.

Der eg vaks opp, snakka ein om det i mange år etterpå viss ein unge kom til verda mindre enn ni månader etter bryllaupet til foreldra. Utviklinga vi i Noreg har opplevd med sambuarskap som noko universelt akseptert og adopsjonsrett for homofile – det låg utanfor den mentale horisonten til mine foreldre og mange andre av deira generasjon.

Harald er engasjert no. Han har vorte framheva nettopp som ei leiande liberal stemme i norsk presse, og har ofte våga å ta stilling også i politisk betente saker. Som redaktørar flest har han i nettdebattar vore skulda for å stå både langt ute på høgresida og langt ute på venstresida. Kvar står han eigentleg politisk?

– Eg byrja tidleg i tenåra i Høgre, som forkjempar for integriteten og dei frie vala til enkeltmennesket. Så vart eg skuffa over dei i ulike saker og dreiv meir over mot dei liberale fellesskap-tilhengarane i SV. Eg rakk å melde meg både inn og ut først av Høgre og så av SV før eg fylte 20. Sidan har eg vore partilaus og stemt noko ulikt. På sett og vis er eg politisk heimlaus. Eg har sterke meiningar om konkrete saker, men er altså framleis for tvisynt til å slutte meg til nokon politisk ideologi. Men etter sjukmeldinga og arbeidsløyseperioden først på 1980-talet vart eg nok meir oppteken av at valfridom for enkeltmenneske må sikrast gjennom fellesskapsløysingar, og den oppfatninga vart ytterlegare styrkt under opphaldet i USA seinare. Fridomen er teoretisk stor i USA, men i praksis sterkt avgrensa for dei fleste. Eg ser i dag ingen store ulemper med samfunnslivet i Noreg samanlikna med USA. Men eg ser likevel med uro på delar av utviklinga i Noreg dei siste åra. Datalagringsdirektivet går inn i ein trend der vi som har vore konsekvente tilhengarar av personvern, no er på defensiven. Snowdens avsløringar fortel no om eit overvakingsmessig skrekkvelde.

Uforsonleg strid
Harald Stanghelle har gått igjennom ei stor klassereise – og danningsreise, men utan å nytte sjansen til høgare utdanning, som mange av jamaldringane fekk og tok. Han har framleis inga anna utdanning enn niårig folkeskule frå Vaksdal. Korleis vart det slik? Og brukte han ein sjanse til å gå til topps i norsk presse som ein utan utdanning ikkje ville hatt korkje ein generasjon før eller seinare?

– Eg måtte ut i arbeid fordi eg ikkje fekk gå gymnaset. Eg hadde svært gode karakterar i samfunnsfag, historie og språkfag – men fekk Lg i matte. Det kom nok like mykje av tilhøvet til læraren som av faget. Eg låg som leiar for elevutvalet i uforsonleg strid med rektoren om normerte prøver, som han var veldig for og eg veldig mot. Ein isfront mellom oss fraus ned heilt til eg nekta å levere matteprøver til han, og han nytta sjansen han fekk til å ta frå meg studieretten ved å stryke meg i matte. Ein generasjon før kunne ein nok gått til topps i norsk presse utan utdanning, for i Noreg har pressa historisk vore noko av ei frisone frå formelle krav slik. Ein generasjon seinare hadde det nok vore vanskelegare: I dag kjem mange journalisttalent inn med mastergrad. Utdanningsrevolusjonen har omsider også nådd avisredaksjonane.

Fysisk er Harald berre vel 1,60 – i dag som i 1974. Ein har tidvis høyrt spekulasjonar frå kollegaer om at det er derfor han alltid prøver å få første spørsmål på alle viktige pressekonferansar. Er det ei kime av sanning i den misunninga? Harald møter også det spørsmålet først med ein liten latter – og så med ein refleksjon.

– Eg fekk høyre det med høgdemålet mest i skulen. Isolert sett har eg ikkje merka det som noko handikapp seinare.

Etter ungdomsskulen kom Harald Stanghelle kom til Oslo. Og tok med seg den ballasten han hadde frå Bygde-Noreg.

– Etter kvart står eg med ein fot i kvar leir, og føler at eg kjenner både det rurale Utkant-Noreg og den urbane elitekulturen her i hovudstaden. Men det hende i mange år ofte at eg gjekk mellom innfødde storbyfolk på Bristol og undra meg over om eg no tedde meg rett.

Må bli Treholt
Eit interessant særtrekk ved dagens nestorgenerasjon i norsk presse er at mange leiande redaktørar har produsert tusenvis av sider med avisartiklar, men aldri nokon bøker. Det gjeld for eksempel Arne Strand i Dagsavisen, Stein Kåre Kristiansen i TV2 – og Harald Stanghelle i Aftenposten. Kvifor har det aldri kome noka bok med namnet hans på omslaget?

Harald prøver først å le det vekk, men blir snart alvorleg.

– Eg synest det blir skrive så mange middels bøker i Noreg, og vil ikkje bidra til at det blir endå fleire … Men altså, eg har levd med presset frå daglege dødlinjer sidan eg var 15, og mellom dei har eg aldri funne tid og ro til noko bokprosjekt. Kan hende eignar eg meg berre for kortare og nyhenderelaterte tekstar.
Han har produsert desto fleire korte tekstar. Er det ein bestemt han hugsar særleg godt i ettertid? Og kva saker har gjort sterkast inntrykk på han?

– Blant artiklane kan eg faktisk nemne ein: Eg skreiv mot slutten av Treholt-saka ein kommentar med tittelen «Dommere i fem akter», som inneheldt alle dei viktige hovudlinjene i seinare kritikk av rettssaka. Skal eg nokon gong skrive ei bok, blir det nok om Treholt-saka. Frå tida etter den kalde krigen er 22. juli-rettssaka den eg hugsar som den viktigaste saka her frå Noreg. Der var eg langt meir imponert over rettsforhandlingane. Eg trur det var ikkje berre viktig, men også ganske nødvendig både for land og folk at vi fekk eit så ryddig og verdig rettsoppgjer etter ein slik tragedie.

– Internasjonalt har eg hatt ei sterk interesse for Midtausten og dei ulike folka der heilt sidan eg som reporter opplevde (og overlevde) 20 timar med luftbombing av Beirut i 1982. I grenselinja mellom Midtausten og norsk rettsvesen er eg stolt av at eg i 1991 fekk SKUP-prisen for avsløringa av at Mossad-agentar i strid med alle reglar hadde fått forhøyre palestinske flyktningar i Noreg.

32 år etter dramaet han opplevde i Beirut, er ein ny mur reist i Midtausten, og den grunnleggande motsetninga mellom israelarane og palestinarane synest fastlåst. Kva tenker Harald i dag om framtidsutsiktene der?

– Det einaste sikre der er diverre at konflikten held fram, pessimisme er einaste form for realisme i Midtausten. Men vi forståsegpåarar blei jo kollektivt overraska både då Berlinmuren fall og då den arabiske våren kom, så ein bør aldri seie aldri der heller. Eg er ambivalent og tvisynt også med tanke på den arabiske våren. Det kan bli positivt at autoritære verdslege regime har falle, men eg fryktar at det blir eit skifte til like autoritære og meir religiøse regime i fleire viktige land.

Språkleg tvisyn
– Du har fire tiår bak deg, men framleis eitt tiår att til pensjonsalderen. Kor er Harald Stanghelle og norsk presse i 2024?

– Eg sjølv sit nok på eit kontor i Aftenposten – viss eg framleis lever og har helsa til å arbeide. Om ti år er papiravisene framleis med oss, men nettavisene dominerer stadig meir, og ein vil sjå nye tekniske løysingar vi ikkje kjenner i dag. Eg håper utvikling mot ei meir nyansert og mindre einsarta presse fortset, men fryktar ein tendens til at pressa gjer nokre store saker små og nokre små saker store. Oppslaga om at Haga hadde eit stabbur og no om at Navarsete ringde ein statsrådskollega, er skrekkdøme på det siste. Sensasjonsjakta får ikkje fortrenge kvalitetsjournalistikken.

Harald Stanghelle si dotter er eit oldebarn av Einar Gerhardsen, og Stanghelle har i ulike samanhengar framheva landsfaderen sin innsats. Er det personlegdomen han først vil framheve blant alle dei han har møtt? Og kor sterkt har i så fall familieforholdet spelt inn der?

– Familieforholdet er av nyare dato, eg trefte først dotterdottera etter at Einar Gerhardsen døydde. Men det var ei sterk oppleving då eg følgde han på den siste valkampreisa hans i 1983. Han var ein sterk personlegdom og har ei særstilling blant statsministrane i etterkrigstida. Men må eg velje ein personlegdom blant dei eg har møtt, får det likevel bli forsvarsadvokaten Alf Nordhus. Den kampen han førte både for viktige rettsstatsverdiar og for enkeltpersonar, gjorde sterkt inntrykk. Førebilete har aldri vore noko for meg, men mange ulike menneske har sjølvsagt gjort sterke inntrykk når ein tenker attende på så mange år.

– Avslutningsvis: Du skreiv på nynorsk i Syn og Segn i 1974, og seinare både i Vaksdalsposten og i Dag og Tid. Du snakkar framleis nynorsk. Men frå byrjinga av 1980-talet og til no har du berre skrive bokmål. Kjennest det nokon gong som eit svik mot Vaksdal og målarven?

Harald tenkjer.

– Nei, eg kan vel ikkje seie det … Det var slik det måtte bli i riksavisene, og dei siste tiåra har bokmål også blitt det klart sterkaste skriftspråket mitt. Eg trur absolutt nynorsken har ei framtid, også som skriftspråk, og også i pressa. Men for eigen del trivst eg godt med skiljet mellom skrift og tale her. Eg står framleis med ein fot i kvar leir – og med eit tvisyn også når det gjeld språksaka.

To born frå Distrikts-Noreg sluttar i god stemning av to timar med samtale på Kaffistova. Eg lovar å sende Harald utkastet til gjennomsyn så snart det er klart.

– Eg skal lese og svare – viss eg får det, svarar han. Eg tek det ikkje ille opp.

Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram