Frå Utgåve 1-14
Skrive av Elisabeth Kleppe

Dotter av ein predikant

Eg har forlate det kristne fellesskapet, forsamlinga, min fars hus. Eg tok jenta ut av bedehuset, men er bedehuset ute av jenta?

Det er meir meint som ei forsikring enn eit spørsmål. Eller i alle fall eit spørsmål med eit sjølvsagt svar. Vi sit i sofaen heime hos foreldra mine, far min drikk kaffi, eg ser på han, han stirar rett fram.

«Men eg, eg som ikkje ynskjer å gå på bedehuset, eg er jo ikkje mindre truande av den grunn? Sjølv om eg ikkje vil gå i ei forsamling?»

Tyst. Lenge. Så lenge at dei ubehagelege tankane kjem, dei vonde kjenslene, sårheita. Han tar ein slurk, svelgjer, set koppen på plass, ser framleis ikkje på meg.

«Det må Gud døme om. Kva som gjeld den enkelte.»

Eg er 38 år, og far min har akkurat sagt at han ikkje er overtydd om at eg trur nok. Eller at eg ikkje trur på det rette viset, han veit ikkje kva han skal tru om mi tru, han er ikkje trygg på kvar eg hamnar på Dommens dag.

Blir eg trist? Kanskje, men eg blir ikkje overraska. Far min er rettruande, ein forkynnar av den kristne bodskapen, ein lekmannspredikant av den bibeltru, men ærlege sorten. Han kan ikkje lyge om si overtyding korkje til dotter si eller andre, han har sanninga, han er redd for at eg har mista ho, han ber på ei sorg.

Eg har forlate bedehuset, min fars hus, hans kjære forsamling, hans andre (eller fyrste?) familie. Det er mange år sidan no, eg var 22 år, for gamal for opprør, men samstundes trøytt av det kristne fellesskapet, av dogma, fasitsvara, konsensusen. Far min blei bedrøva og skuffa, kanskje endåtil knust. Sidan har vi ikkje snakka så mykje saman, han spør meg frå tid til anna korleis eg har det med Gud, eg seier at eg framleis har trua mi, han seier det er fint, det.

Eg har ikkje sett meg tilbake sidan, eg elskar fridomen mest, eg blei nesten kvelt på den smale vegen, eller var det motorveg, men det hender eg saknar det som eg mista. Kva det er, veit eg ikkje heilt.

Men far min har noko som eg misunner han. Då han var 16 år, visste han kva han ville utrette i livet. Eg er snart 40 og er framleis ikkje sikker.

Eg har alltid ynskt meg ei overtyding, ei visse om kva retning livet mitt skulle ta. Nokre menneske har denne draumen frå barndomen, dei veit kva dei vil, nøler ikkje, vaklar ikkje, går seg aldri vill. Slik har det aldri vore for meg. Eg har studert fransk på Blindern og hoppa av, eg har studert psykologi og journalistikk, eg har endåtil eit kvart medisinstudium bak meg. Men aldri har noko av det kjenst heilt riktig.

Ein dag forstod eg det. Det har ikkje vore bevisst, men like fullt ei sterk drivkraft: Eg har jakta på ei oppgåve i livet slik som min far har, eit svar på kvifor eg blei fødd inn i akkurat denne tida, eit kall frå noko eller nokon som er større enn meg sjølv. Eg har ikkje klart å slå meg til ro med ein vanleg jobb, eit karriereval. Korleis kan eg det, når far min jobbar for Gud?

Oppvekst
Eg vaks opp i ein familie på fem på Nymark i Bergen i eit kvitt hus frå 1928. Lenge trudde eg at vi var ein vanleg familie, begge foreldra mine jobba, vi hadde god kontakt med naboar og vener, eg var ein trygg og glad unge, kunne slåst med gutane og vere nasevis med vaksne om det var nødvendig. Det hende at andre ungar snakka om Gud og Jesus til meg, eg forstod ikkje heilt kvifor, eg var jo som alle andre, venene mine visste alt om meg som var verdt å vite, far min var predikant, og Sølvi sin far køyrde søppelbilen, jobba gjorde dei jo begge.

Eg elska skulen, kan hende var eg ekstra stolt i kristendomstimane, eg kunne min Bibel, visste om Rut og svigermora Noomi, Daniel i løvehola var spedbarnslærdom, Babylons murar fall titt og ofte. Men det indre universet mitt hadde også andre historier, dei dagane far min var heime, las han for meg kvar kveld, Heidi frå Alpane eller Mikkjel Fønhus sine målande villmarksskildringar, vi pløgde gjennom Anne Franks korte liv, kan hende gret vi begge når det var over, vi gret lett, far min og eg.

Kvar sundag var vi på plass i Skostredet 17, Den frie evangeliske forsamling, eg var på sundagsskulen i peisestova med teglsteinsmur på veggane, filt på golvet og filt på flanellografen med bibelhistoriene. Sundagsskulelærar Nyhammer syrgde for den religiøse kapitalen vår, han var ein mild mann, kjefta ikkje når vi bråka, ingen var så trygg i fare. Eg trur det var sånn det var.

Tysdag kveld var det vaksenmøte, eg var med mor mi, og far min viss han var heime, eg sat ved sida av ho på benken og togg grøne Dent som mor mi hadde i veska si for at eg skulle sitje stille. Alle veskene hennar lukta av grøne Dent, eg kan kjenne lukta den dag i dag, grøne Dent og mor mi. Tysdag kveld hadde eit anna preg enn sundagsmøta, folk var kan hende friare, det var tungetale og profetiar, då gøymde eg meg ofte under stolane, eg likte ikkje tungetale, folk rista litt og orda var vrengde, eg blei engsteleg. Det verste var Else som bad høgt samstundes som ho gret, eg grudde meg alltid til den delen, ho braut saman i forsamlinga, eg syntest det var uverdig. Men ved møteslutt var ho seg sjølv att, samla og elskeleg, som om ingenting hadde hendt.

Dagane i forsamlinga var ein naturleg del av tilværet, det var aldri spørsmål om kvar vi skulle sundag formiddag eller tysdag kveld, nokre gongar protesterte eg, men eg oppdaga fort at det ikkje hjelpte. Mor mi var alltid seint ute, fann ikkje nøklane eller veska si, vi sprang til Minde-bussen utan fanden i hælane, mor mi hadde sprunge frå han likevel, ho var rask og spenstig. Viss det var far min som skulle preike i Skostredet 17, det hende han gjorde det når han var i Bergen, tok han ein buss før meg og mor mi, han ville vere presis, samle seg før møtet.
Men som oftast var det mor mi og eg. Systrene mine hadde flytta, eg var attpåklatten, far min var på reise, han talte for folk på bedehus over heile landet, ofte dei små forsamlingane, nyleg var det ei som fortalde meg at det var hans heidersmerke, om det var to eller tre samla, var dei ei forsamling, han preika like godt for fire som for hundre. Heime var det eg og mor mi.

Eg sakna far min når han var borte, han brukte å ha god tid når han fylgde meg til barnehagen eller las for meg om kvelden. Då eg byrja i skulen, smurde han den beste nistepakka, han visste akkurat kva slags pålegg eg likte, og ikkje minst kva mengde. Mor mi var ikkje like nøyaktig, det var tynt med kaviar og ikkje den rette sorten, kan hende berre ei skive med fårepølse frå Voss på brødet. Om kvelden når ho las, forsøkte ho å hoppe over heile avsnitt, men det gjekk ikkje, eg hadde teksta i hovudet, far min hadde lese bøkene for meg opp att og opp att.

Den gongen forstod eg ikkje kor sliten ho var, kor vanskeleg det var for ho at far min var på reise, ho sleit for å få pengane til å strekke til, ho var åleine med ansvaret. Han sende kjærleiksbrev heim og ringde ofte, men kva hjelpte det eigentleg? Ho var einsam, trur eg, med alle draumane ho aldri fekk oppfylt, det skarpe hovudet ho ikkje fekk utnytta til fulle, ei kunstnarsjel som måtte bruke evnene sine til å strikke og sy klede til oss, ikkje til å teikne hus eller måle eller kva ho drøymde om. Den dag i dag veit eg ikkje kva som var hennar draum, og det gjer meg trist.

Den draumen han ber på
Det seiest at far min var ein villstyring som gut. Eg har vanskeleg for å tru på det, men far min stadfestar det, og han lyg aldri, eg lovar. Han var den einaste guten til predikant Mads Kornelius Kleppe og kona Margit, den nest yngste av sju sysken, fødd på Laksevågsneset, oppvaksen i huset på Minde. Farfar min var ein kjend predikant på dei tider, han reiste over heile Skandinavia, nokre år seinare drog han til Brooklyn og var pastor for ei forsamling der i eit heilt år.

Eg har spurt far min fleire gonger om livsvalet hans heng saman med far hans sitt, men han har avkrefta det kvar gong, han har sitt eige kall, sin eigen draum. Han vaks opp i den same forsamlinga som eg, i Skostredet 17, kan hende han også hasta etter mor si på veg til trikken, eller kanskje han sprang framføre. Han seier at han var ein ramp, røykte, kasta stein og slost, i ungdomen var han med i Nymarks-gjengen og kjempa med stokkar og stein mot gutane som kom ned frå Landås. Eg må mest le, eg tykkjer det er komisk, far min som aldri plaga nokon, om Gud straffar han, trur eg ikkje han blir straffa for noko han har gjort, kanskje heller for det han aldri gjorde.

Då han var seksten år, sat han ein sundag på galleriet i møtelokala til forsamlinga, han høyrde på predikanten, og då fekk far min eit ord frå Gud: «No er det din tur.» Det gjekk rett i hjartet, han gjekk fram til podiet, bøygde sine kne og gav seg over til Gud.

Dagen etter gjekk han på trikken, kjøpte eit hefte med trikkebillettar som han reiv sund for å bøte på alle dei gongane han hadde snike på trikken, han måtte ha reint samvit, gjere opp for seg. Slik har han vore sidan.

Far min seier sjølv at han fekk kallet til å forkynne omtrent på same tida, men han venta i åtte år, jobba på fabrikk etter middelskulen, ville vere heilt sikker på at det verkeleg var Gud som kalla. I 1949 blei han velsigna av ein eldre predikant i forsamlinga i Bergen og send ut på si fyrste reise. Han hadde skrive til ein eldstebror på Fonnes i Austrheim utanfor Bergen og fått stadfesta at han kunne komme, mannen stod på kaia på Leirvåg med hest og vogn for å hente han.
Det var frelse for sjeler og oppmuntring av dei truande, han preika alltid utan manus, han venta på eit ord frå Gud, og når det kom, talte han med kraftfullheit, han talte om nåden og Guds gåve, eg kan ikkje hugse at han preika om dom og straff og skam, men kan hende eg såg for mykje opp til han som barn til at eg hugsar.

Innanfor, utanfor
Det var mykje snakk om verda i forsamlinga eg gjekk i som barn. Ordet hadde eit anna innhald når det blei sagt frå talarstolen der enn frå kateteret på skulen. Verda tydde alt som var utanfor det kristne fellesskapet, det var synd og freisting, fortaping og smerte og – kanskje verst av alt – likegyldigheit til Gud. Dei som var i verda, var ikkje som oss, dei var ikkje frelste frå synda, dei burde kalle på Jesu namn, vende om og søke Gud, viss ikkje venta skjærselden med Satan sjølv og hagereiskapane hans. 

Men idet eg gjekk ut døra i Skostredet 17 saman med mor mi, la eg att alle bileta om den syndige verda, eg levde jo i verda, saman med alle dei andre, eg var jo ikkje annleis, ikkje ville eg vere annleis heller. Eg trudde på Gud, sjølvsagt, men gjorde ikkje alle det, med unntak av foreldra til Elizabeth som var humanetikarar, og det var jo nesten det same. Var vi ikkje alle fødde som Guds barn?

Den fyrste gongen eg kjende meg annleis, var eg 13 år. Eg hadde akkurat byrja på ungdomsskulen, det var skuledans på ein fredag, eg gledde meg, alle venene mine skulle gå, foreldra deira skulle stå vakt. Det var Whitney på høgtalarane og plakatar med Patrick Swayze og Rob Lowe, det fyrste møtet med ungdomstida, eg hadde dei tronge jeansane til syster mi og grøn ullgenser. Eg hadde fått lov av mor mi, far min var på reise, men eg såg at ho ikkje likte det, eg forstod ikkje kvifor. Då eg skulle gå ut døra, sa ho til meg at far min var bedrøva.

Det blei nokre timar med klump i magen og klump i halsen, eg kjende meg med eitt utanfor, eg hadde fått brillene på, eg såg alt gjennom filteret, det var eg og dei andre, eg høyrde ikkje til der.

Dei neste åra vaks denne kjensla inni meg, samstundes prøvde eg så godt eg kunne å passe inn. Eg lét som eg ikkje høyrde det når skulens dronningbie snakka om dei religiøse foreldra mine, eg kneisa med nakken når jentene snakka om Holms diskotek i garderoben etter gymmen, eg heldt meg med nerdane, dei skuleflinke og fornuftige.

Dei to verdene mine passa eg på å halde åtskilde, far min spurde om eg ville ta med meg nokon frå klassen til juniorklubben i forsamlinga, kanskje det, sa eg, men det kom sjølvsagt ikkje på tale, det ville ha vore sosialt sjølvmord. Den einaste som fekk bli med meg gjennom passasjen, var venen min Benedikte, ho blei mobba på skulen og trong sjølv ei parallell verd.

På gymnaset gav eg opp å passe inn, det gjekk ikkje likevel, Brita i klassen inviterte alle jentene i bursdagsselskap bortsett frå meg, eg drakk ikkje alkohol, det visste alle. Eg samla meg om skulen, eg jobba godt, gjekk i kor og turna, og gjekk på ungdomsmøte i forsamlinga. Rådgjevaren på skulen spurde meg kva eg skulle gjere etter gymnaset, eg fortalde at eg lurte på bibelskule, ho trekte på skuldrene og viste meg ut.

I forsamlinga handla alt om Gud og Jesus, det var oss mot verda, det einaste som gjaldt, var sjelers frelse. Eg stod og bad saman med dei andre, prøvde meg på tungetale, eg kjende meg ikkje heilt vel, ein masse lydar utan meining. Vi bad for sjuke menneske, ungdomsleiaren la hendene på oss og ropte til Gud om å salve oss, han hadde vore i Oslo og høyrt på amerikanske TV-pastorar, han hadde sett føter vekse ut, underas tid var enno ikkje forbi.

Men eg gjekk med ei sorg inni meg, eg visste ikkje heilt kvifor, det var eit sakn, eg kjende meg ikkje heil. Eg forakta dei gamaldagse haldningane til nokre av predikantane som kom til forsamlinga, heime diskuterte eg likestilling med songevangelisten Egil til han vart raudsprengd i andletet og mor mi sa at kaffien var klar, kanskje eg såg at ho smilte, eller er det berre noko eg har drøymt. Trass i tida far min var fødd inn i og miljøet han vaks opp i, var han ingen sjåvinist, han vaska og handla mat og laga kjøttkaker når han var heime, så mor mi fekk kvile seg, han vaska skitne tøybleier då vi var små, og song når han tok oppvasken.
Men draumen hans tok livet av mor sine, det kan ein ikkje kome vekk frå.

Å Gud, kan du gje meg ein Mercedes Benz
Ein augustdag i 1992 sat eg på toget i Bergen, far min stod utanfor med tårer i augo, eg var på veg til bibelskulen i Tigerstaden. Då toget køyrde ut frå stasjonen, stod far min igjen og peikte mot himmelen, eg blei med eitt redd, er dette siste gong eg ser han, han var 67 år den gongen.

Eg hadde gått ut av skulen med godt vitnemål, no venta bibelskulen, eg var glad for å vere ein del av noko større, forsamlinga Oslo Kristne Senter var den største i landet med nærare 500 ungdomar på møte kvar laurdag.

På bibelskulen fekk vi undervisning i bibelhistorie og etikk, dei snakka om sigerog vekking, vi var Guds soldatar i krigen mot Satan og hans demonar. I forsamlinga sin eigen bokhandel selde dei bøker om kvinna sin plass i familien og i kyrkja, om bøn for sjuke og mirakel, om korleis Herren ville skape økonomisk framgang for oss, berre vi trudde. Pastor Åge hadde preikestol av pleksiglas, han gjekk fram og tilbake på den store scena når han preika, han strutta av humor og vidd og velstand. 

I helgane drog vi inn til byen for å søke sjelers frelse, vi stod på Egertorget og song lovsongar, vi delte ut traktatar, kom til oss og sjå kor stor Gud er, vi er lukkelege, vi har sanninga. Gud, kor dumme vi må ha verka, for ein som har opplevd smerte og sorg, vi trudde vi hadde svaret, men sanninga er at vi ikkje eingong stilte spørsmåla.

Far min og mor mi var ikkje begeistra, dei var tvilande til verdiane i hovudstaden, det var for mykje prat om pengar og velstand, for mykje av alt eigentleg, det var for langt frå bedehuset til amerikakarismatikk. Eg trassa dei, det var kanskje eit veikt forsøk på opprør, framleis innanfor, eg torde ikkje anna, eg ville til himmelen og ikkje fortapast.

På ungdomsmøta var stemninga høg, det var band og rockemusikk, høglydt bøn og gledesrop, song og dans for Herren. Ungdomsleiaren fekk oss til å stå på stolane og love kyskheit, vi skulle ikkje nærme oss det andre kjønnet om vi ikkje hadde giftarmål for auge, vi skulle vere reine for vår Far i himmelen. Vi var personleg kristne, men også eit kristent fellesskap, ei eining med same mål, ei bølgje av kraft og ungdom. Vi forakta kyrkja sin treige liturgi, endå meir den katolske kyrkja, det var vranglære på høgste plan, pave Johannes Paul II var Antikrist.

Etter at den fyrste forelskinga hadde roa seg, byrja eg å tenkje at vi hadde vår eigen liturgi med lovsongar på overheadmaskina og kollektpreike og forbøn ved scena. Dei som gjorde mest ut av seg på møta, var dei som brann mest for Jesus, dei som ropte høgast og talte i tungar framfor heile forsamlinga, blei inviterte ut på middag med leiarane, det var dei som var førebileta, det gjaldt å vere nærast bålet.

Eg tenkte på far min som hadde levd heile livet sitt med Gud og kallet, som aldri framheva seg sjølv på noko vis, som var så audmjuk at det kunne grense til det sjølvutslettande, som vitja sjuke og gamle, utrøytteleg kvar einaste veke, han var det motsette av predikantane bak pleksiglaset i forsamlinga i Oslo. Ein dag utfordra eg ungdomsleiaren, eg meinte vi måtte snakke saman om verdiar, kva er det eigentleg å vere ein brennande kristen og praktisere Jesu kjærleik, handlar det berre om å rope høgt på fremste benkerad? Då fekk eg skrifta lesen, rop og dans for Herren, skreik han til meg, det står i Guds ord, her trengst ikkje bøygde hovud, men eg tenkte for meg sjølv at det er akkurat det som trengst.

Eg oppdaga òg at nokre av ungdomane forsvann, dei hadde vore brennande, kanskje brann dei ut, dei sleit, så slutta dei å kome på ungdomsmøta, vi høyrde aldri frå dei meir. Vi blei fortalde at dei var fråfalne, dei hadde forlate den smale veg, nokre var endåtil blitt sambuarar, for eit nederlag! Det var ikkje mogleg å tenkje seg at dei framleis var truande, i alle fall ikkje på det rette viset, dei hadde forlate forsamlinga og fellesskapet, ingen kunne behalde trua på eige hand.

Sjølv var eg ferdig med bibelskulen, hadde byrja studere, fransk grunnfag på universitetet. Men eg fann meg ikkje til rette med Oslo-jentene som hadde vore au pair i Frankrike, eg forstod ikkje korleis eg skulle skaffe meg vener, eg mistreivst i betongjungelen på Blindern og brukte heller tida mi i forsamlinga.

Hausten 1994 skulle vi stemme for eller mot EU, Oslo Kristne Senter-ungdomane var mot, unionen var Dyret i Johannes’ openberring. Snart ville vi bli reduserte til strekkodar og robotar, det gjaldt å mobilisere. I fleire månader stod eg opp klokka fem, det var bønemøte i Mariboes gate klokka seks, vi bad Gud vekke menneske frå dvalen og ta den rette avgjersla.

Kampen vart krona med siger, Noreg røysta nei, men eg hadde kasta vekk eit heilt semester med fransk, eg sovna under forelesingane, utsliten etter bønemøta og vekkingskampanjane og alle dei andre gjeremåla ei praktiserande Guds kvinne burde ha. Eg hoppa av studia utan å fullføre, eg som hadde karakteren 6 i fransk både skriftleg og munnleg på vidaregåande, eg orka ikkje meir, eg melde meg ut av forsamlinga og drog heim til dei sju fjell.

Fridomsrus
Eg brukte eit halvår på å fordøye den nyvunne fridomen min. Eg fortalde foreldra mine at eg ikkje ville vende tilbake til deira forsamling heller, at eg hadde valt vekk det kristne fellesskapet. Dei forstod kva som låg bak, men det var ei sorg, især for far min, han var stille fortvila. Vi snakka ikkje mykje saman, det blei mest vêr og vind, han var framleis predikanten, eg ville ha far min, eg ville prate utan å bli møtt med bibelsitat og preiker. Det klarte han ikkje.

Eg prøvde å spole tilbake langs mi eiga utvikling, kan hende hadde eg stått stille, eg måtte ta igjen nokre viktige ting, kva meinte eg eigentleg om homofili, om abort, om ekteskapet? Eg hadde levert inn den brune stresskofferten med ferdigtogne meiningar og haldningar då eg drog frå forsamlinga i Oslo, eg måtte finne fram til kjernen i meg sjølv, den som hadde blitt skubba til sides over så lang tid.

Etter nokre månader fann eg ut at eg ikkje kunne kutte kjettingen til ankeret så fort, eg trong eit haldepunkt medan eg fann ut av ting. Den konservative presten Arnfinn Haram var forstandar på ein studentheim i Erik Pontoppidans gate, der var rom til meg i herberget, der budde andre kristne ungdomar. Eg flytta inn og freista tilpasse meg endå eit kristent fellesskap, denne gongen med kulturell kapital, kristne sjølvhjelpsbøker var bytte ut med Kierkegaard og skrifter frå oldkyrkja, det var tidebøner fleire gonger om dagen, tydeleg inspirert av den katolske kyrkja.

Eg kjende meg trygg i dei nye rammene, eg kunne velje fellesskapet om eg ynskte det, men også vere åleine. Det var sjølvsagt usagde reglar her som alle andre stader, eit hierarki, det var dei unge mennene som kom nærast Arnfinn, dei sat på loftet og samtalte om teologi, filosofi og kunst, eg såg fort at det ikkje var mogleg å ta del i samtalene på same vis som kvinne. Det mora meg meir enn det provoserte meg, eg syntest det var merkeleg, eit kuriøst lite samfunn, eg gjorde aldri noko forsøk på å trenge meg på, eg trur eg vann respekt hos salige broder Arnfinn av di eg aldri tigga.

Dei andre studentane på huset hadde heilt andre religiøse referansar enn dei eg sjølv hadde, kunne namnet på alle kristenfilosofane, dei var fostra på høgkultur og kyrkjeleg liturgi, men hadde aldri høyrt om pinsevenene sin grunnleggar Barratt eller om den store evangelisten Billy Graham i Amerika.

Då to år var gått, kutta eg kjettingen på ny og flytta til Volda for å studere journalistikk. Eg var innom ei gudsteneste i kyrkja no og då, eg rekna meg framleis som truande, men eg var ferdig med bedehusa. Eg var vaksen og fri, eg gjekk på byen som dei andre, rett nok var eg framleis fråhalds, men eg dansa og festa, rusa på fridomen, endeleg høyrde eg til majoriteten, eg trudde eg hadde rista av meg den religiøse arven min.

Eit Guds barn
Det er eit lite barn som endrar alt. Han kjem i 2007, det er ei glede og eit sjokk for meg og far hans, vi går med han i bilsetet mellom oss ifrå Kvinneklinikken i Bergen, ventar nesten at nokon skal kome springande etter, de kan ikkje berre ta han med heim, er de galne. Eg ser på han når han søv, høyrer pusten hans, han er så vakker, kvar kjem han frå, det må vere frå himmelen. Men kvar kjem eg frå?

Eg tenkjer på far min, ein gong var eg det nyfødde barnet hans, no snakkar vi ikkje saman om det som betyr noko, vi utvekslar berre frasar, det er sårt, han er over åtti år, nærmar seg slutten av livet. Kva er det som finst inni han som er så sterkt at han har valt bort så store delar av barndomen og oppveksten til meg og systrene mine? Eg er redd for at pappa skal døy før vi har forsona oss, kanskje går han framleis og håper på at eg skal vende om, vende tilbake til det kristne fellesskapet, eg veit at det ikkje kjem til å skje. Eg veit og at trua mi framleis finst der, djupt inne i meg.

Ein dag går eg til far min og fortel han at eg vil lage film om han, ein dokumentarfilm, eg vil ta han med på ei reise i hans eigne fotspor, frå bedehus til bedehus over heile landet. Eg vil dokumentere livet hans, finne ut om nokon hugsar han, om det er noko att etter eit langt liv i Guds teneste. Far min protesterer, eg må finne ein predikant med større suksess enn det han har hatt, meiner han. Nei, seier eg.

Til slutt er det mor mi som overtalar han, hugs kor mange menneske du kan nå gjennom filmen, seier ho, det går inn, far min seier ja.

Vi reiser av garde med fotografen på slep, frå Mosterhamn i sør til Kjøllefjord i nord, vi nøstar opp i gamle minne og lagar nye. Han treffer gamle vener igjen, dei jublar og græt, det er sterkt og samstundes sårt å sjå kor nær han kan vere andre menneske. Vi dreg til Silfar Canyon i Børselv, den største urørte canyon i Nord-Europa, seiest det, vi græt begge, det er overjordisk vakkert.

Han står på talarstolen igjen, han preikar med fynd og lidenskap, han er ein glitrande talar, betre enn eg hugsar, eg sit på bakre benk og ser på han og tenker på alle dei kveldane han ikkje var heime hos oss, men hos den kristne familien sin. Far min er brått tjue år yngre, han gløder og blomstrar, han er på heimebane, kallet hans er like sterkt, eg ser det no, han lever og andar for den draumen, han korkje kan eller vil noko anna.

Når forsamlinga syng «Namnet Jesus bleiknar aldri», græt eg, du kan ta jenta ut av bedehuset, men aldri bedehuset ut av jenta, far min og eg syng «Hvilken venn vi har i Jesus». Eg kjenner saknet etter fellesskapet, eg vedgår det, eg er tilbake i min fars hus, det er så lenge sidan.

Vi samtalar, vi to, om trua og forsamlinga, om himmel og helvete. Han skjønar ikkje korleis eg kan halde på trua utan det kristne fellesskapet. Eg prøver å forklare, Herren ser til hjartet, eg har framleis trua mi, eg vil berre ikkje snakke så mykje om det. Kan eg ikkje leve som ein kristen utan å proklamere det? Du treng styrke til trua di, seier han, den styrken får du i forsamlinga. Eg treng fridomen meir, seier eg.

Eg fortel han at eg sakna han mykje som barn, det skapar sår i eit lite menneske når far din har ein annan familie som eig han det meste av tida. Han nikkar, han veit at han har svikta på det viset, han var ung og visste ikkje betre, seier han. Viss han hadde starta på nytt, hadde han vore meir heime, men han hadde framleis vore predikant. Det er vanskeleg å gjere noko med det no, seier han, umogleg, han kan prøve å reparere skaden, men det blir ikkje det same. Nei, seier eg.

Men det er noko der, ein nærleik, ein augneblink av den faren eg ynskjer at han var, vi sit saman i sofaen og ser på gamle bilete, der er veslejenta og pappa, seier han. Ho veit ikkje så mykje om livet, det har så vidt begynt.

Epilog
Det er trettande desember, vi sit i Sælen kirke og skal feire Lucia med barnehagen til yngsteguten, det er ukristeleg tidleg, vi sit i mørkeret og ventar. Eg har ikkje vore i kyrkja på månader, eg har blitt ei av dei som berre går i kyrkja i jula, kven skulle trudd det. Eg seier til Gud: «Her er eg att, eg har ikkje mista deg, eg vonar du framleis har meg i famnen, at du held handa di over meg og mine kjære. Eg freistar leve eit godt liv og vere snill mot andre, men det er vanskeleg stundom, livet på jorda, og nokre gongar mistar eg deg av syne. Skjønar du, Jesus? Du har jo og vore menneske. Eg treng deg, du må ikkje bli borte for meg.»

Då går dørene opp, eit tog av ungar står klare i kvite klede og med ljos i hendene, morgontrøytte med busta hår under kvar si glitterglorie. Eg ser guten min, handa hans held godt fast i ei trygg vaksenhand, han ser etter meg, eg vinkar. Hundre barnestemmer tar til å synge, lyden fyller heile kyrkjerommet, dei syng om ljoset i mørkret, ein disharmoni så vakker at eg græt så tårene trillar og tenkjer at dette må vere frå himmelen.

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797