Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bli sint!

Av Knut Aastad Bråten

Dei er flinke til å ordlegge seg. Dei er høflege. Dei er profesjonelle og kontrollerte. Og dei blir sjeldan sinte.

Knut Aastad Bråten er redaktør i Syn og Segn. Foto Cathrine Dokken.

Nei, eg snakkar ikkje om bibliotekarane i norske kommunar, eller om soldatane i Frelsesarmeen. Eg snakkar om dei norske rikspolitikarane.

Ein tenkt TV-debatt på Litteraturhuset i Oslo. I panelet sit fleire kjende rikspolitikarar: statsminister Erna Solberg, Siv Jensen, Jonas Gahr Støre, Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide. Temaet er eldreomsorg. Under debatten er det kvass ordveksling. Jonas skuldar Siv for ikkje å vere tydeleg nok i påstandane ho legg fram. Har ho ein skjult agenda, spør han. Siv protesterer, og oppmodar i staden Jonas om å lese ein fersk rapport om tilgangen til eldrebustader i Sykkylven. Trine Skei Grande seier at statsministeren er «feig» som ikkje tek nok omsyn til dei demente i landet. Knut Arild Hareide smiler.

Eg elskar TV- og radiodebattar, men har den leie uvanen at eg ikkje alltid får med meg innhaldet. I staden fokuserer eg på det som finst bak alle meiningane: retorikken, kroppsspråket, oppførselen, kommunikasjonen, og ikkje minst temperaturen på debatten. Er Siv stram i blikket? Vart nokon lei seg? Kjedar Erna seg?

Éin ting slår meg. Ingen av politikarane blir sinte. Tonen mellom dei er kontrollert. Dei er profesjonelle i framferda si, og saklege. Dei omtalar kvarandre med førenamn – noko som er med på å underbyggje den venskapelege tonen. Her er kjappe ordvekslingar, litt latterleggjering av kvarandre – og ein klapp på skuldra, men sjeldan og aldri blir nokon sinte. Rigmor Aaserud (Ap) kan smelle til, ho, men den trauste hadelendingen står alltid støtt attmed hesjestaurane.

Norske politikarar er harmlause. Det er noko gudsteneste-aktig over framferda deira, for å låne eit uttrykk av kommentator og forfattar Elin Ørjasæter. Men kvifor er det slik? Kvifor er norske politikarar så ordentlege i debattar på Litteraturhuset eller i Dagsnytt Atten? Kvifor er det ingen som eksploderer på talarstolen? Og kva type offentlegheit får vi når maktpersonar aldri lettar på lokket?

Eg sjekkar Google. Skriv «sint», «kjent» og «politikar» – og finn nokre artiklar om ukrainske parlamentspolitikarar i vilt slagsmål. Her er intervju med den tidlegare danske innanriks- og helseministeren Bertel Haarder, som skjelte ut journalisten frå DR då han vart forstyrra midt i middagsstunda med kona, men òg vår eiga Liv Signe Navarsete.

I 2012 var Navarsete på veg til eit medlemsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti på Eid. Før møtet vart ho konfrontert med sjukehusforkjemparar som var skuffa over Senterpartiet sin innsats for å behalde fødetilbodet på Nordfjord sjukehus, som regjeringa hadde foreslått å legge ned. Det fekk Navarsete til å tenne framfor opne TV-kamera: «Du anar ikkje kva du snakkar om! Det er eg som har sete i forhandlingane! Det er eg som har forhandla, lange dagar og lange netter. Fleire timars telefonkonferansar. Eg har stått på kvar einaste barrikade i denne saka her. Du, eg aksepterer rett og slett ikkje at du seier at Senterpartiet … Eg har brukt dagar og netter på denne saka her, og så skal eg stå her og få kjeft?»

Du verda!

Men er Liv Signe den einaste sinte rikspolitikaren vår? Eg googlar vidare: Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland var alvorleg, ei slags gamaldags kjeftesmelle. Men det er 30 år sidan. Eg finn heller ingen artiklar om at noverande statsminister Solberg har vore sint. Knut Arild Hareide …. Nei. Neste: Trine Skei Grande – ei kruttønne, men heller aldri sint. Siv Jensen var sint, men det var før ho vart statsråd.

Men kvifor finst det så få sinte norske rikspolitikarar? Finn vi forklaringa i den norske karakteren? Nordmenn er eit fredeleg folkeslag, blir det sagt: Vi vil vere vener med uvenene våre, og styrer vekk frå kampen om han nærmar seg. Konfrontasjon er ubehageleg – det gjer oss redde og usikre. Dessutan har sinne alltid dårleg rykte: Har ho mista kontrollen og forstanden? Er han ustabil?

«Du blir så sint», seier bror min når diskusjonen ber av. Eg let meg ikkje affisere der og då, men blir sjølvsagt fornærma og indignert. Jau då. Eg har anlegg for å bli sint, og reagerer alltid negativt når nokon minner meg på det. Sinne er naturleg, ja visst, men òg noko negativt, heimehøyrande på minussida. Kven ynskjer å få merkelappen «sinnakule»?

Den viktigaste forklaringa er nok at sinne ikkje høyrer heime i det offentlege rommet. Då er det viktig å temje sinnakula, opprette kontroll over det uføreseielege. Der er spelet om merksemd i det offentlege rommet eit regissert spel med nokre sentrale medspelararar: kommunikasjonsrådgjevarane. Dei legg kabalen og trekker i trådane. Og dei fortel rikspolitikarane korleis dei skal te seg – og ikkje. Dei regisserer og kontrollerer språket, mimikken og åtferda: Slik. Ikkje slik. Hugs å smile. Fast blikk. Og viktigast av alt: Ikkje bli sint.

Noko gjekk tydelegvis ikkje etter planen då Navarsete buldra laus på Eid i 2012. Men mange applauderte. For var det eigentleg så ille, det som skjedde?

Filosof Arne Johan Vetlesen spør i Dagsavisen 28.9.13 kor folk gjer av sinnet dei måtte ha, om dei ikkje kan uttrykke det i offentlegheita. Blir det kanalisert andre stader, spør han. Han tek samstundes avstand frå ukontrollert sinne som kan vere farleg for andre. Thorgeir Kolshus ved Sosialantropologisk institutt hevdar at vi har danna oss bort frå det som ser ut som spontant sinne, men seier: «Vi har rett og slett råd til å gå på tap en gang iblant.»

Sterkt personleg engasjement gjev næring til politikken, og er slik ein føresetnad for tilliten mellom politikarane og veljarane. Politikken treng politikarar som verkeleg meiner noko med det dei seier, og som – med heile seg – får oss til å forstå at noko står på spel. Kanskje kunne ein friskare debatt også engasjert veljarane meir?

Kontrollert sinne og ekte kjensler gjev oss ekte menneske, og er eit positivt innslag i eit elles nokså temperamentslaust politisk landskap. Og det gjev ikkje minst eit ærleg bilete av verda slik verda er.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar