Utgåve 3-17 8 artiklar
Snakke mindre, handle meir Skrive av Knut Aastad Bråten Samværet med andre avgrensar seg til det å snakke, og ofte snakkar vi om korleis vi har det. Må vi det, heile tida? Diskriminologen Skrive av Mette Karlsvik Det handlar ikkje berre om kampen for å bli sett. Berit Vegheim kjempar om grunnleggande menneskerettar og rettstryggleik for den største minoritetsgruppa i verda, dei funksjonshemma. Berre eit hus? Skrive av Anita Nordeide Hytta ber på mange minne: om lange skiturar med mor og far, morgonbad med syskenbarn og kveldsfiske med veslebror. Kva kan hytta fortelje om slekt og familie, og relasjonane mellom oss? Hyttelivet er ikkje lenger berekraftig Skrive av Carlo Aall Det norske hyttelivet er i endring – frå enkel og låg materiell standard til høg komfort og lettvinte løysingar. Korleis har denne utvikla vore, kva er miljøkonsekvensane av utviklinga så langt, og korleis kan vi snu utviklinga i ei meir berekraftig retning? Frå nytte til den moderne hytte Skrive av Håvard Teigen Investeringar i fritidshus har vore eit tapsprosjekt i snart ti år dei fleste plassar i landet. Og framleis held vi fram med å bygge. Grunnsteinen for folketalsveksten Skrive av Åsmund Mikalsen Kvifte Dei siste to hundre åra har folketalet i verda sjudobla seg, og fleire skal me verta. Likevel et nok dei fleste meir og betre i dag enn dei gjorde på 1800-talet. Ei gresk åtvaring og ei slokna lyspære Skrive av Per Søreide Senstad Kan teknologiske skifte undergrave den liberal-demokratiske samfunnsordenen vår? Eit fritt Catalonia – draum eller realitet? Skrive av Johannes A. Nymark Den katalanske regionalregjeringa har lagt opp til folkerøysting 1. oktober over spørsmålet «Vil du at Catalonia skal bli ein uavhengig stat som republikk?»
Utgåve 2-17 6 artiklar
Mållaust liv har òg ei meining Skrive av Anne Sverdrup-Thygeson Jorda er heim for kanskje så mange som ni millionar artar, inkludert menneska. Kvifor finst så mange av dei, kva gjer dei, og kva skjer når menneska tek over stadig større delar av områda deira? Arktisk homokamp Skrive av Runar Jordåen Då ein organisert homokamp starta i Noreg i 1950, var det i eit samfunn som både kriminaliserte likekjønna seksualitet og såg det som djupt forkasteleg. Før dette hadde knapt nokon våga heva røysta. Eitt av særs få unntak var ein ung, radikal lærar i ei lita bygd i Nord-Troms. Puritanarar, pietistar og alkoholen Skrive av Karl Egil Johansen Mange trur at fråhaldsrørsla er eit særnorsk fenomen, oppfunnen av pietistar på Vestlandet. Det stemmer slett ikkje. Kampen mot styggedomen tok til ein heilt annan stad – i USA. Trump og den kollektive ordenen Skrive av Svein Melby Sidan 1940-talet har USA teke ei dominerande rolle i verdspolitikken. Kva rolle ynskjer USA å ta no? Faktavakta Skrive av Ylve Gudheim Mistilliten til media er stor om dagen, og dei få som går oss systematisk etter i saumane, slepp heller ikkje unna skepsisen. Den anonyme faktasjekkaren Doremus Schafer svarar på spørsmål om tilstanden i norske medium, og om eigne politiske preferansar pregar mediekritikken hans. Lokalpolitikk, takk! Skrive av Knut Aastad Bråten Lokalpolitikarane er arbeidshestane i det norske demokratiet, og garantistar for eit levande folkestyre.
Utgåve 1-17 7 artiklar
Kort og kontant Skrive av Alice Gudheim Ein halv-euforisk framtidsoptimisme pregar reportasjane om det kontantlause samfunnet. Argument som inneber teknologi, modernitet og digital konkurranse, er rådande. Dei prinsipielle spørsmåla om maktkonsentrasjon, demokratiske rettar og valfridom er det mindre av. Økonomiprofessor Einar Lie gjev sin skjerv til diskusjonen. Tungt for tømmermannen å forstå Skrive av Håvard Nyhus Kvifor så oppkava? Veit du ikkje at far min er ein heilt annan? Ein slags meditasjon over farsrolla. Redselen for å sparke nedover Skrive av Toril Heggen Munk Kva konsekvensar oppstår i fråværet av kritikk og ansvarleggjering av dei vi ser på som ressurssvake? Lokaldemokrati i hopehavsfella – og vegen ut Skrive av Harald Baldersheim Lokaldemokratiet må bergast frå hopehavsfella – kvelande statstenarskap under børa av tunge oppgåver. Vegen ut av fella er ikkje større kommunar, men sterkare regionar. Etterslepet Skrive av Knut Aastad Bråten 42 år etter at odelslova likestiller kvinner og menn, er det enno eit fåtal kvinnelege bønder i landet. Kvifor er det slik? Religion og barn Skrive av Ragnhild Laird Iversen Korleis er foreldre med på å forme religionsforståing hjå barn? Kva tenkjer små barn om religion? Og korleis blir barn og foreldre sitt forhold til religion møtt i barnehagen? Kva vi er laga av Skrive av Jørgen Eriksson Midtbø Vi trur vi veit korleis universet vart til, og korleis alle grunnstoffa kunne oppstå. Men veit vi så mykje som vi trur? Svaret finst kanskje i stjernene.
Utgåve 4-16 10 artiklar
Steen, stø Skrive av Mette Karlsvik For to år sidan fekk Thorvald Steen vite at han hadde ein onkel med same sjukdom som han sjølv. Kvifor hadde mor hans halde tett om dette? Det treng han skjønnlitteraturen for å granske. Den visuelle dialekta Skrive av Anne Kristin Moe Vi markerer identiteten vår gjennom utdanning og yrke, religion og politisk tilhøyr. Kvar vi kjem frå, er ikkje lenger avgjerande eller viktig for kven vi er som menneske. Samstundes ynskjer mange å vise tilhøyr gjennom bruk av bunad. Moten er død, leve kleda! Skrive av Ingun Grimstad Klepp Kan vi bruke bunadane til noko meir og viktigare enn som stumtenarar for nasjonal identitet og konstruert tradisjonsforståing? Kva skjer om vi diskuterer bunad som klede, og klede som bunad? Draktsamlingar som inspirasjon eller rettesnor? Skrive av Lizette Gradèn Å kle seg i tradisjonell drakt eller bunad er ei medviten handling, og ein skikk som menneske følgjer over heile verda. Men korleis blir folkedraktene brukte av moderne menneske – i dag? Det sensitive mennesket Skrive av Sturla Pilskog Eg har eit barn som ofte er lei seg, bekymra og frustrert. Eg kan sjå det i han kvar dag. Korleis er det å leve med sensitive menneske? Plukke bær på Ullhovudmyra Skrive av Aina Basso Overraskande mange nordmenn har aldri vore i det nordlegaste fylket vårt. Veit dei kva dei går glipp av? Jesus ved 60 Skrive av Halvor Moxnes Kven var Jesus? Korleis speglar spørsmål om Jesus kulturen og kyrkjelivet i samtida? Rosa og det vakre Skrive av Katrine Sele | Foto Oddleiv Apneseth Ein gong tenkte eg at pynt var noko dillete og unyttig. Så endra eg meining. Kjære alle saman Skrive av Jørgen Norheim Kvar nyttårsdag benkar vi oss framfor TV-en for å høyre statsministerens tale. Men kva funksjon har statsministertalane? Kva seier dei? Og kva kan vi lese ut av statsminister Erna Solbergs tre nyttårstalar? Sterk vekst i dyre forbrukslån Skrive av Ebba Boye | Foto Trygve Indrelid Forbrukslån har vakse med 11 prosent det siste året og utgjer no totalt 90 milliardar kroner. I Finanstilsynet er dei bekymra, men har dei tenkt å gjere noko med det? Anders Nikolay Kvam, forbrukarkoordinator i Finanstilsynet, gir oss innsikt i lånekulturen.
Utgåve 3-16 6 artiklar
Tette band og store pengar Skrive av Sidsel Dalen Fire av ti leiarar i forvaltninga seier at det er gjort forsøk på å bestikke dei. Tor Dølvik, spesialrådgjevar i Transparency International Noreg, fortel om faren for korrupsjon i norske kommunar. Den vanskelege nasjonaliteten Skrive av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen Kva er eigentleg ein franskmann? I etterkant av dei mange terroraksjonane blir Frankrike ofte framstilt som ein stad som er invadert av framande, og som har mista kontrollen over innvandrarane sine. Stemmer det? Tillit under press Skrive av Dag Wollebæk Tilliten mellom menneske i Skandinavia er svært høg. Men innvandringa set tillitskulturen på ei historisk sterk prøve. Om jordbruk, mat, politikk og sånn Skrive av Bjørn Egil Flø Jordbruket har over tid etablert ein grunnleggande truskap til det etablerte kunnskapssystemet, og greier ikkje å tenkje utanfor boksen. Tilliten verdig Skrive av Helge Svare Korleis kan sjølvbeteningsbua i skogkanten ved Oslo seia noko om det norske tillitssamfunnet? Arv Skrive av Bergljot Kaslegard Gardar går i arv, feler og songskattar går i arv. Kaffiservise og veggur blir fordelte. Slektstradisjon blir overlevert, talent og gåver går vidare til neste generasjon. Og nokon tar imot denne arven, medan andre vel han bort. For tenk, så frie kan vi vere.
Utgåve 2-16 6 artiklar
Dei indre konfliktane Skrive av Fatema Al-Musawi Det finst ukulturar i dei muslimske miljøa, like mykje som det finst framandfrykt og lite forståing for det nye blant etnisk norske. Skal vi gjere noko med det? Den arabiske offermentaliteten Skrive av Lars Akerhaug I heile det førre hundreåret var arabiske intellektuelle besette av ideen om å gjenreise Det osmanske riket. Og enno ropar mange på arabisk samling. Observatøren Skrive av Ylve Gudheim Har fluger eit indre liv? Sannsynlegvis. Kan eit einskilt proton vere bevisst? Det er ikkje lenger utenkjeleg. Hjerneforskar Johan Frederik Storm forklarer teorien og eksperimenta som kan endre verdsbiletet vårt. Snillskap for fall Skrive av Knut Aastad Bråten – Så snill du er! – Njaaa, eg er vel helst dumsnill (latter). Ketsjupsystrer Skrive av Monica Bjermeland Nyttårsaftan døydde ei ung jente i Valdres av avmagring. Ho er venelaus, omsorgsapparatet har svikta. På skulen til dotter mi får dei ikkje lov til å kalle seg bestevener. Korleis unngår vi at den sosiale styringa vert heilt på styr? «Gud give man vil indse dette før Storthinget brænder» Skrive av Lars Lien Framstillinga av «jøden» som konspiratør i norsk dagspresse cirka 1905–1925.
Utgåve 1-16 4 artiklar
Kan vi felle autoritære regime med plakatar? Skrive av Bård Drange Fem år etter at den autoritære presidenten Ben Ali vart tvinga til å rømme landet han rådde over i 24 år, har Tunisia halde eit fredeleg og demokratisk val og ser ut til å navigere mot rolegare sjø. Tidsvitnet Skrive av Janne Nygård Gjennom krigstid og fredstid, vitskaplege framsteg og skiftande politiske og kulturelle straumdrag: I årgangane til tidsskriftet Syn og Segn kan vi lese forteljinga om korleis Noreg vart eit moderne samfunn. Når valden verkar Skrive av Ingrid Eidsheim Daae Terroristane vel offera sine meir eller mindre vilkårleg, og gjennom sosiale medium kjem brutaliteten tettare på oss enn nokon gong tidlegare. Professor Tore Bjørgo meiner ekstremistar har mykje til felles, anten dei er nynazistar eller jihadistar. Kommunale grenser Skrive av Jon Wessel-Aas Korleis er eigentleg rammene for ytringsfridommen, og korleis blir han praktisert i Kommune-Norge?
Utgåve 4-15 5 artiklar
Kulturlivets pengar Skrive av Knut Aastad Bråten Eg har ein draum: Ei svært rik dame er på tråden. Ho ynskjer ein samtale med redaktøren, altså meg. «Eg ynskjer å bidra», seier ho. Far min og eg Skrive av Jørgen Lorentzen Det viktigaste feminismen kan bidra med, er ei demokratisering av familien, for den utvitydig viktigaste institusjonen i eit samfunn er familien, om ein liker det eller ei. Fridom eller tvang Skrive av Eva Løveid Mølster I dag er vi alle feministar. Det les eg i aviser og tidsskrifter, eg høyrer kloke folk seie det på podkastar og i radioen, og eg høyrer venner og kollegaer seie det. Debatten som brann ut Skrive av Ingrid E. Daae Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland og leiar i Europabevegelsen Jan Erik Grindheim er usamde om det meste, bortsett frå dette: Kvifor EU står så lågt på agendaen i Noreg. Svaret plagar dei båe. Kjønnet i verda - og i kyrkja Skrive av Merete Thomassen Kva har norsk lekmannskristendom og ein ordinær heterofil kjønnsmarknad til felles? Teologiske haldningar til kjønn og seksualitet i konservative kyrkjelege krinsar kan klargjere nokre problematiske førestillingar om kvinner og menn også i eit semisekulært skandinavisk tilvære.
Utgåve 3-15 5 artiklar
Ein skjult litteratur Skrive av Knut Aastad Bråten Kvart år blir det skrive bygdebøker for titals millionar kroner. Bøkene er god butikk – og annleis litteratur. Men kva veit vi om dei – og korleis kan dei gje svar til liva våre i dag? Eit demokratisk dilemma Skrive av Kristine Erstad Vegard Ein ny handelsavtale mellom USA og Europa er på trappene. Målet er å auke ein del av verdshandelen. Men avtalen er ein trussel mot demokratiske praksisar, seier kritikarar. Tvisynt og framsynt Skrive av Ylve Gudheim Kva gjekk gale under den arabiske våren? Går verda mot ei meir eller mindre uroleg tid? Midtausten-forskar Cecilie Hellestveit gir innblikk i spelet vi ikkje ser. Eit hol i løedøra Skrive av Mads Langnes Sjølv i eit land der det er meir av hus og hytter enn av slott og katedralar, finn den bygningshistorisk interesserte av og til heilt vanlege, rurale bygningsdetaljar som har vore for små til å bli nemnde - sjølv i bandsterke verk om den norske byggjeskikken. Såret som aldri gror Skrive av Lene Wetteland Manglande oppgjer etter det armenske folkemordet for hundre år sidan hindrar framleis sårt tiltrengd vekst og utvikling i Armenia. Samstundes definerer det ein armenar på godt og vondt.
Utgåve 2-15 5 artiklar
Er vi dus, De? Skrive av Knut Aastad Bråten Nordmenn seier «du» til alle, «hæ» i staden for unnskyld – og klemmer vilt framande. Har vi trødd over intimitetens grenser? Barn utan klagerett Skrive av Ida Habbestad Forskar ved Høgskulen på Lillehammer, Kerstin Söderström er bekymra for kva signal Noreg sender når me nøler med å gje barn klagerett til FNs barnekomité. Ein folkeleg suksess Skrive av Even Smith Wergeland Ferdighusbransjen er ein pariakaste i arkitekturfaglege kretsar, men totalt dominerande i byggemarknaden. Kva bygger suksessen på? Bloggaren Skrive av Roy Ngerng Eg vart saksøkt av den singaporske statsministeren Lee Hsien Loong. Så vart eg sparka frå jobben, og da eg tok ordet under ein demonstrasjon, vart eg ytterlegare straffa ved å bli sikta for to nye brotsverk. Eit spørsmål om naudsyn Skrive av Shabana Rehman Gaarder Eg har forlate førestillinga om at dyr er skapte for menneske. Måten vi utnyttar dei på, gjer oss umenneskelege.
Utgåve 1-15 4 artiklar
Utgåve 4-14 7 artiklar
Ein fortvilt fisk Skrive av Dag Øistein Endsjø Eg såg han ikkje med det same. Eg var tilfeldigvis innom ein dyrebutikk, og merksemda vart først fanga av eit akvarium der ein liten stim av små pansermallar sumde roleg rundt. Så la eg merke til han. Ein einsleg liten malle i akvariet ved sida av. Draumen om Finland Skrive av Sanna Sarromaa I Noreg skal alle med, i Finland behøver ikkje alle vere med. Det er faktisk heilt ok å sleppe å vere med! Kva heiter du? Skrive av Knut Aastad Bråten Eg har alltid likt herma om Ufysa – denne skitne, og ikkje minst munnrappe eitt-eller-anna som illustrerer eit vakkert poeng: Kva du heiter, er ikkje avgjerande for kven du er som menneske. Teflondebatten Skrive av Ida Habbestad Dette året feirar me Grunnlova, som regulerer statsforma vår. Men feiringa har ikkje innehalde den store, offentlege diskusjonen om nettopp statsform. Kvifor ikkje, Hedvig Skonhoft Johannesen? Kunst som protest Skrive av Ingunn Lunde Politisk engasjerte kunstnarar og forfattarar i dagens Russland Den norske bustadbobla Skrive av Ingrid E. Daae Meir regulering og færre krav, takk. Konsernsjef i OBOS, Martin Mæland, og direktør i Selvaag Bolig, Baard Schumann, forklarar oss nokre samanhengar politikarane ikkje skjønnar. Paradoks i Putins bakgard Skrive av Lene Wetteland Mi overtyding om at alle menneske er like mykje verde og har like rettar, og at det som står i media, ikkje nødvendigvis er sanning, møter stadig motstand.
Utgåve 3-14 5 artiklar
Klimaoptimisten Skrive av Eskil Skjeldal Den nye direktøren for CICERO, Kristin Halvorsen, har vorte meir klimaoptimistisk med åra. Klimaendringane har no vorte oppjusterte frå å vere omdiskuterte til å vere fakta, meiner ho. Men skal Noreg vere leiande, må den nye regjeringa vere langt meir aktiv. Danna uutdanna Skrive av Rakel M. Sivertsen Du som les dette, har heilt sikkert eit par år på universitetet bak deg. Eller kanskje mange år. Du har tatt bachelor, master kanskje. Eller om du er litt eldre: doktorgrad og fordjuping. Rotnar på rot Skrive av Elin Ørjasæter og Anne-Lise H. Rolland Dei siste tiåra har jussen blitt meir og meir internasjonalisert: Noreg underordnar seg internasjonalt lovverk, og i ei særstilling står EØS-avtala. Bli sint! Skrive av Knut Aastad Bråten Dei er flinke til å ordlegge seg. Dei er høflege. Dei er profesjonelle og kontrollerte. Og dei blir sjeldan sinte. Å kjenne einsemda Skrive av Steinar Opstad Etter ei diktopplesing på Litteraturhuset i Oslo for nokre år sidan kom ei middelaldrande kvinne opp til meg, stilte seg framfor meg og såg lenge granskande på meg før ho utbraut: Sei meg, har du kjent einsemda?
Utgåve 2-14 4 artiklar
Annleiskroppen Skrive av Torstein Lerhol Korleis er det så å vere annleis i samfunnet i dag? Korleis er det å skilje seg ut i mengda? For min eigen del kan eg berre seie: Det er heilt fantastisk. Kosovos framtid Skrive av Jon Kværne Fattigdom. Korrupsjon. Etniske konfliktar. Svake demokratiske tradisjonar. Korleis ser så folk sjølv på framtida – i eit land med så mange problem? Tilslørte bondepiker Skrive av Svenn Arne Lie Før vi veit kor vi skal, må vi vite kor vi er. Her byrjar problema i debatten om det norske jordbruket. Frå heilag til kriminell Skrive av Eskil Skjeldal – Eg legg vekt på omstilling av olje- og gassnæringa, ikkje å dømme ho til døden. Administrerande direktør i Norsk olje & gass, Gro Brækken, peiker på ansvar og etiske vurderingar i utviklinga av den norske olje- og gassnæringa.
Utgåve 1-14 6 artiklar
Bokdronninga Skrive av Knut Aastad Bråtens 23. april i år fyller forfattaren Margit Sandemo 90 år. Skal vi gje henne Brages heiderspris? Ein by - fleire byar Skrive av Pål Veiden Wien: Keisarbyen. Turistgatene. Sachertorte. Og dei nye borgarane. Den tvisynte Skrive av Hans Olav Lahlum – På noko vis er eg misunneleg på dei som klarar å tru fullt og fast på noko, anten det er ein religion eller ein politisk ideologi. Eg sjølv har aldri klart det. Eg er for tvisynt og stiller for mange spørsmål. Dotter av ein predikant Skrive av Elisabeth Kleppe Eg har forlate det kristne fellesskapet, forsamlinga, min fars hus. Eg tok jenta ut av bedehuset, men er bedehuset ute av jenta? Dei nye bibliotekarane Skrive av Mariann Schjeide Han har tatt på seg flørteblikket no, og etter ein ny sup av vinglaset seier han: «Verkeleg? Bibliotekar? Du ser ikkje ut som ein bibliotekar.» Men frykta lever vidare Skrive av Ragnhild Eikenes Mange forstod det då Radio Rwanda byrja å spele klassisk musikk seint på kvelden 6. april 1994. Musikken fortalde at det var skjedd noko ekstraordinært. Det var eit varsel om død.
Tyinvegen 27
2900 Fagernes
knut@synogsegn.no
907 68 797
Følg oss på facebook
Følg oss på instagram